Språksansen

Page 1

Ottar Grepstad

Spr책ksansen

Kalender

om all verdas spr책k


Spr책ksansen ferdig_Mordet 27.08.13 18.55 Side 1

1


Språksansen ferdig_Mordet 27.08.13 18.55 Side 3

Ottar Grepstad

SPRÅKSANSEN Kalender om all verdas språk

Samlaget Oslo



Språksansen ferdig_Mordet 27.08.13 18.55 Side 5

Innhald

Sansen for språk  Januar  Februar  Mars  April  Mai  Juni  Juli  August  September  Oktober  November  Desember  Kjelder, takk  Språkregister 


Spr책ksansen ferdig_Mordet 27.08.13 18.55 Side 6


Språksansen ferdig_Mordet 27.08.13 18.55 Side 7

Sansen for språk

Den sjuande sansen for språk rommar ei heil verd. Språksansen dekkjer mest av alt dei største språka i verda, dei språka som har vore morsmål for flest elevar i norsk skule det siste tiåret, alle historiske språk i Norden og regions- eller minoritetsspråk i Europa. I alt kjem nær  skriftspråk og talemål til orde. Dette er historier frå språkhistoria verda rundt i form av datofesta hendingar som viser korleis språk er blitt til og har vunne posisjon, og korleis hendingar har påverka språksituasjonen. Vedtak, utgivingar, hendingar, fødsel, død – gjennom ulike inngangar kan både viktig, typisk og kuriøst kome for ein dag og bli til eit fargerikt bilete av endring. Dette er supplert med litterære fødselsdagar, nokre dødsdatoar og ord for dagen. Boka er full av rapportar frå språkmøte verda over. I den stortenkte boka Empires of the word () framhevar den engelske språk- og kulturhistorikaren Nicholas Ostler kor ulikt møte mellom kulturar verkar inn på dei aktuelle språka. Militær erobring og økonomisk dominans har ikkje alt å seie når språkbruk endrar seg eller eitt språk tek over for eit anna. Det er ikkje eingong sikkert at slike faktorar over tid fører til store språklege endringar. Folkevandringar og organiserte folkeflyttingar har til liks med religiøse rørsler berre i nokre tilfelle sett djupe språklege spor som ikkje har gått bort. Kulturelle skilnader kan ha vore viktige, men ikkje alltid avgjerande. Språk spreier seg over generasjonar, hundreår, stundom tusenår, og sjølv det mest utbreidde språket kan hamne i 


Språksansen ferdig_Mordet 27.08.13 18.55 Side 8

klemme. Det som kan forklare framgangen for eitt språk, eller det som truleg har hatt mest å seie for at eit anna språk blir svekt, forklarer altså ikkje all framgang, stagnasjon eller tilbakegang. T   : Språk er inga oppfinning, men skriftspråk er det. Bak dei ulike skriftsystema ligg tre strategiar, skriv den amerikanske utviklingshistorikaren Jared Diamond i Våpen, pest & stål (). Teikn blei brukte til å gi att éin lyd, éi staving eller eit heilt ord. Det var der det tok til, med biletskrift for ord og meiningsberande einingar. Mest utbreidd i dag er bokstavskrift med alfabet. Dei aller fleste skriftsystema er blitt til ved at folkegrupper har lånt og tilpassa system av kvarandre. Berre to gonger er skriftspråk heilt sikkert blitt utvikla på eiga hand. Dette gjeld den såkalla kileskrifta som sumerarane skapte i Mesopotamia minst  år f.Kr., og ei tilsvarande skrift hos urfolk i Mexico minst  f.Kr. Kanskje kan det same seiast om hieorglyfane som egyptarane forma frå  f.Kr., og den biletskrifta kinesarane skapte frå  f.Kr. Eldst av alle er den sumeriske kileskrifta, strekar skrivne inn i leirtavler som blei brende. I førstninga var dette enkle etterlikningar av gjenstandar og objekt, seinare blei teikna meir abstrakte. Denne første måten å skrive på kring  f.Kr. blei altså funnen opp på ny på den andre sida av jorda om lag  år seinare. Då var det enno  år til biskop Wulfila nord i dagens Bulgaria ein gong etter  omsette Det nye testamentet. Med det skreiv han den eldste kjende teksten på eit germansk språk. For å gjere dette utvikla han det gotiske alfabetet med mange lån frå det greske og nokre frå det latinske alfabetet. I dagens Noreg blei runebokstavar eit skriftsystem frå om lag  e.Kr. Då den katolske kyrkja gjekk i land her nord kring , blei også den relativt nye latinske skrifta etter kvart alfabetet for alle dei nordiske språka.


Språksansen ferdig_Mordet 27.08.13 18.55 Side 9

SKRIFTA VAR LENGE FOR DEI FÅ: Dei første skriftsystema var ufullstendige, tvitydige, innfløkte. Få meistra dei, og få skulle meistre dei. Skrifta var til for dei profesjonelt skriftkunnige og ingen andre. Innbyggjarane i Ugarit nord i dagens Syria utvikla på -talet f.Kr. ei tidleg alfabetisk skrift for konsonantar. Dette alfabetet med  bokstavteikn utvikla fønikarane i Kanaan, vest for elva Jordan, på -talet f.Kr. til eit alfabet med  bokstavar. Først då grekarane frå -talet f.Kr. tok til å forme ei bokstavskrift der også vokalane var med, blei denne mektige teknologien tilgjengeleg og brukande for mange. Dei eldre bilet- og stavingsskriftene hadde vore lukka skriftsystem for handel og forvaltning. Bokstavskrifta utvida skriftspråka til det private og dermed det allmenne. Det greske alfabetet var lett å lære, verka demokratiserande og opna skriftkulturen for det som etter år og dag blei allmenta. Samstundes utløyste dette ein prosess der skrift og tale gjekk kvar sine vegar, skriv den amerikanske skriftkulturhistorikaren Robert Pattison i boka On Literacy (). Det vil seie at avstanden mellom skrift og tale auka, likeins mellom munnlege kulturar og dei skriftkulturane som no blei bygde opp med alle sine institusjonar og regelverk. I Europa blei etter kvart avstanden mellom latin og folkespråka så stor at det gamle skriftspråket måtte erstattast av nye. Dei som ikkje kunne gresk, var for dei gamle grekarane barbarar, barbaroi. I den europeiske mellomalderen blei det tenkt annleis. Då var der ikkje eitt språk som femnde om alle i same rike eller i same kultur. Nye nasjonar blei skipa, og med tida tok den tanken form at kvar nasjon burde ha eitt språk. Ved inngangen til -talet var også den tanken i ferd med å gå i oppløysing. Summer Institute of Linguistics i Dallas, Texas, dokumenterte i  at heile  språk no var i bruk. Etter minst  år med skriftspråk kan det store fleirtalet av innbyggjarane på jorda lese og skrive. Tal frå Unesco tyder likevel på at minst ein milliard menneske enno er analfabetar. I dag kan 


Språksansen ferdig_Mordet 27.08.13 18.55 Side 10

berre kvart tiande språk reknast som godt utbygde skriftkulturar. Dei språka blir til gjengjeld brukte av åtte av ti innbyggjarar. Om lag  språk kan vere i vanskar eller på veg ut av bruk. Dei blir brukte av vel ein prosent av innbyggjarane på jorda. S    : Med aukande skrive- og lesekunne blei det marknad for trykte skrifter. Skriftspråk var i bruk i godt over  år før det første trykte dokumentet blei laga. Det dokumentet var ei skive i brend leire, vel  cm i diameter. Skiva blei funnen av den italienske arkeologen Luigi Pernier i det minoiske palasset Faistos på Kreta . juli  og er blitt heitande Faistos-skiva. Dokumentet skriv seg frå om lag  f.Kr. og inneheld  teikn i stavingsskrift. Der er  ulike teikn, og dei er stempla inn i skiva, ikkje rissa inn. Stempla har nok vore brukte til å lage fleire dokument. Det er desse stempla som gjer det rimeleg å sjå på dette som den første trykksaka. Nesten  år seinare tok kinesarane til å gjere det same: trykkje skrift med utskårne typar. Det var berre så tungvint. Robert Pattison meiner kinesarane brukte like lang tid på å trykkje ei bok med lause typar som europearar brukte på å skrive av ei bok for hand. Nye  år gjekk før Johann von Gutenberg som den første europearen trykte med lause typar. Bibelen han trykte i –, var på latin, og blant andre trykksaker frå hans hand var  opplag av ei tusen år gamal lærebok i latinsk grammatikk. Trykkjekunsten styrkte latin for ei tid, men berre i si tid. Både den trykte skrifta, og i våre dagar den digitale skrifta, opna for bruken av meir språk og mange språk. Skrift kan ein gøyme, tale kan ein gløyme, heiter det i eit av ordtaka Ivar Aasen gav ut i . Då tale også blei skrift, tente skrifta til å etablere større visse. Eit av dei eldste storverka i poesien er Gilgamesj-eposet, truleg skriftfesta kring  f.Kr. Gilgamesj var konge i den sumeriske bystaten Uruk i Mesopotamia kring  f.Kr. Den engelske arkeologen William Kennett Loftus fann Uruk sør i dagens Irak i . Funna viser kva skriftkunna 


Språksansen ferdig_Mordet 27.08.13 18.55 Side 11

tidleg helst blei brukt til.  prosent av leirtavlene i byarkivet frå Uruk er rekneskapar og annan dokumentasjon. Med tida blei skrifta likevel ein hovudstad for tvil og tru. Det er langt frå rekneskapar i brend leire til opne dikt på kvitt papir. Vår tids digitale skrift har nok førebels flytta tyngdepunktet nærmare den uvissa som ein gong prega munnlege kulturar. Menneskja har mang ein gong stilt seg tvilande til både språk og skrift. «Skrifta kan ikkje uttrykkje alle orda, og orda kan ikkje femne om alle ideane», skreiv (truleg) den kinesiske filosofen Konfutse i eit tillegg til spådomsskriftet Yijing ein gong kring  f.Kr. Språk hadde vore der lenge, skrifta også, men der var alt då ei kjensle av å kome til kort i både tale og skrift. Denne motstanden i språket gjorde menneska klokare, men kanskje ikkje sikrare. A     : Med så store linjer og manglande nødvendige nyansar gir det seg sjølv at slett ikkje alle viktige hendingar og endringar i historiene om all verdas språk kan tidfestast. Synlege brot og skriftfesta vedtak seier berre litt om alt som står mellom linjene i ei slik historie. Det som varer lenge, treng fleire kategoriar enn éin dato. Dette gjeld så godt som alt om tidlege tiders skriftspråk i område som Mesopotamia, Syria og Egypt. Det gjeld også munnlege kulturar eller lausare organiserte samfunn i nyare tid der datoar sjeldan er skilsetjande faktum. Tidfesting høyrer gjerne skriftkulturar til, og difor dominerer skriftspråka i denne framstillinga. Å tidfeste tener her til å framheve det menneskeskapte ved språk. Ein dag blei det sagt eller gjort noko som fekk følgjer for mange språkbrukarar, ofte i lang tid. Det hender nok at forteljingane om dette er meir pålitelege enn tidfestingane. Sjølv for nokre av dei mest brukte språka i verda kan det vere vanskeleg å datofeste dei avgjerande hendingane. Difor manglar både eitt og hitt. Likevel er der forteljingar nok om så vel skrift og tale som hjelpespråk, planspråk og fiktive språk. Dag for dag kjem dei mange sidene i skriftkulturar til syne, 


Språksansen ferdig_Mordet 27.08.13 18.55 Side 12

frå økonomi og politikk til teknologi og medium, organisering og publisering, enkeltpersonar og institusjonar. All verdas språk rommar alle dei historier som tenkjast kan av menneske og alle dei som menneskja enno har til gode. Der kan vere meir i vente: Om lag kvart tredje språk på jord er enno utan skrift. Mangt kan også gå tapt: Om lag kvart tredje språk er i vanskar eller kan kome til å gå ut av bruk. Kva dette dreiar seg om og kva språk har å seie for oss, har mang ein språkvitar, forfattar og meiningsdannar ordlagt seg klokt, uventa eller paradoksalt om. Deira sans for språk ber i seg undring over og respekt for kva språk duger til, innanfor den ramma kvar samtid formar for tenking – også om språk. «Å sjå gjennom dagane i tanken er ikkje det same som å bla i almanakken», skriv forfattaren Svein Erik Brodal. I språka endar Faust-myten om at det ein gong skal bli mogleg å vite alt. Slik går no dagane. Denne boka er skriven med ei grenselaus undring over språket og språka, på stille papir. Ivar Aasen-tunet og andre skriftstader, oktober –juni 


Språksansen ferdig_Mordet 27.08.13 18.55 Side 13

Januar Namnet er etter Janus, den romerske guden for inngang og opning, for det som tek til. Janus hadde to ansikt – eitt vendt mot fortida, eitt mot framtida. Namnet var avleidd frå latin janua, ‘dør, port’. Månaden blei lagd til av romarane i  f.Kr. Frå  er januar den første månaden i året.

. januar Dagen for chosun-gul, alfabetet i Nord-Korea . januar Robert Burns Night i Skottland og Nord-Irland, frå 


Språksansen ferdig_Mordet 27.08.13 18.55 Side 14

. januar  tek den  år gamle engelske embetsmannen og parlamentsmedlemen Samuel Pepys i løynd til å skrive dagbok i stenografisk form. Den første setninga lyder slik: «Blessed be God, at the end of the last year I was in very good health, without any sense of my old pain but upon taking of cold.» Pepys skriv i alt  sider til han avsluttar dagboka i mai . Då er synet blitt så dårleg at han berre kan halde fram ved å diktere til andre. Det ville vere å bryte løyndomen. Bruken av stenografi er kjend like frå det gamle Hellas, der Xenophon skal ha skrive livsminna til Sokrates kalla Memorabilia med eit slikt system om lag  f.Kr. Pepys bruker eit system utvikla av stenografen Thomas Shelton i . Dagbøkene blir først trykte i .

E.M. Forster (. januar –. juni ), engelsk forfattar

Same kor mange språk det finst i verda, har alle si meining. Kjenner eg ikkje språket, blir eg ein framand for den som taler, og den som taler, blir ein framand for meg. Paulus’ første brev til korintarane ,, skrive om lag , Bibelen, 




Språksansen ferdig_Mordet 27.08.13 18.55 Side 15

. januar  har Det Norske Teatret den første framsyninga si, i Kristiansand. På programmet står Ervingen av Ivar Aasen og Rationelt fjøsstell av Hulda Garborg. Ideen om eit teater på nynorsk la Arne Garborg fram i foredraget «Målteater» i Rødelaget i Kristiania . november . Alt . mars  blir Det norske Spellaget skipa med Magnus Hydle som første formann. Laget har første framsyninga på Eldorado Theater i Kristiania . mars same året med stykke av Hulda Garborg og Rasmus Løland. Laget går inn etter kort tid og kjem i gang att ti år seinare. Den . oktober  har Hulda Garborg og Det norske Spellaget si første framsyning, Ei hugvending, på Venskaben i Asker, før dei legg ut på fleire spelferder. Dei veit kva dei går til; i hovudstadspressa hausta Voss Ungdomslag spitord då dei spela teater i Oslo sommaren . Spellaget er kimen til det som på eit skipingsmøte . november  blir L/L Det Norske Teatret. Hulda Garborg blir første formann i laget, Rasmus Rasmussen første teatersjef. Aksjekapitalen er på   kroner, som svarar til , millionar i vår tids verdi. I Kristiania spelar teateret den første framsyninga . oktober same året. På plakaten står Ludvig Holbergs Jeppe paa Berget, omsett av Arne Garborg. Kong Haakon . er til stades.

Hans Herbjørnsrud (. januar –), norsk forfattar

Språk gjer framgang mogleg. S.I. Hayakawa, Language in Thought and Action, 




Språksansen ferdig_Mordet 27.08.13 18.55 Side 16

. januar  kunngjer Martin Bormann på vegner av Adolf Hitler at den gamle frakturskrifta fraktur er Judenlettern, og at latinsk skrift skal vere Normal-Schrift. Under Otto von Bismarck var det i  bestemt at fraktur skulle brukast i alle statlege trykksaker. Den . november  fall eit forslag i den tyske Riksdagen om å erstatte fraktur med latinsk skrift som offisiell tysk skrift med  mot  røyster. Krigsnederlaget i  hadde styrkt frakturtilhengjarane i Tyskland, og Adolf Hitlers regime hadde gjort fraktur til nasjonal skriftform hausten . Då Adolf Hitler tek makta over Tyskland i , etablerer han også eit regime som tek makta over språket. Med Det tredje riket endrar delar av det tyske språket karakter og blir meir aggressivt og absolutt. Gamle ord får ei politisk spesifikk tyding, nokre ord blir svært mykje brukte, og nye ord blir tekne i bruk. Spaltelangs i nazismens ordbok står ikkje berre alle krigsorda, men også ord som artsfremd, fanatisch, unvorstellbar. Det blir også kamp om symbola. I ein radiotale i BBC . januar  oppmodar den tidlegare belgiske justisministeren Victor de Laveleye innbyggjarane i det tospråklege landet til å bruke V-teiknet – første bokstav i franske victoire og nederlandske vrijheid. Den . juli same året bruker den engelske statsministeren Winston Churchill symbolet for første gong. Hitler-regimet svarar med å tvinge innbyggjarane i Tsjekkoslovakia til å bruke det som forkorting for Victoria på både frimerke og bilar.

J.R.R. Tolkien (. januar –. september ), engelsk språkforskar og forfattar

Språk tek så lang tid, og det gjer også alt det ein ønskjer å vite om. J.R.R. Tolkien, The Lost Road and Other Writings, 




Språksansen ferdig_Mordet 27.08.13 18.55 Side 17

. januar  døyr språkforskaren Neofit Rilski (fødd Nikola Poppetrov Benin) i Rila-klosteret i Bulgaria. I  gir han ut den første grammatikken for bulgarsk, Bolgarska Grammatika. På denne tida er det strid om skriftspråket skal byggje på aust- eller vestbulgarske talemål. Rilski vil først fremje dei vestbulgarske talemåla, men i grammatikken prøver han å sameine dei to talemålsgruppene. På -talet får dei vestbulgarske talemåla større dominans. Utgangspunktet for bulgarsk er det gamalkyrkjeslaviske språket, utvikla til kyrkjebruk frå bulgarske og makedonske dialektar frå -talet. Med den bakgrunnen kan bulgarsk reknast som det eldste slaviske språket. Det blir brukt av det store fleirtalet av innbyggjarane i Bulgaria. Den posisjonen har bulgarsk hatt gjennom skiftande regime, men det var press i det ottomanske riket frå  og heilt til Bulgaria blei sjølvstendig i . Bulgarsk blir offisielt skrive med det kyrilliske alfabetet, og nett det er viktig i Bulgaria. Den . mai  blir dagen for slavisk skrift og kultur feira i Bulgaria for første gong, til ære for brørne Kyrillos og Methodios frå Tessaloniki som forma det kyrkjeslaviske språket. Det kyrilliske alfabetet blei utvikla kring  og har fått namnet sitt etter Kyrillos. Neofit Rilski-museet blir opna i Bansko i .

Carl Frode Tiller (. januar –), norsk forfattar, Brageprisen 

Eg ser på det å ha to norske skriftspråk som ei gåve og ein rikdom, og eg er blitt matt og oppgitt over fordomane mot både nynorsk og bokmål. Carl Frode Tiller til Norsk Tidend 




Språksansen ferdig_Mordet 27.08.13 18.55 Side 18

. januar  held den jiddiske språkforskaren Max Weinreich ein tale på ein årleg språkkonferanse ved Det jiddiske forskingsinstituttet i New York. Han har sjølv vore med og etablert instituttet i , i Vilnius, saman med mellom andre Albert Einstein og Sigmund Freud. Det blei flytta i  for å halde det unna Nazi-Tyskland. I talen seier Weinreich noko av det som er blitt oftast sitert om språk: «A shprakh iz a dialekt mit an armey un flot» – eit språk er ein dialekt med hær og flåte. Utsegna skriv seg frå ein high school-lærar i Bronx som høyrde på ei førelesing av Weinreich ein gong mellom . desember  og . juni , og var denne lærarens svar på sitt eige spørsmål om skilnaden mellom eit språk og ein dialekt.

Umberto Eco (. januar –), italiensk forfattar

Språket er ei slagmark, media er artilleriet, og ordforrådet er ammunisjonen. Konspirasjonsteoretikarane har teke verda med storm og rykkjer fram med samordna åtak på fleire frontar ved hjelp av det nyaste i ordforrådet av avansert ammunisjon. Dei har laga ei seng av landminer som skamfer oss når vi prøver å stå på dei: «liberalisme», «konservatisme», «velstand», «demokrati». William D. Lutz, Doublespeak, 




Språksansen ferdig_Mordet 27.08.13 18.55 Side 19

. januar  blir overlærar og språkreformator Knud Knudsen fødd i Holt ved Tvedestrand. Han går inn for å fornorske det danske skriftspråket gjennom reformer i grammatikk, rettskriving og ordtilfang. Den første rettskrivingsreforma blir gjennomført i  etter framlegg frå Knudsen, og han gir ut ei rekkje bøker som blir grunnlaget for vidare reformer. Han døyr . mars . På -årsdagen hans i  sender mellom andre forfattaren Bjørnstjerne Bjørnson, Dagblad-redaktøren Lars Holst og historikaren J.E. Sars ut eit opprop med oppmoding om å skipe Norsk Retskrivningssamlag. Føremålet er «at bilægge al unødig strid mellem skrift og tale» og «at indspare tid for alle klasser i samfundet og forkorte veien til kundskab i læsning og skrivning». Laget held første møtet sitt i pinsa same år og vel språkforskaren Moltke Moe til formann. Usemje mellom sentrale personar gjer at laget får lite gjort.

Lars Mæhle (. januar –), norsk forfattar

Lad Nordmanden faae Lov til at tale Norsk og ikke Dansk eller Svensk, men lad ham ogsaa faae Lov til at skrive som han selv taler og ikke som de andre. Knud Knudsen i Nor, –




Språksansen ferdig_Mordet 27.08.13 18.55 Side 20

. januar  fastset regjeringa Nygaardsvold i kongeleg resolusjon nye rettskrivingsreglar for nynorsk og bokmål. I den første felles rettskrivingsreforma . desember  var ein del former blitt valfrie. Dei skulle i prinsippet vere jamstilte med dei obligatoriske formene. Ut frå tanken om «ei tilnærming på norsk folkemålsgrunn» av dei to språka blir eit tonivåsystem innført i : hovudformer til bruk i lærebøker, sideformer som elevane kan bruke. Desse formene står i [klammer] og blir gjerne kalla klammeformer. I bokmål blir dette tonivåsystemet oppheva frå . juli , i nynorsk frå . august . I desse meir enn  åra tok bokmål opp i seg mange ord frå nynorsk, likeins nynorsk frå bokmål. Den utviklinga må truleg forklarast med meir enn rettskrivingspolitikken.

Sofi Oksanen (. januar –), finsk-estisk forfattar, Nordisk råds litteraturpris 

«Frigjer knotarane!» er mitt språkpolitiske motto; det kan då ikkje vere større skam å ha vore på flyttefot enn å ha vore fastbuande. Bjørn Kvalsvik Nicolaysen, «Pretext», Omvegar fører lengst, 




Språksansen ferdig_Mordet 27.08.13 18.55 Side 21

. januar  døyr forteljaren Red Thunder Cloud, eller Cromwell Ashbie Hawkins West,  år gamal. Han skal vere den siste som talte det amerikanske urfolksspråket catawba, eitt av sioux-språka. Catawba-folket held til i grenseområdet mellom Nord- og Sør-Carolina. På -talet herja ein kopparepidemi som gjekk hardt ut over mellom andre dette urfolket. Seinare går mange liv tapt i fleire brutale krigar frå  til . Ein massakre ved Wounded Knee Creek i Sør-Dakota står i ei særstilling. Den . desember  gjekk  soldatar frå kavaleriet til åtak på ein sioux-leir og drap minst  menneske. No held sioux-folket til i reservat og lokalsamfunn i fleire delstatar i USA og i fleire område i Canada. Sioux-folket kan språkleg delast geografisk i tre – austdakota, vestdakota og lakota. Om lag   taler sioux i USA og Canada – fire urfolksspråk blir brukte av endå fleire: navajo, cree, inuittisk og ojibwe. Ei anna nemning for inutittisk er kalaallisut, før kalla grønlandsk. Innbyggjarane på Grønland utgjer halvparten av alle som snakkar inuittisk.

Stephen W. Hawking (. januar –), engelsk astrofysikar og forfattar

I millionar av år levde menneska som dyr. Då hende noko som frigjorde den krafta fantasien er. Vi lærte å snakke, og vi lærte å lytte. Språket har gjort det mogleg å kommunisere og sett menneske i stand til å samarbeide om det umoglege. Det største menneskeætta har oppnådd, er blitt til ved å snakke, og dei største misgjerningane ved at vi ikkje snakka. Stephen W. Hawking i tv-reklame for British Telecom, 




Språksansen ferdig_Mordet 27.08.13 18.55 Side 22

. januar  f.Kr. kan vere dagen då Ugarit, ein fønikisk bystat og eit handelssentrum nord i dagens Syria, bokstaveleg talt blir jamna med jorda av angriparar som har kome sjøvegen. Ugaritriket var eit lydrike under det hettittiske imperiet som då utgjorde det meste av dagens Tyrkia og Syria. Den unge herskaren Hammurabi III kunne lite gjere, fordi den ugarittiske flåten var oppteken på anna hald i imperiet. Med øydelegginga går det semittiske språket ugarittisk ut av bruk. Dette blei skrive med både babylonsk og alfabetisk kileskrift, og tekstar på ugarittisk er dei eldste kjende med slik alfabetisk kileskrift. På -talet f.Kr. blir ein ny landsby bygd opp i nærleiken, som i dag heiter Ra’s Schamra. Etter at ein syrisk bonde har pløgt opp ein stein, tek franske arkeologar i  til med utgravingar i Ugarit. Der finn dei – leirtavler med innskrifter på eit språk som til då er heilt ukjent. Ein kjem raskt fram til at funnet må skrive seg frå den øydelagde bystaten, og språket får namnet ugarittisk. Åtaket er skildra på nokre av leirtavlene og kom så brått på at nokre leirtavler enno ligg i brannomnane. Den tyske forskaren Hans Bauer bruker berre ei veke på å knekkje koden for den ugarittiske kileskrifta. Han presenterer språket på ein kongress for orientalistar i Leipzig i . Kunnskap om ugarittisk har vore svært viktig for tolking av uklare sider ved Det gamle testamentet.

Kari Hotakainen (. januar –), finsk forfattar, Nordisk råds litteraturpris 

Kvart einaste språk er eit tempel der dei som snakkar det språket, har gøymt sjela si som i eit heilagt skrin. Oliver Wendell Holmes sr., The Professor of the Breakfast Table, 




Språksansen ferdig_Mordet 27.08.13 18.55 Side 23

. januar  kl. . gir språkforskaren og ordbokredaktøren Bernhard Beckmann grønt lys for å prente siste del av det . og siste bandet i Deutsches Wörterbuch. Det heile kjem i gang etter eit initiativ frå forlaget Weidmannsche Buchhandlung i Frankfurt, som ønskjer eit ordboksverk med oppdatert informasjon om det tyske språket etter reformasjonen. Brørne Jacob og Wilhelm Grimm tok til på arbeidet i . Første heftet, som dekkjer a–allgemein, låg føre . mai , og første bandet kom i mars . Wilhelm Grimm døyr . desember , og . september  døyr Jacob Grimm midt i arbeidet med ordbokartikkelen «Frucht». Andre fører arbeidet vidare. Det komplette verket inneheld om lag   oppslagsord og veg  kilo. Med eit kjeldeband i  utgjer verket   sider.

Jaroslav Seifert (. september –. januar ), tsjekkisk forfattar, nobelprisen i litteratur 

Problemet med ordbøker er at ein må vite korleis eit ord blir stava før ein kan slå opp og sjå korleis det skal stavast. Will Chappy




Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.