Soga om Fråid

Page 1




Mona Høvring

SOGA OM FRÅID HANS MEININGAR OG LIVSKJENSLE som også inneheld somme salige stunder

Samlaget Oslo 2021



«Do not worry about your difficulties in Mathematics. I can assure you mine are still greater.» – Albert Einstein



«Jag accepterar helt och hållet att denna text är ofullständig och att den förmodligen kommer att leda läsaren in i en mängd idéer och uppslag om hur man i stället skulle ha disponerat boken. Det är helt i sin ordning. Andra får leda diskussionen vidare.» – Anna Kåver, frå boka Att leva ett liv, inte vinna ett krig



FAMILIEPORTRETT MED MELDEBOK

No vil eg fortelje ei soge. Eg vil fortelje ei soge om Fråid og familien hans. Fråid var ein lang og hengslete guteslamp. Han budde i Urskogen 13, saman med storebror sin, den eksotiske og hjarteømme Terje Eddipus, veslesøstera, den gullfine jenteflisa Eva, og faren, den hyperromantiske og særskilt godlyndte sjømannen August Augustus Vulgaris. Trass i gatenummeret låg huset i Urskogen 13 heilt for seg sjølv, på ei høgd, med spektakulær utsikt til havet. Her kjende Fråid seg skjerma frå mest alt vondt, og bortsett frå eit par smerteleg seige mentale smellar og karamellar, mellom anna då mora ein dag brått reiste frå dei, meinte Fråid at han var noko så sjeldan som ein lukkeleg gut. Nokre dagar etter at Fråid hadde blitt tenåring, drog faren, Vulgaris, utan forvarsel på langfart med den nyrestaurerte seglskuta Orienten. Han hadde alltid hatt ein draum om å reise motsols i verda, sa han, og slengde skipssekken på ryggen. Han gav ungane sine kyss på panne og kinn, og så strauk han på dør. 9


I tida som følgde, var det den eldste av søskena, Terje Eddipus, som vølte om og laga mat, og som stelte og stulla med dekordetaljane i heimen. I tillegg til alle dei huslege syslane var Terje Eddipus over gjennomsnittet nøye med frisyren. Ein bad-hair-dag kunne vere nok til å rokke ved alt det gode og kloke han visste om livet. Terje Eddipus var dessutan ein ihuga lesar. Han las alt han kom over, frå populærvitskaplege bøker om naturfaglege emne til mektige filosofiske verk og pamflettar om erotikk og religion. Han fôra Fråid og Eva med tekstar om zoologi, automatskrift, tantrisk massasje og hagestell. Kvar kveld las han høgt for dei om livet i havet, om røntgenstrålar og anatomi, om hønsehald i urbane strok og om kostbare edelsteinar. Ja, Terje Eddipus prøvde så godt han kunne å hjelpe søskena sine til å bli tenkjande menneske. Eva hadde ansvaret for det praktiske vedlikehaldet av huset, og det var ho som tok seg av piggsvina som stadig forvilla seg inn i hagen. Fråid betalte rekningane. Det var han som heldt styr på passorda og pinkodane deira. Kvar månad tok han ut cash i minibanken. Han likte å ha det han kalla ein parallelløkonomisk infrastruktur, dessutan var det mykje meir morosamt å ha hard valuta, som han sa, når dei spela Monopol. Fråid var også den som tok alle naudsynte telefonsamtalar, og som avgjorde kva slags filmar dei skulle sjå om nettene. Terje Eddipus hadde på sitt propre og sirlege vis laga små innbundne bøker som Fråid hadde tinga hos han til særskild bruk. Og når søskena ikkje hadde 10


tid, eller høve, til å gå på skulen, skreiv Fråid meldingar for hand med signaturen til far deira i bøkene som Terje Eddipus hadde produsert. Standardformuleringa han brukte når han skreiv i meldeboka til Eva, var: Eva er råka av noko som kan minne om feber. Dokteren seier at ho treng å få vere i ein mild omsorgsstruktur, det vil seie heime. Kan hende resten av månaden. Med høgste vørdnad, A.A. Vulgaris

Og når Terje Eddipus gjekk i vranglås og berre ville drive med handarbeid og klesvask, skreiv Fråid: Terje Eddipus har diverre blitt slått ut av bane av eit ukjent virus. Dokteren rår meg til å halde han heime medan smitten enno er aktiv. Inkubasjonstida kan vere opptil fleire veker. Dessutan står Terje Eddipus på venteliste for å få time både hos ny psykolog og hos ny frisør. Ærbødigst, August Vulgaris

Meldingane om sitt eige fråvær formulerte Fråid ofte med følgjande utdjupingar: Fråid er plaga av stadig tilbakevendande og krevjande draumar om korleis han skal klare å berge alle han bryr seg om. I særskilt optimistiske stunder meiner han òg at han har potensial til å redde verda. Dette krev ro og seine kvardagar. Men sjølv11


sagt har de, som er profesjonelle pedagogar, store og lyse og herlege rom for slike påhitt og visjonar hos ein ung gut. På førehand: Takk. August Augustus Vulgaris


DET SØTE LIVET I TELTET

Inne på rommet sitt hadde Terje Eddipus rigga opp eit digert orientalsk-inspirert telt. Det var som om teltet understreka at søskena høyrde til i verda når dei samla seg der. Fråid og Terje Eddipus og Eva, desse tre vevre skapningane med fortryllande stort hovud, med blafrande øyre og med auge som blinka så kaleidoskopisk av jade og lapis lazuli og kol. At dei hadde fått tildelt desse vakre særtrekka, var som ein felles lagnad å rekne. Utan diskusjon blei teltet ståande på permanent basis, det blei eit slags hovudkvarter, ein særskild møtestad for søvn og latter og ordskifte, eit eige hus i huset.


EIN SJELDAN SKATT

Eva song ofte. Fleire gonger om dagen smaug den kloke, klare stemma hennar seg gjennom romma. Stemma til Eva gjorde lufta og lyset og alt som budde i dei og rundt dei, vennleg og malmfullt og raust. Fråid og Terje Eddipus kjende ingen som hadde like mange songar i seg som Eva. Iblant undra dei fælt på kor ho tok dei ifrå, kor ho fann dei, for mest av alt verka det som om dei berre brått ramla ned frå himmelen til henne. Eva var ei skinande stjerne i heimen. Eva var ein sjeldan skatt. Ho var aldri sur. Ho var kvikk og kvat, og ho likte å arbeide. Men av og til blei ho trøytt. Då kunne ho brått stanse songen, då kunne ho, midt i eit spikarslag, ramle om på golvet og sovne momentant, framleis med eit fast grep om hammaren. Men når Eva var vaken, arbeidde ho like effektivt og målretta som ei fullvaksen kvinne. Eva snakka berre når det var naudsynt. Og iblant gjorde ho seg usynleg. Både Fråid og Terje Eddipus var urolege over desse karaktertrekka til søstera. Var dei ei forbanning som hang over henne? Brørne 14


hadde høyrt snakk om at det var dei beste menneska som døydde først. Dette er ein tullete teori, sjølvsagt. Men kva kan vel ikkje to kjenslevare gutar få seg til å tru når dei er unge og nærast morlause og uforderva og har ei lita søster som er umisteleg?


HERLEGE PARENTESAR I LIVET

Ein ettermiddag snikra Eva doble lag med bokhyller som dekte alle veggane utanfor teltet til Terje Eddipus. På finurleg vis hadde ho fått dei ytste hyllene til å gli på skjener. Og slik kunne dei bla seg gjennom innretninga som i eit avansert bibliotek. Fråid tilbaud seg å hjelpe til under arbeidet med konstruksjonen. Men stigen han hadde laga for å klatre opp til dei øvste bøkene, knakk då han prøvde ut det første trinnet. Eva lo høgt då han datt. Ho hadde slik ein elskverdig, pipande latter. Fråid måtte le, han med. Men då Terje Eddipus falda til side teltdukdøra og såg alvorleg på dei, dempa dei seg. Hadde broren formaningar om ro og innelyd å komme med, tru? Men, nei. – Tetid, sa han, og då gav Eva og Fråid seg over til latteren att, dei var nett som frydefulle, utamde nyttårsfyrverkeri. Då teseremonien var over og alle tre var vel belåtne, bygde Eva ein spikarbenk etter Terje Eddipus sine tilvisingar. Det blei ein slags slagbenk i modifisert rokokkostil og med koparspikar slått tett i 16


tett ned i trevirket. Terje Eddipus meinte at spikarhovuda ville stimulere blodomløpet i glutealmusklane til dei som sette seg på benken, noko han rekna som viktig for sinnsroa. Benken plasserte dei tre søskena på kjøkkenet. Fråid syntest møbelet var ein pryd for rommet, dessutan meinte han at det ville gi huset skikkeleg jording.


REGNVÊR I ØRKENEN

Framfor inngangen til teltet hadde Terje Eddipus hengt opp tre lange, mangefarga silketørkle i takbjelkane. Desse tørklea hadde mor deira lagt ved senga til kvar og ein av dei medan dei sov, før ho reiste frå dei for å hjelpe folk til å skjøne livet og seg sjølv ein eller annan stad i Sør-Amerika. Då ho var utsliten av å prøve å gjere alt riktig, utan å få det til, gav ho opp, og blei nonne i eit kloster i dei italienske alpane. Ungane fekk postkort frå henne kvar jul. Desse postkorta inneheldt stort sett praktiske opplysningar om kor ho var, kryptiske meldingar om kva ho åt, og somme meteorologiske data. Døme på helsingane hennar kunne vere: Kjære born. Eg lever vel her i den fuktige Lavidelavidaloca-borga. Eg kjem nok aldri til å klare å bli vegetarianar. Men tomatane her kunne ha lokka Gandhi til å bli krigar. Kvar dag vitjar eg eit lite fossefall. Det tek fleire timar å gå dit. Med beste helsing, mor dykkar

18


Elles brukte ho å oppmuntre borna til å prøve så godt det lét seg gjere å halde ut den norske jula og det nye norske året. Terje Eddipus var ein sindig kar. Men han hadde, som alle menneske, eit smertepunkt i livet. Dette smertepunktet klarte han korkje å gøyme eller å gløyme. Dei blei som ei ekstra årstid i heimen, desse flaumane av tårer som rann ut av Terje Eddipus etter at kortet frå mor deira var lese og analysert og tillagt all mogeleg og umogeleg meining. Og når anfalla til Terje Eddipus var over, tørka Fråid opp dammane på golvet, han la kalde klutar på dei dirrande augneloka til bror sin, han fekk Eva til å syngje, men åtvara henne sterkt mot songar som hadde ordet «mor» i seg. For ikkje å snakke om ordet «mamma».


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.