Om å skrive

Page 1


Om ĂĽ skrive ferdig.qxp_a 19.06.2018 10:03 Side 1



Om å skrive ferdig.qxp_a 19.06.2018 10:03 Side 2

patti smith Just kids. Frå engelsk ved Brit Bildøen. Samlaget 2012, 2013, 2017 Sanka ull. Gjendikta av Ingrid Z. Aanestad. Samlaget 2013 M Train. Frå engelsk ved Brit Bildøen. Samlaget 2016, 2017


Om å skrive ferdig.qxp_a 19.06.2018 10:03 Side 3

Patti Smith

OM Å SKRIVE Frå engelsk ved Siw-Anita Kirketeig

Samlaget Oslo 2018


Om å skrive ferdig.qxp_a 19.06.2018 10:03 Side 4

Originaltittel: Devotion DEVOTION. Copyright © 2017 by Patti Smith All rights reserved © norsk utgåve: Det Norske Samlaget 2018 www.samlaget.no omslag: Asbjørn Jensen og Øystein Vidnes omslagsfoto: Steven Sebring førtrykk: Samlaget skrift: Adobe Garamond trykkeri: ScandBook AB, Falun Printed in Sweden

isbn 978-82-521-9593-4 Denne boka er trykt på miljøvennleg papir.


Om ĂĽ skrive ferdig.qxp_a 19.06.2018 10:03 Side 5

Til Betsy Lerner – min venn og guide


Om ĂĽ skrive ferdig.qxp_a 19.06.2018 10:03 Side 6


Om ĂĽ skrive ferdig.qxp_a 19.06.2018 10:03 Side 7

Innhald Korleis sinnet fungerer 11 Inderlegheit 41 Ein draum er ikkje ein draum 93


Om ĂĽ skrive ferdig.qxp_a 19.06.2018 10:03 Side 8


Om å skrive ferdig.qxp_a 19.06.2018 10:03 Side 9

Inspirasjon er den uventa storleiken, musa som angrip i den skjulte timen. Pilane flyr, og ein er ikkje klar over at ein er treft, og at ein hær av ikkje-relaterte katalysatorar i løyndom har slutta seg saman for å danne eit eige system, som gir ein sitringar av ein ulækjeleg sjukdom – ein brennande fantasi – ugudeleg og guddommeleg på same tid. Kva kan ein gjere med dei påfølgjande impulsane, desse nervepunkta som flimrar som eit lysande kart over bedragerske stjernebilete? Stjernene pulserer. Musa søker å bli levandegjord. Men sinnet er også musa. Det forsøker å overliste dei strålande motstandarane sine, for å endre slike kjelder til inspirasjon. Ein krystallstraum brått uttørka. Ein vakker gjenstand gledelaus, sverta. Kvifor vender den kreative krafta seg mot seg sjølv? Kvifor forvrenger skaparen alt drama? Pennen er løfta, leia av den øydelagde musa. Utan splid noterer den, harmoni passerer umerka, utan splid fortset den, Abel er ikkje framstilt som noko meir enn ein gløymd gjetar.

[9]


Om ĂĽ skrive ferdig.qxp_a 19.06.2018 10:03 Side 10


Om ĂĽ skrive ferdig.qxp_a 19.06.2018 10:03 Side 11

Korleis sinnet fungerer


Om ĂĽ skrive ferdig.qxp_a 19.06.2018 10:03 Side 12

Skrivebord, New York City


Om å skrive ferdig.qxp_a 19.06.2018 10:03 Side 13

 På ein eller annan måte, medan eg leita etter noko anna, kom eg over ein trailer til ein film kalla Risttuules, omsett til Der vindane møtes. Det er Martti Heldes rekviem for tusenvis av estlendarar som opplevde massedeportasjon til sibirske kollektivbruk våren , då Stalins troppar omringa dei, separerte familiar og samla dei i flokkar, i bilar brukte til transport av buskap. Død og eksil, lagnaden deira tildelt på nytt. Filmskaparen laga eit visuelt dikt gjennom ei unik dramatisering av skodespelarar som slynger seg gjennom eit sett av stasjonære menneskelege tablå. Tida står stille, og hastar likevel framover, spreier bilete i form av ord henta frå denne triste førestillinga. Ei frykteleg gåve, erkjenner eg medan eg skriv, anstrenger meg for å få orda ned. Men likevel, eg anar at bak dei er det noko anna som er i kjømda. Eg følgjer ei mental linje og kjem til ein granskog og ein dam og eit lite hus med kledning av panel. Dette var byrjinga på noko anna, men eg visste det ikkje då. Ei vinterskisse. Berre ein veg unna. Ei blå morgonkåpe er ei gardin til eit vindauge ingen kjem til å sjå gjennom igjen. Det er blod overalt, tømt for blodfargen sin, og ein hund som bjeffar, og stjerner som fell gjennom bleike himlar.

[ 13 ]


Om å skrive ferdig.qxp_a 19.06.2018 10:03 Side 14

om å skrive

Ein døyande kalv. Ein spjelk på hoven – flekkar, hol. Natta fell på, utydeleggjer den spastiske lemmen til det siste levande vesenet. Ei skisse i tide. Utstyr, små hender svever i is. Fuglar som ikkje lenger er nysgjerrige, sluttar å flakse. Dansen er over, og kjærleikens andlet er ikkje noko anna enn det vide skjørtet og dei polerte hælane til vinteren. Om morgonen vaknar eg med dioramaa i svart-kvitt frå Risttuules framleis i tankane, det forskrudde tempoet i den menneskelege operaen, lekamleggjort i bøygde og pustande statuar. Så gripen av den uttrykksfulle krafta at eg ikkje kan hugse formålet med det opphavlege søket mitt. Eg ligg der og speler om igjen ei sakte panorering av den forviste menneskelege kjeda, vikla gjennom eit nådelaust virvar av kvite kronblad. Krysantemum. Ja! Greiner av dei og det bedrøvelege toget av liv som utydeleg hastar forbi. Men då eg vender tilbake til den same delen av filmen som eg hadde sett tidlegare, finn eg ikkje ei slik scene. Hadde eg uforvarande projisert det? Eg dyttar vekk pc-en og feller ein dom over det ujamne gipstaket: Vi plyndrar, vi omfamnar, vi veit ikkje. Eg står opp for å tisse. Eg førestiller meg snø. Med den sarte stemma til Erma, den kvinnelege forteljaren i Risttuules, friskt i øyret kler eg meg, grip notatboka mi og Patrick Modianos bok Paris Nocturne og kryssar over til kafeen i nabolaget. Arbeidarar trykkluftborar i gata, dei øyredøyvande vibrasjonane trenger gjennom veggane i kafeen. Ute av stand til å skrive les eg, traskar i Nocturnes nettverk – usikre gater, fragment av adresser, ruter som ikkje lenger er relevante, og hendingar som endar opp i [ 14 ]


Om å skrive ferdig.qxp_a 19.06.2018 10:03 Side 15

om å skrive

ein sirkel av ingenting. Eg klagar over å ikkje få skrive, men førestiller meg at det å miste seg sjølv i den stimulerande sløvheita i Modiano-universet er nesten som å skrive. Du kjem innunder huda til forteljaren, med hans bleike kjensle av paranoia og interesse for detaljar, og rommet rundt deg forandrar seg. Uunngåeleg nok, ein stad midt i ei setning, strekker eg meg etter pennen. Då eg kjem til slutten av Nocturne, sjølv om det ikkje eigentleg er ein slutt, idet eimen av framtid siver utover den siste sida, les eg byrjinga om att, deretter spolar eg fram til dagen som ligg framfor meg. Eg skal reise med siste fly til Paris. Den franske forleggaren min har arrangert ei veke med bokrelaterte hendingar som inkluderer at eg skal snakke med journalistar om skriving. Notatboka mi blir verande urørt. Ein forfattar som ikkje skriv, skal snakke med journalistar om å skrive. For ein betrevitar, skjenner eg på meg sjølv. Eg tar endå ein kopp svart kaffi, og ei skål med blåbær. Det er nok av tid, og eg pakkar alltid lett. Gata er ei byggesone, eg er nøydd til å vente før eg kan krysse ho på veg heim, medan ei massiv kran heisar berebjelkar av stål fleire etasjar over kafeen, noko som får meg til å tenke på opningsscena i La Dolce Vita, der eit helikopter transporterer ein Kristus-figur i full storleik over dei urbane hustaka i Roma. Eg samlar dei vanlege tinga for reise, legg dei i ein haug ved sida av kofferten medan eg igjen lyttar til kommentatorrøysta frå traileren. Tonen i eit ukjent språk antydar at den tristaste av melodiar strøymer ut. Samstundes som troppane rykker fram, henger ei ung mor opp klede og skjermar auga for sola. Mannen hennar reinskar ut kveite, dottera hennar leikar lukkeleg. Nysgjerrig søker eg litt meir og finn eit seks minutt langt klipp frå Risttuules, kalla [ 15 ]


Om å skrive ferdig.qxp_a 19.06.2018 10:03 Side 16

om å skrive

The birch letter. Ei scene med eit opent vindauge, bilete av kvitt og bjørketre som kjem fram gjennom kviskra frasar og eit tog og vinden og tomrommet. Telefonen ringer, bryt trolldommen, flyet mitt er kansellert. Eg må rekke eit tidlegare fly. Eg kjem raskt i gang, ringer ein taxi, skyv pc-en inn i pc-veska, kameraet i ein pose og stappar resten ned i kofferten. Taxien kjem for raskt, idet eg innser at eg ikkje har valt ut kva bøker eg skal ta med. Tanken på å gå om bord i eit fly utan ei bok produserer ei bølgje av panikk. Den rette boka kan tene som ein slags dosent, som set tonen for, eller til og med endrar, kursen for reisa. Desperat skannar eg rommet som om eg leitar etter ei redningsline i ei djup myr. I ein liten bunke av bøker eg ikkje har lese enno, på toppen av mappene mine, ligg Francine du Plessix Grays monografi om Simone Weil og Pedigree av Modiano, med det overraska andletet til forfattaren på omslaget. Eg plukkar dei opp, seier farvel til den vesle abyssinarkatten min og reiser mot flyplassen. Heldigvis er det lite trafikk då vi køyrer inn i Hollandtunellen. Letta søkk eg tilbake i stemma til Erma. Eg førestiller meg at eg skriv ei forteljing leia av stemninga mana fram av gjenklangen til ei bestemt menneskerøyst. Røysta hennar. Inga handling i tankane, traskar berre etter tonane hennar, klangane, og komponerer setningar, som om det var musikk, og lèt dei overlappe, i gjennomsiktige lag, hennar. Og kjærleikens andlet er ikkje noko anna enn vinterens kvite, som dekker til lemmer av tre falne gjennom hol fargelause himlar. Eg skundar meg gjennom terminalen, rekk flyet lett, men er [ 16 ]


Om å skrive ferdig.qxp_a 19.06.2018 10:03 Side 17

om å skrive

likevel litt sett ut. Det er ikkje noko håp om å få sove så tidleg, for ikkje å snakke om at hotellrommet mitt ikkje kjem til å vere klart før fleire timar etter at eg er framme. Uansett slår eg meg til ro, drikk mineralvatn, og lèt meg sjølv bli dradd inn i boka om eit liv, eit skar av Simone Weil. Den raskt utvalde boka skulle vise seg å vere meir enn brukbar, og subjektet ein beundringsverdig modell for eit mangfald av tenkemåtar. Strålande og privilegert gjekk ho gjennom dei store salane for høgare lærdom, mista alt for å gi seg i kast med den vanskelege vegen til revolusjon, avsløring, offentleg teneste og offer. Eg hadde enno ikkje vigd tid eller studium til ho, men det ville garantert endre seg. Eg lukkar auga, ser for meg toppen av ein isbre og sklir ned i ei lita, varm kjelde, omgitt av veggar av ugjennomtrengeleg is.


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.