Små hagar

Page 1


L I S B ET H D R EY E R

S M Å H AGA R

SAMLAGET 2021


I N NH A LD Innleiing

5

H AG E N V E D DØ R A 9 Morgonsol 10 Ned ei trapp 13 Om å grave seg hage 14 •

K RU K K E H AG E N 21 Monicas krukkehav 25 Om å så frå frø 29 Om å plante i krukker og kar 30 Å komponere med krukker 33 •

DE N V E S LE S TO R E H AG E N Hage i sirklar 40 Gangvegar hagen 45 Villahage i miniatyr 46 Tre i små hagar 51 Illusjonar 53 Sniglesikre plantar 56 •

39


SIT TEPL A SSAR 59 Fargeklattar 60 Markterrasse 65 Paviljong 66 Lysthus 69 Drivhus 73 Om drivhus 76 •

S KUGG E H AGA R 81 Mellom husveggen og muren 82 Gatestubbhagen 89 Plantar som trivst i skuggen 95 •

V E RT I K A L E H A G A R 9 7 Hage med ein vegg av villvin 99 Tips til ein insektvennleg hage 102 Bakteppe 106 Bruk veggane i hagen 110 Bergveggen 115 •

DE N V E S LE K JØ K K E N H AG E N 119 Munkehagen 121 Smak og duft 125 Om å dyrke mat på liten plass 126 Bondegarden 128 Om kompost og gjødsel 134 Mat på taket 137 •

Til slutt

141



INNLEIING Eg har alltid vore glad i hagar. Desse romma mellom husa som folk skapar og omskapar, heilt fritt etter eiga lyst og eigen smak. Sjølve husa har folk sjeldan laga sjølve, hus og gater og byar er gjerne bestemte av andre, av økonomi og tidsånd, krig og etterkrig, klasse og pengar. Men i hagen er folk friare. Sjølv på bitte små arenaer gjer dei som dei vil. Plantar det dei vil, pyntar med det dei vil, opptrer som scenografar som set i scene sin eigen ­visjon, sin eigen kulisse, sitt eige dansegolv. Hagehistoria er trendar og stilar og impulsar, pomp og prakt og framvising av rikdom, men dei fleste som lagar sine eigne små hagar, plukkar litt her og litt der, deler plantar, stel frø, prøver seg fram med pågangsmot og glede og skapar sine særeigne frodige stader mellom firkanta, rettvinkla og statiske bygg. Mange gongar lagar dei hagar i kamp med eller som reparasjon av dårleg planlagde uteareal. Dei fleste som lagar hagar, ønskjer også å dele dei, same kor bortgøymde dei er. Denne boka er både ei hagereise til små, rare, fine hagar, alle med sitt særpreg, og ei visuell inspirasjonsbok. For med hagar er det verkeleg slik at eit bilde seier meir enn tusen ord. Ein kan google seg til informasjon som jord og gjødsel og kva som er riktige plantar for dei ­ulike klimasonene. Men inspirasjonen ligg ikkje der. Den ligg i å sjå ein fin hage. Å sjå alt det morosame, rare, oppfinnsame og vakre som folk har gjort i hagane sine. Å sjå korleis folk har laga hagar av stader der ein knapt kunne tru at noko kunne v­ ekse. Korleis dei har omskapt heilt ordinære tomter til noko meir og noko anna. Korleis dei har sett og utnytta potensial i staden for å sture over avgrensingane. Difor er denne boka fyrst og fremst ei ­visuell hagereise, men med litt tips og råd undervegs. Eg har farta rundt med kameraet mitt og sett og høyrt kva hagefolk gjer i hagane sine. Bli med!

5



7



H AGEN V E D DØRA Forhagen er hagen ved døra. Overgangen mellom vårt eige ­private liv og det myldrande gatelivet. Nokre stader er for­hagen berre ein knapp halvmeter med bed inntil husveggen, andre ­stader ei trapp med potteblomar eller ein liten hageflekk med plass til ein sitteplass og ei sandkasse. Det er ikkje berre folk som går ut og inn gjennom døra til eit hus. Det er energi som flyt ut og inn av folks liv, det er her dei går nølande eller optimistiske ut i verda, det er her dei kjem slukøyra eller oppglødde heim att. Om du ser på eit inngangsparti med friske auge: Kva ser du? Er målinga flassa, er det stablar med rot eller, som i eventyret, ein overgrodd tornehekk? Eller er trammen nett feia, blomane sprudlande friske og døra nymåla? Får du lyst å sitte på trappa med ein kaffikopp og sjå sola stå opp? Får du lyst til å vere her ei stund, pusle med blomane og slå av ein prat med dei som kjem forbi? Eller sjå etter ungane som syklar, spring eller trillar småstein? Blir du glad når du kjem heim? Ønskjer inngangsdøra deg velkomen? Ikkje undervurder inngangsdøra di eller verknaden den har på deg. Eller på andre.

9


MORGONSOL I denne vesle forhagen kjem sola grytidleg om morgonen om sommaren, mens resten av dagen er det skuggefullt. Elin, som bur her, sit ofte ute i morgonsola med kaffien før ho drar på jobb. ­Utsynet frå hagen er ikkje all verda, og slik er det gjerne i eit moderne rekkehusfelt. Her ser ein mest rett ut på gangvegen mellom husa. Men når ein plantar, lagar ein sitt eige utsyn. Dei to japanske lønnetrea som står på kvar si side av gangvegen, er av typen Sango-kaku. Dei passar her, for dei likar ikkje skarp sol. Om hausten får dei fantastiske haustfargar. Elles er her p­ lantar som toler skugge, nokon av dei i krukker ved sitte­plassen. Den friske grøne planten som klatrar på søyla, er ein gullhumle. – Huset er jo eit heilt vanleg moderne rekke­ hus, men etter at eg laga hage på begge sider av bustaden, er eg meir knytt til staden, seier Elin. Ho meiner det er viktig at ho kan gå rett ut i hagane frå hovudetasjen i huset. Det er enkelt å ta ein tur ut dersom det kjem eit lite solstreif.

10

HAGEN VED DØRA


11



NED EI TRAPP Ned ei trapp, og inn ei dør, her bur Tonje og ­familien. Hagen er akkurat så stor, mellom gata og huset, at den er ein del av gatelivet og nabolaget, men likevel privat. Eit syrintre og buskar gjer at sjølve sitteplassen ligg litt skjerma. Oppi syrintreet sit naboen sin kvite katt og prøver å få med seg kva som skjer. Hagen er planert i avsatsar i det som var ei skråning. Det er laga murar til bed og ein hellelagd plass ved husveggen, stor nok til stolar og bord. Fyrste gongen eg møter Tonje, driv ho og ryddar i eit av beda. Med heimekontor, som ho har hatt mykje av i koronatida, blir hagen ein stad å lufte både kroppen og tankane. Hagen er enkel og ikkje for mykje å halde i ­orden. Fargane er rolege og avstemde og går mest i grønt, kvitt og blått. Då dei skulle måle h­ uset for eit par år sidan, valde dei ein blåfarge som står til fargen på den blålilla hortensiaen.

13


OM Å GRAVE SEG HAGE Eldre hus på kuperte tomter krev gjerne oppmuring og planering. Moderne bustadtomter er derimot nesten for plane, fordi ein ofte flatskyt heile feltet før ein bygger. Når kjøparane overtar, får dei eit paddeflatt felt framfor døra med stein og grus. Skal ein ha bed her, må ein grave seg ned. I denne forhagen vart grus og stein grave vekk ned til 30–50 cm, før det vart fylt på med god jord. Midt i det store rektangulære bedet vart det laga eit sirkelrundt felt med singel. Dette var både for å kunne kome til i bedet og for å bryte opp flata og skape dynamikk. Mellom jord og singel er eit metallband som hindrar jorda i å blande seg med singelen. I bedet vart det planta små japanske lønnetre og vintergrøne buskar. Ein stor busk skjuler søppelspannet inntil hus­ veggen. Mot naboen vart det planta laurbær­hegg, ein vintergrøn busk som etter kvart vil bli ein hekk, men som er enkel å klippe i den høgda ein ønskjer å ha den.

Over: Etter tre år har hagen vakse til. 14

HAGEN VED DØRA


15


16

HAGEN VED DØRA


Også i denne vesle forhagen vart det grave for å lage bed. I beda vart det planta tre og buskar, mens blomar står i krukker. Plantar i fleire høgder gir romkjensle og små tre gir vandrande skugge. Inntil husveggen er det plass til to stolar og eit lite bord. Sjølv om arealet er lite blir sitteplassen opplevd som litt tilba­ketrekt, men samstundes i ­kontakt med gangve­gen.

17


18

HAGEN VED DØRA


19



K RU K K EH AGEN Krukker er uvurderlege der ein ikkje kan lage bed. Er det fast grunn under føtene, om det er eit fortau, eit tak, ein balkong ­eller ein terrasse, så må plantane stå i noko som har jord; ­krukker, kasser, bosspann, gamle støvlar eller hengande korger. Veldig mykje kan dyrkast i potter. Epletre, potet, furu, lønn. Det er også mange fordelar med ein pottehage. Surjordsplantar kan stå ved sida av kalkvekstar, og krukkene kan flyttast rundt slik at det som er finast, alltid er blikkfang. Ein kan ha plantar som ikkje toler frost, og flytte dei inn i eit frostfritt rom om vinteren. Det er sjeldan sniglar i krukker, og ein kan få ein hage til å sjå ganske ferdig ut med ein gong, sidan krukker kan stå tett i tett.

21


22

KRUKKEHAGEN


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.