Slatten, Kaka og Tjuven

Page 1



Pテ・funn i Paradis

Slatten, Kaka og Av MONI NILSSON Illustrert av ELIN LINDELL

Frテ・ svensk ved テ郎STEIN ROSSE

Samlaget oslo 2016

Slatten, Kaka og Tjuven-INNMAT-9788252189629.indd 3

04.12.2015 15.50


Slatten, Kaka og Tjuven-INNMAT-9788252189629.indd 4

04.12.2015 15.50


Når barna i Paradis leikar boksen går, vil Tatoveraren vere med. Han elskar å leike boksen går, men han er så dårleg til å gøyme seg at han nesten alltid må stå. Det synest Slatten er fint. Han elskar også å leike boksen går, men han liker ikkje å stå.

5

Slatten, Kaka og Tjuven-INNMAT-9788252189629.indd 5

04.12.2015 15.50


Slatten har allereie sett seg ut den beste gøymestaden. Han kastar seg inn i dei tette buskane. Her kjem Tatoveraren aldri til å finne han. Plutseleg høyrer han noko som raslar. Slatten snur seg. Det er Erik. «Kult», seier Erik og smiler.

6

Slatten, Kaka og Tjuven-INNMAT-9788252189629.indd 6

04.12.2015 15.50


«Som ei hemmeleg verd», seier Slatten. «Sjå», kviskrar Erik og peiker. «Rottebæsj!» «Korleis veit du det?» spør Slatten. «Det er lett! Eg kan rådyrbæsj og bjørnebæsj òg. Far min er jeger», seier Erik stolt. «Her finst det vel ikkje bjørnar?» spør Slatten bekymra. «Det er ikkje godt å vite», seier Erik.

7

Slatten, Kaka og Tjuven-INNMAT-9788252189629.indd 7

04.12.2015 15.50


Dei åler seg lenger og lenger inn. «Kanskje vi har krope til ei anna verd», kviskrar Slatten og grøssar av spenning. Han gløymer heilt at dei leikar boksen går. «Ei bjørneverd», seier Erik. «Dette er nok ekte bjørnebæsj.»

8

Slatten, Kaka og Tjuven-INNMAT-9788252189629.indd 8

04.12.2015 15.50


Da grøssar Slatten enda meir. Tenk om det verkeleg finst bjørnar i Paradis? Farlege, svoltne bjørnar med kvasse klør.

9

Slatten, Kaka og Tjuven-INNMAT-9788252189629.indd 9

04.12.2015 15.50


Slatten skundar seg vekk frå bjørnebæsjen. Han kryp og kryp gjennom dei tette buskane. Plutseleg er det som om han kjem inn i eit lite rom. På marka ligg det nokre fillete teppe. Det ser ut som om nokon bur her.

10

Slatten, Kaka og Tjuven-INNMAT-9788252189629.indd 10

04.12.2015 15.50


«Ein tjuv», trur Erik. «Sjå så mange boksar. Dei er sikkert verde hundre kroner, eller tusen.» Erik ser seg om og smiler. «Skund deg, så tek vi dei.» «Nei», seier Slatten. «Det er jo hytta til Bomsen!»

11

Slatten, Kaka og Tjuven-INNMAT-9788252189629.indd 11

04.12.2015 15.50


Slatten kjenner att nokre av tinga. Bur Bomsen her? Alltid? Sjølv nür det regnar? Stakkars, stakkars Bomsen.

Slatten, Kaka og Tjuven-INNMAT-9788252189629.indd 12

04.12.2015 15.50


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.