Tusen elgar i garasjen

Page 1

© Det Norske Samlaget 2023

www.samlaget.no

Omslag: Hilde Hodnefjeld

Bokdesign: Elisabeth Moseng

Skrift: Noto Sans JO 10/20

Papir: 120 g Multioffset

Trykkeri: BALTO Print, Litauen

Printed in Lithuenia

ISBN 978-82-340-1015-6

Denne boka er trykt på miljøvennleg papir.

Dikt Samlaget Oslo 2023
6

Kva har fuglekongen og ein rusten traktor til felles?

Kva har flamingoen, elgen og flaggermusa og myggen til felles?

Brennesla og rugda og firfisla og sandkassa og

dinosaurane, mamma og tånaglen din? Rabarbraen og mareritta?

Kva er det dei har til felles, alle saman?

Jo, dei finst i denne boka. For ei bok kan romme alt, alt som er.

Slik denne boka også har plass til deg.

Du treng berre opne henne og gå inn.

Om du må tisse, så er doen på innsida av bakre permen.

Blir du trøytt, er det ei seng midt i boka.

Blir du svolten, kan du ete ein elg.

7 8

MAUREN

Veit du kva mauren er? Han er maur. Meir maur enn dei fleste andre.

Akkurat som du. Du er meir du enn alle andre i heile verda.

Du har sikkert tråkka på tusen maur i ditt liv.

Men slapp av. Det er mange igjen.

Fleire enn du kan telje, fleire enn statsministeren og kongen kan telje.

Har du maur i rumpa? spør dei vaksne når du er uroleg.

Men veit dei vaksne eigentleg korleis det er å ha maur i rumpa?

Neppe. Du kan hjelpe dei.

Putt hundre maur i trusa til mamma og pappa.

Dei vil danse som du aldri før har sett dei danse.

Om dei ikkje har jobb, kan dei no få jobb som ballettdansarar.

Eller songarar. Dei vil synge songar du aldri før har høyrt.

8

Når du tenkjer på noko vondt, kan du gå ut og finne ein blome.

Om det sit ein sommarfugl der, kan du puste på han.

Da tar han med seg alt det vonde og flyg sin veg.

Det er i alle fall verdt eit forsøk.

Om ikkje anna får du sett ein blome og ein sommarfugl.

9
G L E N
SOM M A R FU

Er spyfluga glad i spy? Ja, det er ho nok, men det er ikkje derfor ho har fått namnet sitt. Ho heiter spyfluge fordi ho spyr ut så mange egg.

Egga blir til larver og larvene til haugevis av nye fluger som trur at lampa di er ei sol.

Du har sikkert sett fluga på vindauget. Ho surrar rundt og vil ut.

Nokre gonger gir ho opp og blir liggande som eit inntørka skal i vindaugskarmen.

Da kan du suge henne opp med støvsugaren, så får ho ei spennande reise etter sin død.

12

Spyfluga elskar at du legg brødskiver med makrell i tomat under kjøkenbordet.

Ho elskar at det ligg ein daud sau i grøftekanten.

Ja, ho elskar til og med at du spyr etter å ha ete for mykje sukkerspinn.

Hadde du elska alt dette, ville folk sagt at du var sprø.

Ulike folk og dyr elskar ulike ting, hugs på det.

Fluga er ikkje sprø, men så frisk og rask og klok

at du nesten aldri klarer å slå henne med flugesmekka.

Ho har seks bein, fem auge og to venger.

Tenk på alt ho kan sjå, kor langt ho kan gå, og kor høgt ho kan flyge.

Legg brødskiva med makrell i tomat under kjøkenbordet.

13

Legg deg, stå opp, et maten din, puss tennene, gå på do, skund deg!

Gjer lekser, ta på stillongs, ikkje spring inne, bussen går, spring!

Øv piano, pass på veslesøster, tørk deg betre, vask hendene, få opp farten!

Lær å skrive, lær å lese, lær å seie ja takk og nei takk og kondolerer, oppfør deg!

Mindre godteri, meir gulrøter, rett opp ryggen, rydd av bordet, raska på!

Tenk på alt, drøym søtt, drøym vondt, pust med magen, pust med neglene, pust!

Pust

Ein vår gløymde eg å leite etter den første hestehoven.

Ein sommar gløymde eg å ete markjordbær.

Ein haust gløymde eg å bade i lauvet.

Ein vinter gløymde eg å byggje snømann.

Pust

14

SANDKASSA

Om sandkassa er noko lite og barnsleg?

Nei, veit du kva! I den kan ein byggje slott, tunellar og store byar.

I den kan ein bake hundre kaker i minuttet.

Katten brukar sandkassa som do, og mauren brukar henne som ferieparadis.

Bygg ein dinosaurpark i sandkassa. Folk kjem frå heile verda for å sjå.

Dei rir på tyrannosaurus rex og diplodocus.

Alt er fryd og gaman heilt til ein meteor kjem frå verdsrommet og utryddar alle.

Frå kjøkenglaset ropar pappa at det er middag.

15
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.