Se ilden lyse over jord

Page 1


Se ilden lyse ferdig_A 18.08.14 09.13 Side 84


Se ilden lyse ferdig_A 18.08.14 09.13 Side 1

Nils Henrik Smith

SE ILDEN LYSE OVER JORD Roman

Samlaget Oslo 2014

1


Se ilden lyse ferdig_A 18.08.14 09.13 Side 86


Se ilden lyse ferdig_A 18.08.14 09.13 Side 3

Som en snekrystall mot himlens blå svever den drømmen vi lever på. Jan Vincents Johannessen

3


Se ilden lyse ferdig_A 18.08.14 09.13 Side 4

4


Se ilden lyse ferdig_A 18.08.14 09.13 Side 5

I


Se ilden lyse ferdig_A 18.08.14 09.13 Side 6


Se ilden lyse ferdig_A 18.08.14 09.13 Side 7

Då draumen tok slutt, vakna han. Det var ein morgon i fjor vinter, og han hadde drøymt om stafetten i langrenn for herrar under OL på Lillehammer 1994, der Silvio Fauner spurtslo Bjørn Dæhlie med fire hundredels sekund og sikra Italia ein gullmedalje alle i Noreg var sikre på at Noreg ville kome til å vinne. Tidlegare hadde han i periodar hatt denne draumen relativt ofte, men no var han returnert, uventa, for første gong på fleire år, og difor låg han vaken og stirte mot taket og undra seg over kvifor. Som alltid før når han drøymde dette, kunne han ikkje i vaken tilstand hugse kven som hadde gått tredje etappe for det italienske laget, og dette irriterte han. I draumen framstod det lysande klart at superveteranen Maurilio de Zolt gjekk første etappe for Italia i kamp mot den fåmælte gardbrukaren Sture Sivertsen frå Verdal i Nord-Trøndelag, og at de Zolt hadde veksla med Marco Albarello om lag samstundes som Sivertsen sende Vegard Ulvang av garde. Og han hugsa at han, i draumen som i røynda, i 1994, vart svært, svært imponert over de Zolt, som i ein alder av førtitre var den eldste deltakaren under OL, og som med fødselsdato september 1950 skulle kome til å verte den siste olympiske meisteren som var, er og alltid skal vere eldre enn han er sjølv, og at lojaliteten hans difor slo sprekker: Det fylte han med glede og beundring at de Zolt, brannmannen frå San Pietro, kunne 7


Se ilden lyse ferdig_A 18.08.14 09.13 Side 8

kjempe jamt med menn som var femten, tjue år yngre, samstundes som han svært sterkt ynskte at Noreg skulle vinne stafetten, at dei skulle knuse Italia, Sverige, Finland og Samveldet av uavhengige statar og ære nasjonen med nok ein symboltung triumf, i suveren stil. For dette var ingen vanleg stafett, hadde han tenkt, i draumen, tenkte han der han låg vaken i ei framand seng, mange år seinare: Det var ein epokedefinerande augneblink, ei livsavgjerande hending, ikkje berre for dei fire på laget, Skiforbundet eller norsk vinteridrett, men for alt folket, vårt kollektive medvit, vår sams framtid. Ti dagar før stafetten hadde han, i lag med familien heime, sett TV-overføringa frå opningsseremonien i Lysgårdsbakkane, der ti tusen viltre vetter dansa vilt ikring, Sissel Kyrkjebø song OL-hymnen i folkedrakt frå Hardanger, og den gamle falangisten Juan Antonio Samaranch, leiar for Den internasjonale olympiske komiteen og tidlegare sportsminister i Spania under Franco, sola seg i glansen av jubel frå eit folk som, ein gong for uendeleg lenge sidan, hadde gjeve ordet «quisling» til verda. På 1970-talet, i studietida, hadde han vanka i såk. radikale sirklar, ikkje fordi han i utgangspunktet var særskilt politisk medviten eller, for den del, engasjert, men fordi det var det alle han kjente i den byen der han studerte, gjorde, og etter kvart vart såk. radikal politisk tenking ein grunnleggjande del av personlegdomen hans, som han hadde bevart i all tid sidan, trass skiftande politiske vindar, slik at han for eksempel framleis vil stille seg kritisk, eller iallfall kritisk undrande, til alt USA gjer, utan å trenge anna grunngjeving enn at det er USA som gjer det. Eit radikalt standpunkt som med tida hadde gjennomgått ein metamorfose og no 8


Se ilden lyse ferdig_A 18.08.14 09.13 Side 9

altså var konservativt, ein del av eit verdsbilete han gjerne ville bevare fordi det minte han om tilværet slik det var då han var ung og framleis overtydd om at han – eller meir presist: generasjonen han var ein del av – skulle kunne forandre verda, noko dei vel hadde gjort, men ikkje slik dei opphavleg hadde tenkt at det skulle gjerast. Og han hugsa at han den gongen, i ei for lengst svunnen tid, hadde nekta å reise på ferie til Lanzarote i lag med ein dåverande kjærast ved å vise til at Lanzarote var ei av Kanariøyane, og Kanariøyane var ein del av Spania, og Spania under Franco var eit fascistisk diktatur, og trass i at dette ikkje var den verkelege årsaka til at han ikkje ville, eller kunne, reise til Lanzarote, var han glad for at han hadde eit (vikarierande) argument for å nekte som han faktisk kunne stå for, slik at det ikkje vart nødvendig for han å fortelje henne sanninga, nemleg at han ikkje kunne reise til Lanzarote på ferie i påskehøgtida fordi han ikkje hadde råd, fordi han måtte arbeide i ferien for å tene pengar til å halde seg i live gjennom eit langt studieår, fordi han, i motsetning til henne, ikkje hadde velståande foreldre som kunne, eller ville, subsidiere tilværet for han. Og gjennom å påstå at han ikkje var viljug til å øve vald mot samvitet gjennom å reise til dei på dette tidspunktet framleis relativt eksotiske Kanariøyane, og håne henne som han var så glad i, fordi ho hadde lyst til dette, hadde han framskunda slutten på forholdet, noko som kanskje var uunngåeleg uansett, heilt sikkert, hadde han ofte tenkt. Ho reiste i lag med ei veninne, kom heim solbrent og likesæl og fortalde han at det var over, og difor var han altså fri og frank då han eit par månader seinare, om sommaren, under ein fest på ei hytte nær stranda 9


Se ilden lyse ferdig_A 18.08.14 09.13 Side 10

ikkje langt frå der han vaks opp, trefte igjen ei anna jente han ikkje hadde sett sidan skuledagane, og som no var student i ein annan by enn der han sjølv studerte, og som seint på natta, då dei var åleine, prøvde seg på han mellom sanddynene. Han påpeikte venleg at ho var full, og det same var han, og sa at han ikkje ville utnytte henne når ho var i ein slik tilstand – sanninga var, sjølvsagt, at han var engsteleg for alkoholens innverknad på eiga seksuell yteevne – og fortalde henne dessutan at han var i kjærleikssorg, noko han straks angra bittert på, men som synte seg å vere ein genistrek fordi det medførte at ho gjennom den påfølgjande hausten skreiv talrike, lange, inderlege brev til han, som han svarte på, trass i at han aldri før hadde hatt for vane å skrive brev, og då dei treftest igjen, i juleferien, skjøna han (omsider) at ho var kjær i han og han i henne, og dei vart einige om å gifte seg straks studietida var over. Og slik gjekk det til at det å nekte å reise på ferie med ei jente som så svært gjerne ville reise på ferie med han, og leggje ansvaret for at han nekta, på akslene til general Franco vart ei avgjerande hending i livet hans, tilfeldig og likevel ikkje, slik alle avgjerande hendingar både er og ikkje er tilfeldige, tenkte han der han låg og venta på dagslys ein morgon i februar 2013 og framleis ikkje kunne hugse kven som hadde gått tredje etappe for Italia på Lillehammer, under stafetten. Og han undra seg over kor annleis livet hans kunne vore, både i 1994 og no, viss han ikkje hadde vore så sta den gongen, viss han ikkje hadde late politiske overtydingar som, når alt kom til alt, kanskje likevel ikkje var så viktige for han, styre avgjerda hans i denne saka, men i staden valt å gje faen i alt og reist til Lanza10


Se ilden lyse ferdig_A 18.08.14 09.13 Side 11

rote i lag med denne jenta, som han, viss han ikkje hugsa feil, hadde elska, og som utan tvil ville betalt for han eller overtalt foreldra til å betale – noko som, tenkte han, i seg sjølv var ein grunn til å nekte – viss han hadde tilstått at den verkelege årsaka til at han nekta å reise, var at han ikkje hadde råd. Ja, alt kunne vore annleis. Tre barn var komne til verda som ein konsekvens av denne avgjerda, som han framleis stod for, men likevel somme tider angra på, eller iallfall tenkte på med vemod. Tre barn som han var far til, pluss dei barna ho eventuelt måtte ha fått med ein eller fleire andre menn, og som han ikkje visste om. Han visste ingenting om korleis det hadde gått med henne, om ho, som han, hadde stifta familie, og om ho i så fall var tilfreds med valet av ektemake og lukkeleg over at det, så langt, var gått barna – som no truleg var vaksne, i likskap med to av hans eigne barn – vel, eller om ho låg vaken og einsam om natta og plaga seg sjølv med fåfengde tankar om psykiske lidingar eller narkomani eller andre vanskar (dei eventuelle) barna hennar (eventuelt) måtte ha (hatt). Det visste han ikkje. Tilværet hennar sidan 70-talet var i eitt og alt ukjent for han, ho var ein parentes i livsforteljinga hans, og han i hennar: han visste ikkje eingong, slo det han brått, sikkert om ho var i live, det hadde han ikkje tenkt på, men no når han gjorde det, uroa tanken han. Herregud, ho kunne vere død, tenkte han: Ho kan ha vore død i snart førti år utan at eg veit om det, og eg kunne vore død like lenge, og ho ville ikkje fått vite det, heller. Han har framleis kontakt med vener som, den gongen for lenge sidan, var vener av dei begge, men veit ikkje om dei venene han framleis har kontakt med, framleis har kontakt med henne. Han veit ikkje 11


Se ilden lyse ferdig_A 18.08.14 09.13 Side 12

dette fordi han aldri har spurt, og fordi han aldri har spurt, har venene heller ingen grunn til å tru at han skulle vere interessert i å høyre korleis det går med henne, eller dei går ut frå at han alt kjenner til det, at han har fått vite det av andre, og fortel han det difor ikkje. Dei kan jo ikkje vite kva han eigentleg tenkjer om henne etter alle desse åra, for det har han aldri sagt noko om, og denne tystnaden kan dei jo ha oppfatta som talande, det ville ikkje vere heilt urimeleg, tenkte han. Og dessutan: Ho inngjekk jo i andre relasjonar enn akkurat den til han, som ho ikkje inngjekk i lenger, og no var det gått så lang tid at ingen ho kjente, heller ikkje dei som òg kjente han, ville tenkje på henne som eksdama hans, men derimot som kona til X, eller ekskona til X, eller mor til Y eller kanskje mormor til Z, og så vidare. Følgjeleg ville det ikkje falle dei inn at han burde opplysast om at ho hadde flytta, fått ny jobb eller andre prosaiske hendingar i kvardagslivet, og det hadde han heller ikkje behov for å vite, det var grunnleggjande uvesentleg, uinteressant for han. Men viss ho var død? Kva då? Det ville vere annleis. Det ville plage han, det måtte han vedgå. Han kjente henne rett nok ikkje lenger, og hadde kanskje aldri eigentleg gjort det, og slik sett hadde det ingen innverknad på tilværet hans om ho levde eller var død, men han hadde trass alt, ein gong, tenkt at han skulle dele livet med henne – om ho hadde tenkt det same, visste han ikkje – og sjølv om han på ingen måte ville påstå at han var utilfreds, ulukkeleg, fordi det ikkje vart slik, tvert om, hadde han alltid sidan hatt for vane å med ujamne mellomrom tenkje på henne, som eit symbol på alt som ikkje var. Som under opningsseremonien for OL i 1994, på Lille12


Se ilden lyse ferdig_A 18.08.14 09.13 Side 13

hammer, i TV-stova, då han fjerna blikket frå TV-skjermen og kasta det på ho som han, den gongen, var gift med og hadde vore gift med i nær tjue år, og som hadde skjenka han tre barn, og som han elska, og tenkte på henne – altså: den andre kvinna, ho han hadde nekta å reise til Lanzarote i lag med, og som difor gjorde det slutt med han, tidleg på 1970-talet – med bittersøt melankoli, og tanken på at ho alt den gongen kunne vore død, at ho kunne ha fått kreft eller vore i ei bilulukke eller på anna vis forlate denne verda, utan at han var klar over det, fylte han med stor uro. For hadde han ikkje, når han tenkte på henne, ofte fantasert om korleis det ville vere å treffe henne igjen, tilfeldig, på ein flyplass eller jernbaneperrong eller på gata i ein for begge framand by, hadde han ikkje sett fram mot dette hypotetiske møtet med ei viss glede, og angst, angst for at han ikkje skulle kjenne henne igjen, eller verre, ho ikkje han, at det skulle syne seg at han hadde vore så lite viktig for henne at ho ikkje hadde tenkt på han i alle desse åra, ikkje hadde teke seg bryet med å hugse korleis han, som ung, hadde sett ut, og følgjeleg heller ikkje kunne førestille seg korleis han såg ut no, eller då, anten det tilfeldig-hypotetiske møtet skulle ha funne stad i 1994 eller 1987, eller 2000, eller 2008; hadde ikkje dette møtet med ein gløymd ungdomskjærast utgjort ein liten, men vesentleg del av førestillingsverda hans i førti år? Det hadde det faktisk. Og då var det skremmande å tenkje seg at heile denne uoppfylte fantasien kunne ha vore basert på ein feilaktig premiss, nemleg at ho framleis fanst i denne verda, viss ho i røynda var død og hadde vore det i årevis, og han ikkje visste om det fordi han ikkje hadde tenkt på at noko slikt 13


Se ilden lyse ferdig_A 18.08.14 09.13 Side 14

skulle kunne hende. Og han kjente eit sterkt behov for å finne det ut, få stadfesta at ho var i live, men han visste ikkje korleis han, i så fall, skulle gå fram. Han kunne google henne, sjekke skattelistene eller eigedomsregisteret, men namnet hennar var så vanleg mellom kvinner i deira generasjon at dei kvinnene som hadde det namnet han i så fall fann, kunne vere kven som helst, særleg ettersom han ikkje lenger hugsa fødselsdatoen hennar, noko han på sett og vis skamma seg over, og dessutan: Viss ho var eller hadde vore gift, som var sannsynleg, var det ikkje sikkert at namnet hennar var det same i dag som det hadde vore den gongen han kjente henne, for i deira generasjon var det – trass i all radikalismen, som ikkje minst gjorde seg gjeldande på det identitetspolitiske området – framleis svært vanleg for gifte kvinner å ta ektemannens etternamn (ofte i tillegg til sitt eige) og han hadde ingen sikker strategi for å få vite kva det, eventuelt, var no. Kanskje var det best å ikkje vite uansett, tenkte han, utan overtyding. Han var 61 år. Fødselsdagen, for to veker sidan, hadde han tilbringa åleine, slik han med åra hadde fått for vane, i stille kontemplasjon over tida som går, utan nåde. Han hadde opna ei flaske whisky – han drikk elles sjeldan alkohol – og lytta til Creedence Clearwater Revival, eit favorittband frå ungdomen som han elles sjeldan lytta til lenger, ikkje fordi han hadde mista sansen for musikken deira, men fordi han, generelt, sjeldan lytta til musikk. Men no gjorde han altså det. På 61-årsdagen, åleine, sitjande i ein lenestol i stova, bak fortrekte gardin. Creedence Clearwater Revival. Den kvernande røysta til John Fogerty fylte han med ro i sjela. John Fogerty song om sumpland og elve14


Se ilden lyse ferdig_A 18.08.14 09.13 Side 15

båtar, ei verd svært fjern frå hans eiga, men som likevel ikkje kjentest framand for han, av årsaker han knapt kunne forklare. Klokka elleve hadde han lagt seg, for ein gongs skuld utan å sjå Kveldsnytt, slik han elles alltid gjorde. Han føretrekte det slik, eigentleg. Året før, då han fylte seksti, hadde han gjeve etter for press frå omgjevnadene og late seg overtale til at det burde haldast fest. Han hadde inga lyst til å feire seg sjølv, men vart rørt over at sonen og (særleg) dottera hadde eit ynske om å glede han på denne merkedagen, at dei hadde diskutert dette seg imellom før dei la forslaget fram for han, at dottera hadde avlyst eit viktig oppdrag utanlands, og sonen, som diverre ikkje var frisk, likevel var i stand til å mobilisere vilje og krefter for å skape ein minneverdig kveld til hans ære, og han gjekk difor med på nemnde forslag under føresetnad av at han sjølv ikkje trong ha noko med verken planlegging eller praktisk gjennomføring av festen å gjere, utover å vere til stades og kaste glans, som han hadde uttrykt det. Dei hadde reservert festlokale i det lokale Raudekross-huset, bestilt mat frå ein nyopna tapasbar – (kvaliteten på det som vart servert, var utmerkt, men tapasbaren hadde ikkje desto mindre relativt raskt gått konkurs) – invitert gjester etter hans instruksar, organisert innkvartering for dei av gjestene som kom langvegsfrå, og skrive eit hyllingskvad til han etter melodien til When I’m Sixty-four, som dei framførte til stor jubel. Og trass i at han altså ikkje hadde ynskt denne festen, og i sitt stille sinn var meir motviljug enn han syntest han kunne late dei få vite, gleda han seg over innsatsen dei la ned, og over samværet med venene, som han i somme tilfelle ikkje hadde treft på mange år. Han 15


Se ilden lyse ferdig_A 18.08.14 09.13 Side 16

drakk meir vin enn han hadde planlagt å drikke, og vart til sist sentimental, slik at han måtte orsake seg og påstå at han måtte nytte toalettet, men gjekk i staden ned og ut og bak Raudekross-huset, der han tok til å grine og vart ståande og grine ganske lenge, før han tok seg saman og bestemte seg for å gå inn til festen igjen. Men då han kom attende til inngangsdøra, oppdaga han at ho var låst; det var eit automatisk låsesystem, og for å låse opp døra måtte ein taste inn ein firesifra kode, men han visste ikkje kva denne koden var, og hadde heller ikkje teke med seg mobiltelefonen ut, og kunne difor ikkje ringje opp til festen for å spørje kva koden var, eller be nokon om å kome ned og late han inn, og andre alternativ kom han ikkje på, der han stod. Rett nok var det ei dørklokke der, og han ringde med denne fleire gonger, men utan resultat. Men medan han stod der, utestengd frå sin eigen sekstiårsfest, berusa og utan å vite kva han no skulle gjere, fekk han auge på ein skikkelse som bevega seg langsamt i hans retning under gatelyktene på fortauet på andre sida av gata, og då vedkomande kom nærare, skjøna han kven det var og trekte seg inn mot veggen, men for seint. – Hei, sa ho. – Hei, sa han, og takk for sist. – Eg trur ikkje du eingong kan hugse når sist var, sa ho. – Du har rett, sa han, det kan eg ikkje. – Vel, ikkje eg heller. Han hadde frykta dette, men ikkje venta det. Då festen vart planlagt, hadde det oppstått eit problem. Sonen og dottera, særleg den sistnemnde, hadde insistert på at mora, altså ekskona hans, og mannen hennar – «den nye 16


Se ilden lyse ferdig_A 18.08.14 09.13 Side 17

mannen», som dei alle kalla han, trass i at han hadde vore gift med henne, og ho med han, i nærare ti år no – måtte inviterast, men han hadde lagt ned veto mot dette. Han hadde ingenting imot henne, hadde han sagt, tvert om var han glad i henne på sitt eige vis og hadde mange gode minne frå tida dei hadde hatt i lag, ikkje minst i samband med oppveksten til barna og den sams oppgåva det hadde vore å oppdra dei til dugande menneske, ei oppgåve han syntest dei hadde lukkast svært godt med, sa han, og storparten av æra for dette skal utan tvil mor dykkar ha, hadde han lagt til. Men det var eit tilbakelagt stadium, det hadde vore eit tilbakelagt stadium i årevis, og trass i at ho hadde vore ein svært viktig person i livet hans, var ho det ikkje lenger no, og han var ikkje viljug til å gå med på at ho skulle vere til stades under hans eiga sekstiårsfeiring, berre for å demonstrere (overfor dei andre gjestene) at det ikkje var vondt blod mellom dei. Det ville vere meiningslaust, og pinleg for alle, hadde han sagt og rekna med at diskusjonen med dette ville vere over. Men dei hadde ikkje vilja gje seg. Det kunne verke som om dei meinte at dei, i eigenskap av å vere barna til begge, hadde rett til å bestemme at ho skulle vere til stades på denne festen til ære for han, ein fest han ikkje hadde bede om og eigentleg heller ikkje ynskt, men som dei hadde tilbode seg å arrangere, på eige initiativ og – iallfall tilsynelatande – med stor entusiasme. Han var urimeleg, meinte dei, og viste mellom anna til at mora heilt sikkert ville invitere han i sin eigen sekstiårsdag når ho fylte seksti året etter – eit argument han ikkje kunne skjøne relevansen av, ettersom det uansett aldri ville falle han inn å gå i fest til henne – og skulda han for å vere 17


Se ilden lyse ferdig_A 18.08.14 09.13 Side 18

sjalu, ettersom ho hadde gifta seg på nytt og hadde eit velfungerande ekteskap, medan han altså var einsleg (og følgjeleg einsam, gjekk dei opplagt ut frå) utan utsikt til endringar. Til dette hadde han ingenting å seie og sa difor at dei fekk gjere som dei ville, han skulle ikkje nekte dei å invitere henne (og mannen hennar) til festen hans mot hans eigen vilje, men viss dei takka ja til invitasjonen, var det lite truleg at han kom til å stille til fest sjølv. Etter dette hadde han ikkje høyrt noko meir og gjekk difor ut frå at dei hadde teke til fornuft. Det plaga han, sjølvsagt, at han hadde måtta ty til utpressing mot eigne, vaksne barn for å få det slik han ville, det var uverdig, men ikkje så uverdig som det ville vore å ha henne (og mannen hennar) der, syntest han. Men no var ho altså komen likevel, åleine, det var snart midnatt, og han stod der i kulda utan ytterklede, ufriviljug utestengd frå eigen fest, og visste ikkje kva han skulle seie. Han sa: – Kva gjer du her? – Er du ikkje glad for å sjå meg? – Nei. Beklagar. – Du treng ikkje beklage. Eg veit at du ikkje ville ha meg her. – Dei fortalde deg det? – Sjølvsagt ikkje. – Å. Faen. – … Vi har faktisk svært lojale barn. – Ja. Ein lang pause oppstod, før ho sa: – Er du ikkje kald? – Eg står her i berre ei tynn skjorte, og det er vinter. Sjølvsagt er eg kald. 18


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.