Satans mor

Page 1


Dødeboka ferdig_a 20.01.14 15.45 Side 6


Satans mor ferdig_a 23.01.15 13:38 Side 1

Rune Timberlid

SATANS MOR Kriminalroman

Samlaget Oslo 2015


Dødeboka ferdig_a 20.01.14 15.45 Side 6


Satans mor ferdig_a 23.01.15 13:38 Side 3

Satans mor Sakte, sindig, systematisk. Slik måtte det jobbast. Eigentleg var det skremmande enkelt, men samstundes farleg. Likevel – på ein måte var det som å stå ved kjøkenbenken og lage ein brøddeig. Faktisk måtte det mjøl til i denne blandinga også, men ikkje for å binde ho saman. Meir for å stabilisere, hindre at friksjon og små støytar skulle få konsekvensar. Dramatiske bilete flimra forbi i hovudet. Eit tak som var flekt av ein dobbeldekkar i London. Sprengde dører på eit tog i Madrid. Blodige lik på ein marknadsplass i Kabul. Alle ingrediensane var blanda, bortsett frå stabilisatoren. Dette var den kritiske fasen. Ei sur lukt reiv i nasen. Ho kom frå bleikemiddelet. Blandinga var blitt til eit krystallisk pulver. Det likna på sukker, faktisk. Og på metamfetamin. Pulveret var kvitt som krit. Det såg direkte uskuldsreint ut, men så feil kunne du ta. Fire gram var faktisk nok til å blåse livet ut av deg. Den veldige sprengkrafta stod i skarp kontrast til kor lett det var å få tak i det som måtte til. Ein tur innom eit par–tre butikkar. Og vips, du kunne lage ei bombe med ei sprengkraft som fekk alle etterretningstenester til å sveitte berre ved tanken. Til slutt mjølet som skulle stabilisere. Uansett så var det ei trøyst at det ikkje ville bli smertefullt om det gjekk 3


Satans mor ferdig_a 23.01.15 13:38 Side 4

gale. Men det var sanneleg verdt å ta sjansen. Ei sak stor nok til å aksjonere for! Alt som i tillegg kom veltande, hadde dessutan skapt eit kjenslemessig kaos. Sviket, løgnene, dei skitne pengane. Kaoset vart til ein tanke. Etter kvart eit brennande ønske. Til slutt ein rasjonell plan. Plastkassane vart plasserte slik at dei stod stødig. Satans mor var klar.


Satans mor ferdig_a 23.01.15 13:38 Side 5

23. september Kaffikoppen var tom. Han tvinna tommeltottar, vart sitjande og studere utsikta. Trafikken flaut sakte gjennom Gravensteinsgata, gatestumpen som var hovudgata der i bygda. Til venstre i synsfeltet låg politistasjonen, den nye arbeidsplassen hans, så ein bank, deretter rådhuset. Kvifor kom ho ikkje? Rundt nabobordet var ein høglydt diskusjon i emning. Ein gjeng godt vaksne mannfolk krangla om fotball. Han hadde forstått at det var slik det skulle vere i Sogndal. Dei hadde den same diskusjonen i kantina på politistasjonen kvar einaste måndag etter at bygdas fotballag hadde vore i aksjon. Avtalen var å møtast her for tjue minutt sidan. Eigentleg dreit han i fotball. Om ikkje anna så vekte krangelen om trenar og spelarar til live minna om at han ein gong faktisk såg ein fotballkamp her i bygda. Ikkje fordi det interesserte han. Men fordi ho var supporter. Sogndal mot Brann i ein cupkamp, det må ha vore for snart ti år sidan. Resultatet av kampen var som blåst bort. Biletet av Sara i det kvite og svarte supporterskjerfet sat derimot som spikra. Ho var dødeleg avstandsforelska i ein langhåra jypling som spela på midtbana til heimelaget. Brått og lydlaust, nesten katteaktig, smaug ho seg ned på stolen på andre sida av bordet. Berre eit lite nikk 5


Satans mor ferdig_a 23.01.15 13:38 Side 6

og eit kort smil. Ikkje eit ord som indikerte kva ho følte ved å møte han igjen. Det var som ho frå første stund ville markere ein avstand over bordet. Møtet var viktig for han. No når begge hadde flytta til Sogndal, ønskte han kontakt. Vere litt far og dotter igjen, slik som då ho gjekk på vidaregåande og budde hjå han. Han hadde forsømt kontakten etter dette, og han var førebudd på å måtte skrifte for sine synder. På den andre sida hadde ikkje Sara vist synderleg interesse for hans liv heller. Det kjølige førsteinntrykket gjorde han usikker. Kanskje ein kompliment ville løyse opp, for ho var jo flott der ho sat. Eit par lange sekund leitte han etter ord, medan krangelen ved nabobordet nådde nye høgder. Han fann halmstrået. – Hugsar du kor kjekt vi hadde det den gongen vi var på fotballkamp, Sara? Ho la hovudet på skakke og drog likegyldig på skuldrene. – Folk her er ikkje kloke når det gjeld fotball. Skulle jo tru det var viktig. Bom på første forsøk. Interessene endra seg, tydelegvis. Han fekk føle seg litt fram. – Er du svolten? – Nei. Ho hadde lagt hendene framfor seg på bordet. Fingrane var lange og smale, slik resten av kroppen hadde vakse seg til. Lyst, langt hår, slank, reine ansiktstrekk, milde, blå augo. Sara var som snytt ut av nasen til mora. – Ein kaffikopp kan eg vel by på? – Er har slutta å drikke kaffi. Han famla vidare etter tema, og Sara gjorde ikkje 6


Satans mor ferdig_a 23.01.15 13:38 Side 7

mine til å ville hjelpe han. I eit forsøk på å vinne tid snudde han seg mot nabobordet og bad karane dempe lydnivået på diskusjonen sin. Då kom det omsider ein reaksjon hjå Sara. Eit lite smil glei over ansiktet hennar. – Må du spele politi når du er på kafé også, pappa? Han reiste seg, gjekk bort til disken og kjøpte ein kopp kaffi. Sette seg, drakk ein slurk. Greip tak i situasjonen. – Korleis går det med studia dine, Sara? – Veit du eigentleg kva eg studerer? Han tenkte seg febrilsk om, men måtte jo kome opp med eit svar. Elles ville det vore ein katastrofe. – Du går på … denne miljølinja. Sara nikka utan å vise kva ho meinte om svaret. Så smilte ho sarkastisk og herma etter han. – Ja, eg går på denne miljølinja. Han svarte ikkje. Visste at han hadde dumma seg ut. Det var ikkje meir enn eit par år sidan dei hadde budd under same tak. Det kjendest brått som eit halvt liv, og Sara hadde forandra seg på alle måtar utan at han hadde fått det med seg. – Miljøfag er sikkert framtidsretta det, Sara. – Det er slike som oss som må redde kloden. Oi sann, nye tonar her også. Sara hadde ikkje akkurat vore nokon barrikadestormar då dei to budde i lag. Det trong ikkje nødvendigvis liggje dramatikk i ei slik endring. Nye vener, nytt miljø og ei studieretning som sikkert førte med seg eit engasjement – klart ho utvikla seg. Men forandra var ho, ingen tvil om det, med mindre ho dreiv eit spel med han. For den nye direkte stilen og tonen forvirra han. Han streva fælt med å følgje naturleg opp. 7


Satans mor ferdig_a 23.01.15 13:38 Side 8

– Du kan jo kome heim til oss ein kveld, så kan vi prate meir om studia dine. – Meiner du heim til deg og den nye flammen din? Han smilte. – Anne-Kat er meir enn eit lite eventyr. Vi har flytta i lag. Det er alvor. Sara studerte han openlyst. Ho var blitt så kald, følte han. Den kvikke jenta frå oppveksten var ikkje der lenger. Ho var nesten litt monoton både i rørslene og i stemmeleiet. Gjekk ho på … eitt eller anna stoff? Det var ein del av jobben hans å sjå etter slike signal. Han fanga blikket hennar, og dei sat slik nokre sekund. Så slo han blikket ned og kjende seg letta. Pupillane indikerte i alle fall ikkje at Sara var sløv av stoff. – Sei meg ein ting, pappa, var det denne dama du var utru med før mamma sende deg på dør? Sara var tydelegvis ikkje innstilt på å gi han noko som helst. – Eg møtte Anne-Kat etter at eg vart separert. Har du ikkje lyst til å helse på ho? Sara drog på skuldrene. – Det har eg ikkje behov for. Eg treng ikkje ei stemor, pappa. Han kjende det som eit slag i trynet. Sitje på kafé og bli mint om den lite ærerike skilsmissa frå mor til Sara. Herregud, det var då tolv–tretten år sidan. Så den kontante avvisinga av Anne-Kat. Han vart sitjande og lure på om det var noko poeng å sitje her særleg mykje lenger viss ikkje Sara hadde meir å bidra med. – Var det noko spesielt du ville sidan du inviterte meg hit, pappa? 8


Satans mor ferdig_a 23.01.15 13:38 Side 9

– Hadde lyst til å høyre korleis du har det, og invitere deg heim for å sjå på det nye rekkjehuset vårt. Sara nikka. – Ok, vi kan jo halde kontakten. Ho heldt mobiltelefonen sin opp mot han. Om ikkje anna så hadde han nummeret hennar. Sara såg brått på armbandsuret sitt, mumla at ho måtte springe for å rekke ein treningstime. Ho reiste seg frå bordet, slengde sekken på ryggen og vart ståande med open munn. Ho hadde ein bodskap, men den sat visst langt inne. – Pappa, eg håpar det går bra med deg og denne dama. Han nikka og smilte. – Takk, var alt han fekk sagt. Hadde lyst til å spørje om Sara hadde ein mann i livet, men lét det vere. Så var ho borte like stille som ho kom. Tilbake sat han med ein tom kaffikopp og hovudet fullt av tankar. Kva hadde eigentleg skjedd med Sara? Han reiste seg, og ved nabobordet var fotballdiskusjonen framleis i full fyr. Ein av debattantane greip han i armen idet han passerte. – No kjenner eg deg igjen! Såg intervjuet i avisa. Du er den nye politimannen. Han frigjorde seg bestemt frå grepet, nikka og peila seg inn på utgangsdøra. Bak seg høyrde han at praten gjekk om kven han var. Han høyrde namnet Rolf Randen bli nemnt. Det var slikt han måtte rekne med når han var politimann på bygda.


Satans mor ferdig_a 23.01.15 13:38 Side 10

24. september Følgjet bukta seg sakte oppover, nesten som ein sløv hoggorm om våren. Isen knasa under stegjerna då dei skar seg ned i isen under skoa. Mange stader var overflata farga grå her nede, men det skein i blått i sprekkar og på flater der stein og støv ikkje fekk tak. Lenger oppe, der platået starta, såg den evige snøen kvit og uskuldig ut. Med jamne mellomrom kom det rop frå folk under dei fargerike hjelmane dei hadde på hovudet. Gledeshyl. Johnny Krundal stoppa på toppen av ein lang rygg som gjekk gjennom brefallet. Bak han stod dei femten turistane som var med på turen oppover i blåisen. Krundal snudde seg og ropte. – Vi skal no gjennom eit område med sprekkar i isen. Her må tauet vere stramt! Folk nikka og smilte. Dei vifta med isøksene sine for å vise at dei ville vidare oppover. Ein tur på Nigardsbreen var eit minne for livet for dei fleste han guida her oppe. Største problemet som breførar var å få turistane til å forstå kor farleg breen kan vere. Isen rører seg heile tida. Ein sprekk kan utan varsel opne seg. Isblokker kan losne når folk minst ventar det. Johnny Krundal vinka følgjet vidare. Ormen rørte seg igjen, inn i eit flatare område. – Stramt tau, gjentok Krundal med rungande røyst. 10


Satans mor ferdig_a 23.01.15 13:38 Side 11

Han hadde ført turistar opp og ned her hundrevis av gonger. Dei lumske sprekkane, dekte berre av ei bru med skaresnø, låg som regel lenger oppe, i knekken mellom platået og brefallet. Men den globale oppvarminga skapte problem. Isen smelta, og nye sprekkar dukka opp. – Hjelp! Ropet skar gjennom lufta. Johnny Krundal kjende eit rykk i tauet. Han bråsnudde. Ei kvinne midt i følgjet hadde gått uti ein bresprekk. Ho hang viljelaust og sprella i tauet. Johnny Krundal reagerte lynraskt. – Alle står stille! Eigentleg var det ikkje så farleg som det såg ut, berre dei andre i følgjet heldt seg i ro. Johnny Krundal fekk raskt kvinna inn på trygg is. Det første vesle sjokket gjekk raskt over i latter, tårer og klemming. Kamera kom fram. Det vesle dramaet i isen måtte forevigast. Breførar Krundal brukte isøksa for å fjerne resten av den lumske snøbrua. Sprekken var ikkje så veldig stor, fem–seks meter lang og ein meter på det breiaste. Johnny Krundal følgde regelboka når slikt skjedde. Han førte turistane ut av området og ned igjen mot Nigardsvatnet langs ei tryggare rute ved den sørlege kanten av brefallet. Sanneleg ikkje ofte han førte turistar langs denne delen av breen! Eit stykke gjekk dei på blankskura fjell. Nedetter fjellsidene rann det små bekkar som minte om sølvårer i det grå fjellet. Breen viste tydelege prov på at isen var i ferd med å trekkje seg lenger tilbake enn på svært lenge. Overalt rann smelta is i små bekkar som vart til større grøver som vart til ei elv på vegen ned mot vatnet. Nokre stader opna det seg små holrom i kanten av 11


Satans mor ferdig_a 23.01.15 13:38 Side 12

breen der isen måtte gi etter for det varmare klimaet. Isen hadde trekt seg eit godt stykke tilbake sidan sist Johnny Krundal gjekk her. Dermed kunne eigentleg kva som helst dukke opp. Eitt eller anna som kunne fortelje om livet i Jostedalen før brearmane voks kraftig under den vesle istida på 1800-talet. Eller kanskje eit teikn frå dei verkeleg dramatiske tidene her, då svartedauden ifølgje segnene tok livet av alle i dalen med unntak av ei lita jente. Jostedalsrypa. Johnny Krundal og følgjet hans var i ferd med å passere ei slik hòle i isen då breføraren brått stoppa. Han frigjorde seg frå tauet, klatra ned frå berget dei gjekk langs, og forserte ein liten morenerygg før han kom fram til ishola. Han gjekk ned på kne og plukka opp ein gammal sko. Skoen hadde ei spenne som såg ut til å vere laga av sølv. Han la skoen forsiktig ned igjen og bøygde hovudet slik at han fekk sikt innover i holrommet. Høgda kunne vere ein meter, og rommet var eit par–tre meter djupt. Johnny Krundal såg noko stikke ut av isen. Trudde først det var stein eller ein stokk. Lyset var dårleg der inne. Han myste lenge. Så kjende han seg sikker. – I helvete, mumla han halvhøgt då han reiste seg opp igjen. Ut av isen inne i hola stakk ein fot.


Satans mor ferdig_a 23.01.15 13:38 Side 13

Lyster sanatorium, april 1946 Du må vere på isolat ein periode. Overlegen hadde smilt ned til ho ein augneblink og rørte kort ved skuldra hennar då han sa det. Han var ein lang og slank mann. Oftast gjekk han med legefrakken flagrande rundt seg. Den store mannen i den kvite frakken osa av autoritet. Men mange kjende også ei viss frykt når denne mannen kom inn i rommet. Humøret hans kunne svinge frå den eine augneblinken til den andre. Overlegen hadde liksom to ansikt. Han kunne vere blid og mild som vårsola. Men bak dei runde brilleglasa kunne augo bli strenge og mørke som ei desembernatt. Når han snakka, skarra overlegen på r-ane. Det var slik dei snakka i nokre av dei store byane på kysten, det hadde ho høyrt i radioen før ho vart sjuk. Tæringa di er blitt verre igjen. Beskjeden kom overraskande. Ho opna munnen for å protestere, ville fortelje at ho eigentleg kjende seg betre enn på lang tid. Men stemma lystra ikkje. Pasientane protesterte ikkje på avgjerdene som overlegen tok. Hans ord var lov her oppe på Harastølen. Eigentleg hadde ho kjent optimismen stige den siste tida. Ja, hadde til og med gått fleire turar gjennom parken heilt bort til utsiktspunktet som pasientane galgenhumoristisk kalla Verdens Ende. For mange var det stort å bli 13


Satans mor ferdig_a 23.01.15 13:38 Side 14

frisk nok til å gå dit på eiga hand. Dei fleste var så svake at dei sjeldan kom lenger enn til båsane under eit halvtak på utsida av den store, kvite bygningen. Her sat dei innpakka i sine store posar laga av reinsdyrskinn og pusta inn den tørre og klare lufta som skulle lækje dei her oppe. Turane til Verdens Ende hadde gjort ho godt. Ho elska å stå der borte, samle tankane og studere alt som lydlaust rørte seg på vegane og på fjorden hundrevis av meter lenger nede. Tankane kverna rundt kjærasten og alt dei skulle ta igjen når ho ein dag var frisk nok til å reise frå sanatoriet. Pusten gjekk lettare, ingen tvil om det, og ho kjende seg sterkare. Optimismen hadde denne våren kome krypande inn i ho. Og ein dag dei sat i skinnposane under halvtaket starta det å versere rykte. Optimismen spreidde seg frå skinnpose til skinnpose etter kvart som nyhendet gjekk rundt. Dei har funne ein medisin som kan knekkje tæringa! Tenk om det var sant. Snart ville kanskje denne forferdelege sjukdomen slutte å ete ho opp innanfrå. Frå isolatet hadde ho ikkje eingong utsikt til Lustrafjorden. For det meste såg ho berre inn i tett fureskog. Veggane i rommet var kvite og nakne om ho såg bort frå nokre gamle innramma foto. På eit lite bord med to pinnestolar til låg det ei bok. I ei skuffe i nattbordet hadde ho lagt skriveboka si. I den noterte ho tankar og hendingar når ho hadde overskot til å skrive. Ho sette seg ved bordet, men orka verken lese eller skrive i dag. Alt no sakna ho fellesskapet dei trass alt hadde inne på sovesalane, i stovene og ute under halvtaket. Her inne var ho i total einsemd. Kvar gong ho 14


Satans mor ferdig_a 23.01.15 13:38 Side 15

snakka med andre, måtte ho ha på seg munnbindet. Dei kvite munnbinda – som ho hata dei! Men ho visste det var ingen veg utanom. Det vesle tøystykket kunne vere skilnaden på liv og død. Ho ville kvile litt før neste måltid vart servert, men døra gjekk opp like etter at ho hadde trekt dyna opp til haka. Overlegen steig inn. Rundt halsen dingla eit munnbind, og stetoskopet stakk opp av eine sidelomma på frakken. Før han lét igjen døra, sveipte blikket over den tomme gangen i fløya der isolatet låg. Legebesøket kom tidleg i dag, og ikkje hadde han med seg sjukesøster til å føre pasientjournalen heller. Han sa ingen ting, nikka berre i retning senga idet han tok av seg legefrakken og hengde han opp på ein krok på veggen. Så stilte han seg framfor døra med ryggen mot senga. Låste han døra? Så snudde han seg og vart ståande medan han opna den dobbelspente grå dressjakka si. Overlegen kremta og kom bort til senga. Ta på deg reint munnbind. Hugs du er blitt verre. I nattbordet låg det alltid munnbind, og ho tok lydig på seg eit nytt. Han sette seg på sengekanten. I dag hadde han det milde blikket. Roleg greip han eine handa hennar oppå dyna. Augo deira møttest. Ei setning dukka opp i minnet – ein påstand, eigentleg. Ein dag dei sat ute i skinnposane, fortalde ei jente at overlegen likte godt å besøkje kvinnelege pasientar på eiga hand. Han hadde visst eit eige kontor der han tok imot dei. Påstanden hadde berre kalla på mild latter hjå dei andre. Ein mann i hans posisjon hadde då lov til å snakke med ein pasient på eiga hand! Overlegen var ein heidersmann! Han var dessutan det einaste håpet dei hadde 15


Satans mor ferdig_a 23.01.15 13:38 Side 16

om ein gong å få reise frå Harastølen fri for tæring. Han heldt fast i handa og blikket hennar. Har du høyrt om den nye medisinen som er komen? Ho prøvde dra handa til seg, men dei lange fingrane på den senete handa heldt ho fast. Ho prøvde å setje seg opp i senga, for overlegen var nok komen for å lytte på dei sjuke lungene hennar. Med ei bestemd hand mot dyna markerte han at ho skulle bli liggjande. Eg kan skaffe deg medisin som vil knekkje tuberkulosen din. Ho kjende først varm glede ved tanken. Så kom tvilen. Skulle ikkje alle pasientane få den nye vedunderkuren? Først om mange år blir det laga nok medisin til at alle kan få. Uro jaga gjennom kroppen ved tanken på at overlegen ville gjere akkurat ho til ein av dei utvalde. På sanatoriet var det då mange andre unge pasientar som fortente ein slik medisin like mykje som ho? Eg trur du vil gjere deg fortent til å leve vidare. Nokre sekund vart ho liggjande og lure på kva han meinte. Ingen av dei ho kjende, fortente å bli pinte sakte til døde av tæring som spreidde seg rundt i kroppen. Bak munnbindet måtte ho brått hoste. Kjende det kom opp slim. Ho tok av munnbindet og bytte det ut med eit nytt. Flink jente, Helga. For første gong brukte overlegen førenamnet hennar også. Vanlegvis vart ho berre kalla frøken av legane på sanatoriet. Ho prøvde å reise seg opp i sitjande stilling endå ein gong. Fåfengt. Den eine handa hans heldt ho nede. Hardare – meir bestemt denne gongen. Med den 16


Satans mor ferdig_a 23.01.15 13:38 Side 17

andre handa tok han på seg eit munnbind som delte det smale ansiktet hans i to. Bak brillene såg ho no overlegen med dei beksvarte augo. Sakte løfta han dyna av ho. Vil du leve vidare? Stemma hans var med eitt grautete. Bak brillene vandra eit intenst blikk opp og ned langs kroppen hennar. Han flytta handa inn under dyna slik at ho vart liggjande over eine brystet hennar. Nokre glimt frå ungdomen flimra forbi. Famlande hender på brysta, kort pust, ein stiv lem … den første gongen i høyet på låven. Å, som ho hadde lengta etter at ho skulle bli frisk nok til å leve ut den verkande trongen ho kjende. Få vere kvinne. Ansiktet hans nærma seg hennar. Pusten gjekk raskare. Angsten kom. Borte var tankane ho ein augneblink hadde hatt om kropp og attrå. Livet ditt har ein pris. Det svartna. Med hender veike av sjukdom prøvde ho å skyve vekk den store mannen. Det var som å skulle flytte eit fjell. Nattkjolen vart dregen oppover langs føtene, forbi hoftene. Ho kneip føtene saman, men måtte gi opp då handa hans glei inn mellom låra hennar og tvinga dei frå einannan. Overlegen greip handa hennar og la ho i skrittet sitt. Ho prøvde å skrike, men han la eine handa for munnen hennar. Ho kjende seg kvalm og utan krefter til å stå imot då mannen kvelva seg over ho i senga. Så trengde han inn. Slik ja, du skal bli rikt lønt. Ho vart liggjande og stire inn i den kvite veggen. No visste ho altfor godt kor høg pris ho måtte betale for å bli frisk.


Satans mor ferdig_a 23.01.15 13:38 Side 18

Solvorn, mars 1821 Inngangsdøra gjekk stille opp, og ein undersetsig mann smatt inn. Han stilte seg mot veggen ved sida av døra. På hovudet hadde han ei skyggelue som var trekt godt ned i panna. Kleda stakk seg litt ut inne i den mørke skjenkjestova. Mannen hadde på seg ein raud vest og eit gult silketørkle i halsen under jakka. I det mørke lokalet slo varmen mot han saman med den stramme lukta av sveitte, tobakk, mjød og brennevin. Akkurat same lukta som møtte han på alle andre vertshus. Nokre sekund vart han ståande medan han sveipte over lokalet med vaktsame augo. Vertshuset i Solvorn var godt besøkt i kveld. Ved alle bord sat det folk. Mannfolk for det meste, men ei og anna kvinne også. Ein kort augneblink fekk han blikkkontakt med ei mørkhåra dame som sat ved eit bord med fleire menn. Borte i ein krok var det ein høgrøysta krangel mellom to karar som stod og drog i kvar sin arm på ei dame. Ingen andre brydde seg om det. Han pusta rolegare. Ingen kjende var å sjå i lokalet, men trygg kunne han ikkje vere. Han hadde for lengst gitt opp å flykte frå sitt eige rykte. Men i kveld ville han ha litt brennevin i skrotten før han drog vidare. Kanskje kunne han til og med skaffe seg ei varm seng for natta og ein villig kropp å liggje inntil. Sjansen baud seg gjerne om han berre var tolmodig og venta til mannfolka 18


Satans mor ferdig_a 23.01.15 13:38 Side 19

vart fulle nok. Lett på foten gjekk han fram til disken der det vart servert. Han fiska opp ein skillingsmynt som han la på disken. – Eit krus brennevin, sa han. Mannen bak disken greip mynten, heldt han opp mot eit talglys som stod på disken. Deretter myste han mot framandkaren, før han studerte silketørkleet i halsen. – Jaså, det er fint folk ute og rek i kveld? sa mannen. Det dunsta brennevin av han. Eigentleg burde han visst betre enn å reise rundt i Sogn med klede som trekte til seg merksemd. Diskré tok han av seg silketørkleet og la det i jakkelomma. Ståande ved disken tok han ein slurk av kruset. Vertshuset i Solvorn hadde ord på seg for å servere skikkeleg brennevin. Drikken reiv i halsen, og ein god varme spreidde seg i magen. Han tok ein slurk til og kjende dei første teikna på svak rus. Eit bord vart ledig borte ved ein vegg. Han sette seg der, og ingen av dei andre gjestene såg ut til å bry seg med framandkaren. Ved nabobordet sat det nokre karar og braut handbak medan dei togg på tobakken sin. Karane sende stadig brune strålar i retning spyttebakken som stod på golvet. Han tømde kruset sakte, det ville vere dumt å drikke for mykje. Det var skjødeslaust nok berre å gå inn ein slik stad. Støyen og bråket i skjenkjestova auka på. Då han var komen eit stykke ned i krus nummer to, starta det eit slagsmål ved eit bord. Det var bordet der den mørkhåra kvinna sat. Taus sat ho og såg på karane som veiva rundt ute på golvet. Mannen som styrte skjenkjestova, vart berre ståande og glise. Noko særleg til slagsmål vart det 19


Satans mor ferdig_a 23.01.15 13:38 Side 20

heller ikkje. Karane hadde drukke for mykje sprit til det. Den eine vart liggjande og krabbe på golvet, før han vart slept bort til døra og lempa ut. Dei to andre som var innblanda, vart skyssa på dør, dei også. Ho sat åleine ved bordet no, den svarthåra. Han såg at ho var barmfager. Augo deira møttest igjen. Nikka ho til han? Han tok sjansen. Greip brennevinskruset, kryssa golvet og sette seg på ein krakk ved bordet hennar. – Kan eg by deg noko å drikke? spurde han galant. Ho rista sakte på hovudet. – Nei, eg lyt fare heim no. Skal tidleg opp i morgon. – Ein skvett kan du vel dele med ein einsam kar før du går. Ho studerte den ukjende utan å svare. Han var ganske liten av vekst og verka kvikk. Hendene var små og håret mørkt. I det diffuse lyset i skjenkjestova såg augo blåsvarte og intense ut. Under det venstre auga såg ho eit arr. – Kven er du, framande? Han gav ho eit namn. Sa han var handelsmann frå Bergen på gjennomreise til Gudbrandsdalen. Ho rakk ikkje svare. Inngangsdøra gjekk opp med eit brak. Ein fyldig mann i uniform stod i døropninga. Lensmann Hillestad steig inn. Han hadde ei mørk røyst som buldra gjennom lokalet. – Det har vore innbrot i eit stabbur i kveld. Flatbrød, kjøt og pengar er stole. Har de sett framande her i kveld? Roleg vart han sitjande medan han såg etter ein veg å rømme. Han såg ingen. – Kor mykje pengar vart stole, lensmann? ropte mannen som selde brennevin. – Fire spesidalar og ti skillingsmyntar. 20


Satans mor ferdig_a 23.01.15 13:38 Side 21

– Den framandkaren der har pengar! Mannen bak disken peikte mot han. Lensmann Hillestad gjekk med tunge steg bort til bordet. Kvinna med det mørke håret reiste seg sakte og trekte seg unna. Han sat roleg utan å møte blikket til lensmannen. – Kva er du for ein kar? brumma lensmannen. Han mumla det same namnet som han gav til kvinna. Lensmannen tok tak i aksla hans og heiste han opp. Han hadde kjent igjen lensmann Hillestad i det same døra gjekk opp. Dei hadde hatt med kvarandre å gjere sist han var heime i Sogn. Augo deira møttest. Eit glis breidde seg i det raudmussa ansiktet under uniformslua. – Tenkte eg det ikkje, sa lensmann Hillestad triumferande. Spelet var over. For denne gongen. – Vi har fått besøk av sjølvaste meistertjuven. Dette er Gjest Baardsen! Alle lensmenn i heile landet visste at han var på rømmen frå ei livstidsstraff i Trondheim. Men lensmann Hillestad på Hafslo hadde ikkje fått nyss om at Gjest Baardsen hadde teke turen til heimlege trakter. No kunne han arrestere den mest ettersøkte forbrytaren i kongeriket. Triumferande greip han Gjest i armen og førte han ut medan dei andre gjestene stod og hoia og klappa. Fleire spyttklyser vart sende i retning arrestanten utan at lensmann Hillestad brydde seg. Utanfor stoppa følgjet, og den røslege lensmannen såg intenst ned på mannen han var i ferd med å arrestere. Den støyande gjengen frå vertshuset samla seg i ein sirkel rundt dei. – Denne gongen skal du i alle fall ikkje sleppe unna før du har gjort opp for deg, Gjest!


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.