Åsa Maria Kraft
Robotsand D ik t
Frå svensk ved Martin Ingebrigtsen
Samlaget Oslo 2021
O r i g i na lt i t t e l : Robotsand Copyright © Åsa Maria Kraft, 2018 © norsk utgåve: Det Norske Samlaget 2021 www.samlaget.no B ok d e s i g n : Magnus Osnes S k r i f t : Stempel Garamond P a p i r : 100 g Munken Premium Cream T ry k k e r i : ScandBook AB , Falun Printed in Sweden I S B N 978-82-340-0224-3
Denne boka er trykt på miljøvennleg papir.
I
I a: År 400: Opne munn (I Nag Hammadi)1
1 Foto: Alice Kraft Nag Hammadi-biblioteket er den mest kjende samlinga av tidlege kristne gnostiske tekstar. Dei blei funne i 1945, nær Nag Hammadi i Egypt, eller på ei klippe ved namn Jabal al-Tārif. Biblioteket består av papyrusmanuskript frå 400-talet, tolv bøker (i Kodeks-format) og i tillegg åtte sider frå ei trettande bok. Kodeks er innbunden handskriven tekst i bokform, som er av
seinare dato enn bokrullane. Bøkene i Nag Hammadi-biblioteket omfattar til saman 52 einskilde traktat. Blant desse er Tomasevangeliet og Maria Magdalenas evangelium av dei meir kjende (sistnemnde blei ikkje funne i Nag Hammadi). I første del av boka hermar eg den fragmenterte forma som desse kodeksane no er i, gjennom lakuner og usikkerheit kring blant anna tidsformer og pronomen. Seinare i boka alluderer eg på ulike vis til tre mindre kjende traktat: The Thunder: perfect mind, Allogenes og Hypsiphrone (Allogenes og Hypsiphrone gjennom personifikasjonar, The Thunder og Hypsiphrone gjennom tekstallusjonar i tillegg.) Det er eit utal teoriar som drøftar om det nokon gong fanst grupper som kalla seg sjølv gnostikarar. I denne boka er gnostikarar (eller gnostinner) dei dokkene som er avbilda på innsida av permen. Pleroma (altet, det fylte) og Kenoma (skuggeverda, det tømde) er gnostiske omgrep som eg delvis har tolka om, vridd og vendt på, slik at dei har lånt farge av tydingane til kvarandre. Krisma er olja brukt i salvinga som blir kalla krismering, og som var forløpar for den kristne konfirmasjonen. Krismering var eitt av dei fem sakramenta som fanst hos dei tidlege gnostiske kristne; i den moderne kyrkja er det att berre to eller tre sakrament (Nicola Denzey Lewis, Introduction to Gnosticism, 2013, s. 96f, «The Gospel of Philip», s. 139–162 i The Nag Hammadi Library, James M. Robinson, 1988). Stylus er ein reiskap av metall, bein eller tre, som i antikken og mellomalderen blei brukt til å skrive på vokstavler. Denne måten å skrive på var tidleg kopla til undervisning og skissering, noko som blei kladda før det blei ført inn i Kodeks. Måleriet av Giotto di Bondone (1266–1337) og/eller verkstaden hans som eg refererer til, er frå Maria Magdalena-kapellet i den nedre kyrkja i Assisi. Det viser, ifølgje den folkelege legenda frå mellomalderen, Maria Magdalenas reise til Provence. Camargue er det floddeltaet i Provence der ho skal ha gått i land, der det også finst ein særskild kvit hesterase, som blir alte opp i halvt vill tilstand.
Det var lenge sidan Det var vanskeleg
dei var
av plast. Dei
forklare korleis tida
minnest.
snudd andre
retninga. Dei
forvirra trudde
historia var forbi
gnostiske visste den snudd
i framtid.
i dåtid. Tilbake. Dokkene
kunne forklare. Men no kunne
dei ikkje det. Ikkje eit skimta
Framtida
dei snu
med munnane stengde. Munnen
skar i plast og kanskje
farge rundt
den. Av og til var munn liten strek av og til tjukkare lengre. Ingen
munn heilt lik den andre
dokkas
forutan: alle stengde. «Men vi skal snakke seinare fordi vi snakka tidlegare»
sa dokkene
gnostiske opna munn
12
med
sin stengde
Dokker spreidde Dei
over verda skal vi
eg vi min vår deira
båt tok over
snart spreie oss.
Magdalenfamilie
tar ein
hav hava nådde og når provinsen. Der
risen skal dyrkast blei dyrka hadde blitt dyrka der kvite Camarguehestar hadde beita snart beita mange gonger måla rundt
sovna søvnig
våre mine sine
Så
av lange hår
kroppen svevande i måleri etter
om dei høyrde
måleri
ord frå stengd munn. Alt
dette: mykje seinare. Her: denne klippa
blir beita
og våre Kodeks i jamn
heite tørre staden og ukomplisert
lagring
13
Kuleledd
harde tøyelege
vi saknar sakna
nervesystem. Materialet vårt hardt
meiningslaust. Det finst
ikkje enno fanst skal finnast vi eg dei dokkene
blir skapt i framtida
blei skapte skapar blir skapte
materiale i framtida. Orda sprett spratt skal
får plass bak stengd
sprette sprotte har
den tenkte munnhola. I dokka blir dratt kvarandre
av munn
rundt i plast i
skal bli skoren ut blei dratt
ein strek mellom skal lepper opne munn så orda
ut av den talande til luft utanfor
14
sener
skilje
kjakar frå
reiste ut reise
Dokkene bøyer bøygde skal bøye sine tøygde skal tøye tøyelege ledd. Handa tilbake.
skal vrikke vrikka
fram vrikkar
Fotens ledd, kneet, olbogen
ledd i kropp skal
og nakken skal baner strekte
sit sitte alle nervar sat
samla i
omløp for kvar dokke sin
skilde
plastkropp; identitet.
«Vi veit at vi er fleire. Vi veit at vi er
førte inn i skapinga utifrå framtidige materiale, slett ikkje heilt tilhøyrande.»
15
Vi er alle
av same plast
det betyr ikkje at all plast
blei skapt blir skapt og er blitt skapt ved eitt og same dette eine
tilfellet tømde i ein
stor heit smelta masse massar
blei tømde blir tømde i støypte former. Former forma etter kroppar der vi Nei
kjølna og stivnar sidan kakka
plast er molekyl var
settast saman i eit jamt
som blir sette blei sette kontinuum tid
skal
vi blir skapte
blei skapte skal har blitt skapte skapar alt ettersom
16
ut.
Det finst fanst ifølgje segna har bevist slektskapet vårt har sådd mange sår
om gammal avhandling med paddeldokkene
og dette
splid. Phainops har prøvd
smugle
unna «Paddeldokkas traktat» meir enn ein gong men Tomas har oversikt
over kvar Kodeks’ plassering ei
rekkefølgje
legg lagt plasserer dei i
gonger prøvd nokon henta så rasande over
igjen og mange
forklare for oss andre. Men sidan lagt legg
særskild
tilbake ei
kvar gong bok
vi plasserte plasserer hadde plassert skal
plassere den feil
17
Eg trudde ikkje
kunne vere så
enkelt enkel enkle
årsaka. At somme ikkje i stand til å tenke seg tenker tenkte seg skal
hadde tanken blitt tenkt tenkande
enkle forkasta tanken at vi vere skapte flate organisk material
forma i form
dokker skulle bli skapte skapte av
som tre. Drog
vanleg ansiktsmusklane
nedover, oppover til sidene hardare stadig meir desperat prøvde skilje
leppene. Til
slutt svaret mitt: «Plast er
også organisk materiale opphavleg.»
18