Risp i berget

Page 1


Risp i berget ferdig_A 14.01.15 15:12 Side 1

1


Risp i berget ferdig_A 14.01.15 15:12 Side 3

Øystein Orten

RISP I BERGET Noveller

Samlaget Oslo 


Risp i berget ferdig_A 14.01.15 15:12 Side 172


Risp i berget ferdig_A 14.01.15 15:12 Side 5

Out there are days: tomorrows whose weights are beyond lifting Christine de Luca


Risp i berget ferdig_A 14.01.15 15:12 Side 6


Risp i berget ferdig_A 14.01.15 15:12 Side 7

Skriket # Det var tidleg morgon og framleis mørkt då vi rodde langs iskanten. Blå og kald var han. Vi pusta frost. Nokre stjerner hang over oss og lyste på barnet som låg under fellen i framskuten. Og det var ikkje snø og ikkje regn. Berre vinden frå havet kviskra namna våre. Frå sundet såg vi at fjorden skaut seg langt inn mellom breane. Dei små bylgjene byssa barnet i søvn. Men dei andre båtane var borte. Då sola strekte seg over dei kvite fjella, høyrde vi eit skrik. To fuglar flaug rett over oss. Vi fylgde etter. Slik fann vi den grøne vika der elva renn ut.


Risp i berget ferdig_A 14.01.15 15:12 Side 8

Skriket # Enno ingen morgon. Men mørkt som natta. Eg syng for barnet vårt. Stryk det over ryggen. Gir det brystet. Sullar. Lallar. Den same regla om og om igjen. Bårene slår inn i båten. Føtene mine blir våte. Endeleg lysnar det. Eg snur meg. Ingen å sjå. Men vi ror vidare langs det grå landet. Kva ligg bortanfor. Det er ein fjord så lang. Han buktar seg innover. Som ein orm. Det stilnar. Berre måsane over oss. Dei flyg sørover. Far hadde sagt: – Reis mot nord! Men ver redde!


Risp i berget ferdig_A 14.01.15 15:12 Side 9

ďœš


Risp i berget ferdig_A 14.01.15 15:12 Side 10

Løysingen  Han bur under ein stein i fjellet. Berre himmelen er over han. Ingen har betre utsikt mot havet. Breiare blikk over fjorden eig ingen. Her er så fullt av underlege syner. Det forvirrar både auge og sinn. Klatrar han lenger opp på denne steinen, og sit skrevs over dei kvassaste taggane, kan han sjå så langt nord at øyane blir borte i vinden. Denne kvite steinen er heimen hans. Frå fjorden liknar han ei øks. Han søv under denne øksa. Garden ser så liten ut herifrå. Løene. Stallane. Hallen. Hovet. Dei er som små prikkar. Berre sjeldan skimtar han folk. Røysa med gudebileta og trekuken er ikkje råd å sjå. Lunden dekkjer henne. Og stranda liknar ein avbiten nagl. Bylgjene som slår og slår. Han høyrer dei knappast om natta. Når han ligg med skinnfellen over seg og ventar på at sola skal stige opp over fjella i aust. Nokre dagar går han henne til møtes. Heilt til han ser heile randa av tindar. Og Kloven. Han har alltid synst at Kloven liknar ei tann i ein stor munn. – Kom, seier munnen. – Bli med meg. Når sola kjem og tørkar råmen frå graset. Då er her godt å vere. Då eig han i alt som er vent og varmt. Det er som om han flyttar til ein annan stad. – Til sommaren, seier han. – Lyst nesten heile døgnet. 


Risp i berget ferdig_A 14.01.15 15:12 Side 11

Men blåsten er hardare enn sola. Og blå himmel tyder oftast vind. Då legg han seg bak steinen ei lita stund. Ser mot hornet. Granskar skuringsstripene i berget. Isbreen sine kalde fingrar bortetter. Lik klor i eit andlet. Det er tida. Ho trøystar han. Ho lover at myra skal tørke. Då blir ho lettare å pløye. Då blir det lettare å grave veiter. Men plikta gjeld heile året. Natt som dag. Det er havet som er plikta hans. Fjorden. Det breie sundet. Han er augene til Gorm. Og øyrene. Om fisk kjem sigande. Om farar trugar. Då er det han det står på. – Sjå etter fugleflokkar, seier Gorm. – Og sjå etter kvalen. Han jagar sildestimane. Kvalen er godt nytt. – Vift med flagget. Men om han ser menneske, lyt han blåse i hornet. Menneske tyder fiendar. – Sjå etter segl og baugar som bryt bårene. – Og sjå etter røyk. Kjem der fleire enn fem båtar, skal han tenne veten. Då skal han springe opp Gjelet og setje eld der kong Håkon har bestemt. Men om det er fredens folk, skal han ikkje gjere noko. Då skal han halde seg i ro. Og om der er kvite segl. Ikkje vifte. Ikkje blåse. Tenner han veten då, kappar Gorm armen. Det har han sagt. Han vil ikkje mukke. Wodan råder.  Stova er lita. Men stor nok for han. Som eit spinkelt trastereir. Han lyt krype inn døra. Eine veggen er sterk som berget. Det er steinen. Den andre er veik som spindelvev. Berre noko sarv. Kvistar. Jolar. Gras. Taket er tekt 


Risp i berget ferdig_A 14.01.15 15:12 Side 12

med litt tjukkare greiner. Ei gamal mast. Nokre båtbord. Ein morkna rå til møneås. Taket bøyer seg under snøen. Han lyt ha eit nytt før vinteren kjem. Han treng kraftigare sperrer. Han tettar veggane med leire og møkk. Men mest av alt er det mose. Det er det einaste her er nok av. Og golvet. Han vil ikkje snakke om golvet. Nokre einer. Det er alt. Så ujamt at det nesten svimlar. Når han vaknar, tenkjer han at han siglar på havet. Heile stova er bygd opp rundt grua. Dei flataste steinane har han funne i fjøra. Det var tungt å bere dei opp. Men kva skal han brenne. Ikkje har han torv. Ikkje har han skikkeleg ved. Raudeine. Noko plank han fann drivande i fjøra. Saueparlar som han tørkar. Oksekamar som han tørkar. Han ulmar lenge. Men det blir så mykje røyk. Og lukta. Det er lukta som gjer at han knapt pustar. Dyra søv i andre enden av stova. Ei geit. To sauer. Det er ikkje nok. Slaktar han den eine, har han berre ein att. Geita gir han litt mjølk. Sauene gir han noko ull. Han slår graset som veks på dei hamrane som skyt ut heilt opp under hornet. Men det er tungt arbeid. Klatring. Bering. Han skulle ynskje at han hadde ein son. Nokon som kunne gå han til hendes. Frå stova går det eitt trakk oppover. Mot Gjelet. Og to trakk nedetter. Det eine mot garden til Gorm. Det andre mot sjøen. Begge nordover. Han lyt hoppe over dei våte stadene. Snart skal han steinsetje dei. Gorm er den rikaste mannen på Søre luten. Han er hovding frå rot til topp. Rynkene i panna hans er som støypte i jarn. Om dagane rir han rundt og ser til at 


Risp i berget ferdig_A 14.01.15 15:12 Side 13

trælane gjer arbeidet. At dei bryt jorda. At dei gjeter grisane. At dei klipper sauene. Stundom i berr overkropp. Stundom i full rustning. Gorm eig eit sverd som er mesta like langt som han sjølv. Berre sjeldan seier han noko. Gorm er gift med Un den vakre. Ho er rak og stolt med breie bryst under selekjolen. Men Un vil ikkje gi han søner same kor mange sølvsmykke han hengjer rundt halsen hennar. Berre døtrer. Seks døtrer. Men det er ikkje nok. Så ein gut i fostring. Runi. Av høg ætt. Breiaksla og lyshærd. Med gullrender i skjortelinningane. Han fylgjer Gorm. Er saman med han i eitt og alt. Ein gild kar. Men det er ikkje nok. Nesten ingen har høyrt Un seie noko. Ho treng heller ikkje å opne munnen. Men det raslar i nøkkelknippet hennar. Og om ho berre viser seg i dørgluggane, veit trælkvinnene kva ho vil. Dei vaskar kleda i elva der borna badar. Dei hentar vatnet frå brønnen. Dei mel kornet på store steinar og sopar det saman med ein måseveng. Dei snakkar lågt til einannan på eit språk ingen forstår. Han kan ikkje høyre dei oppe ved steinen. Han berre anar. Arbeidet deira. Uroa. Og lengten. Så han putlar med sitt. I åkeren hans veks det rabber og neper. Ei rast med kvar. Han har tenkt å rydde ei ny med arden. Om han berre kunne få plante kornet. Men då treng han frø. Byggmjølet gir beste brødet. I dynga bak steinen ligg restane av gamle måltid. Hønsevengar. Fiskespordar. Griselabbar. Bein som han har gnage reine for brusk. Bein som han har soge mer


Risp i berget ferdig_A 14.01.15 15:12 Side 14

gen ut av. Han har ofte grunda på om han nokon gong skal bli mett. Men han drit ikkje her. Han har respekt for dei liv som har berga han. Ingen skal sjå at han et. Ingen skal sjå at han drit. Dette har han lovd seg sjølv. Ingen. Aldri. Inne i stova heng ljåen og arden. Trælen sine reiskapar. Han har teke dei med. Saman med kammen som han vedda til seg. Ingen sverd. Ikkje enno. Sjølv om han har snakka med smeden. – Du får vente til ølet, seier Gorm. Men han har bogen. Han er laga av rogn. Ho gir beste spensten. Strengen er av grisebust. Stundom ser han mot skogen og tenkjer. Enn om han hadde ulvetarmen. Han har høyrt at innvolane til ulven skal vere dei beste. Men dei gamle trælkvinnene seier at det er evigheiter sidan skrubben var her.  Så om kvelden. Desse lydane i skogen. Han fører rekneskap med kvar haren hoppar, og når trasten syng. Ørna ligg på ei helle i urda. Ho et røyskattane i lia. Ein gong kom her ein bjørn. Han snusa på dynga. Han strauk eine labben mot leveggen, som om han ville prøve styrken. Han såg ikkje bjørnen. Kunne berre kjenne pusten hans. – Drep du hjorten, skal du få skinnet, seier Gorm. – Men gi skrotten til meg. Ja, kor dunkelt blir ikkje alt under slike høge tre. Her er så mørkt at fredlause kan gøyme seg her. – Pass deg for rømlingane. – For skoggangarane, seier Gorm. – Dei har ingenting å tape. – Dei kan drepe for ein rabbebit. Og om natta. Kvar tredje time lyt han granske sun


Risp i berget ferdig_A 14.01.15 15:12 Side 15

det. Han kan høyre siklene i berget. Dei dryp som tårer. Så kulden tærer han ikkje heilt ned. Ugla skrik som ein katt. Kor stille kunne her ikkje vere i dalen når vinden kom frå aust. Berre dette suset. Dette småsnakket. Denne nynninga. Ord som ikkje er ord. Dalande. Stigande. Igjen og igjen. – Kven syng, tenkjer han. – Er det Wodan og daudingfylgjet hans. Er det volvene. Ingen kan høyre hjorten når han et knoppane frå treet. Men stundom anar han skuggar. Stundom lys. Månen er ein blå ven. Han speglar seg i fjorden. Fjella i aust er kjeven på ein stor munn. Kloven er ei knekt hjørnetann. Wodan råder.  Sjølv om han er fri, er han framleis Gorm sin mann. Merket i det høgre øyret viser det. Det er det same som sauen har. Ein V. Og svimerket på skuldra. Ein G. Ingen skal vere i tvil om kven som eig han. Slikt varer livet ut. Han har framleis visse plikter. Han er ikkje heilt laus. Han lyt passe på at geitene ikkje rotar seg for langt opp i fjellsidene. Og han lyt hjelpe smeden når han sender bod etter han. Blåse med belgen. Halde jarnet med tengene. Kanskje skal det blir eit nytt sverd. Kanskje ein ny plog. Spydpikar har han gjort mange av. Og pilspissar. Tønneband. Beslag til kister og skjold. Naglar til langskipet. Boltar til dørene. Varmt er det i smia. Det blir mange sveitte timar. Ein gong smidde smeden ein dolk til han. – Til auren, sa han. – Til laksen. Men han får ikkje fiske i elva, som krunglar seg blågrå nedetter dalen som årene på ein arm. Gorm har sagt at han heller 


Risp i berget ferdig_A 14.01.15 15:12 Side 16

ikkje får fange ålen. Han får slettes ikkje ete muslingane. Han får ikkje skjere torv. Og han får ikkje hogge i skogen. Det er gamal skog. Skogen er heilag. – Wodan råder der, seier Gorm. – Du får vente til frelsesølet. Då er du fri. – Då er lappen din, seier Gorm. – Hald deg i nærleiken av meg. Og pass Sundet, seier han. – Om du ser båtar, så blås i bukkehornet. – Om der er fleire enn fem, tenn veten. Gorm har lært han å telje. – Førti er nok, seier han. – Vi har ikkje meir enn førti av noko slag. Heller ikkje trælar. Dei er blitt færre no. For det er ikkje noka lønsemd i å fare i viking lenger. Folket i vest har bygd borger av stein. Men ein og annan jordknølen går her enno. Desse som bur langs stranda. I einehytter og hellarar. Desse som et det dei finn rett frå molda. Desse som gjer frå seg på Dritskjeret. Svartkjeftar er dei alle. Bleikfjesingar. Vanskapningar. Dei matar grisane. Inne ved langskipnaustet. Oppe på Gjerdet. Dei gjeter kyrne i fjellsidene. Dei lempar stein til vòren. Tungt er det. Stein bryt kroppen ned. Til slutt er der ingen krefter meir. – Du kan no selje dei. Det er Un. Ikkje ofte seier ho noko. Men stundom skjenker ho i staupet til han som sit i høgsetet. – Det løner seg ikkje å reise heilt til kaupangen berre for å selje eit par trælar, svarer Gorm dystert. – Vi får ikkje eingong eit fiskesnøre for kvar av dei. Eg vil ikkje gjere meg til latter meir. Nokre av trælane er utslitne. Som Halte. Han er ein ven og ei støtte. Å, kor han har slite. Nevane hans er grove og sprokne. Dei luktar mold. Dei luktar våt oske. Dei luktar fiskeslo. Han innbiller seg at ein far skal vere 


Risp i berget ferdig_A 14.01.15 15:12 Side 17

slik som Halte er. Mild. Roleg. Lyttande til historier. Stundom skulle ein tru at det er sjølve namnet som svekkjer trælen si kraft. Gorm har prøvd å selje han. Men på marknaden er det ingen som vil ha slike skakke krokar. Dei varer ikkje lenge. Fyrst døydde Vim. Han med dei store, stirande augene. Ingen snakka om det. Og sidan Birr. Den vanskelege. Han som stilte spørsmål. Ingen tala om det heller, men alle visste at han no låg ved sida av Vim der borte i myra. Så vart Traske sjuk. – Viss du ikkje arbeider, skal du ikkje ete, sa Gorm. Og et du ikkje, vil du snart døy. Det veit alle. Så no er det snart berre Krum, drittømmaren, og Veitbest, den nye. Å, kor irriterande er ikkje denne karen. Gorm har kjøpt han billeg, for han manglar to fingrar. Kjeften hans kviler aldri. Orda kjem utan stans. Men arbeide kan han ikkje. Og gode Hild. Stallkona. Den gamle. Ho spakna liksom bort. Styrken i hendene hennar visna. Noko skikkeleg ilt hadde teke bustad i henne. Ein slags eiter som aldri gav henne kvile. Kanskje var det kulden som hadde bite seg fast etter all klesvasken i elva. Og ho vart ikkje betre. Ho gret og ropte gjennom nettene som om det var den vonde sjølv som rei henne. Ein dag kom Gorm opp til steinen og bad han om å ta hand om Hild. – Bli kvitt kvinnfolket. Det er ikkje bruk for henne lenger. – Men vent med å slå henne i hel. Vi må ikkje uroe gudane på veksande måne. Etter to veker trilla han kreket bort frå tunet i ei torvbåre, slik at ikkje borna skulle sjå. Hild ansa han ikkje. Føtene hang liv


Risp i berget ferdig_A 14.01.15 15:12 Side 18

lause etter henne. Augene hennar var smale. Dei viste berre det kvite. Litt skum stod i munnvikane hennar. Vel borte ved myrhaugane treiv han i hakka. Bestemte seg for å bruke berre eitt slag. La heile sinnet i dette. Sinnet mot Gorm. Sinnet mot seg sjølv og si eiga pine. Så grov han henne ned i trældungen. Halte døydde under treskinga. Den gamle greidde vel ikkje å svinge den tunge tusten. Han skulle ha ynskt at det var Gorm som låg der med open munn i graset. Til føde for hund og kråke og maur. Denne tanken var ein draum. Ei trøyst. Hunden. Kråka. Mauren. Smeden hjelpte han med å dra Halte inn i myra. Og snart låg både Krum og Veitbest der. Ingen av dei var verde meir enn nokre saueparlar frå i fjor. Han sa til seg sjølv: – Betre å drukne på havet enn å liggje i denne dungen. Han hugsar godt korleis det var då Gorm hadde henta han. Oppe ved breane, der han var fødd. Hendene som ville halde han. Sverda over strupane. Blodsprutane. Han var berre barnet. Slik kom han hit. Han har inga slekt her. Inga ætt. Om nokon spør han kvar han kjem frå, seier han berre: – Frå nord. – Eg kjem nordafrå. Men det er så lenge sidan. Mor. Far. Han hugsar dei ikkje. Bror. Syster. Ingen andlet ser han om natta. Men han hugsar at nokon la han under eit tre. Og han minnest greinene på dette treet. Korleis lauvet risla i vinden. Som ein kviskrande song. Kanskje var dette fyrste gongen augene hans såg dagen. Kanskje var dette fyrste gongen øyrene hans høyrde fuglane frå havet. 


Risp i berget ferdig_A 14.01.15 15:12 Side 19

Så gjekk det femten vintrar. Han levde mellom grisane oppe på Gjerdet. Skulle gi dei mat. Skulle vøle innhegningane. Binde strongane saman med nye vidjer. Han åt og sov i bingen. Dyra gav han varmen. Føtene hans vart tjukke å gå på. Fulle av griselort oppetter leggane. Men Gorm har også andre i brødet. Oppsynsfolk. Hestekarar. Høvedsmenn på havet. Dei søv i hallen. På benkane. Under skjolda, som heng på treknaggar bortetter veggen. Og bogane. Dei liknar halvmånar. Når dei ikkje smir våpna og vøler båtane og styrer med hestane, tek dei ryggtak og ropar etter bakstekonene eller trælkvinnene. Vevkjerringane. Ullkardarane. Spøtarane. Det står aldri på sengevarmen for krigarane til Gorm. Om nokon mukkar, skjer Gorm øyret av. Om nokon stel. Ei pølse. Ein ost. Då kappar han nasen. Kanskje slår Gorm stakkarane i hel. Aldri om han ikkje held det han lover. Å misse ære er ille. Men å bli gjort narr av er det verste. Stundom får Gorm hestekarane til å binde småtjuvar til steinane i fjøra. Så set han seg på ei lyngtue og ventar på at floda kjem. Men han ler ikkje. Ingen har sett Gorm le. Berre ein gong har han vore inne i hallen. Han skulle spørje Gorm om å få låne færingen før det mørkna. I enden skimta han høgsetet. Stolpane med gudenaglar. Han miste mesta pusten. Ti slag med staven fekk han for dette synet. I slike stunder lyt han bite harmen i seg. Hemn er berre vegen til ein raskare død. Gorm tok slekta frå han. Kanskje er ho tjue dagsreiser unna. Kanskje er ho 


Risp i berget ferdig_A 14.01.15 15:12 Side 20

berre tre. Med god bør. Han tenkjer ofte på dette. Kvar folket hans er. Men ingen kan hjelpe han. Berre den blå vinden. Som kjem med steikjeosen frå Gorm sine hjortegryter. Og så alt dette rundt. Øyar i havet. Øyar på himmelen. Kald vind er alt han har.  Men hadde det ikkje vore for Ellisif, hadde han sove mellom grisane enno. Den minste tausa til Gorm. Den sjette og siste dottera hans. Hjartebarnet. Gullhåret. Det var ikkje den nye guden Kvit som hadde berga henne. Det var han som drog henne i land då ho heldt på å drukne i elva. Ellisif leika seg med hunden. – Balder! – Balder min! Så glei ho på ein stein. Han høyrde ropa heilt opp til bingen på Gjerdet og sprang til. Ned bakkane. Innover myrane. Langs bardane. Han snubla og datt. Stupte uti. Kava. Baska. Gulpa vatn. Gulpa blod. Men redda henne. Berga henne. Det var han som fekk Ellisif på land. Ikkje Kvit. Slik vart han løyst. For dette livet ville Gorm gi han hylla. Og den vesle myrlappen. Og den kvite steinen. Steinen kunne vere god å ha å sikte etter. – Du lyt halde han rein for mose, sa Gorm. – Skrap han av. Skur han rein med småstein og sand. – Og du lyt passe Sundet. Så Ellisif frelste han. Og Ellisif skulle ein gong løyse han. Sjølv ikkje Gorm trong noka større bot enn eit liv.  Våren kjem. Det blir lettare å stå opp om natta og granske fjorden. Han kjenner bylgjene sin song. Seks 


Risp i berget ferdig_A 14.01.15 15:12 Side 21

timar fjøre. Seks timar flod. Han kan kjenne at havet stig og søkk, inne i sin eigen kropp. Han ser båtane på Vika og smiler veikt. Så trygge. Så verna. Kvar og ein som barnet i mors mage. Men så ein dag. Langskip i sundet. Han kryp inn døra og hentar fram luren. Han pressar bukkehornet mot munnen, men ventar med å blåse. Der er berre fire båtar. Og segla er grå som vengane på ungmåsen. Det er Gorm som har vore på rov igjen. Han har vore lenge borte. Og toktet har ikkje berre gitt sølvspenner. Han har med seg nye trælar. Dei kjem frå ei av øyane vest i havet. Tjuesju stykke. Femten kvinner. Dei snakkar ikkje hans språk. Berre nokre få ord forstår han. Gorm handsamar dei ikkje dårleg. Dei får liggje i løene til mennene har snikra ferdig ei stove til dei. Dei får ete skrellet frå rabbene. Dei får suge beina tomme for merg og ete frå brødbitane på golvet. Dei får jamvel smake ølet. Mennene spar torv. Mennene grev grøfter. Ein kar utan hår prøver å kløyve ein stubbe med kilar. Ein annan heiter Brad og har så godt lag med dyra. Ei kvinne utan nase samlar tørre kvistar i ei korg. Ho skal også vere flink til å lage krukker. Ja, her i dalen er det saktens leire nok. Ei anna hentar vatn. Håret hennar er klistra ned åt skallen. Det må vere sveitte eller feitt frå ister. Og tre gutar, den eine med seks fingrar, blir feita opp på søtbrød og flesk. Dei skal seljast på marknaden til våren. Han har sett ei fager jente. Ho heiter Gwen. Kan ikkje vere meir enn sytten somrar. Kanskje atten. Så fine hofter. Så stolt ein rygg. Så tjukt eit hår. Om natta 


Risp i berget ferdig_A 14.01.15 15:12 Side 22

drøymer han om Gwen. Han kunne ha tenkt seg ei kone. Han spør Gorm, men han seier: – Etter ølet. Han ser det etter nokre veker. Gorm likar Gwen. Ho slepp å karde ulla. Ho slepp å hente vatnet. Ho får betre mat. Ho får torskehaudet kokt og nøgda av salt til hjartet på sauen. – Gwen, seier Gorm med eit mildt drag i stemma. – Kom hit, Gwen.  Så. Tidleg ein morgon. Båtane. Segla. Det er fyrst fem. Så sju. Så tolv. Blå segl. Grøne segl. Han spring av ville pina. Dribbar. Fell. Blæs i luren. Blæs i luren. Han ser at Gorm samlar mennene sine på tunet. Hestar blir sala. Våpen tekne ut. Sverd. Skjold. Bogar. Men det er ingen fare. Det er Håkon. Son av Harald. Son av Athalstein. Sjølvaste. Sjølvaste. Han undrar seg over at det går an å vere son av to kongar. Gorm tek imot han. Gorm vassar ut og tek imot han. Dei står der med fjorden til haka, både Gorm og denne fostersonen, Runi. Nokon kjem med stolen. Så ber dei kongen i land. Han har med seg skjegglause menn med kvite serkar. Dei får vade inn sjølve. Håkon får sitje i høgsetet saman med Gorm og Gwen. Un seier ingenting. Un står i kroken og ser ein annan stad. Ho leikar seg med smykket i halsgropa. Det er av rav frå Austersjøens kvite strender. Og brosja skin. Nokon seier ho er kjøpt for tre hundre reinskinn i Miklagard. Han har høyrt det før. Håkon er god. Men det er ikkje bror hans. Og brorsønene er endå verre. Dei bruker svarte segl. Håkon seier at Gorm skal tenne veten 


Risp i berget ferdig_A 14.01.15 15:12 Side 23

om han ser svarte segl. – Sjølv om du berre ser eitt skip. Tenn veten. Håkon vil fortelje om Kvit. Men Gorm seier at Håkon har fortalt om denne guden før. Slavane frå vest har høyrt om han. – Kvit frelser, seier dei. – Kvit ber oss over til den andre sida. Sjølv om der er djupt. Det heile er så underleg. Kvit er eigentleg tre gudar. Men han er sjølv berre den eine. Ein lyt forstå det den som kan. Gorm sit stille ved sida av kongen. Han lèt drosene by han maten og mjøden og sidan vinen. Til slutt seier han at han gjerne skulle ha sett hovudet til denne Kvit. Men det finst ikkje. Berre ein kross. Og ikkje kunne han gjere han rik på gods og gull. Og ikkje kunne han gi lovnader om gode fangstar. Kvit ville berre gjere trælane frie. Neste dag bryt Håkon opp med alle folka sine. Han seier til Gorm: – Du må byggje ei vardehytte der oppe ved veten. Med fire gluggar. Slik at ein kan sjå heile havet og heile himmelen. Så reiser krigarane og kvitserkane utan skjegg. Runi den lyshærde og med gullrendene i skjorta fylgjer kongen ned til vòren. Heile bygda snakkar om Kvit. Men Gorm forbyr dei å be til han. Blotnektarar har han lite tru på. – Denne guden eignar seg ikkje for oss. Vi bønder på Søre Luten kan like Håkon, men ikkje dette tullet med guden Kvit. Og ein og annan byrjar å riste på hovudet. Tenk å ofre seg sjølv på denne måten. Opphengd i eit tre. Med ei krone av stikkande klunger. Nesten som Wodan. Men Wodan hengde seg for visdomen. Kvit ville ikkje eingong døy for å berge seg sjølv. Kor ussel kunne ikkje 


Risp i berget ferdig_A 14.01.15 15:12 Side 24

nokon gjere seg. – Elles er han vel som gudar flest, seier Gorm.  Vinter. Han søv som ormen i bolet. Krøllar seg. Buktar seg. Pratar i halvsøvnen. Små glimt frå ein dunkel barndom krydrar draumane hans. Han høyrer stemmer. Nokre menn. Men helst kvinner. Stundom eit barn som græt. Han drøymer om Un. Han drøymer om Gwen. Og så treet. Vinden. Raslinga av lauv. Han drøymer om ølet. Fridomsølet. Då skal han be Gorm om å få kjøpe Gwen. Men vinteren er kald. Han lever i skuggen av hornet. Sola manglar. Sola har reist bort. Det er tanken på ølet som held han varm. Og dyra. Geita. Sauene. Dei held han vaken. Dei trakkar i båsen. Dei nappar lauv frå trea. Dei et seljekvistar. Han gir dei vatn frå sikla. Det renn sjølv om her er snø. Ein dag krøkjer han seg opp i berget og ritar ei sol. Og han rispar teikn han har sett på steinar i hovet. Han bruker flintkniven. Men svakt blir det. Mesta usynleg. Som katteklor. Vinden snur. Linnvêret avløyser frosten. Om det regnar utan stans i tre dagar, og elva blir stor, og det blir kulde igjen, då kan Vika fryse att, og ein kan gå på henne. Ei natt drøymde han at han kunne springe over fjorden og rømme frå alt dette. Nordover. Heimover. Men det blir berre Vika som frys. Det ergrar han at vêret skiftar heile tida. Snart snø. Snart regn. Greinene på taket bøyer seg. Det blæs inn. Det dryp inn. Han treng nye sperrer. Han svelt. Han tyrstar. Ei natt smyg han seg ned i fjøsen til Gorm og 


Risp i berget ferdig_A 14.01.15 15:12 Side 25

syg mjølk frå to kyr. Han stel ein famn med gras frå ei utløe og blandar det i grauten. Vassgrauten. Han er lei av trælematen, sjølv om han blir mett. Men ikkje kul om han skal gjere det igjen. – Eg et heller blada og greinene. Han forbannar gudane. – Til våren skal eg pare geita. Eg skal kle meg i ulltrøya og hjortehudkappa. Så skal eg gi røyskattskinnet til Gwen. Til slutt skal eg spørje Gorm om han vil låne meg ein bukk. Men vinteren varer så lenge. Han frys så inn i hampen. Han oppsøkjer ei trælkvinne som heiter Snø. Ho lèt han suge eit bryst. Men det er ikkje nok. Han kjenner seg som eit tre med mange årringar. Snart er han eldre enn han greier å telje. Stemmer i skogen. Lydar. Vengar. Labbar. Føter. Snart veit han ikkje kvar råsene fører dei. Ein dag rir ein brunserk med kross på magen forbi. Han har væpna fylgje. Tre karar i full rustning. Kvar kjem dei frå. Blotnektarane. Trælfrelsarane. Det er som eit varsel.  Midtvinter. Ylir. Alt handlar om å overvinne mørket, kulden, telen. Det er solsnu. Jól. Gorm snakkar om dei som skal kome til gildet. Gòden. Gydja. Frøykvinnene. Men Gorm snakkar endå meir om dei som ikkje skal kome. Håkon. Kvitserkane. Krossmennene. – Send dei til Hel, ropar Gorm. – Lat ho kysse dei med daudingtrynet sitt. Så i sundet. Ein svær båt med kvitt segl. Svart hammar. Det er gòden. Han kjem frå Gøyna. Kappa er raud. Skjegget grått. Nokon blir sette til å blankskure offersteinen. Hovet skal fargast raudt. Dra


Risp i berget ferdig_A 14.01.15 15:12 Side 26

kehovuda skal skine frå kvart eit møne på garden. Og øltønnene. Også dei skal fargast raude. Gorm treng eit godt år. Han treng gutar. Han seier: – Eg vil sjå blod. To trælar blir plukka ut til å drepe. Fyrst ein hane. Så ein hund. Så ein grisunge. Sidan slaktar dei ein hest. Det er hingsten Grå. Trælane ler. Alt går som ein leik. Men det er gòden som skjer over halsen på han. Kvinnene tek vare på blodet. Det blir tappa i kar. Dei er kledde i linskjorter med skulderspenner som blenkjer farleg i lyset frå faklane. Flammane kveikjer i lystene. Kvinnene tek vare på hestekuken som ein heilagdom. Dei løyner han i blad frå hassel og ask. Eit digert bål blir tent ved hovet. Det skal vare lenge. Uryddige flokkar av trælar står i utkanten av ringen. Strandknølane. Holebuarane. Dei vaksne i nærleiken av Gorm. Borna som skuggar attanfor. Svartkjeftane. Om kvelden sender dei rundt mjøden. Det er fest. Gildet viskar ut skiljet mellom træl og fri mann. Snart sit alle rundt Frøy. Drikk frå bollen. Han blir aldri tom. Så ropar krigarane etter trælkvinnene. Dei ler. Dei skrallar. Medan gydja stenkar pikken med blodet frå Grå med ein harelabb. Ho smør trekuken i lunden med feittet frå grisen. Ho heller mjølk frå kua over brysta til kvinnene. Gydja syng. Ho skvettar med blodkvisten. Dei fleste får offerblod i andletet. Søvn og trolldom skal gjere alle friske. Gòden lallar. Tregudane i urda er raude. Kuken er raud. Dei skålar for Frøy, mørk av kåtskap og alder, med kuken stiv og bein som på ein oppegsa hingst. For Njård. For vinden. For regnet. For toreguden. Ingen skålar for Brage. Ingen skålar for 


Risp i berget ferdig_A 14.01.15 15:12 Side 27

guden Kvit. Dei sit i ein ring. Gorm i høgsetet. Alle smaker på ølet. På vinen. Dei skålar for digre kukar. Dei skålar for kvinnebryst fulle av mjølk. Dei skålar for sæden. For gror. For søner. Gòden sit urørleg. Han lallar ikkje lenger. Hovudet hans hallar litt til sides, som om han tenkjer. Endeleg blir fem kvinner leidde ut på tunet. Under kappene er dei skrubb nakne. Det blenkjer i ringar og perlesmykke. Fire av dei er unge. Ei av dei er gamal og feit. Dei verkar glade og øsne alle saman. Oppskjenkte på den sterkaste vin. Ei av dei skal ta imot sæden frå ein mann. Og frå stranda kjem brått ein ukjend kar ridande på ein svart hest. Det smell i jorda frå hovane. Mannen ropar. Brøler. Svingar med sverdet før han hoppar av. Ei av kvinnene har kasta kappa og bøyer seg over Frøy. Det er den gamle og feite. Augene hennar er måla heilt svarte med kol. Ho byrjar å krype baklengs mot trekuken. Då ho snur seg og klyp om han med dei lubne fingrane sine, skrik folket som om dei vil sjå meir blod. Så spenner ho rumpa i vêret, slik at mannen frå stranda kan kome inn i henne. Det er visst ingenting i vegen med denne karen. Han stikk pikken i henne bakanfrå, som bukken på ei geit. Sidan framanfrå, som plogen i åkeren. I lyset frå bålet skodar Gorm mot steinen. Han skodar mot veten. No har han gjort alt som står i hans makt. No er det opp til gudane sine nykke. Neste morgon. To trælar heng hovudlause i trea. Dinglar i lundegreinene etter kvar sin fot. Hesteslaktarane. Dei flirer ikkje lenger. 


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.