Rapport frå finansdepartementet

Page 1


Rapport fr책 Finansdepartementt ferdig_a 24.01.14 13.12 Side 1


Rapport frå Finansdepartementt ferdig_a 24.01.14 13.12 Side 3

Morten Søberg

Rapport frå Finansdepartementet Ei statssekretærreise

Samlaget Oslo


Dødeboka ferdig_a 20.01.14 15.45 Side 6


Rapport frĂĽ Finansdepartementt ferdig_a 24.01.14 13.12 Side 5

Til Sigbjørn Johnsen og Per Olaf Lundteigen, arbeidskameratar. Og til Ola Borten Moe, reisefelage.


Rapport fr책 Finansdepartementt ferdig_a 24.01.14 13.12 Side 6


Rapport frå Finansdepartementt ferdig_a 24.01.14 13.12 Side 7

Innhald Innleiing 9 London: sentrum 13 Noko om Alexander Hamilton 23 Noregs Bank. Grunnlovsvariasjonar 35 Banklogikk (til minne om MB «Irma») 45 Ålmennyttige bankar 57 Riksrett 1926/1927: zoom inn, zoom ut 69 [Svalbard-pengar] 83 Longyearbyen: periferi 91 Sluttrapport om statssekretærar og embetsmenn 99


Rapport fr책 Finansdepartementt ferdig_a 24.01.14 13.12 Side 8


Rapport frå Finansdepartementt ferdig_a 24.01.14 13.12 Side 9

Innleiing Frå Kapitol via valnederlag til Det tarpeiiske stupet 17.12.2010: Midt på dagen vart eg utnemnd av Kongen i statsråd til statssekretær for finansministeren. Klokka tre om ettermiddagen møtte eg Sigbjørn Johnsen på statsrådens møterom i Finansdepartementet. Eg hadde ikkje helsa på han før. Eit nevetak. Ein venleg samtale. Ei ny kjensle av alvor. Og nye kvardagar. Kontor i tredje høgda med utsikt mot dei grøne lampene i Høgsterett og den grå skrifta på veggen der: «Lov Sandhed Ret». Morgonmøte kvar dag med statsråden, dei tre andre statssekretærane, politisk rådgjevar, finansråden, kommunikasjonssjefen og ein kommunikasjonsrådgjevar. Etterpå jamt skiftande arbeidsdagar. Det dei viste seg å vera: nedteljing forkledd som normalitet. 16.10.2013: Regjeringa Stoltenberg II fekk avskil i nåde med verknad frå klokka tolv. Etterpå vart kontoret til finansministeren sakte fylt opp av embetsmenn og politikarar, kamera og mikrofonar. Tett og varmt – og eg: berre snøgg kvilepuls – lenge kjendest det som om tida stod stille. Om lag nitti minutt etter utnemninga tangerte det nye og det gamle einannan då finansminister Siv Jensen fekk overlevert nykelen. I Finansdepartementet tek alt slutt, og alt held fram.


Rapport frå Finansdepartementt ferdig_a 24.01.14 13.12 Side 10

10 rapport frå finansdepartementet

Statssekretærar der lever ei nådetid i skuggen av det konstitusjonelle og parlamentariske ansvaret til finansministeren. Denne tida vert bruka på klårt avgrensa arbeidsoppgåver og ansvarsområde i departementet. Kvar av oss fire statssekretærane hadde sin eigen teig. Sjølv stelte eg ein god del med bank og finans. Smått om senn skjøna eg at eg hadde hamna i smørauga. Med kvart tenkte eg at eg var statssekretær for banksaker – i ei tid prega av bankkriser i utlandet og ny bankpolitikk i Noreg. Det ligg i dagen at det finst to slags bankar: sentralbankar og mindre sentrale bankar (i fyrste rekkje forretningsbankar og sparebankar). Sentralbankane har einerett på utferding av setlar og preging av myntar og er långjevarar i siste instans, dei kan låna eigne pengar til andre bankar i krisetider. Dei hine bankane lagar òg pengar på sitt vis. Det gjengse synet er at dei tek imot kortsiktige innskot og omformar dei til langsiktige utlån. Heterodokse menn meiner det er like sant at bankar lagar kreditt (bankpengar og kjøpekraft) ex nihilo: ut or inkje. Banken si abc er balansen. Han inneheld aktiva og passiva, høvesvis eigedomspostar på den eine sida og gjeldspostar pluss eigenkapital på den andre. Når ein norsk bank gjev eit lån på x kroner til personen/verksemda NN, vert dette lånet bokført som ein eigedomspost, eit aktivum hjå banken. Samstundes krediterer banken desse pengane på innskotskontoen til låntakaren. På balansen til banken er lånesummen då òg ei gjeld som banken har til NN, eit passivum. Alt i alt har banken auka både balansen sin og den faktiske pengemengda i Noreg med x kroner med eit pennestrok, for ikkje å seia tastetrykk. Både forretningsbankar og sparebankar er økonomiske


Rapport frå Finansdepartementt ferdig_a 24.01.14 13.12 Side 11

innleiing 11

institusjonar som avgjer kven som får lån, og langt på veg òg kva desse bankpengane skal investerast i. Såleis påverkar dei fundamentale økonomiske storleikar som formue og gjeld, handel og prisar, levestandard og sysselsetjing. Men både sentralbankane og dei andre bankane har ei nattside. Sentralbankane kan ta i miss til skade for land og folk. Og dei andre kan laga for mykje kjøpekraft for fort, ta for høg risiko og gå under for lett. Dette syner seg med ujamne mellomrom som kriser og krakk. Slike ovringar og den finanskrisa som no heimsøkjer Vesten, prega dagane mine som statssekretær i Finansdepartementet. Dette er meir tidlaust: Pengar har verde og bankane er trygge dersom ålmenta har tillit til at både pengestellet og bankstellet er fjellstøtt. Då rår finansiell stabilitet grunnen. Og det er og må vera eit grunnleggjande mål for økonomisk politikk. I kvardagen handlar slik politikk om regulering og tilsyn. Og om institusjonar og soge – lange liner. Dette har eg skrive om her. Denne boka handlar om bankar og bankpolitikk i vid tyding. Eg har òg skrive om Grunnlova og statssekretærembetet. Økonomisk og politisk historie utgjer grunnrytmen i teksten. Alt er min rapport frå Finansdepartementet – fakta og ferdaminne om kvarandre. Det grøvste skreiv eg medan eg var statssekretær, både på kontoret og på talrike reiser i inn- og utland. Noko skreiv eg for å minnast, mest skreiv eg for å læra og tenkja. Slutten er meint å peika framover: ei skisse om konstitusjonelle og parlamentariske reformer. Eg har skrive sjølv, men ikkje åleine. Eg må takka Finanstilsynet for opplysningar om MB «Irma», den fyrste båten til Bankinspeksjonen. Av Noregs Bank har eg fått vita alt som gjeld nynorske krigssetlar og Svalbard-pengar.


Rapport frå Finansdepartementt ferdig_a 24.01.14 13.12 Side 12

12 rapport frå finansdepartementet

Elles har Ole Morten Geving og Lars Fredrik M. Øksendal kommentert både vår- og haustutkast. Takk òg til Eivind Smith for nyttige samtalar, og særleg til Karl Eirik SchjøttPedersen for kunnskap om politisk kvalitet. Aller mest takksam er eg overfor familien min: Elsa, Alma, Ada og Cathrine. Og Senterpartiet. Ein gong, ei kort tid i 1959, var det offisielle namnet Norsk folkestyreparti (demokratane). Grunnleggjande sett er partiet nett det. For min del har det vore eit politisk landsgymnas. Eg har lært mykje og endra meg endå meir. Dét gjeld òg tilhøvet mitt til Finansdepartementet – den fyrste mellom jamlikar. Allereie den fyrste dagen som statssekretær vart eg spurd kva eg trong. Og eg fekk det – som plomma i egget. Nesten tre år seinare vart abonnementa på American Economic Review, Constitutional Political Economy, Dag og Tid, Financial Times, Nationen og The New Yorker kansellerte. Eg leverte tilbake American Express-kortet, datautstyret og diplomatpasset, fekk med meg e-postar og eigne notat på ei minnebrikke og kjøpte fri mobiltelefonen min for ein etter måten rimeleg penge. I totida siste dagen gjekk eg til slutt i lag med Sigbjørn, Hilde, Roger, Kjetil og Randi bortover korridoren i tredje høgda, ned trappa og over og ut. Dagen etter skreiv eg meg inn i protokollen på lesesalen til Nasjonalbiblioteket. Under rubrikken stilling la eg til forkortinga h.v. etter statssekretær, for har vore. Ein vyrkedag i november skreiv eg dette. Resten av rapporten vart slik:


Rapport frå Finansdepartementt ferdig_a 24.01.14 13.12 Side 13

London: sentrum When a man is tired of (the City of ) London, he is tired of life I embets medfør: Gardermoen–Heathrow med British Airways, tysdag kveld, januar, svart taxi under kvite gateljos inn til hotellet Intercontinental, italiensk middag og endeleg: Eg hengjer opp dressar, skjorter og slips på rommet, slappar av, ser på Newsnight på BBC og blar i ein rapport om bankunion i EU frå ein komité i House of Lords. Eller Stormannshuset, som det heiter hjå Aasmund O. Vinje i Bretland og Britarne, den norske utgåva av reiseskildringa A Norseman’s Views of Britain and the British (1863). Ny dag. Eg kjem til Lloyd’s of London i bil frå den norske ambassaden, vert slusa inn av ventande vakter, resepsjonistar og sekretærar. Lloyd’s byrja som ein forsikringsmarknad på tampen av 1600-talet, vart fyrste gongen regulert med eiga lov i 1871, og er enno eit torg der tusenvis av menneske møtest kvar vyrkedag for å spreia risiko og gardera seg mot uvisse. Nede i fyrste høgda står ei gamal klokke. Før ringde dei i henne når godt eller dårleg nytt kom til Lloyd’s om skip lasta med varer og andre verdisaker. Rett attmed: ein glasmonter med sylv etter buet til admiral Nelson. I dei øvre høgdene storfelt utsikt over City of London: ein eigen by i London, eit 2,9 kvadratkilometer stort finans midtpunkt. Threadneedle Street går framom Lloyd’s og bort til Bank of England frå 1694.


Rapport frå Finansdepartementt ferdig_a 24.01.14 13.12 Side 14

14 rapport frå finansdepartementet

Eg er på eit slags studiebesøk her. Leiinga i Lloyd’s fortel meg om nye tilsynsoppgåver for Bank of England. Snart er det sentralbanken som skal byrja føra tilsyn med Lloyd’s. Eg høyrer at det truleg vil auka kvaliteten i tilsynsarbeidet. Samtalen lettar etter kvart frå manus: kinesiske forsikringsselskap/trygdelag, politisk innblanding og risiko i USA. Eg lærer at Lloyd’s kan forsikra deg mot alt mellom himmel og jord om du har pengar nok. I Noreg har det vore strengare. Forsikringslova av 1911 galdt eksplisitt ikkje for forsikring av platinarev eller veddelaupshestar. Det er vanskeleg å forsikra seg mot bank- og finanskriser òg. Men god bankpolitikk handlar på eit vis om forsikring, om trygding, som det òg heitte før omgrepet trygd vart innsnevra til eit særområde. ••• Downing Street. Inngangen er sperra med automatvåpen og gjerde. Eg viser fram diplomatpasset med engelsk og fransk framside, får skinnveska gjennomlyst, avtale kontrollert. Vink, gjennom, vidare, heilt inn til nummer 10: statsministerbustaden og statsministerens kontor. Bakom inngangsdøra ei burliknande hylle for mobiltelefonar – og utsikt mot nye rom innetter, dører, trapper. Det aular av menneske. I eit rom i tredje høgda er det sett av ein time med sjefen for Behavioural Insights Team – «the nudge unit». Bakgrunn: Boka Nudge (2008) av Chicago-professorane Cass Sunstein og Richard Thaler hadde undertittelen Improving Decisions about Health, Wealth, and Happiness. Gult omslag med to elefantar i svart silhuett på framsida. Mora går attom ungen sin og nuggar han framover med snabelen. Ordet nudge = ‘dult, skubb, puff ’, for ikkje å seia ‘nugg’, på


Rapport frå Finansdepartementt ferdig_a 24.01.14 13.12 Side 15

london: sentrum 15

nynorsk. Varsamt i rett lei. Statsminister David Cameron las boka og fekk skipa ei særskild avdeling for å laga og spreia slike idear etter at han kom til makta i 2010. Den politiske definisjonen av nugging ≈ tiltak for å endra åtferda til folk på mildt vis – bortanfor lover og føresegner, kapittel og postar på statsbudsjettet. Og utan at dei tenkjer så mykje over det. Éin tanke: Korleis få folk til å spara meir til rainy days, ikkje minst dei som har lite å leggja til sides? I gamle dagar fekk fattige landarbeidarar korkje arbeid eller løn når det regna. Vêret og tidene skifter, men framleis har mange britar lite på kistebotnen. Eg får kopi av eit idénotat til statsministeren om dette. Ein av tankane der er at sparing for låginntektsbritar kan organiserast som eit lotteri der kvart spart pund er eit slags pengelodd. Eit anna framlegg er «rainy days»-konti med sosial kontroll av uttak slik at det vert vanskelegare å avbryta sparinga. Eg veit ikkje. Men eg veit at Vinje høyrde på ordskifte i House of Commons – Ålmenningshuset – då han var der i 1862, og såg og fekk med seg både statsminister Lord Palmerston og finansminister Gladstone. Då og no: Politikk er eit språkleg fenomen. Av og til: Politisk tale og skrift på sitt beste kan påverka tenkinga i landet – fortelja historier, skriva historie. ••• Torsdag, morgonstund i lag med ein amerikanar, fire engelskmenn og ein skotte frå Royal Bank of Scotland midt i City of London. Før finanskrisa gjorde strandhogg i 2008, var banken visstnok den største i verda med eigneluter verde 2,4 billionar pund sterling. Men han var veik og tungpusta, så å seia utan eigenkapital. Banken vart kvelt av


Rapport frå Finansdepartementt ferdig_a 24.01.14 13.12 Side 16

16 rapport frå finansdepartementet

oskeskya som breidde seg etter konkursen til røselege Lehman Brothers. No sit den britiske staten med den opphavleg private banken i fanget og eig meir enn åtti prosent av han. Kva no? Siktemålet er at ny privat eigarskap skal stiga opp or oska. Sjølv skal eg andre stader: vidare i bil frå den norske ambassaden, over elva, til hovudsetet åt Financial Times. Bladet vart skipa i 1888 som London Financial Guide og kom ut på lakserosa papir fem år seinare. Attmed avisbygningen låg teateret til William Shakespeare. Ein halvsirkel med minneplater fortel soga om The Globe frå 1599 krydra med kjende sitat frå skodespel. Mellom dei: «All the world’s a stage, / And all the men and women merely players; / They have their exits and their entrances, / And one man in his time plays many parts.» Eg òg på mitt vis, til dømes no til stades i eit av dei daglege møta til leiarskribentane i Financial Times. Dei plar skriva to eller tre leiarar kvar gong. Denne dagen om regulering av telesektoren i EU, definisjon av inflasjon i Storbritannia og Nord-Irland og president Obama sin sannsynlege kandidat til finansministerposten i USA. Themsen renn forbi, samtalen mellom skribentane flyt att og fram til møteleiaren spør kva eg meiner om Jack Lew som ny Secretary of the Treasury. Sei det. Kva med å definera eit ideal, ein personleg-politisk gullstandard, og halda eigenskapane og kandidaturet til Lew opp mot det? Eg nemner den fyrste amerikanske finansministeren, Alex ander Hamilton. Tiltaksam, minneverdig. Han samla – føderaliserte – gjelda til dei amerikanske delstatane etter sjølvstendekrigen mot britane og medverka til orden i dei amerikanske statsfinansane. Nokon på hi sida av møtebor-


Rapport frå Finansdepartementt ferdig_a 24.01.14 13.12 Side 17

london: sentrum 17

det nemner ein av finansministrane til president Clinton, Robert Rubin, på same vis. Sidan går eg gjennom opne landskap med skjermar, datamaskinar og bladfykar inn på lukka rom med glasvegger og lyst brød, frukt, te, vatn. Eg sit i lag med andre nordmenn, éin halvt engelsk, ein annan mest engelsk, litt skotsk: spørsmål og svar om politikk og økonomi. Rollespel. Etterpå attende i trafikken, frå det eine sentrum til det andre, til nytt møte med ein statssekretærkollega i det britiske finansdepartementet. Ein samtale der, mest om bankstruktur. I Storbritannia og Nord-Irland rår fem storbankar nesten all grunnen. Heile bankstellet hadde vore meir robust om det var fleire bankar og meir dynamikk, konkurranse og fleire nyetableringar, som i andre næringar. ••• Bank of England har sete både i Threadneedle Street og i det engelske språket i seiemåten «as safe as the Bank of England». Vinje skreiv i 1863 om «Englands Bank» og gullkjellaren der. No, i fyrste høgda, står to minibankar attmed einannan med bankens sjølvlaga setlar, utan noka kopling til gull, i rommet der gjester skriv seg inn, før dei vert henta og fylgde til avtala møtepunkt. Eg vert leidd gjennom hallar og forbi søyler inn til banksjefen for finansiell stabilitet, Andrew Haldane. Finanskrisa har gjort han namngjeten som eit moderne orakel. Ein kunnskapsrik fritenkjar, eit meiningssterkt leksikon. Vi snakkar om Noregs Bank og tida då banken låg i Trondheim på 1800-talet. Då skulle avstanden til hovudstaden – meinte somme – tryggja Noregs Bank mot politisk misbruk. Noregs Bank var lenge Stortingets bank.


Rapport frå Finansdepartementt ferdig_a 24.01.14 13.12 Side 18

18 rapport frå finansdepartementet

Haldane fortel at just parlamentet i Storbritannia dei siste åra har vorte viktigare for Englands Bank, og at tilhøvet til statsmaktene og rolla til den gamle banken i det heile har skift mykje i nyare tid. Tre år før Noregs Bank vart statleg, vart Bank of England nasjonalisert. Det var i 1946. Etter Labour-brakvalet i 1997 vart han gjord uavhengig av det britiske finansdepartementet: fri til å fastsetja styringsrenta, men samstundes fråteken ansvar for tilsyn med andre bankar og finansføretak. Etter den siste krisa kom ei anna nyvinning. No gjeld ein avtale mellom banken og Finansdepartementet om at finansministeren har rett til å instruera sentralbanksjefen i krisetider, når offentlege finansar står på spel på grunn av økonomisk sjukdom og smitte i finanssektoren. Då skifter banken adresse frå Threadneedle Street til 11 Downing Street. Endringstakta til institusjonen Bank of England har auka den siste tida. I 2013 får banken ansvar for finansiell stabilitet, for makrotilsyn og makroregulering: regulatoriske krav og tiltak som skal hindra oppbygging av risiko i det økonomiske systemet. Dette fører parlamentet tilsyn med i form av høyringar, mykje meir enn i Noreg. Eg spør om denne parlamentariske kontrollen. Korkje Haldane, sentralbanksjefen eller andre møtande frå banken kan halda fram i stillingane sine dersom møta med dei folkevalde endar med merkande fråvær av tillit. I stadig større grad gjennomfører finanskomiteen i Underhuset òg høyringar med menneske som finansministeren ynskjer å ut nemna til toppstillingar i Bank of England. Slike «appointment hearings» munnar ut i skriftlege, offentleg tilgjengelege vurderingar av dei nominerte. I regelen er desse rådgjevande; finansministeren står fritt til å sjå bort frå dei.


Rapport frå Finansdepartementt ferdig_a 24.01.14 13.12 Side 19

london: sentrum 19

Men eg noterer meg eit nytt norsk blikk på det britiske. At finansiell stabilitet òg handlar om personalpolitikk. At alt dette godt kan gå føre seg i ope lende, med meirinnsyn og kritisk søkjeljos. At dette er noko å skriva heim om. ••• Kvelden før sit eg ein halv time i kø og taxi frå Goldman Sachs i City til det andre finanssenteret, Canary Wharf, lenger aust i skyminga, som vert motverka av vegger av ljos frå amerikanske, engelske, sveitsiske og meir grenselause bankar. Pluss Moody’s: I 1909 publiserte John Moody kredittvurderingar i USA av obligasjonar som jarnbaneselskap utferda for å få pengar til investeringar, utbygging. Forretningsideen til Moody vart fylgd opp av firmaa Poor’s Publishing Company i 1916, Standard Statistics Company i 1922 og Fitch Publishing Company to år seinare. Dei fire vart tre då Poor’s og Standard slo seg saman i 1941, og sidan har dei vurdert statar, bankar og føretak og kome med talande utsegner – «opinions» – i form av bokstavkarakterar: A betre enn B, fleire A-ar betre enn færre, og trippel A best. I opptakta til finanskrisa florerte toppkarakterane på sviktande grunnlag. Karakterinflasjonen gjekk hand i hand med oppbygging av gjeld og ei spekulasjonsboble som til slutt sprakk, og ei vending var vi nær den finansielle endetida. Då strauk òg Moody’s og dei andre til eksamen. Kanskje låg det litt i korta. I byrjinga betalte nemleg investorane for kredittvurderingar av produkta dei vurderte å investera i. Men dette vart snudd heilt om tidleg i 1970-åra, då seljarane, utferdarane av obligasjonar, tok til å betala for vurderingar frå kredittbyrå. Dei betaler kan henda betre for gode enn for dårlege karakterar.


Rapport frå Finansdepartementt ferdig_a 24.01.14 13.12 Side 20

20 rapport frå finansdepartementet

No har norske bankar, både små og store, òg teke til å kjøpa slike kredittvurderingar i stor stil. Kvifor? Eitt svar er 2007. Frå og med det året har dei norske bankane kunna skipa bustadkredittselskap som utferdar og sel obligasjonar med pant i bustader/bustadlån. Desse vert vurderte av byråa, som igjen påverkar marknadsprisane på obligasjonane og dimed kva det kostar for norske bankar å låna pengar på internasjonale kapitalmarknader. Her no, langt oppe i høgdene i One Canada Square, stutt venting i sofa i resepsjon, så lenger inn til møte med fem Moody’s-analytikarar. Ingen andre skandinavar enn den norske delegasjonen frå ambassade og departement, men dei andre her les, lyder og får med seg alt Finansdepartementet og Finanstilsynet seier, skriv og nær sagt tenkjer. For alt eg veit, møter desse analytikarane mange av dei norske bankane oftare enn vi gjer. Dei har òg meiningar om norske styresmakter i Noreg kan og vil stø opp om bankane, om dei råkar ille ut. Spent på korleis dei vurderer sannsynet for det. Moody’s: «We try to second-guess you.» Eg: «Well, but you see, sometimes we support our banks in secret…» Kryptisk melding, stirande spørjeteikn. Eg lettar på sløret og fortel ei stutt økonomisk historie om den løynde stønaden til Den norske Handelsbank i 1923 og riksrettssaka mot stats- og finansminister Abraham Berge og seks av statsrådane hans tre år seinare, etter at alt hadde kome opp i dagen. Smil, munter stemning. Samtida er annleis. Kanskje veit vi ikkje alltid meir om bankane våre enn Moody’s og dei andre byråa gjer, kan henda er deira meiningar om bankane viktigare enn vi veit, sannsynlegvis vil det alltid vera ein marknad for slike meiningar – ytringsfridom for ord med skiftande kvalitet – eit


Rapport frå Finansdepartementt ferdig_a 24.01.14 13.12 Side 21

london: sentrum 21

pengetalande Speaker’s Corner. Men dette er ikkje tomme ord. Den nye røysta frå London pregar kvardagen til norske bankar. Karakterane dei får, påverkar prisen på pengar som dei låner utanskjers. Indirekte får dette fylgjer for rentenivået på lån til personar og verksemder i Noreg òg. ••• Middag oppe i Notting Hill ein stad, stutt natt, grytidleg fredag morgon, rask utsjekking, taxi ut til terminal 5 på Heathrow og fly til Edinburgh. Der ser eg så å seia mi eiga ytring på leiarplass i dagens Financial Times: «From Alexander Hamilton to Robert Rubin, America’s most effective Treasury secretaries have possessed a vision that put their stamp on the economy.» Eg et frukost om bord, drikk kaffi, ser på stikkord i notatboka mi. Inntrykk, grunnriss: London = sentrum. For finansinstitusjonar og regulering av dei, for røynsle med finanskriser, for opplyste samtalar om det same. Eg får lese litt i Bretland og Britarne òg. Vinje skreiv boka i Edinburgh, opphavleg på engelsk (som han lærte av ein bonde i Gudbrandsdalen). Her og der sirkla han inn ævelege sanningar: «Men soli er skinande, endå ho er sigande. Døyande eller dalande kjenner me lite eller inkje til all denne kvelding, alt til nattskuggen slengjer det svarte floret kring hovudet vårt.» Eg sjekkar inn på The Bank Hotel. Eg skal vidare med den norske konsulen til ein sparebank i Airdrie rett aust for Glasgow om nokre timar, så attende til den skotske hovudstaden til middag med sjeføkonomen i banken Lloyds og ein skotsk historieprofessor i kveld. I morgon sørover til eit sparebankmuseum i landsbyen Ruthwell (der den fyrste


Rapport fr책 Finansdepartementt ferdig_a 24.01.14 13.12 Side 22

22 rapport fr책 finansdepartementet

sparebanken i Storbritannia vart skipa i 1810: 책r null for sparebankstellet her) ved den engelske grensa. Soli er skinande.


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.