Prinsesser og drakar

Page 1

Christina Björk Eva Eriksson

Prinsesser og drakar har alltid høyrt eventyra til. Men no er det nye tider på slotta! Prinsessene er tilkopla internett, har eigne heimesider, elektriske støvsugarar i dokkehuset og sparkesyklar. Dei klarer seg utmerka på eiga hand og reddar seg sjølve frå drakane, om dei då ikkje like gjerne blir venner med dei, eller overtar jobben deira. I denne morosame og sjarmerande boka finn du sju prinsessehistorier, eitt lite eventyr for kvar dag i i veka.

ISBN 978-82-521-8046-6

Christina Björk Eva Eriksson



Christina Bjรถrk Eva Eriksson

Frรฅ svensk ved Marit Kaldhol

Samlaget Oslo 2012


Prinsesse Månestråles måndag

Det var ein gong ei bortskjemd prinsesse som heitte Månestråle. Ho budde i eit slott og hadde TRE barnerom til alle leikene sine. Til dømes seks dokkehus. Og 42 leikedrakar. I klesskåpet hennar hang så mange kjolar at ho ikkje klarte å velje. Derfor sat Månestråle for det meste i nattkjolen og forsøkte å bestemme seg. Ein måndag kom ein drake og røva Månestråle for å gi henne til dei svoltne drakebarna sine. Dei var ikkje like bortskjemde som Månestråle. Til dokkehus i drakehola hadde dei berre ein gammal rottegiftkartong på deling. – Ver så god, barn, sa drakemamma. Ho sette frå seg Månestråle og flaug ut igjen. Nesten ingen kan skrike så høgt som Månestråle skreik no. Drakebarna torde ikkje bite i henne. Dei var redde ho skulle skrike ENDA høgare. Oi, no blei ho still. – Er det der dokkehuset dykkar? sa Månestråle. – Har de berre eitt? – Ja, dessverre, sa Midnatts-Lasse, det største drakebarnet, vi byter på å bruke det. – Så dumt. Bur det ikkje nokon i dokkehuset, heller? spurte Månestråle. – Nei, leikedraken vår brann opp då vi spruta eld på han, sa Midnatts-Lasse.



– Til pass åt dykk, sa Månestråle og drog ei lita leike opp frå lomma i nattkjolen. Alle drakebarna kasta seg over henne. – Stopp! skreik Månestråle. – Viss de et meg opp, kan eg ikkje vise korleis ho verkar. Månestråle tok ein ørliten støvsugar opp av den andre lomma. Straks begynte leikedraken å støvsuge. Zzzug, zzzug, lydde det. – Eg har 42 leikedrakar og seks dokkehus, sa Månestråle. – Alle med støvsugar. – Vi vil ha det, gi oss alt saman, sa Baby-Lotta, det minste drakebarnet. – Noko av det kan de få, men då må de bli med meg heim til slottet.


– Det får vi ikkje lov til av mamma, sa Baby-Lotta. – Skal de ikkje ete opp prinsessa? spurte drakemamma då ho kom inn att. – Nei, vi synest det er artigare å leike med henne. Ei stund i alle fall, sa Midnatts-Lasse. – Kan ikkje vi få ha henne som barnevakt, då? spurte Baby-Lotta, som var den luraste. – Ja, ja, sa drakemamma, – leik litt utanfor hola, men flyg FOR ALL DEL ikkje langt av garde. Likevel var det akkurat det dei gjorde. Alle fem falda ut dei små vengane sine, tok tak i Månestråle og flaug heim til slottet og inn på rommet hennar.



No hadde kongen begynt å leite etter prinsessa. – KOR har du vore? spurte han. Eg blei bekymra for deg. – Det kom ein drake og røva meg, sa Månestråle. – Men no er eg tilbake med alle drakebarna. Dei skal vere her og leike. – Aldri i livet, sa kongen. – Dei skal sendast heim med det same. – Då må dei få med seg kvar sitt dokkehus, sa Månestråle. – Elles skrik eg. Kongen var van med å gjere slik Månestråle ville. Han tok fram gullvogna si og lasta på fem dokkehus, fem leikedrakar, fem støvsugarar og til slutt dei fem drakebarna. – Vil de ha kjolar med dykk òg? spurte Månestråle. – Eg har for mange. – Nei, sa Midnatts-Lasse. – Kjolar er teit. Særleg om ein har vengar. For ein merkeleg måndag, tenkte Månestråle.


Prinsesse Tindres tysdag Det var ein gong ei prinsesse som heitte Tindre. Ho var redd for alt muleg. Til dømes ekorn, grasklipparar og såpe. Kaninar, derimot, var ho IKKJE redd for. Tindre var faktisk ikkje eingong redd for drakar. Kongen uroa seg for at dotter hans var redd for feil ting. For hennar skuld lét han vere å klippe graset i slottshagen. Derfor kunne han ikkje sjå Tindre når ho var ute og leika i det høge graset. Sidan prinsessa var så redd for såpe, ville ikkje kongen tvinge henne til å vaske seg heller. Ho var svært skiten, men det syntest ho ikkje gjorde nokon ting. – Ein kan gli på ei såpe, og ein kan få såpe i auga, sa prinsessa. – Og tenk om ein kom til å svelgje såpa!!! Det såg eg i filmen om Snøkvit. Men ekorna kunne ikkje kongen gjere noko med. Landet hans var fullt av dei. Når han prøvde å fange dei, spratt dei kvikt opp i eit tre, og klatra han etter, hoppa dei over til det neste. Kongen ville ikkje hogge ned eit einaste eitt, han elska både dotter si og trea. I eit fjell nær kongeriket budde ein drake. Han ville gjerne røve ei prinsesse, slik drakar ofte vil. Korleis skulle han få det til, han som verken var stor eller sterk? Jo, han fekk heller vere lur. Han skulle kle seg ut som noko riktig nusseleg. Ein kanin, kanskje. Eller enda nusselegare – eit ekorn!!!


Draken skaffa seg ei nydeleg ekorndrakt. Ho var litt trong, men han heldt inne magen alt det han kunne og hoppa i veg mot slottet. Han klatra opp i treet like ved prinsessa sitt vindauge, som faktisk sto litt pü gløtt. Berre eit hopp, sü sat han i vindaugskarmen til Tindre. Oi, der fekk ho auge pü han.



– Hjelp, eit ekorn! Skrekk og gru! skreik Tindre og gøymde seg under senga. – Eg er berre eit enkelt lite ekorn, sa ekornet med si vakraste røyst. – Nettopp, eit ekkelt lite ekorn, skreik prinsessa. Draken hoppa bort til senga og bøygde seg ned for å fange prinsessa. Men då sprakk ekorndrakta! Tindre oppdaga straks at det ikkje var eit ekte ekorn. Men ... var det ikkje ein drake? Den ruskesnuskete skitne prinsessa kraup fram frå under senga. – Hurra, det var ikkje eit ekorn! ropa ho. Draken blei forskrekka. Er prinsesser så skitne? Vil han verkeleg røve henne? – Endeleg ein drake, skreik Tindre. – Kom, så stikk vi ut i hagen og leikar. Takka vere det høge graset kunne ikkje kongen sjå at Tindre leika med ein drake. Det hadde ho sjølvsagt ikkje lov til. – Du kjem vel tilbake i morgon? – Vi får sjå, sa draken. – Kan hende viss du vaskar deg. – Då får det heller vere, sa Tindre. For ein teit tysdag!


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.