Issuu on Google+


Tone Nørvüg Politihunden Falk

til teneste! Illustrert av Odd Henning Skyllingstad

Samlaget Oslo 2011


© Det Norske Samlaget 2011 www.samlaget.no Omslag: Kine Røst Printed in Norway Boka er sett med Stone Serif 13 pt Trykkeri: AIT Otta AS ISBN 978-82-521-7843-2


1 Falk vaknar tidleg. Dei fyrste solstrålane dansar på snuten hans gjennom vindauget. Det kriblar i den store kroppen. Han gjespar høgt, strekkjer seg og ristar lett på pelsen før han sprett opp og tek heile trappa i tre lange byks. Det er på tide å vekkje dei andre. Falk kan ikkje få dagen fort nok i gang. Han gler seg sånn! Hanne vert vekt av ei våt tunge som raspar henne på kinnet. Falk står i senga og nappar i dyna, men to bestemte hender skubbar han venleg ned. – Roleg no, kompis! Klokka har faktisk ikkje ringt enno, gjespar Hanne søvnrusken

5


og dreg dyna over hovudet. Ho forsvinn slik at berre nokre h책rtustar er synlege p책 puta. Falk nappar i dyna, men gir seg med det. Litt snurt legg han seg p책 golvet nedanfor senga og kikar opp mot Hanne med dei store, brune auga sine. Han klynkar

6


høgt, han vil så gjerne få litt fart på sjefen. Men nei då, han jamrar seg til inga nytte. Hanne snur ryggen til han med eit trøytt lite grynt. Falk kikar seg rundt. Korleis skal han få Hanne til å vakne? Jau, han lurer seg bort til vindauget og bit tak i snora på rullegardina. Med eit smell går gardina opp, og lyset velter inn. Hanne sprett opp i senga. – Du din luring! Ta denne, du! Hanne slenger ei pute etter han medan ho ler. Ho har alltid vore god til å kaste, men Falk parerer så lett som berre det. Han snappar puta, og snart slit dei i kvar sin ende til puta held på å rivne. Det er Hanne som gir seg fyrst. – Ok, du vinn, vi får vel berre kome oss i sving. Pliktene kallar, og du er nok spent, tenkjer eg! Hanne festar håret i ein strikk og tullar morgonkåpa rundt seg.

7


Falk bjeffar fornøgd og er snar ut i gangen for å hente halsbandet sitt. På knaggen ved trappa heng den nyvaska uniforma til Hanne. Full av sprell hoppar Falk rundt seg sjølv då Hanne tek på seg dei mørkeblå kleda og vert med han ned på kjøkenet. Ho fyller frukost i skåla hans før ho går for å vekkje ungane. Falk var berre ein liten hårball då han flytta inn hos familien Ravn på Holmøyane, ytst ute ved havet på Vestlandet. Den livlege kvalpen med rufsete brun og svart pels vart medlem nummer fem i heimen til Morten og Hanne og tvillingane Kasper og Jenny. Jenny trilla han stolt rundt til naboane og viste han fram, kry som berre ei syster kan vere. Falk var så skjønn med dokkeklede på! Kasper tok han med på fotballtrening

8


rett som det var, og innimellom vart kvalpen så sliten at han kraup oppi bagen til Kasper og tok seg ein liten lur. Men no har minstemann i huset vorte ein stor toåring, ein vaksen schæferhund. Og i dag skal han på jobb for fyrste gong. Det har vore to år med hard trening fram mot denne dagen, og sist veke kunne dei endeleg ta godkjenningsprøva.

9


Falk fekk beste karakter, noko som ikkje overraska Hanne i det heile. Falk har gode evner og sterke instinkt. Hunden sjølv var tydeleg stolt over den nye tittelen sin. No er han godkjend som polititenestehund. Falk står klar ved politibilen og ventar oppglødd. No må Hanne snart kome. Han kikar utolmodig mot huset. Ventetida nyttar han til å tisse ein skvett ved stakittgjerdet, og så snusar han litt rundt på gardsplassen. Det er mange nye lukter å kjenne om morgonen. Tvillingane står ei stund i lag med han før dei skal gå til skulen. Kasper ser Falk djupt i auga. – Du må vere forsiktig, Falk, kviskrar han i øyret til hunden medan han klemmer han godt inntil seg. Tanken på at Falk skal jobbe som politihund på ordentleg, er litt

10


skremmande. Det er jo ikkje heilt ufarleg. – Ja, du må passe godt på mamma no, då, legg Jenny til før ho og Kasper tuslar i veg med ranslane på ryggen. Falk er glad at dei bryr seg, og lograr mot dei heilt til dei er ute av syne. Klart han skal passe på Hanne! Og endeleg, der kjem ho smilande. Falk hoppar kjapt inn i buret bak i politibilen. Han er klar til teneste!

11


Politihunden Falk til teneste!