Påfuglen som trakka i møtematen

Page 1




Jon Hjørnevik I ein sofa frå Korea – dikt i utsal, 2001 Den vanskelege andreboka, 2002 Hjørneviks Store Norske leksikon, 2004 Shortsen til far min, 2005 Mor mi står i glaset, 2008 Dikt i oppsamling, 2008 Jon Hjørnevik samlar seg, 2010 Flukta frå rekkehuset, 2011 Heimekontor i gravferda, 2014 Alt skal ut, 2015 Ikkje alle gjorde motstand under krigen, 2018 Greatest dikts, 2019


Jon Hjørnevik

Påfuglen som trakka i møtematen Dikt

Samlaget Oslo 2021


© Det Norske Samlaget 2021 www.samlaget.no Omslag: Ole Færøvik Sats: ord & form, Gudbrand Klæstad Papir: 80 gram Munken Print Cream Trykkeri: ScandBook AB, Falun ISBN 978-82-340-0695-1

Denne boka er trykt på miljøvenleg papir.

Påfugl [på:`ful] substantiv bøyning -en 1. fellesbetegnelse for fugler i slektene Pavo og Afropavo i fasanfamilien 2. forfengelig menneske som er prangende som en påfugl | jf. også påfuglfjøs (Det Norske Akademis Ordbok)


INNHALD KAPITTEL 1 HOVMOD, HORMON OG HEIT HURPEMUSIKK 9 EG TEK DET BERRE MUNNLEG 11 FLINK ADVOKAT MØTER FRITENKJANDE ARKITEKT 13 SJÅ DER VAR PÅFUGLEN PÅ PLASS 15 EG BRUSAR MED FJØRENE 17 EG HAR FREISTA FLYGA 19 SOGA OM SYNNØVE SOLARIUM 21 EG GRÆT EIN FOSS MED TÅRER 23 SLUTTSTROFE OM SUKSESSRYTTAREN 25 KAPITTEL 2 VELLYST, VÅRSLEPP OG VÅT VOGGESONG 27 IKKJE ALLE KJEM MED STORKEN 29 DET SAT EIN NY MANN 31 GAMLE GRIS 33 EG HAR MØTT EI MØTEGEIT 35 DÅ SLØYDLÆRAREN HADDE SEKSUALUNDERVISNINGA PÅ ­UNGDOMSSKULEN 37 CA. SEXY 39 EIT KJÆRLEIKSDRAMA MELLOM MENN I EIT HEILT UKJENT ­FJELLPARTI VED NORHEIMSUND 41 EG TOK SISTE BYGDEBUSSEN HEIM 43 KAPITTEL 3 GRISKHEIT, GRAKATTAR OG GRÅDIGE G ­ RISEVISER 45 EG ER KÅT PÅ EIGEDOM 47 MYKJE VIL HA GEIR 49 TERJE SPRIKEN 51 DET STORE DRENERINGSDIKTET 53 HO ARMBORG VASSA I MANNFOLK 55 DEN FINASTE FLETTO PÅ FJORDEN 57

5


KAPITTEL 4 MISUNNING, MANNGARD OG MELANKOLSKE M ­ ANNEMELODIAR 57 EG STÅR FRAM MED OSLOHAT 61 EG HAR NOKO IKKJE DU HAR 63 PER LENSMANN SI KONE VART BORTE EI NATT 65 DET STOPPAR ALDRI EIT TOG PÅ HJØRNEVIK 67 EIN SAMANLIKNANDE ANALYSE ETTER FEMTI ÅRS ­EKTEPAKT 69 BYGDA SINE FIRE STORE 71 KAPITTEL 5 FRÅTSING, FRUKTFAT, OG FALSK ­FUGLESONG 73 EG TEK EIN NEVE FRUKT 75 NYTTÅRSFEST I ÅLESUND RUNDBRENNARLAG 77 EG ER FREKK SOM EIN GAUK 79 DET STORE ETEGILDET 81 EG ER EIN GRIS PÅ JULEBORD 83 SAU I ULVEKLÆR 85 ENDEN PÅ DRIKKEVISA 87 DET FØRSTE OG SISTE KOMMUNALE DASSDIKTET 89 EG VASSAR I KVINNFOLK 91 KAPITTEL 6 VREIDE, VRIOMPEISAR, VANSKELEGE V ­ OKALISTAR 93 FAEN STEIKE, HELVETE FAEN 95 EG HATAR ALT I HAGEN 97 TIL ALLE FORBANNA FUGLANE 99 SATAN SA KOR SKAPET SKULLE STÅ 101 PÅFUGLEN KAN IKKJE FLYGA 103 KVAR ER SKISKOA MINE? 105


KAPITTEL 7 LATSKAP, LATSABBAR OG LIKEGYLDIG L ­ ANGELEIK 107 EG ER DIN DAGLEGE SØPPELDUNK 109 EG GIDD IKKJE MEIR, GENERELT 111 HO ELSKAR BERRE PROSESSEN 113 EG HAR BLITT EIN MØTEMANN 115 EG SIT TRØYTT PÅ EIN STOL 117 GJENNOMSNITTSELEV PÅ MIDDELS EVENTYR 119 SNART HEITER DET IKKJE SJØMANN 121 TENK OM JESUS NYTTA POWERPOINT 123 EG SKRIV MIN EIGEN SKIT 125 Fotokreditering 126



KAPITTEL 1

HOVMOD, HORMON OG HEIT HURPEMUSIKK

FU

GLMERK

ET

EL

LS

E

EN

H

HE

TLIG BESK

YT

TE

PÅ BL FU A O SI GL M D E TI ER N L D E

MEN, DENNE BOKA ER:

9



EG TEK DET BERRE MUNNLEG Eg tek det berre munnleg, eg gjer det alltid lett, eg tek det berre munnleg, høyr orda kjem så tett. Eg tek det berre munnleg, det får vera nok, har berre nokre stikkord, skribla på ei blokk. Eg tek det berrre munnleg, eg er ein utlært fyr, eg nyttar fine ord, ingen veit kva dei betyr. Eg tek det berre munnleg, nyttar overlegne ord, dei i salen sit som spørsmål, dei søv rundt sine bord. Eg tek det berre munnleg, og har aldri heilt forstått, at eg er berre kjedeleg og at publikum har gått.

11



FLINK ADVOKAT MØTER FRITENKJANDE ARKITEKT Ho var dyktig advokat, han var kjendisarkitekt, begge altfor flinke, det var nesten for perfekt.

Advokaten fylgde reglar, ho var ein stri pedant, ho meinte arkitekten var rommets elefant.

Han teikna frie linjer, ho kunne regelverk, du verda for ein duo, Gud så fagleg sterk.

Advokaten var prinsippfast, ho vart tent på lova, arkitekten kåt på livet, ville slå seg laus i stova.

Heile huset teikna han, alt med jussen styrte ho, ho var stiv i snippen, han var ikkje god.

Det vart eit basketak, det gjekk prestisje i, der lovlaus braka saman med regelrytteri.

Arkitekten tok seg fridom, han skeit i alle krav, huset var heilt annleis, arkitekten tok heilt av.

Brått låg dei der og elska, erotikken gjekk i vêret, det vart ei heftig møte der livet knulla lære.

13



SJÅ DER VAR PÅFUGLEN PÅ PLASS Sjå der var påfuglen på plass, her ventar alle spent, han har visst dårleg nytt, den lekre konsulent.

Sjå der var påfuglen på plass, han trur han snakkar sant, gladkristen og blid, muskulær og arrogant.

Sjå der var påfuglen på plass, på eit fullsett møterom, skal han kutta arbeidsstokken? kva er det han veit om?

Sjå der var påfuglen på plass, han er ein jævla dåre, som fortel at han skal slutte, og så feller han ei tåre.

Sjå der var påfuglen på plass, med sine cocky nykke, no står han her og messar, med orientalske smykke.

Me ser alle på kvarandre, tenk han kjem ikkje tilbake? forsamlinga sit mållaus, men brått står jubelen i taket.

Sjå der var påfuglen på plass, som alltid pen i tøyet, han er ein satans jålebukk, med hint av papegøye.

15



EG BRUSAR MED FJØRENE Eg brusar med fjørene, når eg får det til, blir lettbeint på foten, plukkar bæra som eg vil. Eg brusar med fjørene, nei, har du sett, tek spissmus med nebbet, ups, det var lett. Eg brusar med fjørene, nett som ein mann, som går rundt og trur det er enkelt for han. Eg brusar med fjørene, men brått kjem eit stikk, som ei pil i mitt hjarte, som gift i min drikk. For fjørene flagrar, når ein bonde med hagle, skyt så blodspruten står, eg dett frå min vagle. Eg brusa med fjørene, sat med nasen i vêret, eg var ei dum skjor, og forstod aldri bæret. 17



EG HAR FREISTA FLYGA Eg hadde lyst å lukkast, men lukka den er bratt, eg landa rett på trynet, eg var ingen katt. Eg hadde lyst å vinna, ein stor og tung pokal, no har eg eit trofe, men det var eit eg stal. Eg sydde meg ein dress, som var kvit og flott, no er den brun av skit og luktar ikkje godt. Eg har freista flyga, høgt og langt av stad, eg kan ikkje flyga, slik eg hovmodig sa. Eg har freista sveva, ut frå ein diger skrent, men styrta ned i livet og mitt eige ekskrement. Kona har gått ifrå meg, og flaksa langt av stad, ho svevar glad og letta, så noko har gått bra. 19



SOGA OM SYNNØVE SOLARIUM Synnøve Solarium budde i ei kneik, sat der bleik og sturte, sjølvsentrert og bleik. Synnøve Solarium hadde stakk av lin, kjøpte seg solarium, vart gyllenbrun og fin. Synnøve Solarium budde oppi bakken, bruna heile stasen, også under stakken. Synnøve Solarium gyllenbrun og fin, bruna seg ein kveld, og drakk ei kasse vin. Synnøve Solarium sovna på ein snurr, inni sitt solarium, ho svidde høna turr. Synnøve Solarium brann inne i ei kneik, alt dei berga ut var ei svartsvidd hønesteik. 21


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.