Om kvelden blir namna ropa heim

Page 1


Om kvelden blir namna ferdig_a 13.12.13 13.26 Side 1


Om kvelden blir namna ferdig_a 13.12.13 13.26 Side 3

Tora Seljebø

OM KVELDEN BLIR NAMNA ROPA HEIM

Lyrikk

Samlaget Oslo 2014


Om kvelden blir namna ferdig_a 13.12.13 13.26 Side 4


Om kvelden blir namna ferdig_a 13.12.13 13.26 Side 5

svalene flyg mellom husa. over skog åker. vev med blank svart tråd. an acre er ein åker. 1000 vengeslag. svalene seier så mykje. eg sovnar med kinnet mot tømmerveggen. vaknar med ei forteljing i ansiktet

5


Om kvelden blir namna ferdig_a 13.12.13 13.26 Side 6

bestemor held handa mi, går til kollen bak huset. vinden virvlar håret hennar. ho er ikkje å kjenne att. bestemor i åkeren med ein finmaska håv. fangar ein son av støv. rugen ryk. det er skuggar bak bjørketrea. det er ikkje berre ei svale

6


Om kvelden blir namna ferdig_a 13.12.13 13.26 Side 7

når tårnsvaleungane forlèt reiret. når du løftar meg på strake armar: heile verda er ein åker. ein regntung sommar vert ungane verande. ser eg åkeren gje etter. dei mjuke fjørene under kleda kjennest levande. maskinene kjem ikkje til med knivblada sine

7


Om kvelden blir namna ferdig_a 13.12.13 13.26 Side 8

frå dueburet i løa kan eg sjå. maurstiar over tunet. svarte skritt. bankar ikkje på. eit skamskote dyr gøymer seg for å døy. pelsen forsvinn som frø i vinden. ei beingrind gror i min eigen kropp. kramstille sommardagar. eit famntak frå kvarandre står vi

8


Om kvelden blir namna ferdig_a 13.12.13 13.26 Side 9

eg går til elva for å sjå fisken gyte. ligg med hovudet over brukanten. kvitt ansikt. mørk kropp. det umoglege elvevatnet. nokre sjeler er tunge, andre lette. svalene overvintrar. dei ligg på botnen med vengene over augo

9


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.