Issuu on Google+


Marit Heier Lajord og Line Halsnes

Olava og bestefar

Samlaget Oslo 2013


Dette er Olava, ho er sju ür. Ho er oppkalla etter bestefar Olav, som er meir enn sytti ür. Han kan køyre traktor, reparere skistavar og levde under krigen. Bestefar har lÌrt Olava mange ting. At havet er salt, at traktoren har hestekrefter, og at namnet hennar tyder etterkommar.


Olava bur i eit kvitt hus, med mor, far og veslebror Martin. Han er berre tre år, og går ikkje på skulen. Mor har ein hudkrem som luktar godt, og ein dyrlegekoffert. Far har ein grønsakhage, og eit kontor med mange bøker i.


Bestefar bur i eit gult hus med bestemor. Der har Olava og Martin kvar sin plass ved kjøkkenbordet, kvar sin blü kopp og ei kasse med leikeklossar i lag. Bestemor lagar külstuing, bestefar kjem akkurat inn til middag. Det gjer han halv tre, kvar dag.


Bakom smia, under bjørka, er det ein stor, flat stein. Steinen er Olava og bestefar sin favorittstad. – Kvifor brukar du ikkje shorts, bestefar? spør Olava. Bestefar har berre bretta opp dei rutete skjorteermane, og har på seg mørk bukse og gummistøvlar. Sjølv om det er juli, graset er nyslått og veggane luktar sol. Olava har raud kjole med kvit krage. – Eg brukar ikkje shorts, eg, men ser du ikkje kor fint det er med skuggelue?


Olava og bestefar