Olav H. Hauges vakraste dikt

Page 1


M_Olav Hauge.indd 2

03/07/14 14.06


olav h. hauges vakraste dikt

Samlaget | Oslo

M_Olav Hauge.indd 3

03/07/14 14.06


© 2014 Det Norske Samlaget w w w.samlaget.no Omslagsfoto: Asbjørn Jensen Bokbunad: Aud Gloppen | blæst Design og omslag: Aud Gloppen | blæst trykkeri: 2014 Printed in Norway ISBN 978-82-521-8695-6

M_Olav Hauge.indd 4

03/07/14 14.06


Innhald Føreord 9 Det er den draumen 11 Eit ord 12 Kom ikkje med heile sanningi 13 Mange års røynsle med pil og boge 14 Kvardag 15 Til eit Astrup-bilete 16 Eg siktar litt yver 18 Til fingrane 19 Din veg 20 Les Lu Chi og lag eit dikt 21 Eg stend eg, seddu 22 Gjer ein annan mann ei beine 23 Kolv og klokke 24 Den fyrste tanken 26 Tåre, du tarv ikkje falla 28 Eit sandkorn 29 Elden 30 Seljefløyta 31 Til ein gamal meister 32 Skuggen 35 I dag og i morgon 38 Frostskadd apal 40 Bjørki 41 Piggsvinet 42 Borni leikar 43 Under bergfallet 4 4 Dette lyt du bera 46 Konkylie 50 Syn oss åkeren din 51 Eg dreg ifrå glaset 52 Grjot 53 Fylg tanken 54 Elvi burtanum fjorden 55 Rømder av glans 56 Gullhanen 57 Seint gjeng sanningi upp 58 5

M_Olav Hauge.indd 5

03/07/14 14.06


Kvannskorane 59 Eg ser yver ljårne fyre slåtten 60 Sagbukken 61 Hoggestabben 62 Ljåen 63 Sleggja 64 Sagi 64 Kveld i november 66 Ny duk 67 Når det kjem til stykket 68 Vindhanen 69 Sanningi 70 Me sigler ikkje same havet 7 1 Steinaldergrav 72 I min faders hus 73 Kuppern skrid i Squaw Valley 74 Yver hengjemyri 75 Leiv Eiriksson 76 Katten 7 7 Eg har tri dikt 78 I dag såg eg 79 Mur 80 Hesjetråd 82 Skeiserenn 83 Skuleplassen 84 Lat meg gjera som tordivelen 86 Vinteren har gløymt att 87 Morken stuv 88 Berget 89 Skjer 90 Du var vinden 91 Og eg var sorg 93 Fossekallar 94 Eg ser du har lært 95 Bertolt Brecht 96 Apal i snø 97 Klunger 98 Regnbogane 99 Sviv 100 6

M_Olav Hauge.indd 6

03/07/14 14.06


Eg hogg ned den store apalen utfor glaset 101 T’ao ch’ien 104 Tid å hausta inn 105 Lauvhyttor og snøhus 106 Svarte krossar 107 Gartnaren drøymer 108 Han er eit menneske han som du 112 Hestar og luffarar 113 Svini 114 Hald på med ditt 11 5 Den gamle diktaren har laga eit vers 116 I Parkerpennen 117 Orvar-Odd 118 Egil 119 Elvi mumlar 120 Fjell er tunge å flytta på 121 Teppet 124 Svevn 125 Det er ikkje berre soli og Vårherre som ser kva som skjer 126 Dans 128 Eg rek 129 Eg ser på ein gamal spegel 130 Spør vinden 131 Upp gjenom elvedalen 132 Paul Celan 133 Forseinka nattog 134 Barometer 137 Ein vanleg haustdag med snø 138 Me trudde verdi her er til for oss 141 Eg stoggar under den gamle eiki ein regnvêrsdag 143 Bladi losnar 14 4 Valmue 146 Fylgje 147 Ogmund rid heim 148 Bøn 1 50 Alfabetisk fyrstelineregister 153 Biletliste 1 56 7

M_Olav Hauge.indd 7

03/07/14 14.06


8

M_Olav Hauge.indd 8

03/07/14 14.06


Føreord O lav H. Hauge (1908–1994) er ein av etterkrigstidas viktigaste og mest folkekjære lyrikarar. I denne boka kan du lese over 100 av dei vakraste dikta hans. Hauge debuterte først i 1946, 38 år gamal, og gav i alt ut 7 diktsamlingar. Han var både klassisist og modernist. Han kjende og brukte mange versemål, og veksla mellom formsikre sonettar, lange balladar og korthogne haiku- og tingdikt. Gartnaren frå Ulvik vart ein ruvande arvtakar og fornyar i vår norske diktarverd. Frå heimen på Rossvoll skaffa han seg vidt utsyn og store kunnskapar. På eiga hand lærde han seg fleire språk, og gav ut fleire samlingar med gjendiktingar av engelsk, fransk og tysk lyrikk. Hans eigne dikt har nådd langt ut i verda, og har vorte gjendikta til nær 30 ulike språk. Frå han var 15 år til veka før han døydde i 1994, førde Olav H. Hauge dagbok. Med eit tidsspenn på 70 år og med eit omfang på 3700 boksider er dagbøkene hans mellom dei mest omfattande i verdslitteraturen. Dagboka og dei redigerte brevsamlingane er vedunderlege vitnemål om at skalden, gjendiktaren og poeten Hauge var ein særmerkt og stilsikker ordkunstnar også når han skreiv prosa. Olav H. Hauges forfattarskap høyrer til arvegullet i norsk bokheim. Det Norske Samlaget er takksame for og stolte av å kunna forvalte denne unike arven.

9

M_Olav Hauge.indd 9

03/07/14 14.06


10

M_Olav Hauge.indd 10

03/07/14 14.06


Det er den dr aumen Det er den draumen me ber på at noko vedunderleg skal skje, at det må skje – at tidi skal opna seg at hjarta skal opna seg at dører skal opna seg at berget skal opna seg at kjeldor skal springa – at draumen skal opna seg, at me ei morgonstund skal glida inn på ein våg me ikkje har visst um.

11

M_Olav Hauge.indd 11

03/07/14 14.06


Eit ord Eit ord – ein stein i ei kald elv. Ein stein til – Eg lyt ha fleire steinar skal eg koma yver.

12

M_Olav Hauge.indd 12

03/07/14 14.06


Kom ikkje med heile sanningi Kom ikkje med heile sanningi, kom ikkje med havet for min torste, kom ikkje med himmelen n책r eg bed um ljos, men kom med ein glimt, ei dogg, eit fjom, slik fuglane ber med seg vassdropar fr책 lauget og vinden eit korn av salt.

13

M_Olav Hauge.indd 13

03/07/14 14.06


Mange års røynsle med pil og boge Det er den svarte prikken midt i skiva du skal treffa, nett den, der skal pili stå og dirra! Men nett der treffer du ikkje. Du er nær, nærare, nei, ikkje nær nok. So lyt du gå og plukka opp pilene, gå tilbake, prøva på nytt. Den svarte prikken tergar deg. Til du forstår pili som stend der og dirrar: Her er òg eit midtpunkt.

14

M_Olav Hauge.indd 14

03/07/14 14.06


K vardag Dei store stormane har du attum deg. Då spurde du ikkje kvi du var til, kvar du kom ifrå eller kvar du gjekk, du berre var i stormen, var i elden. Men det gjeng an å leva i kvardagen òg, den grå stille dagen, setja potetor, raka lauv og bera ris, det er so mangt å tenkja på her i verdi, eit manneliv strekk ikkje til. Etter strævet kan du steikja flesk og lesa kinesiske vers. Gamle Laertes skar klunger og grov um fiketrei, og let heltane slåst ved Troja.

15

M_Olav Hauge.indd 15

03/07/14 14.06


Til eit Astrup-bilete Kan henda drøymde dei um dette her å møtast på ein klote, på ein stad der hegg og apal stend i syreblad og blømer slik ei dulgrøn vårnatt nær ved fjorden? Vera saman, planta bær og så ein innvigd åker rad for rad med urter bak ein steingard som dei la kring helga lundar, dei som fyre fer? Dei er i riket sitt og sår si jord. Og vårnatti er ljos av draum og gror. Dei legg kje merke til at ein kjem stilt i snjoskardet og stig på vatnet no. Men då dei natta, såg dei månen vod i gullserk ute der so unders mildt.

16

M_Olav Hauge.indd 16

03/07/14 14.06


Nikolai Astrup er ofte nemnd i Hauges dagbok, som 8. november 1958: «Biletet av Astrup, ‹Nattarbeid i hagen› er komen på veggen. (Eg fekk det av Jon Bleie i sumar.) Det er godt. Eg ligg og ser på det. Dei grev med noko i ein åker, dei tvo, venteleg luking i grønsakene. Eller dei sår, det kan høva, for apalen blømer. Og fullmånen stend yver snjofjelli på andre sida av vatnet. Det er som frelsaren trør på vatnet, og signar dei. Dette siste er det kanskje eg som legg i det, diktar til, lesnaden av [Jacob] Böhme gjer vel sitt til at eg ser slikt. Iallfall er det mild fred i den månen og gullsøyla i vatnet.» I dagboka kommenterer han same måleriet 23. oktober 1958 og tolkar det meir utførleg 4. mars 1959.

M_Olav Hauge.indd 17

03/07/14 14.06


Eg siktar litt y ver Ei pil som skal r책ka, kan ikkje gjera mange krokar. Men ein god skyttar reknar med fr책standen og vinden. So n책r eg siktar p책 deg, siktar eg litt yver.

18

M_Olav Hauge.indd 18

03/07/14 14.06


Til fingr ane Å, de fingrar, kor ofte lyt de ikkje træla for ein kald hjerne og ein daud kropp! Dersom eg ikkje skreiv fyrr de tek til å kviskra, kor gode vilde ikkje dikti verta! Når de tek til å tala med eldtungor!

19

M_Olav Hauge.indd 19

03/07/14 14.06


Din veg Ingen har varda den vegen du skal gå ut i det ukjende, ut i det blå. Dette er din veg. Berre du skal gå han. Og det er uråd å snu. Og ikkje vardar du vegen, du hell. Og vinden stryk ut ditt far i aude fjell.

20

M_Olav Hauge.indd 20

03/07/14 14.06


Les Lu Chi og lag eit dikt Les Lu Chi og lag eit dikt. Han segjer ikkje korleis det skal vera. Mange hadde m책la ei eik fyrr. Likevel m책la Munch ei eik.

21

M_Olav Hauge.indd 21

03/07/14 14.06


Eg stend eg, seddu Eg stend eg, seddu. Eg stod her i fjor òg eg, seddu. Eg kjem til å stå her eg, seddu. Eg tek det eg, seddu. Du veit ikkje noko du, seddu. Du er nyss komen du, seddu. Kor lenge skal me stå her? Me fær vel eta, seddu. Eg stend når eg et òg eg, seddu. Og kastar fatet i veggen. Me fær vel kvila, seddu. Me fær vel sova, seddu. Me fær vel pissa og skita òg, seddu. Kor lenge skal me stå her? Eg stend eg, seddu. Eg tek det eg, seddu. Eg kjem til å stå her, eg, seddu.

22

M_Olav Hauge.indd 22

03/07/14 14.06


Gjer ein annan mann ei beine Han kom or fjellet, skulde heim, fekk føring ifrå Osa ut til Øydvinstò. Og han var raust og baud betal. Men Osamannen var ikkje fal. Eg vil betala; eg kan ikkje nå deg med ei beine att. So gjer ein annan mann ei beine då, sa Osamannen, og skauv ifrå.

23

M_Olav Hauge.indd 23

03/07/14 14.06


Kolv og klokke Eg er kolven i klokka, den tunge stille kolv. Rør meg ikkje, – lat ikkje mine veike slag mot malmen slå togni sund. Fyrst når klokka tek til å svinga, skal eg slå, svinga og slå mot den djupe malmen.

24

M_Olav Hauge.indd 24

03/07/14 14.06


M_Olav Hauge.indd 25

03/07/14 14.06


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.