Og skipet siglar vidare

Page 1


Og skipet siglar ferdig.qxp_Layout 1 19.12.2017 10:45 Side 1


Og skipet siglar ferdig.qxp_Layout 1 19.12.2017 10:45 Side 3

Mads Rage

Og skipet siglar vidare Roman

Samlaget Oslo 


Og skipet siglar ferdig.qxp_Layout 1 19.12.2017 10:45 Side 2


Og skipet siglar ferdig.qxp_Layout 1 19.12.2017 10:45 Side 5

Kuauga slepper ein flekk av sol bort på veggen. Poll vrir seg i køya, og flekken glir over dei sprokne borda; etter ei stund treffer han døra inn til dokterlugaren, der dokteren ligg og stønnar svakt. Poll søkk djupare i køykleda. Ruffen har han då for seg sjølv. Tomme køyer på kvar side. Ovanfrå høyrer han Vik spasera med rolege kakk over hovuddekket. Stega vert sterkare, så veikare. Stundom kjem eit kortare steg, før dei stoggar eit bel. Då står han truleg og ser i teleskopet. Ser etter rørsle i vêret. Men no knakar det inne hjå dokteren. Lugardøra går opp, og den gamle stikk hovudet ut. Håret liknar ein støvete tangvase i sola, og han stør seg, ja, nærast heng oppetter dørkarmen for å klara å stå. Knea er som trinser på dei reiptynne beina. Det er vanskeleg å sjå han slik utan å mistenkja at han har løynt den eigentlege forma si ein stad: at han eigentleg er kvikk og lubben som før. Er du der, Poll? seier han. Det knurrar i belgen. Må vel vera mattid no, eller? Han står nokre augneblinkar: Å, var det ikkje godt med sol i andletet. Det er mest så ho smakar søtt for meg. Du er der vel, Poll? Eg synest eg ser deg. Ja, er du på beina no att? Poll lettar på hovudet. Dokteren flirer berre. Gå til køys no, før du ramlar over ende. Maten kjem. Mange takk, seier dokteren. Så står han ei stund i solljoset før han byrjar å hangla i beina og må kara seg attende. Poll reiser seg med tung skrott og går akterover. Ein 


Og skipet siglar ferdig.qxp_Layout 1 19.12.2017 10:45 Side 6

smal gang fører til messa. Ljosestakane heng som kranium langs veggane; ingen kjem til å kveikja noko ljos i dei. Men Poll rettar opp ein som heng på snei. På messa er dei to matborda sette til sides, og stolane er stabla. Han hugsar ikkje kven av dei som har gjort det, men at han og Vik skulle vilja sitja her saman og eta, har utelukka seg sjølv. Vik et på kahytta, og då får Poll gjera det i si eiga køy. Han går ikkje i messa for å eta åleine. Går berre gjennom ho på veg til kabyssa. Poll, Vik og dokteren var dei som åt her sist, før dokteren vart for skral. Men allereie då var det tagal stemning kring bordet, som om vindstilla hadde soge røystene ut av dei. Dei åt kokt småfisk og dei siste potetene. Dokteren var den einaste som sa noko. Det var berre eit tidsspørsmål no, meinte han. Denne stilla kunne ikkje tyda anna enn at dei var nær målet. At dei ikkje kunne sjå noko, sjølv gjennom teleskopet, trong ikkje vera grunn til uro. Det var Vik som speida. Støtt gjekk han og kikka gjennom instrumentet medan skyene tumla i synsranda. Framleis går han slik. Lukta etter dette siste messemålet sit ikkje lenger i veggane. Det finst berre nokre spreidde sveimar treet har greidd å halda på, men dei minner lite om mat. I kabyssa luktar det sterkare, men av ròte og slik ull som gror på skitne kar. Poll tek beskøytar frå matskåpet og legg dei på eit brett. Det er gått makk i dei, men det får vera. Han finn nokre av dei finare og legg dei på eit anna brett. Den finaste puttar han sjølv i munnen og tygg fort, svelgjer medan smulane framleis er harde. Ei god stund står han og jobbar slik med kjeven og svelget medan han mønstrar stabelen av mugne kjørel. Så tek han koppen sin ned frå ein krok og skjenkjer vatn i han. Det trengst, skal han få maten ned. Elles vert alt gnura attende til usvelgjeleg mjøl mellom tennene. Poll drikk og tygg. Vatnet lindrar svalt nedover matrøyret. 


Og skipet siglar ferdig.qxp_Layout 1 19.12.2017 10:45 Side 7

Då han har ete, vert det ikkje like tungt å ta til med andre ting. Kroppen kjennest lettare, og med eitt har han liksom betre tid òg. Han tek vasskanna frå dørken og skjenkjer oppi ein småskiten blekkopp, set han på brettet med beskøytane. Det er nesten for gale. Vik skulle hatt den makketne maten, og ikkje dokteren. Men Vik er for fin på det. Toler ikkje synet av makk. Då tek han stokken og slår Poll over armen. Så om det finst makk i hans beskøytar, får dei i det minste sjå til å halda seg på innsida. Han kveikjer kokeblusset og set over eit blekkjørel. Tidlegare på dagen har han sett frå seg ein pøs på dørken, og frå den tek han no opp tre sild som han allereie har flensa. Han skjer sidene laus frå ryggrada. Kniven er knekt og bit ikkje skikkeleg. Det er berre dokteren som har god kniv, men den har han løynt einkvan staden. Truleg kjem han fram om natta når ingen ser på, då dokteren nyttar han til å skrapa vekk hard hud under føtene og den slags. Og her står Poll og må slita med denne sløve halvdelen av eit verktøy. Han kunne like gjerne skore opp fisken med tåneglene. Nei, no får han vakta seg så ikkje harmen stig. Dokteren er ikkje frisk. Han må få driva med sitt. Gløym kniven, gløym faktene til dokteren. Ta heller vare på det milde lynnet. Poll kjenner på sin eigen kniv, dreg tommelen over eggen. Så skjerpar han bladet fleire gonger mot kanten av ei steintøykrukke. Då bit det ein snev betre. Snart kvervlar steikeosen under himlingen og lokkar Poll til å trekka nasen full. Men så kjem med eitt ei guffen ulukt og stikk seg gjennom; han brekker seg. Ei sur svie av spy kitlar nedst i halsen. Han må ta nokre steg unna blusset, vert svimmel og må huka seg for ikkje å gå over ende. Går likevel på kne med hendene i dørken. Huda i handbakane kokar liksom for augo. Lyden av fisken som freser, glepp unna. Lyden av hans eigen ande òg. Det berre suser i øyro. Han må reisa seg for å hindra at det svir seg, men får ikkje til å lyfta kroppen. I 


Og skipet siglar ferdig.qxp_Layout 1 19.12.2017 10:45 Side 8

staden legg han hovudet mot dørken og lukkar augo, og det vert mildt og stilt. Eit ljos sklir gjennom alt det mørke, hoppar til midten og sklir utover. Ein varme skyl gjennom han, som varmt vatn i hovudet. Pusten gnurar mot naseholene. Så lagar det lyd att. Fisken freser. Det luktar. Han er varsam så han ikkje reiser seg for snart. Vaklar, men går bort og snur fisken. Skinnet klistrar seg til pannebotnen. Det er svidd. Får ikkje hjelpa. Han sløkker blusset og skrapar han laus, legg stykka på kvar sin firkanta tretallerk, set to av dei på kvart sitt brett. Det eine til Vik, det andre til dokteren. Den siste lèt han stå til seg sjølv. Vatnet samlar seg innfor tennene. Han et sin eigen straks. Anten det går bra eller ikkje, det får ikkje hjelpa.


Og skipet siglar ferdig.qxp_Layout 1 19.12.2017 10:45 Side 9

Vik har hatt kahytta ei god stund no, men då Poll kjem inn dit, luktar ho framleis av kapteinen. Litt svakare enn sist, sidan Vik har fjerna alle kleda hennar. Poll kjenner slitespora i dørken. Dei går frå døra, inn mot midten og omkring køya. Kapteinen har stampa livet sitt inn i desse borda. Gjennom tallause berøringar har fingrane hennar slipt metallet i dørklinka. Ho har trakka djupe tankar inn i dørken. Og i sidebordet på køya er det eit ljosare søkk der ho lyfta beina ut kvar morgon. Truleg sit det òg att eit og anna feitt fingermerke etter ho, eit hår einkvan staden, noko Poll ikkje har fått seg til å vaska over. Vik reiser seg frå bordet og stryk seg kjapt over skjegget. Sabelslira slår mot støvelen og glinsar i ei blanding av dagsljos og lampeglød. Han ser på Poll, og så på bordet og attende. Poll går fram og set frå seg brettet. Ver så god, kaptein, seier han. Underleg å seia kaptein til Vik. Ordet høver ikkje på han. Men den ålen forlanger det. Det har han jo òg rett til. Likevel stemmer det ikkje. Det kjem aldri til å stemma. Vik bit tennene saman når han ser fisken som ligg der, svartvoren og feit, og skjegget forsterkar rørslene i andletet hans. Måltidet kan ikkje forsvara seg mot det kvasse blikket. Beskøytane ser heller ikkje ut til å sleppa godt frå alt ljoset her oppe. Då vert det som om Poll står der og har lagt all si ære i eit måltid som likevel ikkje held mål. Og blikket til Vik står på same punktet ei stund før han snur seg mot Poll. Det stikk til, som om Vik skal slå han i andletet. Men så snakkar han i staden: 


Og skipet siglar ferdig.qxp_Layout 1 19.12.2017 10:45 Side 10

Korleis er dokteren? Ikkje så galen, seier Poll og freistar å verka avslappa. Vik pustar gjennom munnen og legg hendene på stolryggen. Då nøler ikkje Poll lenger. Han ryggar og går ut. Fotblada kjenner kvar sprekk i dørken når han går. Utanfor, på hovuddekket, har det visst lagt seg eit fint støv. Han bøyer seg ned og dreg handflata bortetter borda. Ho vert svartare av dette enn av støvet inne. Er liksom så det held på å laga seg eit fotefar gjennom det òg. Og over skipet heng kvelven, brunvoren og sprengd som eit tønnelok, medan storseglet klamrar seg til masta i von om vind. Han må le med seg sjølv. Kunne dei ha sigla om det kom vind? Vik trur det. Er vel lite anna han drøymer om enn å ha kommandoen over eit skip som faktisk siglar. Og med eit ekte mannskap, eit stort mannskap som kan sakene sine, som vil lystra mest uansett kva galskap han skulle finna på. Poll lener seg på rekka. Fjorden speglar kvelven, og nedi vatnet vert andletet hans formørka til ein silhuett. Når han har lege lenge under dekk, brukar det å vera godt å kjenna på alt rommet som finst her oppe. Og lufta er ein snev betre òg, om ikkje like frisk som ho kunne vore. Noko manglar, for ho riv ikkje like klårt i nasen lenger. Men stormasta står då likeins frå dag til dag. Som eit levande, urørleg vesen står ho der og ankrar skipet til kvelven. Han går og set seg innmed ho. Å sitja der, liksom ved navlen i skipet, kjennest tryggare enn andre stader. Ho er som ein stor muskel. Han legg handa på ho, og fingrane dveler ved eit ujamt parti, eit sår i treet, som han ikkje har visst om. Det er oppflisa. Eit hår kjem laus frå flisene. Det er langt og svart. Det er Ebba sitt hår. Ho siglar gjennom andre fjordar no. Men stundom kjenner han det likevel som om ho sit der innmed stormasta og følgjer med på vêret. Det var der ho hadde posten sin. Det var der ho kunne nytta nasen og øyro til å trekka vêrteikn ut av lufta. At vinden tok seg opp, 


Og skipet siglar ferdig.qxp_Layout 1 19.12.2017 10:45 Side 11

merka ho før dei andre. Om det vart regn, visste ho om det dagevis i førevegen og kunne kjenna det i den augneblinken det fall frå kvelven, før dei fyrste dropane trefte skipsdekket. Truleg har det aldri vore andre av hennar slag, slike som visste kor mykje det bles på duken etter lyden, eller kunne høyra på snerten kor tjukk vind som spende stoffet. Med hennar evner i seg skaut skipet fram som ei naturkraft. Brisen trykte opp seglduken så han small og piska, og skipet sigla snøggare. Framdrifta spende ryggane på mannskapet så dei sprang snarare over dekk, frå éi oppgåve til den neste, stadig noko nytt, stadig noko gammalt som laut vendast, firast, surrast i hop, knytast og skalkast før vinden fatna og slengde det til bølgjene, eller ad undas, som dokteren brukte seia. Og gamlekapteinen gjekk på skansen. Den gongen var det ho som styrte, og ikkje Vik. Ho skifta roret med røynde nevar. Ein stor tryggleik kvilte i ho der oppe. Fletta som svinsa bakpå den veldige ryggen. Det flakra i segla og knaka i mastene, og bårene bar, og fjorden la seg så lang og vid, og voks lenger og vidare enn noko mannskapsliv. Arbeidet til Poll hadde vore å støtta kapteinen gjennom å rydda og halda reint. Han moppa dekk, dørk, ruff og pulterkammer, og så kahytta, som var særleg viktig. Ved nokre høve tidlegare hadde han vore der inne og sett korleis inventaret utmerkte seg frå dei andre romma på skipet. Men det var fyrst då han fekk høve til å komma inn dit åleine, med mopp og vaskepøs i handa, at nyfikna ikkje lenger var til å stå imot. Han hadde sett gjenstandar komma og gå, mannskap eldast og fara i blåheimen. Då hadde han sett nok til å verta gripen av dette aller mest heilage rommet på skipet. Ingen andre stader fanst det slike akantusmønstra skåpdører, siselerte ljosestakar og møblar med intrikat treskjering. Likevel var det slett ikkje orden på lausøyren der inne. Kapteinen nytta rommet utan snev av vørd


Og skipet siglar ferdig.qxp_Layout 1 19.12.2017 10:45 Side 12

nad for det. På ein av dei polstra eikestolane låg klede, plagg i plagg, som om dei berre hadde vorte dregne av i ei og same handvending. Undertøy låg vrengt, lufta var stinn av natt og grå tobakkspust. Golvet var slite og flekkete. Og der stod Poll denne fyrste gongen og undra på kvar han skulle ta fatt. Kapteinen hadde teke den store snutehatten frå knaggen og gått på skansen for å halda utkikk. Og Poll kjende seg mest som eit skrømt der han stod. Det var liksom ikkje meininga han skulle vera der åleine. Raskt rydda og tørka han stolane, ordna køya, rydda av palisanderbordet. Pøsen hadde han sett frå seg, og kluten var vridd opp då den kjøvande stilla byrja å gjera han uroleg. Andre stader var det liksom støtt vind og sjø eller einkvan som prata eller snorka eller skramla med verktøy og utstyr. Men her var veggane tagale, som om dei hadde levd ein gong og stivna. Og tinga stod og lokka på han. Som om dei undra seg på kva han skulle gjera med dei, denne nye karen som var kommen. Sjølv undra Poll seg på korleis det var å vera kaptein, og med eitt hadde han funne det for godt å setja seg i den tomme stolen. Berre for å kjenna korleis det var. Om han kanskje opplevde rommet på anna slags vis då enn som ein som stod der med klut i handa. Stolen var fast, og han kjende seg stram og viktig. Han vart sitjande ei stund. Kvilte og var stille. Kahytta låg under skansedekket, og no kunne han høyra dei rastlause stega frå kapteinsstøvlane som trakka omkring oppe ved roret; ho gjekk nok og grubla. Kanskje kursen måtte justerast. Han var ikkje redd så lenge han kunne høyra stega. Då visste han at ho var eit stykke unna. Frå stativet på bordet tok han tobakkspipa og peika omkring i rommet med munnstykket medan han kviskra kommandoar, «hardt babord», som om stolen tok styringa med han og fylte han med innebygd kunnskap om kapteinsstillinga. På veggen framfor der han sat, hang hylla med pynte


Og skipet siglar ferdig.qxp_Layout 1 19.12.2017 10:45 Side 13

gjenstandar. Det var eit stykke ballast: eit lite eit som glimra, og det var eit skrin i fargelaust metall med forseggjord gravyr. Det fanst dessutan ein knokkel og ein behaldar av gjennomskinleg mineral. Alt dette var ein gong i tida montert slik at det ikkje skulle styrta i dørken under grov sjøgang. Støvet laut nok tørkast grundig av sakene likevel, men elles visste han ingenting om dei eller kvifor dei var der. Kvar ting hadde utvilsamt si eiga fascinerande og langdrektige historie, men Poll laga seg heller førestillingar om hugen til sjølve samlaren. Ei stund var han sjølv kaptein og hadde plukka ut tinga i si tid og slik fått utvikla sans for runde former og tynne liner og den slags overflater som blenkjer så lokkande i talgljosglød om kvelden. Nei, han reiste seg. Gjekk bort til kuauga, og gjennom det fekk han auga på to figurar i raudskjæret frå morgonsola. Den eine drog i brasane. Det måtte vera Alis. Ho hadde håret i knute og la heile vekta si i reipet. Den andre kunne vel vera dokteren. Det verka som dei snakka saman, men gjennom glaset lét berre mulling. Poll gjekk til hylla og byrja så smått å tørka av den blanke behaldaren med lette strok, somme stader ei hardare sirkelrørsle. Han hadde sett desse tinga tidlegare, men aldri riktig teke dei i nærare augnesyn, og no skein fingermerka så klårt frå skrinet. Mellom fire hjørneklossar stod det og blenkte og lokka. Han fekk vel opna loket, så han kunne tørka innunder kanten. Hengslene verka skjøre då han lyfta på det, som om skrinet ikkje var meint å skulla opnast. På innsida var det kledd i purpurfarga fløyel, mjukt som spedbarnshår, men lukta var metallisk og kvalmande, til å skjera tenner av. Og skrinet var tomt. Var berre til pynt, då. Han lukka det varsamt før han strauk ut sine eigne fingermerke og gjekk vidare til knokkelen. Det var ein slags ryggvirvel, ei tòle med takkar på. Og den stod ankra mellom nokre trepluggar. Pluggane var kunnig utforma, men støvet hadde samla seg inntil dei, 


Og skipet siglar ferdig.qxp_Layout 1 19.12.2017 10:45 Side 14

slik at han ville trenga å gå ut etter ein liten kost for å få det vekk, om han då ikkje kunne lyfta ut knokkelen. Han freista å lirka han laus for å komma betre til, og litt etter litt kom han og var laus. Poll snudde på han og vog han i handa. Tyngre enn venta. Og då han skulle til å tørka av sjølve hylla, låg det ein vanskjøtta nøkkel der knokkelen hadde lege. Det såg mest ut som han var hamna der ved ein feil. Høyrde han til her? Poll såg seg omkring. Ikkje eingong klesskåpet hadde nøkkelhòl. Men kva med trekista under køya? Den måtte vel òg tørkast støv av. Han tok nøkkelen i handa og drog kista ut etter handtaket på kortsida. Ho skrapa så kvast over golvet at han skutta seg av det. Treverket i loket var mørkt og blanklakkert med ljosare strimer i. Fin sort, som alt anna her inne. Han drog kluten over. I det støvfrie stroket kom det endå betre fram. Elles var kista beslått med messing på hjørna og såg temmeleg fornem ut. Han sat og lydde eit bel; det kom visst ingen, så då stakk han nøkkelen i hòlet. Skeiv og fæl glei han forbløffande lett inn, og Poll vrei langsamt fram gnissinga av ei metalltunge som sleikte seg om trelepper der inne – eit klikk då noko sleppte taket. Loket gjekk opp. Lufta søtna. Elde og støv velta fram. Ein snev av den same lukta hadde vore i rommet frå før. Men inni kista hadde ho visst lege roleg og samla og stramma seg meir enn nokon annan stad. Det var boklukt. Han skvatt til då han såg permane framfor seg. Straks vart han redd og small att loket så støvet bles utover i rommet. Han byrja å fomla med nøkkelen. Nei, bøkene skulle så visst ingen røra, det var tindrande klårt. Men no hadde han visst lukka loket ganske for snart. Ramla det ikkje ein støvball oppi òg? Han hadde sett så kort på bøkene, og no var dei mest borte for han allereie. Han hadde lukka loket som om det gjorde vondt å sjå på dei. Men så hugsa han på den førre sjøleggingsseremonien. Det hadde ikkje vore vondt å sjå på den dei hadde nytta då. 


Og skipet siglar ferdig.qxp_Layout 1 19.12.2017 10:45 Side 15

Det var Blåvar som hadde gått i fjorden den gongen. Han som hadde denne jobben før. Ei av bøkene var gått saman med han, slik som det skulle vera. Kapteinen bar ho ut og fekk ho sydd inn under duken saman med kroppen. Men det var berre éi; her var så mange. Han kunne vel komma seg unna med ein snar kikk, berre for å vita. Éin gong, og aldri meir. Om det var komme rusk oppi, måtte han jo fjerna det. Jau, slik var det vel. Det ville vera ein del av jobben, det. Han sat still og lydde igjen. Stega gjekk framleis omkring oppe ved roret. Han letta på loket att. Lukta kom og erta og kitla han i nasen. Det var ein herleg dåm. Og der låg bøkene, viktige inntil kvarandre, tagale og dekte av teikn og mønster i svart og raudbrunt med gylne striper slik han aldri før kunne tenkt seg å få sjå dei. Ljoset frå kuauga fall frå sida og synte fram hudliknande mønster i overflatene. Men det fanst ikkje støv på dei. Støvballen måtte ha floge ein annan veg. Kanskje kunne han likevel berre røra ved eine bokpermen før han sette kista attende? Berre varsamt, så ingenting kom til skade. Han kjende etter med utsida av fingrane: ei ru kjøld mot huda; det var eit behageleg stoff. Tru om kapteinen òg gjorde slik iblant? Kanskje tok ho dei jamvel opp og såg på dei. Var han sjølv kaptein, då skulle han gjera det. Då måtte han jo òg hatt greie på om dei var i orden; han måtte ha mønstra kvar einskild av dei. Han la handa omkring den eine, fyrst mest for å forvissa seg om at ho ikkje gjekk sund. Så greip han skikkeleg. Og dette var fyrste gongen han heldt ei bok. Det kjendest underleg godt. Han tok ho opp og heldt ho i begge hender, snudde på ho. Og så kjendest det ikkje så gale når han opna ho heller; ei kvit stille skein mot han. Oppslaget var blankt med fint papir, ljosare enn venta. Han bladde vidare. Papirflaka likna ingen andre stoff som fanst om bord. Dei var så lette og skjøre. Etter kvart dukka det opp svarte merke, rette som 


Og skipet siglar ferdig.qxp_Layout 1 19.12.2017 10:45 Side 16

stavar, som om dei var hogne i tre. Beint etter kvarandre stod dei, kvesste og stramme, og støtta kvarandre som palisadar bortetter sida, som om dei skulle førestilla noko. Han granska handverket. Sidene var sydde i bolkar og festa i eit stykke som låg mot den ytre permen. Når Poll opna boka på ulike stader, bøygde stykket seg vekk frå permen, og knekken midt mellom sidene heva seg og gjorde kvart flak lettare tilgjengeleg, som om boka gapa. At det skulle vera slik, kunne han knapt ha drøymt, og han strauk ein finger langs midten, som over ei munnvik. Handverksarbeidet var utsøkt, og han naut kor fint ho lét seg opna og lukka. Det fanst ei slik stofftunge som han tidlegare hadde sett liggjande mellom blada på den andre boka. Han greip ho lett og drog. Blada opna seg der tunga hadde lege. Han sleppte ho som ein fin tamp ned på sida. Nett då knaka det annleis ovanfrå skansedekket, som om kapteinen var på veg ein ny stad. Poll lydde. Jau, ho var på veg ned no. Han måtte skunda seg. Raskt lukka han boka, men avbroten på dette viset fekk han seg berre ikkje til å leggja ho attende. Det var så mykje som hadde opna seg no, som om han hadde sett inn i noko som ikkje ville gje slepp på han. Så han stakk ho i broklinninga og sette kista og nøkkelen på plass slik dei hadde vore. Då byrja det å knirka i skansetrappa, og han måtte berre ta mopp og klut i hende for å sjå oppteken ut. Døra gjekk opp, og kapteinen steig inn med ei mine som om ho var kommen busande på han midt i morgontoalettet. Vaskar du framleis? sa ho. Ja, sa Poll. Ja, du får vel berre fortsetja, då. Ho gjorde ein viftande gest med hatten før ho hengde han frå seg. Eg tenkjer du må finna ut av det, sa ho. Sidan du er ny. Men eg skal no kvila likevel. 


Og skipet siglar ferdig.qxp_Layout 1 19.12.2017 10:45 Side 17

Eg gjer det seinare, sa Poll. Nei, nei, sa ho. Ta det no. Ho drog av seg støvlane og slengde dei bortmed køya. Så heiv ho seg sjølv oppi, før ho letta på hovudet og såg på han: Men så rett deg opp då, mann, og hald fram! Ja visst, sa Poll og strekte seg. Det var då ingen grunn til å vera amper. Ho som pla vera så grei med han. Det var mest så han ville protestera. Men ho var kanskje i eit dårleg lune. Anten det, eller så var det den nye stillinga hans. No kjende Poll at boka byrja å siga tungt i broka. Han krøkte seg straks framover att. Lest som han måtte det for å dyppa moppen i pøsen. Så vart han òg nøydd til å gå slik og stavra seg mellom møblane og dra moppen over golvet som eit tredje bein han gjekk med. Han sveipte innunder bordet og køya medan kapteinen låg og glipte med augo så han ikkje visste om ho såg på han eller ikkje. Boka seig stadig. Han heldt seg med ræva mot køya for at ikkje dei spisse kantane under brokstoffet skulle fanga merksemda hennar. Etter arbeidet fór han til si eiga køy, der han stakk boka innunder lakenet og drog teppet godt over. Slik fekk det liggja inntil han fekk tenkt seg om.




Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.