Ny grunnlov

Page 1


Ny grunnlov ferdig.qxd:Layout 1

25-01-13

11:19

Side 1


Ny grunnlov ferdig.qxd:Layout 1

25-01-13

11:19

Side 3

Are Kalvø

Ny grunnlov

Samlaget 2013


Ny grunnlov ferdig.qxd:Layout 1

25-01-13

11:19

Side 6


Ny grunnlov ferdig.qxd:Layout 1

25-01-13

11:19

Side 5

Dette er historia om korleis eg laga ei ny grunnlov. Slikt gjer ein ikkje åleine. Grunnlovsarbeidet er også dokumentert i tv-serien Riksforsamlinga, som eg skreiv saman med fleire andre rasande dyktige folk. Desse rasande dyktige folka skal også ha større eller mindre delar av æra for fleire av tankane, ideane og vitsane i denne boka. Dei heiter: Eirik Bergesen, Karsten Fullu, Markus Gaupås Johansen, Jens M. Johansson, Kjetil Kooyman, Lars Backe Madsen, Sturle Vik Pedersen. Fin gjeng. Sjølve grunnlova er dessutan skriven i samarbeid med folket. Tusen takk for det, folket. De ser forresten veldig bra ut i dag.


Ny grunnlov ferdig.qxd:Layout 1

25-01-13

11:19

Side 7

Innhald Ein stusslig gjeng 11 Dei fire store 29 Folk er ikkje så verst 31 Første paragraf 48 Snakker De grunnlovsk? 49 Ting eg har lova å komme tilbake til seinare 53 Religion 55 Engel med skit på vingane 57 Andre paragraf 73 Nytt flagg 75 Jødeparagraftesten 79 Ting eg har lova å komme tilbake til, men som eg framleis ikkje har komme tilbake til 84 Monarki 85 Merkelige greier 87 Tredje paragraf 107 Spør eksperten! 108 Jødeparagraftesten II 111 Ting eg har lova å komme tilbake til, men som eg framleis ikkje har komme tilbake til 113

7


Ny grunnlov ferdig.qxd:Layout 1

25-01-13

11:19

Side 8

Folkestyre 115 Så du trur du er demokrat? 117 Fjerde paragraf 136 Jødeparagraftesten III 137 Ting eg har lova å komme tilbake til, men som … ja, du forstår 140 Forbrytelse og straff 141 Imagine all the people living life in peace 143 Femte paragraf 156 I did not have sexual relations-testen 158 Ting … 160 Rett og plikt 161 Kardemommelova demontert 163 Siste paragraf (resten) 178 Jødeparagraftesten 179 Ny grunnlov 181 Til barnebarna 187 Takkar og bukkar 190


Ny grunnlov ferdig.qxd:Layout 1

25-01-13

11:19

Side 10


Ny grunnlov ferdig.qxd:Layout 1

25-01-13

11:19

Side 9

«Enige og troe indtil Dovre falder!» Sagt på Eidsvoll i 1814

«Tog til Oslo S går om tre minutter.» Sagt på Eidsvoll i 2012


Ny grunnlov ferdig.qxd:Layout 1

25-01-13

11:19

Side 11

Ein stusslig gjeng


Ny grunnlov ferdig.qxd:Layout 1

25-01-13

11:19

Side 13

Ein dag kan det hende barnebarna dine spør deg kva du eigentlig dreiv med i gamle dagar. Dette er naturligvis eit veldig godt argument for å aldri skaffe seg barnebarn. For kva skal du svare på sånt? Før dreiv folk med ting det var verdt å fortelje barnebarna om. Dei vann krigar og bygde land og innførte folketrygd. Men vi som lever no, er sannelig ein stusslig gjeng. For kva er det eigentlig vi har drive med? Vi har gått litt på skule og reist litt og gått i kortbukse og kanskje skaffa oss ein familie eller to og bada litt og jobba og dratt på ferie og hatt nokre hyggelige kveldar på terrassen eller i hagen og vore ute med venner og kjeldesortert og ete og gått tur og kika litt på Internett og tatt eit par kurs og gitt inntrykk av vi liker mørkt øl og prøvd å sette oss inn i ting som skjer i verden og fått motorstopp og plutselig blitt opptatt av kortreist mat og komme i snakk med ein merkelig fyr på fest. Og så har vi grilla. Og pussa opp. Når eg tenker meg om, så er det først og fremst det vi har gjort: Grilla og pussa opp. Og når vi ein sjeldan gong har tatt oss ein pause i grillinga og oppussinga, då har vi sett oss ned i ein sofa for å sjå på tv-program som handlar om andre folk som grillar og pussar opp. Dette er verkelig ikkje noko å fortelje barnebarna. Det siste du vil etter å ha snakka lenge og vel om gamle dagar, er at barnebarnet ditt ser deg rett i auga og seier: Bestefar, de må sannelig ha vore ein stusslig gjeng. Før blei det utført bragder og tenkt store tankar. Hav blei kryssa. Polpunkt nådd. Einevelde avskaffa. Vi som lever no, driv ikkje med slikt. 13


Ny grunnlov ferdig.qxd:Layout 1

25-01-13

11:19

Side 14

Når avskaffa du sist eineveldet? I det heile tatt: Når skjedde det sist at det dukka opp ein heilt banebrytande ny idé i norsk politikk? Sannsynligvis var det i 1814. I 1814 kom det til gjengjeld veldig mange gode idear. Det veit alle vi som faktisk har lese den norske grunnlova som blei laga dette året. Der er det masse gode idear. Oppsiktsvekkande gode idear. Dette er naturligvis ikkje spesielt norske idear. Dette var idear som fanst i verden på denne tida, og som dei som laga grunnlova, gjorde om til noko som kunne fungere i Norge. Og denne grunnlova gjeld altså framleis. Lova har blitt forandra litt, men likevel: Ideane til grunnlovsmakarane er framleis i stor grad dei ideane vi styrer samfunnet etter. Og dette blei altså skrive i 1814. Det er ganske imponerande. 1814 er veldig lenge sidan. 1814 er faktisk før Beat for Beat begynte å gå på NRK. Den gongen, i 1814, var det altså ein gjeng som var samla på Eidsvoll. Dei var ikkje der spesielt lenge heller. Og det dei kom opp med, var eit dokument som slår fast at Norge skal vere fritt og uavhengig, at Norge skal ha ei lovgivande, ei utøvande og ei dømmande makt, at Norge skal vere eit monarki, og at det skal vere trykkefridom og rettstryggleik. Dette er ikkje dårlig etter nokre dagar på seminar på Eidsvoll. Eg har sjølv vore på seminar på Eidsvoll. Viss det seminaret hadde vore grunnlovsforsamlinga, så ville Norge i dag hatt ei grunnlov der det stod: «Paragraf 1: Scjschjakaduhaeinteæl?» Og det er då det kan vere lett å tenke at vi som lever no, er ein stusslig gjeng. For det kjem jo aldri noko fornuftig ut av seminar i våre dagar. I 1814 kom dei altså opp med ei heil grunnlov. Og det er jo ikkje sånn å forstå at folk i 1814 var smartare enn vi er i dag. Absolutt ikkje. Tvert imot. Folk var ikkje smarte i det heile 14


Ny grunnlov ferdig.qxd:Layout 1

25-01-13

11:19

Side 15

tatt i 1814. Heller ikkje dei som laga grunnlova var spesielt smarte. I tillegg til alle dei knakande gode ideane, så stod det nemlig også ein heil del teite ting i grunnlova frå 1814. Ting som seinare har blitt sletta, fordi vi veit betre. For eksempel stod det i den opprinnelige grunnlova at stemmeretten berre gjeld for menn som er over tjuefem år gamle. Og ikkje alle menn over tjuefem heller. Du måtte også oppfylle eitt av fleire andre krav for å få stemme. For eksempel eige jord. Sånt er det jo ingen som meiner i dag. Bortsett frå Senterpartiet, kanskje, viss det blir seint nok på kvelden. Men dei er det jo ingen grunn til å ta alvorlig. Embetsmenn skulle også få lov til å stemme. Og såkalla kjøpstadborgarar. Bønder, jordeigarar, kjøpmenn og embetsmenn, altså. Og kven var det som satt i grunnlovsforsamlinga på Eidsvoll? Embetsmenn. Kjøpmenn. Jordeigarar. Bønder. Og berre menn. Dei gav kort sagt stemmerett til seg sjølv og ingen andre. Ikkje berre meinte dei rare ting, altså. Dei var sjølvopptatte også. Og gjennomsnittsalderen til dei som laga grunnlova, var litt over førti. Igjen: Eg er sjølv ein mann på litt over førti. Eg veit litt om kva menn på litt over førti driv med i våre dagar. Det er mykje familieliv. Ein del henting og bringing. Tendensar til hagearbeid, sykling til jobb og smoothies til frukost. Litt dum dansing. Og eit par uheldige eksempel på folk som plutselig har begynt å spele gitar. Og sjølvsagt lèt vi, alle som ein, som vi synest det er spennande med alle dei nye ølsortane til seks hundre kroner literen, slik at det skal verke som om vi har ei interesse når vi eigentlig berre har lyst til å drikke oss fulle. Og det er i grunnen det førtiåringar driv med no. Førtiåringane i 1814 knesette maktdelingsprinsippet. Og eg gjentek for sikkerheits skuld at førtiåringane i 1814 var på seminar. Så det er all grunn til å tru at dei drakk ein del. Og gjorde merkelige ting, som folk på seminar gjerne gjer. 15


Ny grunnlov ferdig.qxd:Layout 1

25-01-13

11:19

Side 16

Dette veit vi faktisk også litt om. Det finst kjelder. Mellom anna blir det fortalt at ein av eidsvollsmennene, lensmann og bonde Ole Knudsen Tvedten frå Setesdal, ein dag skal ha imponert dei andre med å bere ein hest over tunet. Tvedten skal også ha vore synlig berusa under møta. Slik dreiv dei på, eidsvollsmennene. Fyll. Hestebering. I tillegg til at dei var sjølvgode. Og meinte rare ting. Likevel klarte dei altså å lage ei grunnlov. Og det er altså, som sagt, ikkje sånn at dei var smartare i 1814. Og dei var heller ikkje betre menneske enn vi er i dag. Igjen: Tvert imot. Dei var verkelig ikkje spesielt gode menneske i 1814. Igjen står det ting i den opprinnelige grunnlova som viser det. Ting som seinare er sletta, fordi vi i dag er betre menneske. Det er for eksempel ganske godt kjent at i den opprinnelige grunnlova stod det at jødar ikkje skal ha adgang til Norge. I den same paragrafen stod det at heller ikkje jesuittar eller munkeordenar er lovlige. Dei var altså ikkje spesielt rause i 1814. Dei som laga den norske grunnlova, var etter alt å dømme det vi i dag vil kalle rasistar. Og altså: Dei var sjølvopptatte. Og mannssjåvinistar. Og senterpartifolk. Og rundt førti. Og sannsynligvis litt fulle. Og dei såg ikkje ut. Verkelig ikkje. Dette er nokre av dei som laga den norske grunnlova:

16


Ny grunnlov ferdig.qxd:Layout 1

25-01-13

11:19

Side 17

17


Ny grunnlov ferdig.qxd:Layout 1

25-01-13

11:19

Side 18

Og folk var ureinslige på den tida. Dette veit vi i dag. Altså: Dei som laga den norske grunnlova, var ein gjeng skitne, rasistiske, sjølvopptatte, mannssjåvinistiske og litt fulle senterpartifolk med førtiårskrise. På seminar. Og no kjem poenget: Likevel klarte dei å komme opp med ein heil masse idear som framleis verkar kloke og fornuftige, to hundre år etterpå. Det er litt pinlig for oss. Det er veldig pinlig for oss, faktisk. Eg trur aldri eg har tenkt ein einaste tanke som kjem til å verke klok og fornuftig om to hundre år. I skrivande stund er dette dei tankane eg kan hugse å ha tenkt det siste døgnet: «Skulle ein ha tatt seg ein banan, tru?» «Ståle Solbakken har litt rare øyre.» «No regnar det igjen, gitt.» «Ylvis-gutane er skikkelig flinke, men eg er usikker på om eg liker frisyrane deira.» «Eg liker pommes frites litt for godt.» «Sette eg på ein vask i stad, eller berre tenkte eg at eg skulle gjere det?» Ikkje noko av dette kjem til å verke klokt og fornuftig om to hundre år. Veldig lite av dette verkar klokt og fornuftig no. Og det er derfor det kan vere lett å tenke at vi som lever no, er ein stusslig gjeng. Som har reist litt og gått i kortbukse og kanskje skaffa oss ein familie eller to og bada litt og jobba og dratt på ferie og hatt nokre hyggelige kveldar på terrassen eller i hagen og vore ute med venner og kjeldesortert og ete og gått tur og kika litt på Internett og tatt eit par kurs og gitt inntrykk av at vi liker mørkt øl og prøvd å sette oss inn i ting som skjer i verden og fått motorstopp og plutselig blitt opptatt av kortreist mat og komme i snakk med ein merkelig fyr på fest og grilla og pussa opp. Det er lett å tenke at vi som lever no, aldri ville fått til det dei fekk til den gongen. At uansett kor skitne, stygge og rasistiske dei var for to hundre år sidan, så var dei likevel meir imponerande enn oss. 18


Ny grunnlov ferdig.qxd:Layout 1

25-01-13

11:19

Side 19

For eksempel: 19. februar 1814 gjekk det ut eit ope brev til det norske folket om at det skulle veljast ei forsamling til å lage grunnlov. Knapt tre månader seinare var grunnlova ferdig. Hallo?! I dag ville vi brukt sju år berre på å bli einige om kvar forsamlinga skulle møtest. Sjølve grunnlova blei skriven på omtrent ein månad. Til samanlikning tok det folk i vår tid over ti år å flytte Ikea i Bergen. I 1814 blei ein gjeng som ikkje kjende kvarandre frå før, samla på ein avsidesliggande plass og gitt nokre oppgåver. Resultatet blei ei grunnlov som var mellom dei mest radikale i verden. I vår tid hender det også av og til at ein gjeng som ikkje kjenner kvarandre frå før, blir samla på ein avsidesliggande plass og gitt nokre oppgåver. Resultatet heiter Farmen. Så det er lett å tenke at folk før var imponerande, og at vi som lever no, er ein stusslig gjeng. Men folkens, eg er her for å fortelje dykk at: Det er ikkje sant! Det er ikkje sant i det heile tatt. Ikkje nesten eingong. Det kan ikkje vere sant. Ein gjeng skitne, sjølvgode, rasistiske, mannssjåvinistiske, småfulle senterpartifolk med førtiårskrise på seminar kan ikkje vere betre enn oss. Vår tid er betre enn vi trur. For det første: La oss ta dette med Farmen og slikt med ein gong, så blir vi ferdige med det. Det er på høg tid no at vi sluttar å tru at vi har sagt noko meiningsfylt om vår tid ved å slå ein vits eller to om reality-tv. At folk gjer dumme ting på tv, er ikkje nytt og kom ikkje med reality-sjangeren. Og reality-sjangeren er for ordens skuld heller ikkje ny. Robinson, som blir påstått å vere det første moderne reality-programmet, begynte i Sverige i 1997. Det vil seie at vi straks vil ha reality-deltakarar som ikkje eingong var fødde då sjangeren 19


Ny grunnlov ferdig.qxd:Layout 1

25-01-13

11:19

Side 20

blei funnen opp. Folk har gjort dumme ting på tv så lenge tv har eksistert. Forskjellen er at før gjorde folk dumme ting i mykje kjedeligare program. Og folk gjorde garantert dumme ting også før fjernsynet kom. Dei blei berre ikkje filma. I 1814 bar dei for eksempel hestar i fylla. Det er ikkje så veldig intelligent det heller. Og reality seier ingenting om vår tid. Det kan vere lett å tenke at alt berre er overflate no til dags, at alt berre handlar om å bli kjend. Og slikt er det då også mange folk som tenker. Og seier høgt, i forutseielige debattar om medieutviklinga, der middelaldrande menn med høgare utdanning er bekymra og minner om at det å vere naken og full i eit basseng på tv i tjueåra kan vere skadelig for den framtidige yrkeskarrieren din. Og det kan jo hende. Sjølv om eg må innrømme at dersom eg nokon gong hamnar i ein situasjon der eg skal tilsette nokon, så gir eg mykje heller jobben til ein som dreit seg ut i fylla ein gong i ungdommen, enn til ein middelaldrande mann med høgare utdanning som bruker arbeidstida si til å sjå på fulle og nakne tjueåringar på tv. Og det at det gjekk så fort å lage denne grunnlova i 1814, er det eigentlig imponerande? Når blei det eit kvalitetsteikn? Berre spør alle lærarane du kjenner kva som er det viktigaste når ein skal skrive noko, og så kan du ringe meg etterpå og fortelje kor mange av dei som svarte: Det viktigaste er å gjere seg ferdig så fort som mulig. Den norske grunnlova blei laga på ein månad. Her er nokre andre ting som også blei laga på ein månad:

20


Ny grunnlov ferdig.qxd:Layout 1

25-01-13

11:19

Side 21

21


Ny grunnlov ferdig.qxd:Layout 1

25-01-13

11:19

Side 22

Eg veit litt om kva som kjem ut av hastverk. Eg veit ganske mykje om det, faktisk. Ikkje for å skryte, men eg har gitt ut nokre bøker før. Sidan desse bøkene er skrivne på nynorsk, så får skuleelevar lov til å skrive oppgåver om dei sjølv om det er tullebøker. Så det hender eg får spørsmål frå skuleelevar som skal skrive særoppgåve. Som regel er det gode, intelligente spørsmål frå kjekk og seriøs norsk ungdom med elevert smak og velutvikla humor. Men av og til kjem det spørsmål av typen: «Skal skrive sær oppgåve om bøkene dine. Har ikkje fått tak i bøkene. Treng litt tips. Tema, bodskap, innhald, sjanger, språk, verke middel og slikt. Svar gjerne fort. Skal levere i morgon.» Mykje i meg beundrar både frekkheita og pågangsmotet i dette, og eg er overtydd om at desse elevane stort sett er folk som klarer seg veldig bra seinare i livet. Men eg ville jo ikkje latt dei skrive Norges viktigaste lov. Den norske grunnlova som blei underteikna 17. mai 1814, begynner slik: «Kongeriget Norge er et frit, uafhængigt og udeleligt Rige.» Alle som har skrive noko litt for fort, vil vite at det trulig er rein flaks som gjer at 1814-grunnlova ikkje begynner slik: «Knogerige Norge er (skal være? skal forblive?) et frit skal være et uafhægning og udeleligt.» Dessutan, det er ingen tvil om at grunnlovsarbeidet den gongen gjekk for fort. Igjen: Berre spør læraren din. Det kan lønne seg å bruke god tid og lese gjennom før ein leverer. Dersom dei hadde tatt seg tid til det i 1814, så kan det hende nokon ville rekt opp handa og sagt: «Er vi verkelig heilt sikre på det med jødane?» Dei hadde det så travelt i 1814 at dei ikkje eingong fekk med seg heile landet. Det var ingen frå Nord-Norge i Eidsvoll-forsamlinga. Norge var like langt den gongen som no, og rutefly og epost var ikkje funne opp, så det tok veldig lang tid å få fram beskjedar. Beskjeden om at det skulle veljast folk til å lage grunnlov, kom altfor seint fram til Nord-Norge, og gjennomføringa av vala tok også lang tid. I Finnmark gjekk fleire av vala av stabelen i juli, eit par månader etter at grunnlova var ferdig. 22


Ny grunnlov ferdig.qxd:Layout 1

25-01-13

11:19

Side 23

Og kva gjorde grunnlovsmennene på Eidsvoll? Venta dei? Nei då, dei dreit i Nord-Norge og sette i gang. Det ville ikkje vore greitt i dag. Ser du for deg ein programleiar på valnatta sjå rett i kamera og seie: «På grunn av ein teknisk feil var det ingen i Nordland, Troms og Finnmark som fekk stemt i år, så det nye Stortinget blir sett saman berre av representantar frå SørNorge. Sorry, Nord-Norge. Tough luck.» Ser du for deg det? Nei vel. Så nei. I dag ville vi neppe klart å velje ei forsamling, bli einige om kvar forsamlinga skal møtest, samle dei, skrive og vedta ei grunnlov på like kort tid som dei klarte den gongen. Og det er rett og slett fordi vi i dag er meir demokratiske. Vi ville sørgt for å få med oss alle før vi gjekk i gang med noko såpass viktig. Eller i alle fall litt fleire. Rett og slett fordi vi er litt betre i dag enn dei var den gongen. Den gongen slurva dei, rett og slett. Og dei kunne gjere jobben fort den gongen fordi ingen passa på dei, fordi den gongen kunne ein sleppe unna med ting som heldigvis ingen ville sloppe unna med i dag. Den gongen var det heilt greitt å drite i familien og låse seg inne på ein herregard på Austlandet i eit par månader. I dag ville folk tatt seg fri for å vere saman med barna sine no og då. Og i dag ville journalistar venta utanfor dørene i alle pausar, for å stille spørsmål om jødar og stemmerett og kongemakt. Og om reiserekningane frå turen til Eidsvoll, sannsynligvis. Og ikkje minst: I dag ville veljarane ha følgt med og debattert og forlangt fortløpande oppdateringar frå grunnlovsarbeidet på Facebook og Twitter. Kva skulle dei skrive i 1814, om dei hadde hatt Twitter? Når du er bakfull og nettopp har vedtatt å forby jødar. #denfølelsen Diskuterer stemmerettsalder. Lurer på å foreslå atten berre for å sjekke om folk er vakne. #riksforsamling 23


Ny grunnlov ferdig.qxd:Layout 1

25-01-13

11:19

Side 24

Endelig pause på #eidsvoll. Håper han galningen skal bere hestar igjen. Treng tips til bra plassar å gå ut på Eidsvoll for 112 menn som er klare for fest og moro #hastar #riksforsamling #svolten #tørst #dritlei Nokon som veit kvar det blei av nordlendingane? #riksforsamling Dei som laga den norske grunnlova, var altså ikkje berre skitne, rasistiske, mannssjåvinistiske, sjølvopptatte, rare på håret og på seminar. Dei dreit også i familiane sine. Og i folk frå Nord-Norge. Og dei var ikkje veldig demokratiske. Og det var ingen som passa på at dei gjorde jobbane sine skikkelig. Og dei slurva. Og var berusa under møta. Så kan ein sjølvsagt seie: Trass i alt dette, så klarte dei då å lage ei grunnlov som ikkje er så verst. For det første: Trass i alt dette?!?! Tenker du slik på nokon andre område? Ville du tenkt: «Det er godt mulig at alle i regjeringa tek imot bestikkelsar, men det er ikkje så nøye, for samfunnet fungerer jo ganske greitt likevel»? For det andre: Dersom denne udemokratiske, skitne, rasistiske, mannssjåvinistiske gjengen klarte å lage ei grunnlov som ikkje er så verst, då må jo vi i dag – i ei tid då folk er meir demokratiske, reinslige, vidsynte og likestilte – klare å lage ei grunnlov som er totalt føkking fantastisk!?!? Og det var nettopp det eg bestemte meg for å gjere. Eg bestemte meg for å lage ei ny grunnlov. For å gi barnebarna våre noko å tygge på. For å vise at vi som lever no, ikkje er ein stusslig gjeng. Vi er tvert imot ein fin gjeng som har tenkt mykje smart som ingen tenkte på i 1814. 24


Ny grunnlov ferdig.qxd:Layout 1

25-01-13

11:19

Side 25

Og fordi det er på tide. 1814 er som sagt veldig lenge sidan. Ting frå 1814 held ikkje lenger. Beethoven levde i 1814. I dag er han død. Og ikkje minst, om eg skal vere ærlig: Fordi eg aldri har fått vere med på noko slikt. Og eg har lyst. Eg synest samfunnet er ein fin ting og demokratiet ein snasen idé. Men eg synest ikkje eg har gitt nok tilbake til samfunnet og demokratiet i mi tid. Eg har stemt, mange gonger. Eg har betalt skatt og stort sett respektert lovene. Eg har med eit par unnatak gjort som eg har fått beskjed om av dei som bestemmer. Eg har påstått ting eg i vekslande grad har hatt dekning for i politiske diskusjonar på kafé. Eg har deltatt offentlig i det politiske ordskiftet, med vitsar. Og det er i grunnen det. Ja, og så satt eg i elevrådet på vidaregåande. Og var med på å arrangere Operasjon Dagsverk. Det einaste eg med sikkerheit hugsar at eg kjempa for og fekk gjennom den gongen, var at vi skulle bruke eit Åge Aleksandersen-sitat i marknadsføringa av Operasjon Dagsverk. Dette er ikkje nok. Ikkje på langt nær. Det er på tide å løfte det eit hakk. Grunnlov er å løfte det eit hakk. Og om du treng fleire gode grunnar for å kaste den gamle grunnlova og lage ei ny: I 2008 foreslo Carl I. Hagen og Finn-Erik Vinje å modernisere språket i grunnlova. Når Carl I. Hagen og Finn-Erik Vinje synest noko er utdatert, då er det utdatert.

25


Ny grunnlov ferdig.qxd:Layout 1

25-01-13

11:19

Side 26

Riksforsamlinga i 1814. Legg merke til at ein av dei prøver ü stikke av. Kanskje kjedar han seg og vil ut ein tur for ü smugdrikke og bere ein hest over tunet.

26


Ny grunnlov ferdig.qxd:Layout 1

25-01-13

11:19

Side 27

«Det vil jeg fraråde.» Kåre Willochs første ord då eg fortalde han at eg ville lage ny grunnlov

27


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.