Page 1


Notat vedrorande ferdig.qxd:Ikkje for varmt-ferdig.qxd

17-03-10

RØNNAUG KLEIVA Animasjon. Dikt. Samlaget 1985 Å fø fram ein kalv over vinteren. Prosatekstar. Samlaget 1986 Fuglane kor dei flyg. Barnebok. Ill. av Kari Bøge. Samlaget 1988 Kven sin dag er dette? Barnebok. Ill. av Alf-Kaare Berg. Samlaget 1989 Balansepunkt. Prosalyrikk. Samlaget 1990 Plutseleg no. Ungdomsroman. Samlaget 1990 Ein underleg vinter. Biletbok. Ill. av Malgorzata Piotrowska. Samlaget 1991 Einmannsbåten. Barnebok. Samlaget 1993 Eg greier meg. Barnebok. Ill. av Lars Elling. Samlaget 1994 I ovnen er lammet. Dikt. Ill. av Arne Nøst. Cappelen 1995 Greske gudar og gudinner. Fagbok. Samlaget 1996 Ikkje gløym å klappe katten. Barnebok. Ill. av Inger Lise Belsvik. Samlaget 1997 Kjærleik på pinne frå Ouagadougou. Barnebok. Samlaget 1999 Fangeteneste. Noveller. Samlaget 2001, 2008 Kvinner med fingermanualar. Dramatikk. Solum 2001 Om dagen kan ein flyge. Biletbok. Ill. av Akin Düzakin. Samlaget 2001 Ingen reell fare. Roman. Samlaget 2003, 2004 Ein ettermiddag. Dramatikk. Solum 2004 Eg rømmer. Biletbok. Ill. av Inger Lise Belsvik. Samlaget 2005 La oss krysse Nilen. Prosa. Samlaget 2005 Andre sida av Paris. Ungdomsroman. Samlaget 2007 Ikkje for varmt, ikkje for kaldt. Samlaget 2008 Vegen heim frå Sarajevo. Ungdomsroman. Samlaget 2009

2

11:53

Side 2


Notat vedrorande ferdig.qxd:Ikkje for varmt-ferdig.qxd

17-03-10

Rønnaug Kleiva NOTAT VEDRØRANDE KJÆRLEIK

Det Norske Samlaget Oslo 2010

3

11:53

Side 3


Notat vedrorande ferdig.qxd:Ikkje for varmt-ferdig.qxd

© 2010 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Denne samlinga består av: Fangeteneste (2001, 2008) Ingen reell fare (2001, 2003) La oss krysse Nilen (2005) Ikkje for varmt, ikkje for kaldt (2008) omslag: Jesper Egemar førtrykk: Samlaget skrift: Adobe Garamond og Frutiger papir: 80 g Munken Print Cream 1.5 trykkeri: AIT Otta AS Printed in Norway ISBN 978-82-521-7575-2

4

17-03-10

11:53

Side 4


Notat vedrorande ferdig.qxd:Ikkje for varmt-ferdig.qxd

17-03-10

INNHALD FANGETENESTE

9

Ein mann og ei kvinne spaserer i gatene i ein by ein seinhaustkveld 11 Tre jenter går opp på eit fjell ein sommardag og byrjar gå ned igjen 12 To småjenter langs ei elv seint om hausten 19 Ei jente og mor hennar på kjøkenet ein dag før jul 24 Ei jente blir borte og attfunnen 29 Korte scener for jente og mann 34 EI kvinne drikk vin saman med ein mann ein ettermiddag og utover kvelden 37 Ei kvinne og ein mann er på byen og kjem heim 44 Ei kvinne besøker ein mann oppunder jul 47 Ei kvinne og ein mann i eit grenseområde 52 Ein mann som er invitert i bryllaup, kjem til farens dødsleie 57 Ei kvinne og ein mann drikk vin i eit badekar etter ei gravferd 72 Ei kvinne steller i huset og passar på ungane sine før ho drep seg 84 Ei kvinne vitjar ein elskar og går nøgd derifrå 91 Ein mann søv seg gjennom julaftan og går deretter ut på byen 98 Ei kvinne blir forlaten og drep ei av døtrene sine 107 Ei jente observerer, resonnerer og tar avgjerder 115 Ein mann knullar ei dame og gjer henne så ei teneste 122 Tre kvinner klatrar i fjellet og planlegg talar 124 Ein mann ligg vaken og tenkjer 128 Ei kvinne reiser til ein by, blir der nokre dagar og reiser tilbake 135 Ein mann og ei kvinne går sakte i gatene 149

11:53

Side 5


Notat vedrorande ferdig.qxd:Ikkje for varmt-ferdig.qxd

INGEN REELL FARE

17-03-10

151

LA OSS KRYSSE NILEN

309

I Merknad 313 Trea feller lauva sine 314 Når det går mot natt, må ein handle 315 Nokre jenter ber ei skadd jente 317 Hugse, men ikkje for mykje 319 Ein mann nektar å gå i tilfluktsrommet 320 Medan bombene fell 321 Han ringjer frå ein telefonkiosk. Men no må han gå 322 Ein mann og ei kvinne møtest 323 II Ei kvinne lèt handa klappe 327 Ein mann seier at han har byrja tvile på sin kjærleik 328 Ein katt blir skoten 329 Om nokon spør, så sei at eg ikkje er her 330 Vi går over myrane 331 Eg skriv eit kjærleiksdikt 332 Ikkje eingong hunden min er i live. Om eg hadde ein hund 333 Snøen som ikkje fell 334 Ikkje utan vemod kjenner vi oss levande 335 Vinteren trengjer seg inn mellom tærne 336 Eg plantar om 337 Vintersolsnu 338 To kvinner og ei jente ventar på sola 339 Lita lomme av luft rundt munnen 342 Ein gong om natta blir det morgon 343

6

11:53

Side 6


Notat vedrorande ferdig.qxd:Ikkje for varmt-ferdig.qxd

17-03-10

III Ei kvinne spør om ho skal hjelpe 347 Eg skjenkjer meg ein brandy og går vidare 348 Guiden sluttar å guide 349 Eg går og går i eit forsøk på orden 350 Skodde i ein by og vegane derifrå 351 Spora etter krig er i ferd med å bli overgrodde 352 Ein og annan hund luska rundt, med og utan eigar 353 Ei kvinne fyller kroppen sin til randa 354 Dette er ikkje heile verda 355 Kort sesong og ein kan falle 356 Det er eg som har den sterkaste røysta 357 Over er himmelen 358 Når ein sym under vatn, bør ein halde auga opne 359 På sitt beste er livet sorg, seier kvinna 360 Eg passar meg for hummaren når eg viklar han ut av fangenskapet sitt 361 Om natta hadde nokon sunge 362 Ein okse bura. Ein mann helste 363 Måltid om natta 364 Ein mann ror ei kvinne 365 Eg smiler og takkar. Eg går ut av rommet 366 Eit lam blir slakta ved solnedgang 367 Kvinna er vekselvis stille og ynkar seg 368 Sola gyller støvet 369 Dødsbodskapar må dryge 370 Det er difor eg reiser 371 IV Om litt løftar mannen blikket 375 Morgon, og trea feller lauva sine 376 Dagar uventa tilfalle ein 377 Også Moses 378 For at noko skal skje, trengst eit sluttstykke 379

7

11:53

Side 7


Notat vedrorande ferdig.qxd:Ikkje for varmt-ferdig.qxd

IKKJE FOR VARMT, IKKJE FOR KALDT Ikkje for varmt, ikkje for kaldt 383 Notat vedrørande kjærleik 390 Ein føremiddagsavtale 409 Vi skal ikkje gjere ting halvt lenger 413 Det kjem vel fleire fine kveldar 422 Livet står ikkje til å redde 430 Liket følgjer arverekka 436 Sluttstykket 446

381

17-03-10

11:53

Side 8


Notat vedrorande ferdig.qxd:Ikkje for varmt-ferdig.qxd

FANGETENESTE Noveller

17-03-10

11:53

Side 9


Notat vedrorande ferdig.qxd:Ikkje for varmt-ferdig.qxd

17-03-10

11:53

Side 10


Notat vedrorande ferdig.qxd:Ikkje for varmt-ferdig.qxd

17-03-10

EIN MANN OG EI KVINNE SPASERER I GATENE I EIN BY EIN SEINHAUSTKVELD

Også kveldar om hausten kan vere milde. Enkle nådekveldar. Dagar uventa tilfalle ein. Ingen konfliktar på himmelen, roleg fråvær av fare. Seinhaustkveldar med berre krystantemar på blomstermarknaden. Grovvaksne krysantemar, fargar til å bli gjennomstrøymt av. På gata står kastanjeseljarar ved kontrollert open eld. Og mannen som går inntil kroppen til kvinna si, stoppar opp og ber om å få i handa varme kastanjar hylla i brunt papir. Øvd reinsar han kastanjane og byr kvinna. Og ho tar imot, ho går nærare og let kastanjen, hausta i rett tid, steikt ved rett varme, gli inn i munnen. Rå seinhaustluft kan krype oppetter leggene, og trafikk rasar forbi. Det er ein kveld før det blir vinter, og mellom husa finst pust.

11

11:53

Side 11


Notat vedrorande ferdig.qxd:Ikkje for varmt-ferdig.qxd

17-03-10

TRE JENTER GÅR OPP PÅ EIT FJELL EIN SOMMARDAG OG BYRJAR GÅ NED IGJEN

Dei er tre jenter som går i fjellet. Det er ein uvanleg fin dag. Alt då dei vakna, visste dei at dette var ein dag som måtte brukast til noko særskilt. Slike dagar kan ein ikkje berre la gå frå seg. Tidleg om morgonen, før dei knapt hadde byrja røre seg i sengene, sende sola tynne strimer av lys gjennom glaset, mellom gardinene. Jentene har ikkje tatt med seg mykje på turen. Ein skal ikkje legge mykje i sekken når ein går i fjellet. Fjellet har vatn å drikke. I somme av småvatna finst der fisk. Jentene har diskutert kva dei skal ha med. Ein appelsin på deling får halde som proviant. Det er trass alt berre ein dagstur, og ein har godt av å prøve seg. No går jentene mellom fjella. Dei har starta frå null, der havet byrjar, for bygda ligg slik til, ved havet. Landskapet er vakkert. Dei har forsert ei bratt brekke, glatt og ulendt og tett med mygg. Men dei har halde det ut, dei har halde jamt tempo og snakka lite saman, ein må spare på kreftene. Dei har nådd toppen av skaret, der har dei stoppa ein augneblink, men ikkje for lenge. Kviler ein for lenge, blir ein kald og stiv, og det blir hardare å halde fram. Men dei har sett utover, bygda som breier seg ut under dei, tuna spreidde utover, fjorden som ligg 12

11:53

Side 12


Notat vedrorande ferdig.qxd:Ikkje for varmt-ferdig.qxd

17-03-10

spegelblank, øyane utover mot havet. Her og der ein båt. Jentene er godt bygde, men ikkje vaksne, den yngste berre ein jentunge. Dei skiftar på å bere sekken med appelsinen i. Planen deira er å gå gjennom nokre dalar og over nokre høgder og sidan kome ned til ei nabobygd. Frå øvst i bygda kan dei følgje vegen ned mot riksvegen, det er ikkje meir enn ein fem kilometers marsj og stort sett nedoverbakke. Derifrå skulle det vere mogleg å få skyss heim, jamvel om bussane er sjeldsynte. Medan dei går der og terrenget er rimeleg flatt og lett, ser dei plutseleg eit av dei høgste fjella i regionen framføre seg. Det er eit fjell dei er vane med, alle i bygda plar snakke om det og diskutere når på året det eigentleg er best å bestige. Alle veit også kven som har vore der, saman med kven, og når. Dei tenkjer at dei på slik ein dag kanskje kunne prøve seg. Heilt ufarleg er det jo ikkje, men morosamt. Den yngste jenta legg hovudet skrått bakover og ser den spisse tinden i himmelsjå. Ho smiler utan å blottlegge tennene. – Kva seier du? seier søstrene. Så byrjar dei gå. Roleg tempo, ikkje bråe omskifte i takten, no og då eit minutt eller to utan å setje seg, berre for å ta seg litt inn. Lite tale. Dei har drukke vatn ved siste vasskjelda dei kjenner til før den verkelege stigninga tar til, og fylt friskt vatn på ei plastflaske dei har med. Lenger oppe skal dei gå over ein isbre. Truleg vil det vere mogleg å finne litt brevatn som dryp frå isen som smeltar no sommarstida. Sjølv midt13

11:53

Side 13


Notat vedrorande ferdig.qxd:Ikkje for varmt-ferdig.qxd

17-03-10

sommars er temperaturen i høgda låg og issmeltinga minimal. Lenge går dei langs ein egg, dei lyt vere forsiktige, for eigentleg er dei ikkje skodde for slikt terreng. Og uføresette ting kan alltid kome opp. Då dei kjem til breen, får dei vanskar, for mellom breen og det faste underlaget har det danna seg ei glipe som dei ikkje heilt veit kvar ville føre dei, om dei fall imellom. Dei store jentene hjelper den vesle opp på breen, dei seier at ho er svært flink, og at ho skal få smake appelsin på toppen. Ho smiler ikkje lenger, men går på. Isbreen er heldigvis ikkje for isete, så dei glir ikkje nedover og hamnar i ei steinrøys langt der nede, slik ein kunne ha frykta. Overgangen frå bre til fjell går greitt. No er det berre siste klatrebiten igjen før toppen er nådd. Dei gir den yngste litt å drikke og let henne gå i midten, i fall der skulle vere trong for sikring. Dei merkar at ho er sliten, så dei skryter av henne for å få henne til å yte det som er nødvendig. Flata dei har til rådvelde øvst oppe på toppen, når målet er nådd, er svært lita, berre så vidt der er plass til å sitje. Den minste legg seg ned mellom dei, dei let henne gjere det ei lita stund, medan dei sjølve klamrar seg til ytterpunkta. Etter ei stund minner dei henne på at ho er den yngste som nokon gong har vore på denne toppen, og at det sikkert ville vere klokt å setje seg opp for å nyte det. Jenta seier at ho er kvalm og svimmel. Likevel gjer ho som dei seier. Dei prøver å få i henne litt vatn, men ho kastar det berre opp igjen, slik at det renn langs fjellsida. Dei let henne legge seg litt nedpå. Framleis står nedstigninga tilbake, og jamvel om det reint teknisk er enklare, er nedturar erfaringsmessig hardare. 14

11:53

Side 14


Notat vedrorande ferdig.qxd:Ikkje for varmt-ferdig.qxd

17-03-10

Dei store jentene seier at utsynet er imponerande, og at dei er stolte over å vere der. Det er dumt at det er ein dag med lite folk i fjellet, for så blir det færre som ser dei. På det viset blir dei avhengige av sjølve å spreie nyhendet om at dei har vore på denne tinden. Men oppgåva er ikkje ugjennomførleg, dei planlegg kven dei kan snakke med på veg heimover, og kven som tilfeldigvis kan kome til å sjå dei. Oftast er det lite som skal til før informasjon spreier seg. Etter ei stund tar dei til å fryse. Dei ser på klokka og sola, og skjønar at det er på tide å tenkje på nedturen. Veslesøstera er framleis dårleg, men dei forklarar henne at der finst ikkje andre måtar å kome seg ned på enn å ta beina fatt. Ho mumlar noko om at det må då gå an å rekvirere eit helikopter, slik som når ein transporterer byggjematerialar til hytter som skal oppførast i fjellet. – Det er uaktuelt, seier søstrene, – slikt gjer ein då verkeleg ikkje. Går ein opp, så kjem ein seg også ned. Ei av dei kjem plutseleg på at dei har med seg mobiltelefon, den ligg i sekken ved sida av appelsinen. Dei blir frå seg av entusiasme, og den eldste slår mobilnummeret til bestevenninna. – Vi er her, seier ho, – vi er på tinden. Er det ikkje fantastisk? Dei avtalar å møtast om kvelden. Men no er det definitivt på tide å gå heim. Dei stablar veslesøstera på føtene og prøver igjen å gi henne litt vatn, som ho denne gongen greier å halde på. Sidan ho ikkje er i form, slepp ho å bere ryggsekken. Vegen dei skal gå heimover, er enklare enn den oppover. Men det tar si tid, og det er krevjande å gå frå toppen av eit høgt fjell og heilt ned til havet. Belastninga på 15

11:53

Side 15


Notat vedrorande ferdig.qxd:Ikkje for varmt-ferdig.qxd

17-03-10

systemet er hard. På toppen av eit skar ser dei seg difor nøydde til å ta ein pause. Dei store jentene prøver å halde motet oppe ved å le og tøyse, men den yngste er heller taus. Dei skrellar appelsinen og gir henne halvparten. Ho er trøytt og vil ikkje ete, men søstrene er tolmodige og tvingar vennleg i henne bit etter bit. Sjølve et dei ingen ting av fellesnista. Til tider må ein kunne vurdere kva som er viktigast. For å oppmuntre henne fortel ei av dei om ei påske då ho gjekk på ei vekes skitur, noko huda på føtene hennar ikkje tolte. Dei vart fulle av sprekkar og blemmer og vart stygge å sjå til. Men kva anna kunne ein gjere enn å halde fram og late som om smerta ikkje eksisterte? Dei andre i følgjet hadde gitt henne mykje ros for denne holdninga. Etter at ho kom heim, hadde ho måtta gå i gang med antibiotika og alle slags salver, men moro hadde det vore. At ho ikkje hadde vilja ta smertestillande, hadde ho også fått utteljing for. Forteljinga verkar ikkje oppmuntrande. Minstejenta seier at ho vil kvile seg litt til. Dei fortel henne om korleis det er i det militære, dersom ein ønskjer å avansere og kome i krevjande posisjonar som også gir prestisje. Folk blir utsette for fangeteneste. Dette blir gjort for at dei skal lære seg kvar dei har grensene sine, for å sjå kor mykje stress dei toler. Det er nyttig å vite når ein kjem til å bryte saman, kva slags situasjon ein reagerer på t.d. For å få folk til å bryte saman utset ein dei for inhuman behandling. Dei blir behandla som om dei var fangar i eit fiendtleg system. Mellom anna kan dei bli ståande ute i snøen i våte klede over tid. Eller dei kan bli 16

11:53

Side 16


Notat vedrorande ferdig.qxd:Ikkje for varmt-ferdig.qxd

17-03-10

transporterte over lange strekningar som fangar i kneståande stilling med hette over hovudet, bli sette til å gjere meiningslaust arbeid som å skrubbe trapper som systematisk blir tilgrisa igjen, bli fråtatt søvn. Ja, alt slikt som skjer med fangar. Sjølvsagt hender alt med dei utan informasjon og utan kontakt. Naturleg nok får ein ikkje mat og drikke, og ingen forklarar noko som helst. Alle bryt saman etter ei tid. Det er berre snakk om kor lang tid det tar, og det er nyttig å vite, kor lang tid ein treng for å bryte saman, og av kva slags påkjenningar. Men slikt er individuelt. Den yngste seier ikkje noko til dette, men reiser seg opp og vil gå vidare. Sola steiker. Dei byrjar bli lett solbrende. For å kome seg dit dei skal, må dei forsere ei ur. Det er ei roleg ur. Steinane rører seg ikkje. Likevel går dei forsiktig.Trør ein feil og er uheldig, kan ein utløyse ras. Ras kan vere katastrofalt. Jentene går med forholdsvis stor avstand mellom seg i fall noko skulle skje. Den eldste går fremst. Midt i ura står ho plutseleg heilt stille, ho krøkjer seg saman og bøyer seg mot grunnen. – Steinane bevegar seg, ropar ho. Dei andre seier at steinane ligg heilt rolege, det er berre noko ho innbiller seg. Men ho trur dei ikkje, ho held fram med å stå der og rope. Til slutt ser dei inga anna løysing enn å gå til henne. Dei tar henne i hendene og seier kvar ho skal setje føtene sine. Ho gjer som dei seier, og dei får berga henne over ura. Utan å lage noko meir oppstyr omkring hendinga går dei vidare og kjem til ein sti som fører til eit vatn, dei går til vatnet, fyller handflatene med kaldt vatn og drikk. 17

11:53

Side 17


Notat vedrorande ferdig.qxd:Ikkje for varmt-ferdig.qxd

17-03-10

Medan dei sit der i vasskanten og får i seg væte, skubbar den mellomste jenta den yngste ut i vatnet. Ho dukkar opp av vatnet og tar nokre symjetak, slik ho har lært, men dei eldste legg hendene på hovudet hennar og dyttar henne under vatn igjen. Slik held dei på ei tid. Kvar gong ho stikk hovudet opp og supar i seg luft, dyttar dei henne under igjen. Til slutt synest dei at det er nok. Dei hjelper henne opp av vatnet og legg henne til rette i lyngen. Ho hostar og harkar og hiv etter luft før ho sakte roar seg og byrjar hakke tenner. Leppene hennar er tynne og blå, ho ser ikkje på dei. Dei eldste tykkjer det er ille at ho ikkje har det bra. Dei byrjar klappe henne på kinna og seie at dei er veldig glade i henne, og dei spør henne om ho frys. Då ho seier ja, tar dei av henne dei våte kleda og gir henne av sine eigne, som er tørre, i staden. Dei store jentene held fram med å vere vennlege og kjærlege, dei seier at ho er ei umåteleg tøff og flink jente, at dei er stolte over å ha henne til søster, og dei prøver også å få henne til å le ved å fortelje om morosame opplevingar dei har hatt. Dei gir henne sjokolade som dei har gøymt i sekken som nødproviant. Til slutt ser ho på dei og smiler forsiktig. Dei blir glade og spør om ho no er i stand til å gå vidare. Ho nikkar. Dei gir seg i veg den siste delen ned frå fjella. Sola har delvis tørka kleda hennar. Gnagsår på hælane plagar dei når dei byrjar gå att, men dei bryr seg ikkje stort og er alle samde om at det er fint i fjellet, og at turen har vore flott.

11:53

Side 18

Notat-vedrorande-kjaerleik  

2 Det Norske Samlaget Oslo 2010 3 © 2010 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Denne samlinga består av: Fangeteneste (2001, 2008) Ingen reell...