Under Säfstaholmen

Page 1



Under säfstaholmen ferdig.qxp_A 17.08.2018 11:31 Side 1


Under säfstaholmen ferdig.qxp_A 17.08.2018 11:31 Side 2

      Eg les denne steinen. Dikt.  Dagane i Cholpon-Ata. Dikt. 


Under säfstaholmen ferdig.qxp_A 17.08.2018 11:31 Side 3

Ingvar Nistad

UNDER SÄFSTAHOLMEN Dikt

Samlaget Oslo 


Under säfstaholmen ferdig.qxp_A 17.08.2018 11:31 Side 4

© Det Norske Samlaget 2018 www.samlaget.no : Magnus Osnes : Samlaget : Minion ,/ :  g Munken Premium Cream : ScandBook AB, Falun Printed in Sweden  ----

Denne boka er trykt på miljøvennleg papir.


Under säfstaholmen ferdig.qxp_A 17.08.2018 11:31 Side 5


Under säfstaholmen ferdig.qxp_A 17.08.2018 11:31 Side 6


Under säfstaholmen ferdig.qxp_A 17.08.2018 11:31 Side 7

PÅ MANNHEIM HAUPTBAHNHOF

Eg ser meg rundt, framover langs toget, bakover. Eg veit ikkje kor eg skal gå; eg ser at dei fleste går i éi retning, då lyt eg følgje dei. Eg går og trillar kofferten eit stykke bortetter perrongen. Eg ser. Eg går. Stoggar. Leitar med auga. Eg leitar etter eit kjent ansikt. Det er fleire som leitar. Dei går og ser, så finn dei, så set dei bagasjen frå seg. Så rettar dei fram handa. Dei slår armane rundt kvarandre. Så ser dei på kvarandre ein gong til. Kanskje har dei ikkje sett kvarandre på fleire år, fleire tiår. Det er ikkje så tett med folk lenger, eg går eit stykke til frametter langs toget før eg igjen stansar. Så ser eg det vakre ansiktet og dei bølgjete krøllene i håret. Ansiktet er vendt mot meg. Og no kjem han meg i møte. Denne verdsvande høgreiste mannen eg ser etter. Far min.


Under säfstaholmen ferdig.qxp_A 17.08.2018 11:31 Side 8

UNDER SÄFSTAHOLMEN

Ja, du er kommen her til meg, seier far min. Du kom, og her er du, du må bli her hos meg ei stund no. Eg veit det, eg veit det så vel, du liknar meg; du òg vil komme til å finne deg venner her i Pfalz. Eg løftar glaset og spør om han hugsar den gongen vi leste og raka under Säfstaholmen. Han nikkar berre. Det var i håslåtten. Du gjekk med bandasje kring hovudet. Vi leste høy, og så raka vi opp og tok alt med oss. Vi arbeidde der hunden låg nedgraven. Hunden du slo i hel. Eg kan stå og halde i føtene på eit lam mens det sparkar og held på og døyr. Det er min minste kunst. Det er like lett som det er å sjå på at nokon slår i hel ein hund. Det var eg som arbeidde under Säfstaholmen. Du støtta deg på riva, du var ikkje god til anna. Du hadde bandasje kring hovudet, som om du nett hadde vore med ved fronten i ein meiningslaus krig. Eg arbeidde, og du rosa meg sikkert, du skrytte vel av meg. Vi var der hunden var nedgraven; og det lukta av håa. Kveldane var mørkare; det var seint på dag ein gong i august, likevel kan eg så tydeleg hugse at Säfstaholmen stod i full blomstring.


Under säfstaholmen ferdig.qxp_A 17.08.2018 11:31 Side 9

EG SKAL TEIKNE EIT KART

Eg skal teikne deg eit kart, seier han, over dei ni vinteigane, eit kart over dei vegane eg har gått, eit kart eg har lært meg. Vi skal gå i vinen kvar einaste dag. Vi skal ete og drikke i lag. Eg skjemmest over den skrøpelege bustaden som eg har her, men eg har laga til ein liggjeplass, der du kan kvile deg og sove. Gled deg til å møte kameratane mine, gled deg til å sjå skogen, og gled deg til å sjå den store kyrkja i søraust, nede i Speyer by. Så skal vi snakke om slikt som har hendt, seier han, hendt oss to. Morgonen etter hadde han komme inn der eg låg, og han hadde sett eg var naken. Då hadde han teke eit teppe og lagt over meg.


Under säfstaholmen ferdig.qxp_A 17.08.2018 11:31 Side 10

DET KRAFTIGE SMELLET

Vi er oppe på den høgda dei kallar Kieselberg, far min og eg, då vi høyrer det kraftige drønnet frå himmelen. Eg blir skremd og er redd det skal vere ein eksplosjon. Far min legg handa på armen min, ristar på hovudet. Det er amerikanarane. Det er ingenting å vere redd for. Det er berre amerikanarane som går gjennom lydmuren. Dei flyg fortare enn lyden no, ingenting kan stoppe dei. Kanskje dei berre øver, kanskje er det alvor, og då skal, like sikkert som at du og eg står her i denne vingarden, nokon døy, nokon skal brått døy. Plutseleg, heilt brått kjem nokon til å døy; andre skal bli skamfarne og lemlesta, heimen deira skal liggje i grus, senga deira skal knusast, dei skal leite etter ein far og aldri finne han att nokon stad. Det er det det kraftige smellet betyr. Så, ver ikkje redd, du.




Under säfstaholmen ferdig.qxp_A 17.08.2018 11:31 Side 11

DEI BERØMTE GEORGIARANE

Far min og den georgiske vingardsarbeidaren står lenge ein morgon ved vinrankene i Hohenmorgen og snakkar seg imellom om alle dei berømte georgiarane. Eg veit berre om gamle gode Eduard Sjevardnadse, han med dei sørgmodige auga, men desse to pratar lenge om berømte heltar som ligg gravlagde i lia ovanfor Tbilisi, og særleg lenge talar dei om ein diktar, Galaktion Tabidze, han har skrive vakre dikt om snøen som fell over hagane om vinteren, om vinden som bøyer trea, og om aude vegar, om ei kiste som blir boren ut i kulden. Og så har han stilt spørsmålet: Kor er du, kor er du, kor er du? Det er kaldt og eg har gått eit stykke ifrå dei, og eg ser dei oppe på platået, dei står midt i vegen mellom vinteigane, og far min gestikulerer på same måten som georgiaren gjer.




Under säfstaholmen ferdig.qxp_A 17.08.2018 11:31 Side 12

DETTE LANDSKAPET

Det er dette no, seier han, det er her vi er, mellom den store skogen og den store elva. Fjordane og fjella har vi skubba på avstand, har vi ikkje det, for ei tid. Og så er det berre du og eg, alle dei andre er gløymde, familien, alle våre kjære skal vere fråverande no mens vi to held til her. Det er slik det er, seier han. Dette landskapet skal du lære i lag med meg, så skal vi vel hugse det ei stund alt saman, alt vi her har sett og høyrt. Men sidan, seier han, skal alt gå i gløymeboka; ingen skal hugse oss, vi skal vel gløymast både du og eg, etter ei tid. Vi skal vel det, svarar eg. Så snur han hovudet på ein måte eg aldri i mine dagar vil gløyme ut.




Under säfstaholmen ferdig.qxp_A 17.08.2018 11:31 Side 13

PÅ EI SENG AV BLOMSTRAR

Mellom to rekkjer med vinstokkar ligg han. Han ligg på ei seng av blomstrar. Han søv som eit lite barn. Eg vil ikkje vekkje han enno. Eg vil stå litt og sjå; han er ein som skal kvile. Far min ligg på ei seng av blomstrar, i vinteigen. Ikkje eit einaste lauv heng att på vinrankene no, vi er komne ut i november månad. Dekkvekstane blomstrar derimot. Her er ulike sortar, ulike fargar. Eg har leita etter han, eg fann han liggjande slik. Som eit sovande barn, mellom alle slags blomstrar. Langt uti november når alt skal til å sovne og kolne. Han ligg her med open munn, og eg rører han ikkje.




Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.