Når det regnar i Afrika

Page 1



Erna Osland Illustrert av Per Ragnar Møkleby

Når det

regnar

i Afrika

Ei bok om vêr og klimaendringar

Samlaget Oslo 2015


Til Linus, vesle Finn og alle andre gutar og jenter som f책r den store oppg책va 책 passe p책 regnet.


Innhald Vêr!

Forteljinga om Styrk og meteorologiske utgreiingar om all verdas vêr Regn

Skyer Vind Sol

13

29

43 59

Kven tok regnet til mormor? Vêret og vi

77

Verda og vi

84

Stikkord

86

Litteratur

87


10


Vêr! Denne boka er om vêret. Om kvar vindane kjem frå, om kvifor hagl får racerfart, og om korleis regnet blir til. I tillegg fortel boka om Styrk, som bur i Noreg, men tenkjer på Afrika. Når kjem regnet til dei tørre åkrane hos mormor? tenkjer han. For det kjem vel, om det ikkje er nokon som har stole det? Her er det altså både ei forteljing og ei mengd meteorologiske småstykke. Du kan ta småstykka med inn i forteljinga. Men du kan også lese heile forteljinga først – eller sist – nett slik som du sjølv vil. I slutten av boka kan du lese om korleis vêret held på å endre seg her på kloden. Og du skal få vite kvar regnet i Afrika er blitt av!

11



REGN


Styrk drøymde om regn.

14


Kva er regn?

Nedbør er så mangt!

Store dropar sig saman, dei liknar små hamburgarar. Veldig store dropar deler seg i to.

Yr er dropar som er så små og lette at dei liksom svever kring oss.

Regn er dropar av vatn. Som regel er dei runde.

Korleis blir det regn?

Regnet fell frå skyene. Men skyer kan vere så kalde at dropane ofte frys til is. Til og med sommarregnet kan starte som is oppe i ei sky! Først kan altså regnet vere krystallar av is eller snø. Men dei smeltar mens dei dalar. Berre når det er kulde nede på jorda, klarer snøen å vere snø heile vegen ned.

Regn er vatn som fell nedover oss i små eller store dropar. Det kan regne svakt, moderat eller kraftig.

Sludd er snø som er så våt at han kjennest som regn idet han når oss. Snø er vatn som har frose til krystallar. Dei kan sjå ut som sekskanta stjerner. Hagl er klumpar av is. Haglkorna er oftast som erter, men dei kan også bli store som appelsinar.

Kalde vinterdagar har snø. Varme sommardagar har mildt regn.

15


Regnet fossa ned over Afrika. Det rann over gras og grønsaker. Det pipla og draup.

16


Regn, yr, snø og hagl

Om det ikkje kom nedbør, hadde jordkloden tørka ut. Brønnane hadde blitt tomme, og innsjøar og elvar hadde forsvunne. Regn, yr, snø og hagl er nedbøren som sørgjer for at vi kan bruke vatnet på jorda om att og om att. Regn, yr, snø og hagl går inn i ein evig rundgang: Vatnet sitt krinsløp.

Krinsløpet

Eit krinsløp har verken ende eller start. La oss likevel starte med regnet: Regn, yr, snø og hagl fell frå himmelen og lagar innsjøar, elvar og hav på jorda. Opp stig det damp! Og av dampen blir det skyer som igjen blir til regn, yr, snø og hagl.

Vatnet på jorda

Nesten alt vatnet på jorda er salt. Heile 97 % er sjø. Mange fiskar kan leve i sjøen, men dei fleste dyr må ha vatn utan salt. Og kvar kjem dette ferske vatnet frå? Jo, det kjem frå regnet! I vatnet sitt krinsløp blir saltet liggjande att i havet.

Kvar finn vi ferskvatn?

Regnvatnet samlar seg på og under jorda. Vi menneske veit å ta vare på det. Vi byggjer demningar og brønnar, eller pumpar opp regn som ligg gøymt djupt nedi sanden og fjellsprekkene. Å finne slikt gøymt vatn, grunnvatn, er som å grave fram ein dyrebar skatt.

17


Og det pipla og draup p책 Styrk.

18


Skydropar

Regnet kjem frå skyene. Men i skyene er dropane små, så små at dei svever. Skal dei falle, må dei bli tyngre og større.

Ein skydrope er 0,02 mm vid. Ein regndrope er 2 mm vid. Ein million skydropar må til i eìn einaste drope med regn!

Slik blir skydropar store

Skydropar veks ved å dulte i kvarandre. Dultinga skjer helst i vind. Straks dropen blir større, fell han ørlite, sakte. Og mens han fell, dultar han i nye dropar. Han dultar og dultar, han blir større og større. Når han er stor og tung nok, får han falle som regn. Dropevekst kallar vi dette. Skyer som er høgt oppe, er altså kalde. Her frys skydropane ofte til is. Is og vassdropar svever saman. Men mens dei svever, dreg isen deler av dropane til seg. Isen blir tung, han begynner å falle. Og mens han fell, veks han vidare, som ved dropevekst. Den siste og raskaste måten som små dropar kan vekse på, er slik: Små dropar festar seg på salt frå havet eller sand frå jorda som vinden har blåse opp. Og vips er dropen stor og tung nok til å falle som ein ”fullvaksen” regndrope.

19


Men Styrk var jo ikkje i Afrika! Han var i Noreg i senga si. Regnet var ingen draum, det var verkeleg.

20


Tyngd gir kraft

Tyngdekrafta gjer at det som har tyngd, blir trekt mot det som er enda tyngre. Tyngdekrafta verkar støtt: Skydropar blir trekte mot salt eller sand. Regndropar blir trekte mot jorda. Regnet fell, seier vi.

Fart

Nedbør fell i ulik fart. Det som er lite, fell sakte. Det som er stort, fell fort.

Raskt og roleg regn

Små regndropar har nokså liten fart. Store regndropar har stor fart. Ein drope som er 5 mm, fell 5 gonger så fort som ein drope som berre er 0,5 mm. Dropane vi kallar yr, fell så sakte at dei ser ut som dei svever.

Den langsame snøen

Snøfnugg har liten fart. Forma som sekskanta stjerner kan dei sveve som små fuglar eller fly.

Hagl i racerfart

Hagl blir til når vinden piskar i kalde skyer. Iskuler fer opp og ned i ein veldig fart. Dei kolliderer og blir stadig større. Eit haglkorn så stort som ei ert kan få ein fart på 10 meter i sekundet. Eit haglkorn som ein appelsin kan få ein racerfart på 50 meter i sekundet og gjere stor skade på det som det treffer!

21


Det plaska ute. Det dropla inne.

22


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.