Mysteriet med treningsnarkomanen

Page 1


Mysteriet med

ferdig.qxd:A

24-08-11

10:01

Side 3

Signe Olaug Pedersen

MYSTERIET MED TRENINGSNARKOMANEN Illustrert av Mona Brekke

Samlaget Oslo 2011


Mysteriet med

ferdig.qxd:A

24-08-11

10:01

Side 4

© Det Norske Samlaget 2011 www.samlaget.no FØRTRYKK :

Samlaget Meta Plus og Sabon PAPIR : 115 g Munken Premium Cream TRYKKERI : AIT Otta AS Printed in Norway SKRIFT:

ISBN 978-82-521-7964-4


Mysteriet med

ferdig.qxd:A

24-08-11

10:01

Side 5

1 – Mamma kom syklande rundt hjørnet då han sprang på ho. Det var så vidt ho ikkje gjekk i bakken. Men trur du han sa unnskyld? Nei, han kjefta som ein galning, kalla ho ei gammal kjerring som ikkje hadde noko på ein sykkel å gjere. Mamma vart heilt skjelven. Det var trass alt midt på natta, høyrer Herman Stina seie. Rundt ho står jentene i klassen. – Kva skulle han, he? Besøkje bestemor si? spør Stina, men ristar på hovudet. – Ikkje på den tida av døgnet. Og dessutan var huset mørkt, sa mamma, berre så vidt litt lys på kjøkkenet. – Eg skjønnar ikkje at mor di vågar jobbe der, kjem det frå Aurora. – Mamma forta seg vidare, men snudde seg då ho var kommen eit stykke ifrå. Og veit de kva ho såg? Stina ser på jentene etter tur. Dei ristar på hovudet, ventar. – At han bar inn øskje på øskje. Kva var det i dei? Stina har deira fulle merksemd. Det er merkeleg, tenkjer Herman. Rett og slett merkeleg at ho alltid har eitt eller anna å fortelje – eitt eller anna ho har opplevd som gjer at ho 5


Mysteriet med

ferdig.qxd:A

24-08-11

10:01

Side 6

vert midtpunktet i jentegjengen. Ho vart leiaren frå dag ein – då dei starta i åttande i haust. Er det noko jentene ikkje er fornøgde med, kan du vere sikker på at det er Stina som seier ifrå. Tek alltid ordet i diskusjonar, den ivrige handa hennar vinkar mot læraren – alltid noko ho berre må seie … – Smartass! mumlar Herman. – Av og til må ho kunne halde kjeft, får gnagsår i øyra av ho. Ja, ikkje berre i timane. Ho kjeftar og hersar med gutane i klassen òg. Han snur seg for å sjå etter Simen som sprang for å hente gymbaggen, men ser han ikkje. – Mystisk er det no, høyrer han Stina seie. No har ho tydelegvis ei ny historie på gang, noko om ein type som ber øskjer inn i eit hus. Han fnyser. Er det ulovleg òg no, tenkjer han irritert, sjølv om det er midt på natta? Herman tek gymbaggen og ruslar mot garderoben. Han håpar dei skal ha Bakken i gym, då vert det garantert innefotball. Han synest han høyrer stønna frå jentene. Dei hatar fotball, men det bryr ikkje Bakken seg om. – Vent, ropar Simen bak han. Herman snur seg og ser han komme spurtande. Dei mørke krøllane heng ned i auga. I det han stansar, gjer han eit kast med hovudet for å få dei vekk. Herman tek Simen i armen, lener seg mot han, og med eit flir i munnvika spør han: – Skal vi kikke på jentene når dei dusjar? 6


Mysteriet med

ferdig.qxd:A

24-08-11

10:01

Side 7


Mysteriet med

ferdig.qxd:A

24-08-11

10:01

Side 8

Eit bål av gneistar vert tent i auga til Simen. Han slår Herman på skuldra og flirer. – Klart vi skal!

8


Mysteriet med

ferdig.qxd:A

24-08-11

10:01

Side 9

2 – Ikkje no igjen! Jentene kjem med høgtlydte stønn og sukk. Gutane derimot gliser då Bakken seier det vert innefotball. – Give me five! Herman hevar handa mot Simen. Det smell i det hendene treffer kvarandre. Herman snur seg og kikkar mot Stina og jentegjengen. – Du får det ikkje alltid som du vil, mumlar han mot ho. Ho høyrer det ikkje, sjølvsagt. Men ser at han seier noko – og viser fingeren. – Eg skal klage til rektor, seier ho. Bakken snur seg og set auga i ho. – Kva sa du? Stina snur ryggen til han. Det høyrest mumling frå jentegjengen. Nokre av dei nikkar energisk. Bakken blæs i fløyta. – Vi deler inn i lag. Herman rullar fotballen att og fram. Kikkar mot Stina før han ser på ballen att. Gliser. Jentene er redde dei harde skota. Snur ryggen til, kryp saman – og ventar. Er så lette å terge. 9


Mysteriet med

ferdig.qxd:A

24-08-11

10:01

Side 10

Han læst som han legg all kraft i sparket, før han sender ballen av stad – mot Stina. – Idiot! ropar ho sjølv om ballen ikkje treffer ho. Han snur seg flirande mot Simen og gutegjengen. – Ta det litt med ro, gutar, høyrer han Bakken seie. – Kvifor kan ikkje jentene få spele for seg sjølv? ropar Stina. Bakken svarar ikkje, berre vinkar spelet i gang. Herman ser Stina vise fingeren til ryggen hans. Ho er tøff òg, det må han innrømme, sjølv om han irriterer seg grenselaust over ho. – Kom igjen, raska på, seier Herman og dultar til Simen. – Slapp av, du veit kor treige jentene er, svarar han. Herman vrengjer av seg T-skjorta og shortsen. Han er førstemann i dusjen. Simen har så vidt fått kleda av då Herman står og tørkar seg. – Kjapp deg, høyrer du! – Det var då fælt til masing … Simen kastar på dei mørke krøllane. – Ro deg ned, mann. – Vi ventar her, seier Herman og dreg Simen inn på doen ute i gangen. Ein etter ein ser dei gutane forlate garderoben. Herman kjenner ei uro i kroppen – som om fullt av maur kravlar rundt innunder huda hans. – Au, for svarte, freser Simen i øyret hans. – Du trakkar på tåa mi. 10


Mysteriet med

ferdig.qxd:A

24-08-11

10:01

Side 11

– Hysj! Herman legg ein finger mot leppene. Silje kjem ut frå jentegarderoben. Ho var ikkje med i gymtimen. Han ser ho forsvinne ut døra. – No er det ope, seier han og grip Simen i armen, dreg han med seg. I det Herman opnar døra, kjem Stian plystrande ut frå garderoben. Herman ryggar. – Faen! freser Simen, – kor mange gonger skal du trakke på tåa mi? Herman kjenner ein lett dusj av spytt i nakken. Stian har stansa, ser seg spørjande over skuldra. Herman held pusten, så slår døra i etter Stian. – Klar bane, kviskrar Herman. Ved døra inn til jentegarderoben høyrer dei mumling og latter. – No! Herman opnar. Rett innafor står alle jenteskoa hulter til bulter. Raskt opnar han neste dør og kikkar inn. Stina står i truse og bh. Hovudet er bøygd framover, og ho ristar det lange, mørke håret. Puppane dinglar. Ved sida av står Maren og kikkar inn i spegelen medan ho sminkar seg. Ho har truse og T-skjorte på. Meir vinn han ikkje å sjå før han høyrer eit hyl så høgt og infernalsk at det skjer i øyra. Forskrekka jenteansikt kikkar fram frå omkledingsbåsane. 11


Mysteriet med

ferdig.qxd:A

24-08-11

10:01

Side 12


Mysteriet med

ferdig.qxd:A

24-08-11

10:01

Side 13

Faen til hyling, tenkjer han, i det han møter blikket til Stina. Eit lite sekund stirer ho forskrekka på han – i neste augneblikk lyner auga mot han, og ein hårbørste kjem susande. Han dukkar. – Fuck you! ropar ho. – Vi stikk! gaular Simen i øyret hans, dreg han i armen og legg på sprang. Herman etter. – Såg du puppane til Stina? gliser Simen i det utedøra slår i etter dei. Herman nikkar. Hjartet hamrar, og det kjennest som om blodet rasar rundt i kroppen hans. Han stansar, lener seg inntil veggen, lèt att auga og ser dei dinglande puppane føre seg. – Faen kor store dei var, seier Simen medan han ser seg nervøst rundt. – Kom igjen! Han dreg Herman i armen. I det dei rundar hjørnet, går dei rett på Bakken. – Det var då svært så travelt desse karane har det, seier han. Herman kjenner ei fast hand om nakken. – Det skulle vel ikkje ha noko med hylinga frå jentegarderoben å gjere? Grepet om nakken vert strammare. – Helsike, mumlar Herman.

13


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.