Mørkerom

Page 1


Mørkerom ferdig.qxp_Layout 1 08.09.2017 14.12 Side 1


Mørkerom ferdig.qxp_Layout 1 08.09.2017 14.12 Side 3

Mette Karlsvik

Mørkerom Roman

Samlaget Oslo 


Mørkerom ferdig.qxp_Layout 1 08.09.2017 14.12 Side 4


Mørkerom ferdig.qxp_Layout 1 08.09.2017 14.12 Side 5

Hundre billionar celler deler seg, kviler, deler seg igjen, overalt, heile tida. Dei er synkroniserte og overlappar kvarandre. Lappar oss saman om og om igjen, til nye oss. Mor di har ei celle som er større enn noka menneskecelle. Gelédekt, liksom ugripeleg, ligg eggcella i hennar midte og ventar på rastlause spermie. Dei skaper zygote. Celler deler seg, kviler, deler seg igjen. Du deler deg, samlar deg, deler deg igjen. Du har ikkje tid til kvile, har det travelt med å bli menneske, bli fødd, vekse til og døy.  år før du blir far min, kjem du til. Du fødest i ei stove mellom fjord og fjell. Fredly står imot når skogen blir vill. Mellom tretti artar tre, tre typar sjø: skjerma frå havet og med sikt over vatnet, der slår du rot. Det er ikkje rart du søv godt der, ved foten av fjellet. Der du blir fødd, er det særs vakkert. Berre det å bli fødd, å bli fødd der, å vere grøn i det som er grønt, berre det å vere til, det er å ha verdi. Og mellom trea hoppar ekorn fordi dei hoppe vil, berre difor, berre fordi. Sjølv fjorden er bilde, bildet på fjorden er alltid likt: lia, fjellet. Men så kjem dette lågtrykket forbi. Øya viser seg skjør når himmelen tetnar til. Himmelen flør. Over øya trugar væte, vind, sjølv solstrålane skjer gjennom byer og er knivskjel mellom skyer og sjø. Øya er kronisk kledd i flortynne lag av væte, byer, dis (men lyst er det likevel, på sitt vis). Fotografen framkallar dåpsbildet ditt på mjukt papir. Papiret hermar huda di. Disig, i alle tonar av grått. Fotografen fargelegg bildet med pensel av ekornhår. Han held 


Mørkerom ferdig.qxp_Layout 1 08.09.2017 14.12 Side 6

i penselen med ei hand som er både bestemt og laus. Fingrane held godt om penselen. Men handleddet er mjukt, medan armen er det som bestemmer rørsla av heile lemmen. Teknikken liknar den til den buddhistiske bogeskyttaren: Heile kroppen er med i rørsla og gjer henne på same tid kontrollert og fri. Slik målar fotografen fram hudfargen din og det levande blå i auga dine. Det er som om han måla på auget til eit menneske. Fotoalbumet til far din har lauvtynne skiljeblad. Mellomarka er bladskjelett. Dei blar av seg sjølve, med ein trekk frå gangen. Albumet ligg på eit bord ved stovebordet. Veslebordet er i ly av storebordet. Albumet er ramma inn av ei stove. Stova er ramma inn av huset. Huset ligg i ly av skogen.


Mørkerom ferdig.qxp_Layout 1 08.09.2017 14.12 Side 7

Det er ein varm sommar. Mor di lagar ein heim i hagen. På eit lite bord, eit med hjul under og duk oppå, set ho glas, ei kanne saft med plast over, og i ei skål kjeks som forsvinn som dogg for sola. For søskenbarna dine og du krinsar rundt bygda med ein frekvens på to timar, toppen, og alltid er det nokon som sit under treet i skuggen og drikk raud saft og les aviser. Klokka fem er de der heile gjengen. Det er nysteikt vaffelkake, rørt jordbær og rømme. Fetteren din sit på ein krakk og du på armlenet til far din. Du er halvt på armlenet, halvt i fanget på far din. Så har de noko å sitje på heile gjengen og hiv dykk over maten. De sit som ein einaste tett kropp, over, kring møblane. Så forlèt fetteren din stolen sin, tar nokre skritt attover og knipsar eit bilde av selskapet. Den tomme stolen blir eit midtpunkt i bildet. Eit påfallande tomrom; for kvifor skulle ingen sitje i den gode stolen, den med pute, når andre sit på krakkar og kvarandre. Det er som om stolen representerer den som manglar. Eit heilagt punkt som ingen tør røre. Eldste fetteren din spør far din. Skal eg sjekke kjellaren? Ja, du får sjekke kjellaren, seier far din, og seier til nevøane at dei skulle ha skifta pæra. Søskenbarna dine går i kjellaren. Sola er på veg ned. Det blir skymt. Men framleis er det mildt. Mor di steiker fleire vaflar. Den siste fetteren din seier at han bør gå og sjekke brørne sine, og de sit att og ser ut i lufta. Himmelen er eit urørt, blått lerret. På lerretet dukkar ein kvit figur opp. Eit fly. Det lagar ikkje ein lyd. Liksom eit spøkelsesfly flyg det ved hjelp av magiske krefter. Det stig. Sakte først, så ganske brått, før det krenger, legg seg attover, loopar. Flyet lever liksom, som ein fugl. Du reiser deg, som 


Mørkerom ferdig.qxp_Layout 1 08.09.2017 14.12 Side 8

om det skal ta deg nærmare flyet og avsløre løyndommen. Vengane, ser du, er ganske smale, med ein vipp ytst. Roret bak som finnen til ein sei. Som ein sei, tenkjer du, eller ein makrell: ein straumlineforma, slank kropp som finn kanalar av kraft i straumen i lufthavet. Flyet sirklar rundt, det kjem nærmare, og du oppdagar at det skal lande. Det må vere på den nyslåtte storenga, ekra nede i bygda. Du spring til kjellaren, roper på eldste fetteren din. Han må køyre ned til Vågen, ned til flyet. Men fetrane har visst funne noko øl og har smakt på det allereie. Den kvelden sit de i kvar dykkar verd. Fetrane dine blir lystige og vil aldri gå heim. Du blir sitjande ute, i sommarkvelden, og førestiller deg korleis flyet går inn for landing på enga. Du brettar eit enkelt papirfly, det vanlege, og spring opp på rommet ditt, kastar det ut over hagen. Det landar i hortensiaen. Du brettar eit nytt fly på same måten. Men du vippar vengane opp. Flyet flyg lenger enn første flyet. Men det er for tungt på feil stad. Du skjer ein kropp ut i tynn papp, lagar eit hakk og set vengen i hakket. Du gir vengane ein større boge og kastar flyet ned over selskapet. Det mistar høgd, trugar med å lande i skallen på far din, før det plutseleg stig, flyt opp på ei boble av varmluft, og søkk igjen, før det landar, mjukt, i graset. Morgonen etter køyrer far din deg ned til vågen. Seglflyet ligg der enno. Du tenkjer, når du tar det i nærmare augesyn, at førestillingane dine om flyet var flottare enn flyet sjølv.


Mørkerom ferdig.qxp_Layout 1 08.09.2017 14.12 Side 9

Dette blir annonsert i januar: De skal ta bildet på palmesøndagen. Alle skal ha mariusgenser. Mor di og søstrene hennar strikkar på. Og de, de har å setje av i kalenderen at den dagen skal de stille på trappa. Palmesøndag er mariusgenserane ferdigstrikka. Alle sytten, på sytten søskenbarn, kvar og ein i sin eigen storleik, til kvar og ein av dykk. De stiller dykk i tre rekker ut frå høgd. Stripa på genseren din går over i stripa på genseren til kusina di. Genserane er som éin stor genser. Berre i desse få minutta på palmesøndag  er dei samla. Så set dei ut, på ski og kjelke, til kvar sin kant av bygda. Dei lever sitt liv som enkelte mariusar på deg, kusina di, fetrane dine, far din.


Mørkerom ferdig.qxp_Layout 1 08.09.2017 14.12 Side 10

Du sit i sofaen, framfor bordet, er rundt  år, men er ei tyngd i sofaen. For du går ingen stad. Du har akkurat begynt ein låt. Det tar minst fire minutt å spele gjennom han. Menneske blir trekte til den som i sofaen sit. Vesle fetteren din søkk djupt ved sida av deg. For alltid er det slik at noko veks og noko søkk. Og alltid held kloden seg trill rund. Stova ved skogen blir òg slik: runde former, runde folk, folk som har eit rom i seg, som er runde i kantane, som ikkje hissar seg opp over det uviktige. Di ro balanserer andres uro. Andres uro balanserer di ro. Du held gitaren som eit spedbarn, har eit godt tak om kroppen. Ei hand bestemt under hovudet, tryggande halsen. Du har yndlingskleda på deg. Dongeribuksene som sit så godt. Mariusgenseren som sit stramt over bringa, med erme du har trekt opp til olbogane. Underarmane er hårete, med musklar som speler med barregrepa dine. Du tenkjer på noko, ser for deg noko, eller nokon. Kanskje tenkjer du på ei jente med tette augevipper. Kanskje drøymer du om kva du kan bli, eller du tenkjer ikkje noko større. Du har det kanskje heilt godt der, då, femten år gammal. Fotografen liker deg. Det ser eg i andletet ditt. Foreldra dine, som sit der ein stad i stova, dei også, liker godt at du speler og fyller stova med musikk. Du speler enkle grep, barregrep, for å flytte handa minst mogleg. «It’s now or never» og (You’re the) «Devil in Disguise». Du er klar over at du blir fotografert. Fotografen tar ikkje sjansen på at du blir overraska, at du skulle bevege deg brått. Han har berre eitt bilde att, det er dette bildet eller ingen. Du høyrer fetteren din knipse, veit at bildet er tatt, og 


Mørkerom ferdig.qxp_Layout 1 08.09.2017 14.12 Side 11

løftar blikket. Ser ut av glaset. Det blir mørkt. Vinden pip i glaset. Hauststormen begynner. Du fryktar ikkje den forma for storm, den naturlege, den som berre melder om at den mørke, rolege tida kjem. Trea trekker saman. Stammar og greiner slår knutar. Sevje samlar seg, som åreknutar i gamlingar. Greiner får vorter og stammar knotar. Dei er trestoff vikla inn i trestoff. Celluloseroser blir dekte av bork. Du kvesser øksa, siktar med stor presisjon og hogger knoken av. Så spikkar du vidare. Skavar borken av og kjem under huda, til trestoffet. Stoffet har teikningar i seg, som blomar, buskar, heile skogar. Frå knokane spikkar du knivskaft. Du begynner ein kjedereaksjon av skaping; skaft på skaft blir spikka på Fredly, med Fredly-knivar. Søskenbarna dine og du går etter juletre. De finn ei furu med særleg personlegdom, men utan knotar. Under juletreet legg du pakkar til alle i familien: knivar av overskotsveden til tre.




Mørkerom ferdig.qxp_Layout 1 08.09.2017 14.12 Side 12

De gjer ikkje dette kvar dag. Vêret set grenser. Dei klåre dagane er sjeldne på Nord-Vestlandet. Men no tar de skistøvlar på og går ut. Utan solkrem. Solkrem er for mor di. De har solbriller og skaper dykk sjølve om til idola, til rockeheltane på plateomslag og plakatar. De poserer for mor di, i hennar heimestrikka ullgenserar. De har blikket til mor di i ryggen. Det rettar ryggen. De går med spenst i beina til skogen, opp åsen og står ned bratte bakkar. Omslutta, trygga av strikketøyet frå mor di. Ikkje rart at du hadde så mykje kjærleik å gi. Mor di, farfar, søskenbarna dine; de er tett knytte til kvarandre. De er som systemstrikk gjort av hendene til mor di. De tar skia over aksla, vassar opp snøåsen og klatrar Mannefallet og Klovlia. Rett over tregrensa blir snø til skare. De står ned bakken og tar sats over ein skavl. Så svever de i lufta, flyg nokre titals meter og ser Fredly som abstrakte former, som eit bilde laga i ei anna tid. På veg heim snakkar de om Helmut Recknagel og korleis han får det til: Ikkje berre hoppe så langt, men gjere det med slik ein stil. Stil og styrke, det er dykkar mannlege forbilde. Eldste fetteren din veit kva Recknagel gjer, han seier at han har høyrt det, lese om det, og seier at det kan også de klare. At de klarar kva de vil. De har det i dykk. De gløymer at de er slitne og svoltne då. Når de ser på armbandsura, er det for å telje halvtimar til sendinga begynner. De set dykk framfor radioapparatet. Kommentatorane skaper bilde i hovudet dykkar. Bilda de har av hopparane og hoppa, er gjævare og stiligare enn dei faktiske bilda. 


Mørkerom ferdig.qxp_Layout 1 08.09.2017 14.12 Side 13

Eg trur kjærleiken set seg i andletet ditt. Fordi det er eit mønster i livet ditt, blir det festa til andletet ditt. Slik får du henne som skal bli mor mi, på kroken. Å skape mønster, seier du: Det er ein måte å gjere verda vakrare på.




Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.