Mørker mørke mørkt krystallar

Page 1


Mørker mørke mørkt ferdig_Layout 1 13.06.17 10:22 Side 1


Mørker mørke mørkt ferdig_Layout 1 13.06.17 10:22 Side 3

Ann Jäderlund

mørker mørke mørkt krystallar

Frå svensk ved Gunstein Bakke og Gunnar Wærness

Samlaget Oslo 


Mørker mørke mørkt ferdig_Layout 1 13.06.17 10:22 Side 4


Mørker mørke mørkt ferdig_Layout 1 13.06.17 10:22 Side 5

Kvite syng dei nesleblada Etter natta høge nesler Innved veggen søkk dei ned Nær den raude låven stille Kvar ei natt med nye steg Nesler utan graver høge Vakre innved veggen steg Grovt høyrer eg ospene skake Ser dei glatte vende lauvet At ein søkk ned meir og meir Grove vakre nesleblada I det grøne hofter blada At dei bøyer meg òg ned Og eg høyrer fivreld hovmod


Mørker mørke mørkt ferdig_Layout 1 13.06.17 10:22 Side 6

Så forsiktig vaknar geita Frå ein søvn kanskje draumar Eg veit ikkje ingenting Slik ho luktar går ho inn Svake opning blå pupill Mjuke hårstrå enno trøytte Leppa runda ingenting Slik ho luktar går ho inn Blå og enkle sjøar små Eg veit ikkje kanskje draumar Så forsiktig vesle geita


Mørker mørke mørkt ferdig_Layout 1 13.06.17 10:22 Side 7

Fjorårslauva kvite blenker Einergreiner ospa graset Høge rundblad bjørka heng Tett ved huset mjuke vegg Tett ved mjuke huset veggen Og med greina bøygd inn over Veggen nesten kvite vegg Blenker tett ved graset lauva Heng der lause vinden blæs Stilt i mørkret mjuke vegg Vinden mjuke blada blæs Lause bøygde inn mot huset Inn mot huset mjuke vegg Runde lause høge vakre


Mørker mørke mørkt ferdig_Layout 1 13.06.17 10:22 Side 8

Lydane kjem tomt i huset Rippa opp i flak tapetet Det er no frå tid til tid Blå og kvite levning liner At ein dis av menneskelyd Svake sukkar eller skrik Renn ned etter veggen liner Lydar tomt i huset tid Inn til lukta blåe liner Over slaget klokkene ved Lyd av strok der inne liner Store klokker blå og lyse Blå og vakre klokker ved Mjukt ved veggen vakre ved Og inntil stroka kjem Inn til veggen kjem dei stroka Noko lyst på golvet ved


Mørker mørke mørkt ferdig_Layout 1 13.06.17 10:22 Side 9

Lyset merker av den kanten Skuggen nær tallerkenkanten Solbestikket gaffelkanten Lyset mot den rosa huda Andletet i solbad hud Dropar lys bestikket kanten Gule steingods solbadsgult Gul den gule handa kanten


Mørker mørke mørkt ferdig_Layout 1 13.06.17 10:22 Side 10

Eg ser svarttrosten stå Framfor meg i fjorårslauvet Roleg nær oss veks ein blå Blom i einsemd stilt i lauvet Svarttrostfuglen lear på seg Lauvet sakte mot det blå Under blomen sakte lauvet




Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.