sørbø komplett versjon 33333:Layout 1 21.06.10 11.20 Side 1
Dette er ei personleg forteljing om gamle foreldre som døyr ein naturleg død og det triste i det mest naturlege. Korleis kan vi som born og etterlatne koma oss vidare og veksa på sorga? Jan Inge Sørbø brukar historia om den siste tida til sin eigen far for å reflektera over kva det vil seia å ha andres liv i sine hender. Kva for eit ansvar har vi for å ta oss av gamle menneske som har mista talen og minnet, men ikkje menneskeverdet? Han brukar religion og filosofi, poesi og musikk som grunnlag for kloke refleksjonar om sorgarbeid og kva foreldra våre betyr for oss når dei blir borte. Kva er eit menneske? Om ikkje eit vesen som lever i det å vera avhengig av andre?
ISBN 978-82-521-7619-3
Barndomsheimen på Bru, utsyn mot Utstein kloster. Foto: privat
JAN INGE SØRBØ LYSET FRÅ FARS ANSIKT
«Men det eg hugsar best frå dette, var augneblinken då døra gjekk opp, og han kom tumlande inn, ustø og ukjenneleg. Så snart dei andre kom til og tok seg av han, fór eg inn i eit mørkt rom for meg sjølv, og tenkte for alvor på kva det kunne bety om far skulle bli borte. Det var ein tanke som ikkje hadde plaga meg før; no såg eg brått kor forferdeleg det ville bli om han skulle døy frå oss. Og forstod, på ein sjokkarta måte, kor mykje han betydde for meg, kor trygt det var å ha ein far.»
Jan Inge Sørbø
LYSET FRÅ FARS ANSIKT Refleksjonar ved livets slutt
Jan Inge Sørbø (f. 1954) kjem frå Bru i Ryfylke og er litteraturvitar, forfattar og kritikar. Han arbeider som professor ved Høgskulen i Volda. Sørbø har ein allsidig forfattarskap bak seg som inneheld diktsamlingar, romanar og fagbøker. Han har mellom anna skrive kritikarroste biografiar om Alfred Hauge, Hans Skjervheim og Olav Aukrust og romanar baserte på liva til Alexander Kielland, Ludwig van Beethoven og Fartein Valen.