Lukta av våt jord om natta

Page 1


Lukta av vĂĽt jord om natta ferdig_A 15.06.16 13:36 Side 1

1


Lukta av vĂĽt jord om natta ferdig_A 15.06.16 13:36 Side 3

Maria B. Bokneberg

Lukta av vĂĽt jord om natta Roman

Samlaget Oslo 2016

3


Lukta av vĂĽt jord om natta ferdig_A 15.06.16 13:36 Side 2

2


Lukta av vĂĽt jord om natta ferdig_A 15.06.16 13:36 Side 5

Til Bjørn-Henrik


Lukta av vĂĽt jord om natta ferdig_A 15.06.16 13:36 Side 6


Lukta av våt jord om natta ferdig_A 15.06.16 13:36 Side 7

Eg drøymde at eg fødde ei dotter. Ho var stor, glatt og stiv som ei dokke. Eg kjende meg vemmeleg på grunn av alt blodet, men ho var lys og rein, og livlaus. Eg rista henne, klaska henne på rumpa, ingenting skjedde. Eg vende henne opp ned i håp om å tømme skriket ut av henne. Det var mor som redda henne, ho kom og viste meg, berre klyp henne litt i hælen, sånn. Dottera mi hylte. Eg tok henne inntil meg, klypte henne litt ekstra for å vere sikker på at ho levde. Mor heldt henne medan eg vaska meg, og då eg kom attende, var ho mjuk og kledd, lo og strekte armane mot meg. Alle elska dette barnet, mor var der, far og Rakel var der, og Lillian. Dei ville halde henne, løfte henne høgt så ho lo, og alle såg kor glad ho blei då eg kom, at ho ikkje visste kor mykje ho sakna meg, men no fekk ho det travelt med å kome til meg. Eg smelta saman med henne, ein glødande masse, ei lysande kraft som løfta oss. Eg vaknar og saknar dottera mi, ei dotter eg aldri har hatt. Eg freistar halde fast i denne kjensla, ei euforisk kjensle av kjærleik. Eit lys har kome inn i meg, ein tryggleik som ikkje har vore der før. Ein varme i kroppen. Det tjukke rispapiret ligg i ein rull under senga. Eg strekker fingrane inn i mørket og dreg han ut. Frå nattbordskuffen løftar eg ut kolbitane. På golvet rullar eg ut eit stykke av papiret 7


Lukta av våt jord om natta ferdig_A 15.06.16 13:36 Side 8

og teiknar skuggen frå treet, eit minne om ein sommar, og eit lys strålar ut frå dei to som står under treet. Eg teiknar dottera mi på papiret og finn mor som barn.

8


Lukta av våt jord om natta ferdig_A 15.06.16 13:36 Side 9

Eg held blikket festa på hyttepanelet medan eg støttar meg til veggen, reiser meg og går sakte ut i gangen med månelyset fløymande ned frå takvindauget. Det er noko i meg som reiser seg, høgre og høgre. Det er min tur, eg skal kverve, bli slukt av dette som kjem for å hente meg. Eg gir frå meg eit kvin då eg spring ned trappa, står og ser meg rundt i det skarpe lyset på do, set meg, kvir meg alt til turen opp att. Eg sløkker lyset, dreg fingrane over plankane i gangen, orkar ikkje tanken på å gå opp til takvindauget att, så eg tek sats og renner framom bokhyllene og inn i stova. Framfor kakkelomnen krøllar eg saman avispapir til harde kuler, legg små kvistar oppå, tenner på og blæs inn i glørne, som sakte tek tak i treet. Ein liten bunke av mor sine fotografi, bylandskapa i regn, dei ukjende ansikta eg har sett i dei glansa magasina. Eg spreier bilda utover, set meg på golvet ved omnen. Eg byter plass på dei, reiser meg, subbar inn på kjøkenet for å ikkje vekke dei andre, hentar ein stol, stiller meg opp på han for å få oversikt. Så slitsamt det er å gå opp og ned av stolen. Kjem på at vi kanskje har Tack-it, rotar gjennom det nedste skåpet på kjøkenet, festar bilda med den blå gummien, går 9


Lukta av våt jord om natta ferdig_A 15.06.16 13:36 Side 10

bakover mot omnen, set meg på golvet der medan eg bit meg i innsida av kinnet, går attende, flyttar på nokre bilde. Eg lyttar, har heilt gløymt å vere stille, men kan ikkje høyre anna enn knitringa frå omnen. På hylla under bordet ligg meir kol og papir, eg henger arka på veggen, teiknar mor med gapande munn, latteren som sprett ut av henne. Mor og Rakel, to lange skikkelsar med fyldige lepper, vikla saman. Ingen stader å gå – eg mosar, pressar og stryk kolet utover, ark etter ark, for at tida skal gå, dagane, vekene – kva eg ventar på, veit eg ikkje. Teiknar for å halde meg fast. Kolet raspar i papiret, eg stryk fingrane over. Konturar flyt ut, fyller arket med mørke, og ein kvit sirkel, tom, det får vente, vere uferdig, men det finst eit rom der.

10


Lukta av våt jord om natta ferdig_A 15.06.16 13:36 Side 11

Det er framleis natt utanfor, men månelyset møter det oransje skinet frå flammane på dei ru plankane. Eg held dei svarte handflatene fram. Mor og eg stod her for nokre år sidan, laga klart til grilling, far var ute i hagen og raka i kolet, og Rakel sat i benken og las. Så godt å vere her, sa eg. Mor lo, Rakel plirte mot meg, medan eg lo saman med mor. Eg stira på søstera mi, ho sat jo berre der med beina på bordet. Rakel la frå seg boka, spurde om ho kunne hjelpe til med noko. Plukk nokre blomstrar vi kan ha på salaten, sa mor og gav henne ein liten emaljekopp. Rakel gjer så godt ho kan, Mie, sa mor då Rakel var gått ut. Kva meiner du? Du hugsar vel korleis det er å vere femten år, sa mor, du treng ikkje vere så streng med henne. Eg sa ikkje noko. Rakel kom inn igjen, strødde dei blå blomstrane frå agurkurta og dei oransje ringblomstrane over det grøne. Sjå, så herleg, sa mor og lente seg over salatbollen. Eg hadde olje og krydder opp til olbogane, dyppa kjøtet oppi blandinga og la det over på eit fat. Eg går ut til far med det her, sa mor, tok med seg kjøtet 11


Lukta av våt jord om natta ferdig_A 15.06.16 13:36 Side 12

ut til far ved grillen. Eg kunne ikkje høyre dei, men eg såg dei gestikulerte, far smilte stillferdig, og mor stod med hendene ut i lufta, som om ho venta at han skulle gi henne noko. Ho sukka då ho kom opp på terrassen, men smilte då ho kom inn til oss. Her, sa mor då vi sat under morelltreet, rekte meg skåla med salat. Mor dykkar reiser i morgon, sa far. Rakel stoppa å forsyne seg, rynka på nasen, byrja ete. Eg sa ikkje noko, visste at ho kom til å reise på eit eller anna foto-oppdrag, ho gjorde jo alltid det. Men når eg kjem heim, håper eg de vil hjelpe meg å velje kva bilde som skal på utstillinga. Ja, sa Rakel, blei ivrig no. Då seier vi det, sa far. Skål for sommaren, sa mor. Eg finn mor i kolet, det mørke håret omringa av dei svarte blada. Ho klatrar i treet saman med Rakel, dei kastar seg ut som flygeekorn, landar på aksla til far, som sit framfor blomsterbedet. Fotblada mot det kalde golvet, den hikstande anden raspande i brystet. Eg reiser meg så fort at eg må ta eit støtteskritt mot dørkarmen. Eg hugsar at eg sneik meg opp til det øvste trinnet og kika over kanten, såg rett inn på golvet med det sjakkmønstra teppet. Lyset frå takvindauget spreidde seg utover plankane og trappa med dei store hòla mellom trinna. Eg likte å krabbe 12


Lukta av våt jord om natta ferdig_A 15.06.16 13:36 Side 13

på alle fire oppover medan eg ivrig og oppspilt passa på å ikkje gli inn mellom trinna, måtte ikkje springe i trappa. Dei stod tett opp mot kvarandre, far med eine foten på ein stol, mor med armane korslagde over brystet og ansiktet vendt bort. Stemma til far var kvass. Du må snakke, Marit, svare meg, sa han. Eg kan ikkje hugse om mor svara eller kva dei snakka om, hugsar berre kjensla i kroppen – ønsket om at dei skulle stoppe. Far var sint, men trist òg, trur eg. Mor verka irritert. Det er mogleg eg hugsar det feil. Eg venta at far skulle slå dei lange armane sine om mor, som han pla når eg blei sint eller lei meg, men i staden fekk dei auge på meg. Eg stega opp det siste trinnet, og mor styrta inn på rommet deira, medan far løfta meg opp og spurde om vi skulle fargelegge. I benken på kjøkenet teikna eg som best eg kunne, men kom utanfor strekane. Det gjer ikkje noko, sa far, vi klipper ut figurane, det er ingen som får vite noko. Han laga kvelds, og eg fortsette å fargelegge, til vi høyrde ytterdøra slå igjen. Far heldt blikket festa på hendene mine. Seinare las han for meg på sengekanten. Då han var ferdig, prøvde eg å finne på ting å spørje om så han ikkje skulle gå. Kan vi teikne meir i morgon? Ja, sa far. Kvifor liker ikkje mor å teikne? 13


Lukta av våt jord om natta ferdig_A 15.06.16 13:36 Side 14

Han blei ståande i døra, vend mot vindauget. Eg fekk trong til å reise meg og sjå, men gardinene var trekte for. Eg trur ho liker det, sa han, ho blir sikkert med i morgon, men no må du sove. Far lukka døra halvvegs, for så å opne henne att då eg heldt fram med å stille spørsmål. Vi får snakke meir i morgon, sa han, god natt. Bilane på tapetet var trugande, så eg la meg på sida med ryggen til dei.

14


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.