Lev vel, alle

Page 1


Lev vel alle ferdig_A 18.08.15 09:58 Side 220


Lev vel alle ferdig_A 18.08.15 09:58 Side 1

Hilde K. Kvalvaag

Lev vel, alle Roman

Samlaget Oslo 


Lev vel alle ferdig_A 18.08.15 09:58 Side 38


Lev vel alle ferdig_A 18.08.15 09:58 Side 3

Should we have stayed at home, wherever that may be? Elizabeth Bishop: Questions of Travel, 


Lev vel alle ferdig_A 18.08.15 09:58 Side 4


Lev vel alle ferdig_A 18.08.15 09:58 Side 5

Vancouver


Lev vel alle ferdig_A 18.08.15 09:58 Side 6


Lev vel alle ferdig_A 18.08.15 09:58 Side 7

På nært hald løyser ansiktet hans seg opp, er delt i ulike bitar, bleike kinn, eit tynt forsøk på bart over den fint forma munnen. Auga er gråblå, augnebryna mørke og tydelege, det brune håret er kort, etter at ho tvinga han til å klippe det før avreise. Han kunne vore kven som helst. Men han er hennar son. Han er seksten år og sju månader, men ho kan ikkje la vere å stryke han over kinnet. Han snur seg vekk i det ho rører ved den varme huda hans. – God natt, vennen min. No må du sove. Han begynner å le. – Bra hotell du har funne, mamma. Hilton. Han ler så han ristar, og ho må le litt, ho òg. – Det er berre éi natt. Du klarer det. Latteren hans stoppar like fort som den begynte. – Har dei nett her. Eg må ha nett. No. Ho kjenner trøyttheita dirre i hårrøtene, sukkar. – Det er ikkje sikkert at det er nett her, men eg skal høyre. Ho lukkar seg ut av rommet hans, går på toalettet på gangen. Verken i magen dunkar når ho går gjennom den svakt belyste gangen. Ei stram lukt av piss slår mot henne. Dopapiret blir blodig når ho tørkar seg, den skitne doskåla er full av blod. Ho drar i snora, må trekke ned fleire 


Lev vel alle ferdig_A 18.08.15 09:58 Side 8

gonger før ho får skylt vekk alt. Ho støttar seg til veggen der målinga flassar av, står slik nokre sekund. På rommet hennar heng støvet tjukt i lufta. Det luktar surt, og gardinene heng som filler i vindaugskarmen, vegg-til-vegg-teppet har ein ubestemmeleg farge med mørke flekkar. Ho hadde ikkje førestilt seg at hotellet skulle vere så grufullt. Murray Hotel? hadde taxisjåføren sagt. Er du sikker på at du ikkje tar feil? Brått er det over henne: Hjartet aukar takten, klemmer mot brystkassen. Ho prøver å dytte opp vindauget, men det står fast. Ho dyttar hardare, slår i det, men det rikkar seg ikkje. – Unnskyld, men er det Internett på romma? spør ho. Den vesle resepsjonsdisken minner om ei hytte i den norske fjellheimen med gammalt panel og rutete gardiner. Mannen med dei lurvete kleda som sjekka dei inn, ser opp frå avisa gjennom ei sky av sigarettrøyk. Ansiktet hans er raudmosent, blikket uinteressert. – Nei, dessverre. Ho går ut gjennom glasdøra ved sida av resepsjonen, ned den knirkande trappa. Ute på gata hiv ho etter pusten, ser bremselysa på bilane skine raudt i skumringa, skyskraparane reflektere den vilt rosa og oransje sommarhimmelen. Ho blir ståande på fortauet til grepet i brystet berre er ein ulmande rest. Det blir betre når dei kjem seg ut på landevegen. Dei treng frisk luft, hav, natur. Han treng det. Det vil gjere han godt. Hotellet ser malplassert ut ved sida av alle dei høge husa. Fleire av rutene i den raude murbygningen er 


Lev vel alle ferdig_A 18.08.15 09:58 Side 9

knuste og lappa med plast, vindaugskarmane er fylte med søppel. På sida av bygget står det MURRAY HOTEL med store blokkbokstavar. Det er noko insisterande over dei svære bokstavane, som om nokon har skrive det med kjærleik. Her budde han i alle desse åra, oldefaren. Han sende brev heim til Noreg, til barna og kona, frå Hornby Street, Vancouver, British Columbia. Kva skulle han her, og kvifor vende han aldri tilbake? Under hotellet lyser det frå ein kafé. Indian Takeaway, står det på døra. Knut liker indisk, det kan få han i godt humør.


Lev vel alle ferdig_A 18.08.15 09:58 Side 10

Med dampande tandoori i ein pose bankar ho på rom . – Knut, er du der. Eg har mat til deg. Han svarer ikkje, og ho bankar igjen. Bankar hardare, tar i døra. Den er låst. Ho tar opp mobilen, slår nummeret hans. Det ringer der inne, ring etter ring. Herregud, at han ikkje kan opne, ho orkar det ikkje. Ho går ned trappa til resepsjonisten. – Har du ein ekstranøkkel til rom ? Han legg sigaretten oppi eit overfylt oskebeger, reiser seg. På den mørkeblå T-skjorta hans står det Vancouver Canucks. Ho klarer ikkje å la vere å stire på den falma tatoveringa på armen hans av ei storbrysta havfrue. – Du vil ha ein nøkkel til ? Den blei levert inn for ei lita stund sidan. – Levert inn? – Ja, den er her, seier han, peiker mot nøkkelskapet på veggen bak han. Sengeteppet ligg i ein krøll oppå lakena, sekken hans står uopna ved sida av. Berre hettegenseren er vekke. Ho stiller seg ved vindauget, ser ut, men det har blitt mørkt. Menneska på fortauet har blitt til skuggar utan 


Lev vel alle ferdig_A 18.08.15 09:58 Side 11

ansikt. Kvar kan han vere? Kva skulle han? Han hadde jo ledd, verka glad. Men mørket uroar henne. At han er der ute i dei framande gatene no når natta held på å falle på. På himmelen glir fly lik blinkande rovfuglar over skyskraparane. Han kjem snart. Om litt er han her. Lysflekkar dansar over veggane når trafikken i lyskrysset utanfor stoppar, ventar, køyrer. Ein stor pustande organisme.




Lev vel alle ferdig_A 18.08.15 09:58 Side 12

Ho tenner ein sigarett medan ho går, røyker med raske puff. Hornby Street har få fotgjengarar så seint. Ho ser til høgre og venstre, framfor seg og bak seg, høyrer latteren til unge jenter i sommarkjolar, lukta av parfymen deira i det dei passerer, bilar som gir gass og speler høg musikk med dunkande bass. Med eitt knasar det under skoa hennar. Ho har trakka i glasbrot, kjenner at eit av dei set seg fast under skoen. Ho stoppar, prøver å dra det ut, men det har trengt langt inn i solen. Alle glasbrota ho har måtta samle opp frå golvet dette halvåret. Ho ser ansiktet hans for seg meir livaktig enn om han hadde stått framfor henne. Enno, seint i puberteten, er det ein rest av barndom igjen i han. Noko mjukt, hjelpelaust. Ho hadde gått tom for moglegheiter. Etter rettssaka hadde han isolert seg, forsvunne inn i seg sjølv, så ho tok han med hit. Du kjem til å angre, sa han. Han sa at han kom til å lage eit helvete. Var det dette han meinte? Har han planlagt å forsvinne her? Ho skjelv på fingrane når ho tar opp mobilen, ringer nummeret hans. Ho ser namnet hans på displayet, ser for seg ringelyden fylle det tomme rommet på hotellet. Eit lite stykke ned i gata sit ein ung gut på fortauet og tigg. Ho går bort til han, bøyer seg ned. – Har du sett ein gut med raud T-skjorte gå forbi? Kanskje hadde han på ein svart hettegenser. 


Lev vel alle ferdig_A 18.08.15 09:58 Side 13

Tiggaren vender blikket sakte opp mot henne. – Han er høg, mager, brunt kort hår … Ver så snill, prøv å hugse om du har sett noko. Ho gir han to dollar. Han ser på myntane, seier: – Eg veit ikkje. Ein gut? Han er kanskje ikkje meir enn , han heller. Han er også nokons son. Knut kan ha komme tilbake no. Ho snur og går mot hotellet igjen. Tar opp mobilen, ringer nummeret hans, det ringer og ringer, under skoen kjenner ho glasbrotet. Det kjem til å komme gjennom solen om ho ikkje får det ut.




Lev vel alle ferdig_A 18.08.15 09:58 Side 14

Resepsjonisten ristar på hovudet då ho spør. – Nei, han har ikkje komme enno. Han ryddar vekk papir på resepsjonsdisken, stumpar røyken i oskebegeret. – Set deg ned her så lenge, seier han, skyv ein stol fram til henne. Han finn fram ei flaske øl frå under resepsjonsdisken, opnar den og rekker henne. Nølande tar ho ein stor slurk. Det verkar så endeleg å drikke igjen, samtidig vil ho drikke fort, drikke seg full. Ho drar ein sigarett ut av pakken, ho som aldri skulle røyke igjen, lar han tenne den for henne, trekker røyken djupt ned. Når ho når enden av sigaretten, sig ho saman, held seg for auga for å skjule tårene. Kjenner handa hans på armen sin. – Det er ikkje noko å uroe seg for. – Han er berre seksten år. – Det går bra med han, garantert. Vancouver er trygg, bjeffar litt, men bit ikkje. Stemma hans er roleg, minner om stemmer ho høyrde på radioen som lita. Lukta av tobakk og øl dampar ut av huda hans. Han luktar som onklane hennar. – Eg fattar ikkje kva han skulle gå ut for no så seint på kvelden, seier ho, tørkar vekk tårene. – Takk for at eg får sitte her. Eg veit ikkje eingong kva du heiter. 


Lev vel alle ferdig_A 18.08.15 09:58 Side 15

– Eg heiter Darren. Han er ein liten mann, håret er tynt i vikene. Det raudflekkete ansiktet røper at han drikk for mykje. – De er bra folk. Eg såg det med ein gong de kom. Han dukkar opp snart. Ikkje ver redd. Korleis gjekk det med romma? Er det noko de treng? – Nei, alt er fint. – Så oldefaren din budde her? Ho hadde sagt det då dei sjekka inn, at dei reiste i oldefarens fotspor. Ho hadde vore spent på å sjå hotellet der han hadde budd alle desse åra, tenkt at ho skulle til botnars i historia. Men kva speler det for rolle no. Ho tenner ein ny røyk, seier matt: – Ja. Han drog til Canada i , kom aldri igjen. I lange periodar budde han her på hotellet. Han jobba som tømmerhoggar, døydde på Vancouver Island i . Han reiste frå kone og seks barn, det siste var ikkje eingong fødd då han drog. Darren reiser seg, går bort til eit bilde. Tar det ned frå veggen og viser henne. – Dette er Murray på -talet. Då var det respektabelt. På fotografiet er dei halvsirkelforma vindauga skinande. På døra står det Murray Hotel med runde, nytrykte bokstavar. Ho kubbar røyken, glørne freser i oskebegeret, ser på mobilen igjen. Klokka er .. – Han kjem ikkje. Han er forsvunnen, utbryt ho. – Eg må ringe politiet. – Nei, vent. Dei gjer ingenting enno uansett. Kanskje har han gått feil når han skulle tilbake hit. Ny by, veit du, framande gater. 


Lev vel alle ferdig_A 18.08.15 09:58 Side 16

– Eg skulle ønske at du hadde rett, men han er i dårleg form. Har vore det lenge. Det går i ytterdøra. Så steg i trappa. Tause ser dei mot trappeavsatsen. Ein ung gut kjem opp trappa, går forbi med eit sløvt nikk. Ho skjuler ansiktet i hendene igjen. Darren reiser seg, finn fram to flasker til med øl, opnar, rekker henne den eine. Ho drikk fort, ho må ut og leite, men ho blir sittande. – Har du barn? spør ho. – Ja. Eg har ei dotter. Ho bur på den andre sida av Canada. – Ein trur at alt skal bli bra om ein får eit barn, seier ho. – At ein aldri meir skal bli aleine. Eg ønskte meg så veldig barn, heilt frå eg var ung. Ein gong heldt eg ei babyape i handa ein heil dag. Det var på Bali. Nokon hadde fanga den i skogen, tatt den frå mora. Den skalv. Eg sat i skuggen med apa, kunne ikkje forlate den, kunne kjenne apehjartet banke i den vesle brystkassen. Den heldt hardt rundt fingeren min, ville ikkje sleppe. Eg ville adoptere den, ta den med til Noreg. Herregud, så naiv eg var. Eg kan enno sjå for meg dei brune små apefingrane, det desperate blikket. Apa var fortapt, truleg døydde den rett etterpå, av sorg. Ho drikk resten av ølet, kjenner det suse i hovudet, høyrer ei kyrkjeklokke i nærleiken slå eitt einaste slag.




Lev vel alle ferdig_A 18.08.15 09:58 Side 17

Glasbiten under skoen skrapar mot fortauet då ho spring frå kafé til kafé, ser etter ansiktet hans i mengda. Ho møter blikket til ein mann gjennom eit kafévindauge, han er på hennar alder, sit aleine med ein øl framfor seg. Skuggen hennar veks og minkar i lyset frå gatelampene medan ho spring. Når den er på det kortaste, liknar den skuggen til ei dokke. Ho passerer ein park, lukta av blomstrar gir henne lyst til å grine. Gule taxiar rullar forbi, og ho løftar handa, stoppar ein bil, set seg andpusten inn i baksetet. – Eg leitar etter sonen min. Han har forsvunne, frå Murray Hotel. Køyr rundt i Hornby Street og tverrgatene, er du snill. – Kor gammal er sonen din? spør sjåføren på gebrokkent engelsk. Frå bilradioen strøymer arabisk popmusikk, lufta er stinn av parfymen hans. – Han er . – Bruker han stoff? For då er det nokre gater det kan tenkast at han har gått til. – Gud, nei. Det er ikkje noko sånt. Berre køyr. Taxisjåføren set i gang taksameteret og gir gass. Varmen i taxien legg seg rundt henne medan dei køyrer gjennom gatene. Ho studerer menneska som går gatelangs, held pusten kvar gong ho ser nokon som liknar. 


Lev vel alle ferdig_A 18.08.15 09:58 Side 18

Dei raude tala på taksameteret lyser som eld i mørket då ho får ei melding. Ho held pusten, opnar den. Det er frå mora hennar. Er de vel framme? – Kvar vil du eg skal køyre? spør sjåføren. – Berre køyr. Køyr til vi finn han.




Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.