Kva er greia med alle dei nakne folka i kunsten?

Page 1


Alle

BILETE

er i

ramme - ikkje sant?

Som regel er bilete ramma inn når dei skal VISAST FRAM. Rammer dreg merksemda til biletet innanfor og beskyttar kantane. Nokre er svært kunstferdig laga, særleg når kunsten skulle stillast ut i flotte hus i gamle dagar. Andre rammer kan vere ganske enkle og vanlege, slik at dei ikkje skal forstyrre for kunsten. Men alle rammer er laga for å utfylle eller avslutte kunstverket inni, for å få det til å sjå endå betre ut. 16

sjå

Synest du dette måleriet burde vere i ei ramme?


Komposisjon i gult, raudt, svart, blått og grått, Piet Mondrian, 1920

Piet Mondrian meinte at rammer var som vegger. Iblant var det som om dei stod mellom kunstverket og dei som såg på det, som om dei stengde ute eller skilde måleriet frå resten av verda. Mondrian ville at alle skulle ha glede av det han laga, og at ingen skulle føle seg utestengd frå det. Derfor måla han heilt ut til kanten av lerreta sine. Iblant måla han på sidene av lerretet òg. Han reiv ned veggene!

ge u la v d Kan mme a a ei r eske? ei side 74 Sjå

17


EI M ÅLA RAMME!

G

eorges Seurat likte ikkje at rammene laga skugge rundt biletkanten. Så han måla ei ramme i staden. Den består av tusentals bitte små prikkar rundt kantane på lerretet og blei laga med over 25 ulike fargar. Visste du at biletet på TVskjermen din består av ei mengde bitte små prikkar som blir kalla pikslar? Dette biletet blei måla over 50 år før farge-TV-en blei funnen opp!

Ein søndag ettermiddag på øya La Grande Jatte, Georges Seurat, 1884

18


dette bileteT heiter «RAMMA»!

I

dette sjølvportrettet bruker   Frida Kahlo ei ramme for å vekkje merksemda til publikum. Alle legg merke til dei sterke fargane i ramma rundt ansiktet hennar. Fargane, fuglane og blomane viser oss ting frå den meksikanske bakgrunnen til Kahlo, og fortel om det solrike klimaet og dei vakre omgivnadene i landet hennar. Med det same gule i håret og rundt halsen som i ramma kan ein ikkje anna enn å sjå på ansiktet hennar.

Ramma, Frida Kahlo, 1938

HIMMELSK?

D

å dette biletet blei måla, fanst det ikkje elektrisitet. Det blei laga til ein mørk katedral opplyst av stearinlys. Gullramma fanga det flakkande lyset og fekk det til å sjå magisk og himmelsk ut. Utsmykkinga på ramma fekk det til å sjå storslått ut, og viste at kunstverket handla om viktige figurar i Bibelen. Engelen Gabriel fortel jomfru Maria at ho skal bli mor til Jesus.

Bodskapen, Simone Martini og Lippo Memmi, 1333

19


KVIFOR er alt

flatt? Ikkje all kunst prøver å få ting til å sjå tredimensjonale ut. Todimensjonalt, eller 2D, betyr flatt, som denne boksida. Tredimensjonalt, eller 3D, betyr alt som har høgde, breidde og djupne, som for eksempel ein ball. Til ulike tider og på ulike stader har målarar prøvd å få kunsten sin til å sjå anten like flat ut som overflata han er måla på, eller tredimensjonal, som verkelege gjenstandar. Mykje gammal kunst, for eksempel dette egyptiske veggmåleriet, ser flatt ut. Det liknar meir på eit diagram enn eit bilete, og det er ikkje meininga det skal sjå naturtru ut, heller. Frå gammalt av har kunstnarar visst korleis dei skal få kunst til å sjå tredimensjonal ut, men dei kan likevel ha måla bileta sine for at dei skal sjå flate ut, med vilje. 20

kva

gjer Nebamun?


Nebamun på fuglejakt i myra, Nebamuns gravkammer, ca. 1350 f.Kr.

I det gamle Egypt blei viktige menneske gravlagde i måla gravkammer fulle av skattar. Veggkunsten i gravkammera var ikkje meint for dei levande. Han var laga for å vise gudane kva folk hadde gjort i livet sitt. Biletet ser flatt ut for at det skulle vere lett for gudane å forstå det.

kk i t yrs Er f neske men st? 8 kun ide til s å G

21


D

ette måleriet av Sophie TaeuberArp skal ikkje førestille noko anna enn det det er. Biletet er rett og slett flate former, linjer og fargar laga med måling. Det skal berre vere flatt. Taeuber-Arp laga også tekstilkunst. Det hjelpte henne å forstå at det ikkje var nokon regel som sa at måleri måtte sjå tredimensjonale ut.

Utan tittel, Sophie Taeuber-Arp, 1932

22

ser du aT d e t e r fl at t?


KOR MANGE SYNSVINKLAR? K

va finst på bordet? Kan du sjå ein blomstervase, eit glas, eit spelkort og eit vindauge? Jean Metzinger følgde ikkje dei vanlege reglane for perspektiv, men ville likevel vise at tinga på biletet hans var tredimensjonale. Så han måla alt frå forskjellige vinklar, eller synsvinklar, på ein gong. Denne teknikken blir kalla kubisme.

Bord ved vindauge, Jean Metzinger, 1917

EIT EKTE ANSIKT ELLER EI maske?

A

medeo Modigliani ville vise personlegdommen til folk, ikkje få dei til å sjå ut som fotografi. Alle modellane hans ser flate ut, med lang hals og mandelforma auge. Modigliani meinte at når han gjorde måleria sine flate og stiliserte, var det ikkje først og fremst den ytre utsjånaden, men dei indre særtrekka til folk han fekk fram. Kva trur du denne kvinna tenkjer på? Kan du sjå korleis personlegdommen hennar er? Kvinne med vifte, Amedeo Modigliani, 1919

23


kva er greia med alle dei nakne

folka i

kunsten?

Absolutt OVERALT i måleri, skulpturar og fotografi finst det nakne folk.

Det begynte med dei gamle grekarane, som meinte at den nakne kroppen var vakker og burde studerast. Også i dag øver kunstnarar seg ved å teikne nakne menneske, for å forstå korleis kroppen er forma og skapt. Dette blir kalla akt-teikning. 24

sjå

Syn est Venu du s ser PER FEK T ut ?


Venus, den romerske gudinna for kjærleik og skjønnheit, står splitter naken på eit skjel. Segna om Venus fortel at ho blei fødd vaksen, og ho reiste over havet i eit skjel. Botticelli måla henne mange år etter at historia om henne blei fortald første gongen. I kunsten står det å vere naken ofte for nytt liv. På Botticellis tid dekte verkelege kvinner seg til. Men det var greitt å måle Venus naken fordi ho var ei perfekt gudinne, ikkje ei verkeleg kvinne!

Venus’ fødsel, Sandro Botticelli, 1486

det t s Fin gge sty ar? u s t a t ide 12 Gå

til s

25


KVIFOR SÅ MANGE

Antropometri utan tittel,

NAKNE KVINNER? M

Yves Klein, 1960

ange kunstnarar har meint at kvinnekroppen er penare enn mannskroppen, så det er fleire nakne kvinner enn nakne menn i kunsten. I 1960 prøvde Yves Klein ut nye måtar å måle kvinnekroppen på. Han dekte nakne kvinner med blå måling, og så la han dei på eit kjempelerret på golvet. Han brukte kvinnekroppane som «levande målarpenslar».

dei men r der e E IKKJ e! N A Kn

I

blant er det interessant å spørje seg kvifor kunstnarar viser menneske med kleda på. Grant Wood måla dette biletet i Midtvesten i USA i 1930. Der var det flautt å vere naken. Dette er hardt arbeidande bønder, ikkje gudar og gudinner. Kanskje dei tilknepte kleda var med på å vise korleis dei såg på verda. Kva trur du? Amerikansk gotikk, Grant Wood, 1930

26


E

i naken kvinne er på piknik saman med to menn med klede på. På den tida dette blei måla, blei folk forferda. Det var sjokkerande! Edouard Manet skjønte ikkje kvifor det blei så mykje bråk. Kvifor var det greitt å måle nakne menneske som gudar og gudinner, men ikkje vanlege menneske som gjorde vanlege ting? Sjå på den nakne kvinna. Ho stirer rett på deg som ser på henne!

U D R I T BL R E K K O SJ R D U NÅ ETTE D SER E T E T ? BIL

Le Déjeuner sur l’Herbe (Frukost i det grøne), Édouard Manet, 1863

27


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.