Krig. Mor. Bror. Ottar Hauglands kamp mot nazismen

Page 1



Krig Mor Bror ferdig NYNY.qxp_A 16.09.2019 15:13 Side 1

Svein Sæter

Krig. Mor. Bror Ottar Hauglands kamp mot nazismen

Samlaget Oslo 


Krig Mor Bror ferdig NYNY.qxp_A 16.09.2019 15:13 Side 2


Krig Mor Bror ferdig NYNY.qxp_A 16.09.2019 15:13 Side 3

Innhald Forord  Del I I Gestapos klør  Del II Å eg veit meg eit land  Del III Dødsmarsjen  Del IV Tre musketerar i krigens kaos  Del V Den lange vegen heim  Del VI Forsoninga  Kjelder og takk  Personregister 


Krig Mor Bror ferdig NYNY.qxp_A 16.09.2019 15:13 Side 4


Krig Mor Bror ferdig NYNY.qxp_A 16.09.2019 15:13 Side 5

Forord Ottar Haugland skreiv ned det han opplevde i konsentrasjonsleiren Stutthof og på dødsmarsjen som avslutta fangenskapet. At marsjen ikkje avslutta livet hans også, er ufatteleg. Ottars historie er ei forteljing om det ufattelege. Om ufatteleg vondskap, ufatteleg vald, om dei ufatteleg svarte avkrokane i menneskesinnet. Samtidig er det eit sterkt lys over denne historia, ei nesten naturstridig tru på menneskeverd og humanisme. Ufatteleg, det òg. Det er dette som løftar forteljinga om Ottar Hauglands kamp til ei universell, tidlaus historie. Den handlar om korleis det verste i mennesket kan bli møtt med det beste. Om samhald og solidaritet mot ekstreme overgrep. Om kva for krefter som finst i mennesket når det verkeleg tærer på. Denne boka fortel om ein mann og ein familie som vart ramma av nazismen og valte å ta opp kampen mot det kriminelle, rasistiske, massemyrdande, antidemokratiske, ekstremt valdelege diktaturet. Ottar Hauglands dagbøker formidlar kjernen i denne kampen: trua på menneskeverdet. Og etterlatne kjelder gir oss høve til å spegle opplevingane hans mot den harde krigskvardagen til mor Gunnhild og dramaet til bror Knut. Første del av boka følgjer også mor og tungtvannssabotøren Knut tett. Seinare blir dette meir og meir Ottars historie, og «bror» blir eit omgrep som går langt vidare enn familien. Eg møtte aldri Ottar Haugland. Likevel har han gjort sterkt inntrykk på meg. Det han og kameratane opplevde i utslettingsleiren ved Gdansk i Polen, burde tatt frå dei all tru på mennesket, alt håp om framtida. 5


Krig Mor Bror ferdig NYNY.qxp_A 16.09.2019 15:13 Side 6

Så er altså bodskapen hans den motsette: håp, respekt, forsoning, framtidstru. Første gongen eg kom til Gdansk, støytte eg straks på ein nynazistisk demonstrasjon. Også derfor følest det viktig å ha skrive denne boka. Stangvik, . juni  Svein Sæter


Krig Mor Bror ferdig NYNY.qxp_A 16.09.2019 15:13 Side 7

Del I

I Gestapos klør


Krig Mor Bror ferdig NYNY.qxp_A 16.09.2019 15:13 Side 8


Krig Mor Bror ferdig NYNY.qxp_A 16.09.2019 15:13 Side 9

Notodden, natt til 24. november 1943

, gram blåsyre er nok til å drepa eit menneske. Ottar Haugland har ein kapsel med blåsyre innsydd i bukselinningen. Ei sjølvmordspille. Han er arrestert av Gestapo. Han sitt i einecelle på Notodden politistasjon. Snart skal han sendast til Gestapos torturkammer på Victoria Terrasse i Oslo. Ottar Haugland er lokal Milorg-leiar. Han veit. Han veit altfor mykje. Han veit namnet på dusinvis av motstandsfolk i Milorg-avsnittet han er sjef for. Han kjenner Thor Etholm og Kristian E. Johannesen og Bjarne Landvik og Hjalmar K. Wergeland og Liv Gundersen og Halvor H. Odden og Jon Ofte og mange, mange andre. Han fungerer som «point of contact» for Milorg i Vest-Telemark og har nær kontakt med Milorg på Rjukan og Kongsberg. Han kjenner detaljane i det store, strengt hemmelege nettverket av agentar og motstandsfolk; han har sjølv vore med på å byggje det opp. Han har plukka ut plassar for britiske flydropp i Mælefjell, Gransherad og Tysjå, der planen er at våpen, ammunisjon, proviant og agentar skal sleppast i fallskjerm til motstandsrørsla. Han veit at broren Knut Haugland var ein av dei fire sabotørane som overvintra på Hardangervidda vinteren / for så å delta på den sensasjonelle tungtvannsaksjonen. Ottar kjenner folk i den djupt hemmelege Hjemmefrontens Sentralledelse i Oslo og kontaktar til Forsvarets Overkommando i London. Han veit. Og alt Ottar Haugland veit, er livsviktig i kampen mot nazismen. No er kunnskapen hans med eitt livsfarleg. Hundrevis av menneske er i akutt fare om han sprekk under torturen. Milorg-leiar Haugland har blitt ein trussel for motstandskampen. 9


Krig Mor Bror ferdig NYNY.qxp_A 16.09.2019 15:13 Side 10

Fangen Haugland har ingen illusjonar. Han har sett kva nazismen er. Seinhausten  opplevde han krystallnatta under studietida i Tyskland – starten på den systematiske utryddinga av jødane. Nattehimmelen over Darmstadt var raud av flammane. Det er berre to år sia han kom heim frå Nazi-Tyskland som elektroingeniør og fekk jobb hos Norsk Hydro på Notodden. Han vart med i motstandsrørsla og måtte overta som områdesjef da Andreas Pedersen vart arrestert av Gestapo i august . Seinare vart han avsnittssjef, med enda større ansvar. Ottar Haugland ventar ikkje nåde, minst av alt frå Gestapo, Adolf Hitlers frykta terrorpoliti. Alt han veit, skal pinast ut av han. Så drep dei han. Alle han røper namnet på, kan også bli torturert og drepne. Korleis vil han reagere på torturen? Vil han makte å halde ut smertene, angsten, fornedringa? Eller vil han sprekke? Det veit ingen. Ikkje før mishandlinga begynner. Ottar Haugland kjenner på den vesle kulen i bukselinningen. Blåsyrekapselen. Han dreg peikefingeren over tøyet som held sjølvmordspilla på plass. Han brettar ned linningen, pirkar fram pilla. Snart har han døden i handa. Ein liten, grå kapsel. Når han ristar på kapselen, kjenner han pulveret inni der. Kaliumcyanid, som straks det kjem i kontakt med spyttet i munnen hans, vil danne hydrogencyanid. Blåsyre. Kva veit han om konsekvensane av å bite over kapselen? Meir enn nok. Krampar. Oppkast. Galopperande puls. Kveling. Døden. Det er ti dagar til -årsdagen hans. Ottar Haugland knuser blåsyrekapselen mellom tennene og svelgjer.

Rjukan, hausten 1943

Det er mor Gunnhild og fem menn. Ektemannen Olaf og sønene Ottar, Knut, Gudmund og Torgny. Berre yngstemann Torgny, gymnasiasten, 10


Krig Mor Bror ferdig NYNY.qxp_A 16.09.2019 15:13 Side 11

bur heime enno. Alle fem har på ein eller annan måte involvert seg i motstandskampen. Gunnhild veit kva slags vilje som finst i Olaf og dei fire gutane, at dei hatar nazismens vesen og nazistanes ugjerningar, at Olaf er så forbitra over okkupasjonen at han må beherske seg for ikkje å rope det ut. Etter kampane i Hovin i april  gjømte han fire Krag-Jørgensenrifler ved Fjellbanen på Rjukan. Eitt våpen til kvar av sønene. Ho veit, men på byen held ho munn. Heime i Mælandstangen  på Rjukan fører ho den daglege kampen for å skaffe familien nok mat: gris og høner i hagen, bærbusker, ein liten potetåker, grønsaker. Av og til får Gunnhild ein snarefanga hare eller skogsfugl frå slektningar i Rauland og Drangedal, heimbygdene til henne og Olaf. Torgny og Gudmund fiskar i elva og på fjellet. Torgnys ferietur til Bjerkøya utanfor Brevik blir full av utropsteikn: Torsk! Flyndre! Makrell! Raudspette! Gunnhild saltar og syltar og koker og hermetiserer det vesle som finst, ho bakar utan mjøl og saftar utan sukker. Sjølv blir ho stadig tynnare. Mor Gunnhild veit ingen ting, og likevel alt. Eldstesonen Ottar er hemmeleg sjef for den militære motstandsorganisasjonen, Milorg, i det store avsnittet som dekkjer Notodden, Gransherad og Hjartdal i Aust-Telemark, Sauherad og Bø i Midt-Telemark og Seljord, Kviteseid, Morgedal, Lårdal og Høydalsmo i VestTelemark. Den nest eldste sonen, radiotelegrafisten Knut, forsvann hausten . Via Sverige tok han seg til Storbritannia, der han vart handplukka til Kompani Linge. Den norske spesialstyrken av topptrente sabotørar er ein del av statsminister Winston Churchills SOE – Special Operations Executive, bygd opp for å utføre sabotasje i tyskokkuperte område. Churchills marsjordre er som alltid krystallklår: «Set Europe ablaze!» Sett Europa i brann. Knut og ni andre sabotørar sette Vemork i brann. Det store kraftverket ved Rjukan med tungtvannsanlegg i kjellaren på hydrogen11


Krig Mor Bror ferdig NYNY.qxp_A 16.09.2019 15:13 Side 12

fabrikken, tungt vatn som skulle brukast i Hitler-Tysklands forsøk på å laga ei atombombe. Før det small natt til . februar , hadde Knut og tre andre sabotørar overvintra i fire månader på Hardangervidda, nesten utan proviant og utstyr. Alle fire var frå Rjukan. Familiane deira var heilt uvitande om at ein son, ein bror, eit barnebarn stod bak verdskrigens mest berømte sabotasjeaksjon. Heller ikkje Gunnhild Haugland visste. Sonen Knut var like ved henne ein heil vinter. Han kunne like godt vore på andre sida av jordkloden. Mor skriv forsiktig ut lengselen med ørsmåe bokstavar. Ho kan ikkje tenkje berre på dette, at guten hennar risikerer livet i den store kampen mot nazismen, at han kanskje er død, da blir det ikkje til å bera. Besøk av sønene er det sterkaste lyset i livet hennar. Hausten  er endeleg Ottar heime igjen, det er lenge sia sist. Han har berre eit par dagar fri frå Norsk Hydro på Notodden, der han arbeider som ingeniør. Mor er stolt av eldsteguten, som har gjennomført ei høgare utdanning og fått seg ein god jobb. – Au! Ottar hoppar til i stolen. Ein våt, mørk flekk av krigskaffe veks kjapt utover bukselåret. Heldigvis var koppen halvtom da han velta den, så den elendige kaffe-erstatninga er ikkje lenger kokvarm. Men han har berre denne eine buksa med seg. Derfor dreg Ottar på seg ei av buksene til far Olaf og spring bortover mot vaskeriet. Det er i siste liten. To unge jenter held akkurat på å stenge for dagen. Men dei kjenner jo Ottar, så den eine seier at ho sjølvsagt skal vaske buksa hans, stengetid eller ikkje. Ho låser opp igjen ytterdøra og forsvinn med det kaffevåte plagget.

Notodden, natt til 24. november 1943

Ottar Haugland knuser blåsyrekapselen mellom tennene og legg seg ned på brisken i cella for å døy. Det svimlar for han. Kor er døden? I 12


Krig Mor Bror ferdig NYNY.qxp_A 16.09.2019 15:13 Side 13

føtene. Føtene dovnar bort, snart kan han ikkje kjenne dei. Døden kryp oppover leggane hans, mot knea. Er det slik det skal skje? Kor er krampane, den fryktelege spyinga, den fånyttes hivinga etter pusten? Ottar svimar av. For han er vel borte ei stund – ein halvtime, ei natt, eit døgn? Han veit ikkje. Men han kjenner det i føtene. Døden nøler. Døden stansar. Døden snur. Døden kryp nedover leggane hans, ut i tærne, ut av kroppen og blir borte. Og Ottar tenkjer på den velta kaffekoppen heime hos mor, kor travelt han fekk det med å rekke vaskeriet. Så travelt at han glømte sjølvmordspilla i bukselinningen, slik at pilla vart øydelagt og han måtte skaffe nye frå Sentralledelsen. Dei nye pillene er ikkje gode nok. Det er slik han tenkjer: «ikkje gode nok.» Jenta ved vaskeriet på Rjukan har redda livet til motstandsmannen Ottar Haugland ved å vaske buksa hans etter stengetid.

På flukt frå Gestapo

Men Gestapo har slått klørne i broren Knut også. I same natt, i same stund. Det er rein uflaks. Fem netter tidlegare hoppa Knut i fallskjerm over Skrimfjella ved Kongsberg, på nytt oppdrag for Kompani Linge. I Operasjon Curlew (Spove) skal han fullføre oppbygginga av eit dobbeltretta radiosamband med London frå kvart av dei  Milorg-distrikta i det okkuperte Norge.  år gammal er Knut allereie ei legende i dei inste sirklane i SOE. Britanes geniale kodeknekkar Leo Marks, mannen som trente tungtvannssabotørane i telegrafi, har aldri møtt maken til radiooperatør: «Haugland is not first class. He is in a class of his own.» I tillegg har han «a lot of sterling qualities that make him eminently suited for the work in this organisation,» som det heiter i SOEs første vurdering av Knut i januar . Seinare blir det føydd til at han er «a high class agent». 13


Krig Mor Bror ferdig NYNY.qxp_A 16.09.2019 15:13 Side 14

SOE-sjefane i det allierte hovudkvarteret i London veit at Knut både er lynrask og uhyre presis med morsenøkkelen. I dette vanskelege handverket er fart ingen ting verd utan presisjon. Derfor er Knut vurdert som ein av dei beste telegrafistane i alliert teneste. Seint på kvelden . november  reiser han inn til Kongsberg. Der skal han starte opplæring av operatørar for dei hemmelege radiostasjonane Birkelunden og Sneuglen. Han dreg heim til Petter Storm Munch, områdesjef i Milorg i byen. Midt på natta stormar Gestapo huset, der Knut har duppa av på divanen i stua. Han bråvaknar da døra blir slengt opp, og ser rett inn i ein pistolmunning: «HENDENE I VÊRET!» Knut har heilt tilfeldig hamna i Gestapos store razzia. Han er så godt som død. I sekken hans finn gestapistane ein britisk Sweetheart radiomottakar, ein liten pistol i kaliber , og  patronar. Knut har ein pistol til, ein Colt Automatic Pistol kaliber , skjult i skulderhylsteret under lusekofta. Tyskaren som ransakar han, finn straks våpenet. Dette er ein svært sjeldan pistol som berre enkelte SOE-agentar får utlevert. Gestapistane triumferer. Dei har gjort storfangst. Knut kan ikkje unngå å høre det jublande utbrotet: «Vi har tatt ein Secret Service-agent!» Mishandlinga startar. Gestapo-offiseren som slår, er ein pen mann. Knut får fire–fem slag i ansiktet. «Dei kan ikkje knekke meg! Dei kan ikkje knekke meg!» Han gjentar mantraet inni seg. Knut skal ikkje sprekke, han skal tåle alt. Gestapisten blir rasande, høgg tak i strupen på Knut, slår han hardt i venstre augekrok så det knasar i kraniet. Knut fell saman, skrik høgt, blodet renn frå nase og munn. Han er redd, forferdeleg redd. Han er redd for at han ikkje vil tåle alt, redd for å sprekke, redd for å trekkje mange andre menneske med seg i døden, redd for å svikte, han skammar seg. Petter Storm Munch blir også mishandla, og kona Kari. Og den  år gamle sonen deira, som kjem inn i stua i pysjamas. Ingen nåde. Klokka har blitt halv fire på natta. Enda to Gestapo-offiserar og fem politisoldatar kjem til, no har dei dusinet fullt. «Heil Hitler!» Høgre14


Krig Mor Bror ferdig NYNY.qxp_A 16.09.2019 15:13 Side 15

armane fyk i vêret, støvelhælar smell mot kvarandre. Gledesrop, gratulasjonar. Fleire Gestapo-bilar rusar utanfor. Transporten til torturkammeret i Victoria Terrasse ventar. Knut forbannar seg sjølv fordi sjølvmordspilla ligg i sekken, ikkje i lomma. Han veit at han uansett er ein død mann. Om han ikkje greier å flykte. Midt i redslane, midt i smerta, er agenthjernen hans på søk etter ein sjanse. Han ser at hanen på Mauser-riflene til dei tyske politisoldatane ikkje er spent, for å unngå vådeskot. Da må dei ta ladegrep før dei kan skyte, det vil gi han eit par sekund ekstra. Mørkret! Tanken går gjennom Knut som ein støyt. Ute er det stupmørkt. Kongsberg er mørklagt, som alle andre norske byar. Blendingsregime. Ingen gatelys, ingen lamper, ikkje noko lysande reklameskilt skal kunne vise veg for britiske fly i den svarte vinternatta. Knut lukkar augo. Han vil ha nattsyn når han blir ført ut av huset, inn i mørkret. Dette har han snakka med storebror Ottar om tidlegare, at tyske soldatar har dårleg nattsyn på grunn av feittmangelen i heimlandet. Naziregimet treng feittet til krigsindustrien. Han har sjølv sett feitthungrige unge tyskarar legge eit tjukt lag smør på sjokoladeplater og glefse i seg heile stasen. Knut står med augo lukka. «Secret Service-agenten» er omgitt av seks gestapistar og politisoldatar når han blir ført mot utgangsdøra. Det er halvmørkt på gangen, ei lita, blå lampe er einaste lyskjelde. Knut opnar augo på gløtt, ser ned, manøvrerer seg umerkeleg framover i rekkja, slik at han er nummer to når døra blir opna. Mørkret utanfor er kompakt. Kvelden før, da han kom til huset, merka Knut seg automatisk korleis trappa ned til gata var bygd: ei stor, brei steintrapp med åtte trinn. Jernrekkverk på begge sider. Knut kjenner eit geværløp mot sekken han har på ryggen, og forstår at gestapist nummer to står bak han til høgre. Den fremste famlar seg fram til rekkverket. Knut ser langt betre i mørkret, og glir opp på sida hans. 15


Krig Mor Bror ferdig NYNY.qxp_A 16.09.2019 15:13 Side 16

«Links!» brøler gestapisten. «Kva?» seier tysktalande Knut og lirkar den høgre reima på sekken av skuldra. «Links!!» «Links? Er det venstre De meiner?» Dei har gått to trinn ned, seks igjen. «Ja, ja! Fenstre!» brøler gestapisten. Knut hoppar. Tar sats og hoppar alt han maktar, landar skeivt på det nedste trinnet, slår det høgre kneet inn i jernrekkverket, fell framover, tar seg for med hendene, sprett på beina, slenger frå seg sekken og er på sprang. PANG! PANG PANG PANG! Det smell frå fleire våpen, men det er skot i blinde. Tyskarane ser ingen ting, dei skyt etter den nærmaste lyden, som kjem frå sekken som trillar ned brusteinen. Knut spring for livet i mørkret. Ned gata, inn ei smal sidegate til venstre, blindveg! Tilbake i vill fart, ut av fella, over eit gjerde, over ei hovudgate, ser ingen forfølgjarar, inn i skogen. Eit bitte lite lommekompass gjer at han kan ta ut himmelretningane og orientere seg ned til Numedalslågen. Han følgjer elva eit stykke, finn ein skogsveg, kavar seg fram gjennom snøen og kulda. Han må opp i Skrimfjella igjen, til hytta som gir trygt skjul, men dit er det fleire mil. Klokka halv seks om morgonen kjem han til eit lite, fattigsleg hus. Knut er våt og kald og har ikkje noko val. Han bankar på døra. Etter ei stund opnar ei ung kvinne. I lyset frå døropninga ser ho ein blodig, forslått, ukjent, skjelvande mann. Og ho ber han straks komma inn. «Du er vel ikkje nazist?» Spørsmålet dett ut av Knut. Kvinna ser på han, såra: «Det er nok ingen her som er nazistar.» Ho koker kaffe og lagar mat. Mannen står opp. Dei har eit lite barn, ein gut på rundt året. Knut seier han er student og tilfeldigvis har komme borti ein razzia. Ingen spørsmål blir stilt. Vertskapet seier Knut 16


Krig Mor Bror ferdig NYNY.qxp_A 16.09.2019 15:13 Side 17

bør legge seg nedpå litt. Det er best å vente til klokka sju med å gå vidare, da har alle arbeidarane på veg til fabrikken passert. Knut sloknar på ein benk. Da han blir vekt ein time seinare, kjenner han at motet og kreftene har vendt tilbake. I døra ber han vertinna om aldri å nemne for nokon at dei har hatt besøk. Ho står der med tårer i augo, får ikkje fram eit ord. Flukta vidare opp på fjellet blir frykteleg hard. Men han greier det, på grunn av hjelpa han fekk i den fattigslege heimen. Resten av livet skal Knut tenkje: Dei levde i småe kår, men var store menneske.

Håpet i ei løgn

For Ottar finst inga flukt. Han er den første som blir arrestert på Notodden, heime i Aasnesgården i Storgata . Huset er eit motstandsreir for heile distriktet, trass i at tre av fire etasjar er opptatt av dei tyske okkupantane og den norske hirda. Ottar bur i fjerde. Under hybelen hans bur to tyske agentar i Sicherheitsdienst (SD), etterretninga, søsterorganisasjonen til Gestapo under paraplyen Sicherheitspolizei (Sipo). Ottar og medarbeidarane hans er kaldblodige og dyktige nok til å utnytte den kamuflasjen som naboskapet til fienden gir. Kanskje hentar han inspirasjon frå den militære utdanninga si; Ottar gjekk befalsskolen for artilleriet i . Han passar på at det alltid ligg nazipropaganda framme på hybelen. På veggen heng eit bilde av Vidkun Quisling. Det fører til at han mistar vaskehjelpa si. Ho nektar å vaske for ein som er «stripete». Klokka halv eitt natt til . november  er det over. Det bankar hardt på døra. Ottar vaknar brått. Åtvaringa! Berre timar tidlegare varsla etterretninga om at noko var på gang. Ottar valde å ta sjansen. No gir han ikkje lyd frå seg, opnar ikkje. Kan han stikke av? Umuleg. Ingen utvegar. For høgt å hoppe frå vinduet. Skyte seg ut? Sjanselaust. Ny banking, kommandorop på tysk. Så, etter nokre minutt, lyden av 17


Krig Mor Bror ferdig NYNY.qxp_A 16.09.2019 15:13 Side 18

ein nøkkel i låsen. Sju gestapistar stormar inn med trekte våpen: «Opp med hendene! Tilstå! Vi veit alt om organisasjonen!» Ottar blir plassert på ein stol midt i rommet. Der sitt han og ser ned på handjerna sine, for å unngå at ansiktet hans skal røpe noko som helst. Ein gestapist sitt rett overfor han, studerer kvar minste detalj i kroppsspråket til fangen: «Du snakkar ikkje her, men dei får deg til å snakke på Terrassen. Alle snakkar der!» Victoria Terrasse. Gestapos torturkammer i Oslo. Hybelen blir gjennomsøkt, utan at gestapistane finn noko mistenkjeleg. Det er dårleg arbeid. Og det reddar livet til Ottar. For på hybelen hans finst våpen, ammunisjon, ein radio, uniformer og eit Milorg-arkiv, pluss diverse utstyr som broren Knut brukte under tungtvannsaksjonen. Alt er skjult i det hemmelege rommet som Knut og Ottar bygde i mai same året, da dei to brørne møttest tilfeldig på Notodden. Den gongen var Knut på veg til Oslo for å møte Hjemmefrontens Sentralledelse. Etter tungtvannsaksjonen meir enn to månader tidlegare hadde Knut blitt igjen i fjella og leikt katt og mus med dei tyske styrkane som jakta på dei forferdelege «terroristane». Tyskarane hevda at tolv tusen soldatar og hirdfolk deltok i razziaen etter sabotørane på Hardangervidda frå . mars. Dei finkjemte fjellområda, men Knut var lommekjent på vidda og meinte han hadde full kontroll. Fienden fann aldri fjellteltet hans. Knut gjekk på ski ned frå Hardangervidda, gjennom Sandsetdalen og Åmotsdal. Så tok han freidig bussen frå Nutheim til Notodden, der Milorg var spurt om å skaffe Knut ei dekkleilegheit. Da han kom til den avtalte adressa og banka på døra i Aasnesgården, var det storebror Ottar som opna. Knut vart der eit par veker. Han imponerte broren. Saman drog dei ut til Bakka gard i Heddal. Ottar noterte at Knut var i fantastisk form både fysisk og skytemessig; «han kunne treffe en kvist i en plankebit med pistolen fra hofta». Brørne bygde eit hemmeleg lagerrom bak ein falsk vegg på hybelen til Ottar. Sia vart lageret fylt med våpen og utstyr, alt frakta opp i tunge vesker rett forbi fienden. 18


Krig Mor Bror ferdig NYNY.qxp_A 16.09.2019 15:13 Side 19

Rommet bak veggen er så godt kamuflert at gestapistane ikkje finn det, sjølv om dei går rundt og bankar i veggene for å avsløre holrom. Etter razziaen må rommet tømmast igjen, før det blir oppdaga. Milorg-folka Halvor H. Odden («Guttebass»), Monrad Almaas og Olav Hegland tar seg av den farlege oppgåva. Dei går inn i leilegheita og fjernar alt avslørande, rett framfor nasen på Hirden og tyskarane. Dermed fjernar dei også ein sikker dødsdom over Ottar Haugland. Det er ørsmå marginar som reddar livet til Ottar, i første omgang. Da han blir ført ut av hybelen, er utsiktene så håplause at han vurderer å kaste seg ned den bratte vindeltrappa, for å ta livet av seg der og da. Men nei. Blåsyre er sikrare. Gestapo oppdagar aldri sjølvmordsforsøket. Fangen kollapsar på cella. Ein svekling. Vent til dei verkelege forhøra begynner. Ottar ville døy for fridommen. No må han leva for fridommen ved å halde ut torturen. Ikkje sprekke. Ikkje røpe noko som helst. Halde fast på dekkhistoria han diktar opp under den to og ein halv timar lange biltransporten frå Notodden til Gestapos hovudkvarter i Victoria Terrasse midt i Oslo sentrum. Klamre seg til historia om ein ung, uskyldig mann som ikkje visste at tvilsame venner hadde rota seg borti noko så forkasteleg som aktiv motstand mot Hitler-Tyskland. Lyge, nekte, og håpe at ingen andre sprekk.

Torturens adresser

Ottar og Knut er ikkje dei einaste som blir arrestert. Gestapo slår hardt til mot Milorg i ein stor, samordna razzia natt til . november . Berre i Notodden-distriktet blir  menn og kvinner arrestert, på Kongsberg . Katastrofen har truleg utspring i ei lita notisbok som tilhører milorgmannen med dekknamnet «Robert Solvang». Sjølv drog «Robert» over til Sverige fleire månader tidlegare, men notisboka vart liggande igjen, skjult i ein koffert. Der står namna på ein del motstandsfolk han har hatt kontakt med. I hendene på Gestapo er notis19


Krig Mor Bror ferdig NYNY.qxp_A 16.09.2019 15:13 Side 20

boka eit farleg våpen. Det er den som gjer at aksjonen kan planleggast og gjennomførast så effektivt. Ottar Haugland blir sperra inne på celle nummer  i kjellaren i Møllergata . Den gamle hovudpolitistasjonen og varetektsfengselet i Oslo har blitt politisk fengsel for motstandarar av naziregimet. Offisielt er det plass til  fangar her. På det meste er meir enn tre gonger så mange sperra inne bak murfasaden. «Nummer ». Og Victoria Terrasse. Det er skrekkadressene i byen. Victoria Terrasse er hovudkvarteret til Gestapo og Sicherheitsdienst. Hit blir fangane henta frå ulike fengsel til «forhør», som berre er ei omskriving av tortur. Fleire gonger har fangar greidd å kaste seg ut av vinduet for å få ein raskare død. Ottar Haugland blir «forhørt» på begge adressene. Nokre gonger skjer overgrepa i Møllergata , som ligg på høgda rett overfor arbeidarrørslas høgborg Youngstorget. Andre gonger blir Ottar kjørt i bil opp til Victoria Terrasse. Den prangande bygningen nedanfor Slottsparken, opphavleg med  luksusleilegheiter, er kjent som ein av landets vakraste, unorsk utsmykka med kuplar og spir og fasadeornament. Men i krigens år blir Victoria Terrasse synonymt med terror. Den første torturisten som skal bryte ned Ottar Haugland, heiter Lubinsky og er betjent i Sipo (Sicherheitspolizei). Det er brøl, det er slag, det er silkehanske og batong. Det er eit spel. Eit terningspel, tenkjer Ottar; kvart terningkast er eit spel om liv og død. Han håpar på livet, men er førebudd på døden. Og terningen trillar, igjen og igjen. Ein dag er det Lubinsky som taper spelet. Torturisten blir sjølv innhenta av døden i ei trefning ved Flaskebekk på Nesoddlandet. Motstandsmennene Leif Kyrre Karlsen og brørne Ivar William og Tell Christian Wagle blir også drepne, den berykta Gestapo-offiseren Siegfried Fehmer såra.

20


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.