Klara kan mykje rart om mat

Page 1



Teresa Grøtan

Klara kan mykje rart om mat Illustrert av Ella Okstad

Samlaget Oslo 2012


1 – Sjå, Klara! Bestemor kjem inn døra med svarte, valne fingrar og famnen full av knallraude jordbær. – Hurra! Eg elskar jordbær! jublar Klara.

Gardshunden Flekk diltar logrande rundt beina til Klara,

som trippar av iver. I tre sommarferieveker skal ho hjelpe til i bestemors vesle gardsbutikk. Tenk alle kundane som kjem til å strøyme til for å kjøpe grønsaker og frukt og honning og dei søtaste og raudaste jordbæra i heile verda!

Det er bestefar som har snikra butikkbua med grøne

vegger og kvitt golv. Oppå ein gammal kjøpmannsdisk står basilikum, timian, kruspersille, salvie og mynte. Klara borar nasen inn i urtene. Det duftar friskt og rart og kiler i nasen.

Kjem kundane snart, skal tru?

5


– Veit du, jordbær er eigentleg ikkje bær, men ei falsk frukt, seier bestemor mens ho sett frå seg jordbærkorgene på disken. – Er ikkje jordbæra ekte? Meiner du at dei er laga av plastikk? spør Klara skeptisk. – Nei, nei, det er dei ikkje, seier bestemor og ler. – Alle bær er eigentleg ein type frukt. Frukt med mange frø kallar vi bær. – Men jordbær har mange frø! protesterer Klara. 6


– Det som ser ut som frø på jordbæra, er eigentleg små nøtter, svarer bestemor. – No tøysar du, bestemor, seier Klara. – Nei, det er heilt sant! Dei små prikkane er faktisk små nøtter. Men grunnen til at vi kallar jordbær falsk frukt, er at jordbæret veks ut av stilken på planten, og ikkje der frøa sitt. – Eg synest det er urettferdig å kalle jordbæret falskt. Jordbær er akkurat like bra som alle andre bær. Faktisk er det mitt favorittbær, slår Klara fast. – Heilt einig, seier bestemor.

7


8


2 Klara sitt på krakken bak disken og ventar på kundar. Døra går opp! Men det er berre bestemor igjen. – Kom Klara, eg vil vise deg bikuben, seier ho. Klara følgjer etter bestemor ut i hagen. Der, innimellom osp og rognetre, står ei stor trekasse. – Oppi der bur 50 000 bier. Eg er blitt birøktar, seier bestemor stolt. – Stikk biene? – Nei, ikkje om vi er snille med dei. – Men korleis kan ein vere snill med ei bie? – Vi må stelle dei roleg og forsiktig. Og så må det ikkje bli for trongt eller for varmt, og dronninga må ikkje bli for gammal. Då kan biene sverme. Då flyg dei ut av kuben på jakt etter ein ny heim. Måtte det ikkje skje her! seier bestemor. – Kven er dronninga? – Dronninga er sjefen i kuben. Ho får alt ho vil ha. – Akkurat det eg tenkte! Slik er det å vere dronning, seier Klara. 9


– Dronninga gjer ikkje anna enn å legge egg. Dei andre biene matar henne, passar larvar, vaskar og beskyttar kuben mot inntrengarar. Tenk, Klara, menneska har hausta honning i fleire tusen år! – Men korleis lagar biene honning? – Dei flyg på jakt etter blomstrar med mykje nektar, som er ein slags juice. Når dei har funne dei rette blomstrane, pressar dei snabelen ned i blomsterknoppen og syg opp nektaren. – Ha, ha, biene har snabel, akkurat som elefantar! – Ja, det har dei. Og den bruker dei mykje. 100 000 turar til ti millionar blomstrar må til for å lage ein kilo honning. Det er hardt arbeid å vere bie, seier bestemor. Tenk om menneska henta mat som biene! At vi sprang på butikken, kjøpte ein brunost, sprang heim, tilbake for å kjøpe eit eple, heim igjen, så for å kjøpe eit knekkebrød, og så for ei drue, og så ei rosin! Bestemor fortel vidare: – Når biene flyg frå blomster til blomster, festar det seg ørsmå korn som heiter pollen, på kroppen deira. Når det kjem pollen frå ein blomster til ein annan, blir det frukt. Og slik får eg solbær og ripsbær og bringebær og jordbær i hagen min. – Men korleis kjem honningen i kuben? spør Klara. – Jo, seier bestemor. – Biene blandar blomsternektaren med spytt. Når dei kjem tilbake til kuben, gulpar dei opp blandinga, og då er den blitt til honning. 10


– Så honning er biespytt? Kult! Silke er ormespytt! Visste du det, bestemor? – Nei, det visste eg ikkje. Så mykje du kan, Klara!

– Ja, seier Klara og smiler. – Men no må vi komme oss

tilbake til butikken, bestemor. Tenk om det står kundar og ventar på oss! – Ja, vi får vel det, seier bestemor. Men ingen kundar står og ventar.


3 Neste dag sprett Klara opp av senga. Med lette steg er ho straks på veg over gardsplassen til butikken. Ho sett seg på krakken. Ho ser forventingsfullt mot døra. Ho børstar litt rusk av tomatane. Ho finn fram vasskanna og gir urtene vatn. Ho spring inn i huset og hentar eit donaldblad. Ho blar i bladet. Ho speidar ut vindauget. Ein gjeng i treningstøy på vegen utanfor! Kundar? Nei. Med raske steg durar dei rett forbi butikken. Det er kje-de-leg. Om ho berre hadde litt å ete. Sjokolade, for eksempel. Tredje dagen høyrer Klara ein bil. Ein kunde! Døra opnar seg. Ein mann stikk inn hovudet. – Eg har køyrt i timevis for å treffe onkel frå Amerika som er turist på hurtigruta, men no finn eg ikkje hurtigrutekaia. Kan du fortelje meg kor den er? 12


13


– Kaia ligg rett borti vegen her, svarer Klara og viser kor han må køyre. Mannen kjøper tomat, eit glas med ripsgelé og ei korg med jordbær. Endeleg litt sal. Men det var ikkje skikkeleg. Mannen spurde jo berre etter vegen! – Kjem det aldri kundar, bestemor? – Jau då. No har ikkje gardsbutikken vore open så lenge då. Så eg har framleis trua! seier bestemor. Men Klara synest ikkje ho høyrest så veldig sikker ut. Den kvelden ligg Klara i senga og grublar. Kvifor kjem det ikkje kundar? Kva er gale med butikken? Klara tenker og tenker der under dyna. Ute er sommarnatta sval, måsane skrik, gardinene blafrar, og plutseleg får Klara ein lys idé. – Du må selje det folk vil ha! roper Klara mens ho stormar inn på kjøkkenet til bestemor. Ho berre må fortelje ideen med ein gong! – Har ikkje du lagt deg? – Jo, men eg må berre seie deg noko! – Og det er? – Du må selje sjokolade! annonserer Klara fornøgd. – Men eg kan jo ikkje lage sjokolade, seier bestemor. – Er det så vanskeleg? Vi kan reise til nokon som kan det, så lærer vi det, så lagar vi det, og så sel vi det! – Eg trur ikkje det er så enkelt. Men eg synest uansett det er ein god idé å besøke andre gardsbutikkar og lære litt om korleis dei gjer det. Dessutan har eg lenge hatt lyst 14


til å lære meir om ost. Kva om vi besøker nokon som lagar sjokolade, og nokon som lagar ost? – Ja, det gjer vi! seier Klara med eit fornøgd smil.


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.