Kjøkenbenkrealisme

Page 1


Kjøkenbenkrealisme ferdig.qxd:A

05-09-12

15:34

Side 1


Kjøkenbenkrealisme ferdig.qxd:A

05-09-12

15:34

Side 3

Olaug Nilssen

KJØKENBENKREALISME – ærlege historier om tidsklemma

Samlaget Oslo


Kjøkenbenkrealisme ferdig.qxd:A

05-09-12

15:34

Side 5

INNHALD Føreord  Dagboksnotat  VERDSVAND PÅ GARDERMOEN

– Olaug har ein karriere  BARN OG KARRIERE OG BARN

– intervju med Cathrine Sandnes  Facebook-oppdatering  VALDE BARNA FRAMFOR KARRIEREN

– intervju med Grethe Nina Hestholm  Facebook-oppdatering  VERDT Å JOBBE LITT EKSTRA FOR DEN GODE FRIEN

– intervju med Ellen Lundal Fjæra  Facebook-oppdatering  FRÅ PRAKTIKANT TIL DAGMAMMA TIL BARNEHAGEPLASS

– Olaug har erfaring med alle tre ordningane 


Kjøkenbenkrealisme ferdig.qxd:A

05-09-12

15:34

Side 6

Facebook-oppdatering  NÅR JOBBEN ER VIKTIG OG GIVANDE

– intervju med Kristine Stangenes  Dagboksnotat  IKKJE AKKURAT NI–FIRE JOBB

– intervju med Natasja  Dagboksnotat  Facebook-oppdatering  TEAM GLANVILLE

– intervju med Andrew og Marthe Glanville  Dagboksnotat  SVÆRT FRIVILLIG DELTID OG SØVN, SØVN, SØVN

– intervju med An-Magritt Lindtner  Facebook-oppdatering  LEVE MED BARN, IKKJE BERRE OVERLEVE

– intervju med Ingebjørg Eitrheim Nondal  Dagboksnotat  Facebook-oppdatering  KARRIEREKVINNE FRÅ KJØKENBENKEN

– Intervju med Line Konstali  Dagboksnotat  KJEDELEG SMÅBARNSLIV, VIKTIG SMÅBARNSKAMP

– intervju med Guro Sibeko  HUSMORBLOGGING PÅ FACEBOOK

– Olaug konkurrerer i husmoreri med Kristine Tofte  HEILTIDSARBEIDANDE HUSMORBLOGGAR

– intervju med Magni Hjertenes Flyum 


Kjøkenbenkrealisme ferdig.qxd:A

05-09-12

15:34

Facebook-oppdatering  Dagboksnotat  NO JOBBAR EG DELTID

– Olaug reknar ut kor mykje ho jobbar  FRÅ HUSMOR TIL SUPERKVINNE

– intervju med Hilde Danielsen  Dagboksnotat  Takk! 

Side 7


Kjøkenbenkrealisme ferdig.qxd:A

05-09-12

15:34

Side 9

FØREORD Alle veit at småbarnsfamiliar har det travelt, og alle veit også at mange småbarnsforeldre vel å jobbe mindre, skaffe seg vaskehjelp eller au pair, skifte til ein jobb med meir fleksibel arbeidsgivar eller på andre måtar ordne seg slik at dei får betre tid til heimeliv og familie. Alle veit at desse foreldra grunngir vala sine på ulike måtar, og at både økonomi, verdiar og barnas personlegdom spelar inn. Alle veit at det å gjere karriere ikkje er like viktig for alle, og alle veit at somme faktisk greier å sjonglere to krevjande fulltidsjobbar med tre eller fleire aktive barn. Med eller utan au pair. Familiepolitiske diskusjonar er likevel ofte svært polariserte. Anten vil du vere husmor på heiltid, eller så ofrar du barna for eit umenneskeleg karrierejag. Anten er du dum som vel vekk inntekt, karrieremulegheiter og pensjonspoeng til fordel for føremiddagsslumring under pleddet 


Kjøkenbenkrealisme ferdig.qxd:A

05-09-12

15:34

Side 10

på sofaen, eller så er du grusom fordi du lukkar auga for at ungane dine har det fælt i barnehagen, der dei er frå tidleg morgon til seine ettermiddag. Anten slit du deg ut med dårleg betalt heiltidsjobb og endelaust husarbeid, eller så betaler du deg ut av tidsklemma for å kunne jobbe, trene, shoppe og feste som før du fekk barn. Då eg blei invitert av Samlaget til å skrive denne boka, var eitt av spørsmåla frå redaktøren: Kvifor har alle småbarnsforeldre så dårleg samvit? Kvifor føler alle at dei må unnskulde sine eigne val, anten det er karrieren eller barna som blir nedprioriterte? Eg visste godt kvifor eg sjølv hadde dårleg samvit, men tilliks med redaktøren ville også eg gjerne vite korleis andre tenkte om tidsklemma, korleis dei organiserte livet sitt for å få kvardagen til å gå opp, og kva for grunnar dei hadde til å velje som dei gjorde. I denne boka møter du ei kvinne og ein mann som har valt å vere heimeverande på heiltid. Du møter fem kvinner som av ulike grunnar jobbar eller har jobba deltid og fire kvinner som jobbar fullt. Du møter ein kulturforskar som har skrive om husmødrer på femtitalet og om familieliv på totusentalet. I tillegg fortel eg korleis og kvifor eg sjølv har gått frå å jobbe og reise meir enn eg eigentleg orka, til å halde meg meir heime med familien og jobbe under seks timar kvar dag. Ingen av dei du møter i denne boka hatar ungane sine eller angrar på at dei stifta familie. Likevel vågar dei å for


Kjøkenbenkrealisme ferdig.qxd:A

05-09-12

15:34

Side 11

telje om utfordringane i småbarnslivet, utan å peike på alt det positive samstundes. Eg er takksam for å ha fått med meg så mange sterke og kloke foreldre på dette bokprosjektet, og for at dei vågar å vere så ærlege.


Kjøkenbenkrealisme ferdig.qxd:A

05-09-12

15:34

Side 12

April  Sonen min er tre og eit halvt år, og han syng «White winter hymnal» av Fleet Foxes på bussen. Han kan teksten, syng reint og treffer alle tonane. Han er heilt oppslukt. Eg tenkjer ikkje på om nokon på bussen kanskje synest det er irriterande, men ser etter kvart meg sjølv utanfrå og forstår at ansiktet mitt lyser altfor stolt. Bryr meg ikkje om det.


Kjøkenbenkrealisme ferdig.qxd:A

05-09-12

15:34

Side 13

VERDSVAND PÅ GARDERMOEN – Ein blir jo lei av hotellfrukost etter kvart, sa ho, og sette seg ned ved bordet med ein porsjon frukostblanding med yoghurt. – Før var hotellfrukosten noko av det eg gledde meg mest til med styrearbeid og reising, no blir eg nesten irritert av det unødvendig store utvalet. Sjølv hadde eg som vanleg forsynt meg av både nysteikt brød, egg og bacon, dette endå styret hadde hatt ein betre treretters middag på ein av Stavangers beste restaurantar kvelden før, slik at vi kunne bli betre kjende med kvarandre og med prosjektet vi skulle ha ansvaret for dei neste fem åra. Og det var veldig bra for meg, ettersom eg ikkje visste kven Rasmus Løland var då eg sa ja til å sitje i styret for Stiftinga Rasmus Løland-markeringa –  etter først å ha sagt at eg skulle «tenkje på det» ved førespurnad. Eg takka entusiastisk ja ved første påmin


Kjøkenbenkrealisme ferdig.qxd:A

05-09-12

15:34

Side 14

ning fordi eg var flau over at eg hadde gløymt å «tenkje på det». Det var ikkje første gong eg overnatta på hotell, langt ifrå. Men eg var enno ikkje der at eg kunne nøye meg med knekkebrød og brunost når buffeen bogna av alle slags gode og varme retter, eigentleg ufordøyeleg på morgonkvisten, men likevel. På ein skuleturné med Nynorsk Kultursentrum nokre år tidlegare, hadde eg blitt beint fram skuffa over det fryktelege frukostutvalet på eit par av hotella på dei små stadene vi besøkte: porsjonspakka pålegg og tørre brødskiver, supplert av nokre små beger med yoghurt som var utgått på dato. På styremøtet eit par timar seinare, blei det servert både snittar og kake, og styreleiaren overraska meg med å krevje ei meining frå meg om fleire av sakene på saklista. Det var med nød og neppe eg overlevde den inkvisisjonen, men det sette likevel standarden for innsatsen min i styrearbeid vidare, både i dette og andre styrerom. Rett nok har eg vore seint ute med førebuingane til møta mange gonger, og lese sakspapir både i taxi, på fly og på flytog. Eg skal vel heller ikkje skryte på meg at eg alltid har vore like snakkesalig, eller like velartikulert og trygg, men eg skjønte likevel kva slikt arbeid kravde av meg – i tillegg til god apetitt – og gjorde det som skulle til. I romanen Få meg på, for faen  skreiv eg om ei vaskehjelp  Roman eg gav ut i , som seinare har blitt teaterstykke og film.




Kjøkenbenkrealisme ferdig.qxd:A

05-09-12

15:34

Side 15

som drøymde om ein karriere. I boka har ho ikkje så veldig klar oppfatning om kva ho skal gjere i karrieren sin, men ho vil jobbe i eit ope kontorlandskap, ho vil ha rosa drakt og headset, og ho vil flakse frå pult til pult og gi beskjedar i eit heseblesande tempo. Og vidare: «Ofte må eg ut og fly til hovudstaden, og på vegen heim småspring eg mot flytoget med høghæla støvlettar, trillekofferten klarer nesten ikkje å halde følgje med meg, frakkeskøytane flagrar.» Då romanen blei skriven, hadde eg ingen barn. Eg hadde heller inga erfaring med drakter, høge hælar eller trillekoffertar. Seks år seinare hadde eg to barn, og lyden av klikkande hælar på Gardermoen var ein kjend lyd for meg. Eg visste nøyaktig korleis eg skulle oppføre meg på ein flyplass – eg var kjapp og trygg både ved innsjekking, i sikkerheitskontrollen og på flytoget. Eg visste kvar det var gratis Internett så eg kunne jobbe på Gardermoen, og eg visste kvar på flytogstrekninga mobildekninga var så dårleg at telefonen var umuleg å bruke. Og eg begynte å ete brødskive med sursild til hotellfrukost.


Kjøkenbenkrealisme ferdig.qxd:A

05-09-12

15:34

Side 16

BARN OG KARRIERE OG BARN –Vi har verdas beste velferdssystem, og det må vi ikkje gløyme. I andre land må folk spare opp pengar før dei kan ta seg råd til å få barn, barnehagane er svindyre og foreldra får ikkje betalt permisjon. Cathrine Sandnes har to barn, men ho har ikkje gitt opp karrieren sin. Ho har jobba som journalist og har hatt fleire redaktørjobbar, mellom anna som kulturredaktør i Dagsavisen. No redigerer ho Samtiden, som er eitt av Norges mest leste tidsskrift. Mannen, Aslak Sira Myhre, har heller ikkje gitt opp karrieren sin. Han er leiar for Litteraturhuset i Oslo, som har vore ein stor suksess sidan oppstarten i . Begge har vore offentleg kjende i mange år, også som aktørar i politisk debatt. Cathrine framstår alltid entusiastisk og handlekraftig, og når eg oppsøker henne på kontoret hos Aschehoug forlag i Oslo, tar ho resolutt den vesle kofferten min og ber den med 


Kjøkenbenkrealisme ferdig.qxd:A

05-09-12

15:34

Side 17

seg alle trappene opp til kontoret sitt. Eg inviterte Cathrine til å vere med på prosjektet fordi ho tidlegare har invitert meg til å skrive om å vere mor og feminist samstundes, og ettersom fordommen tilseier at dette spørsmålet først og fremst handlar om jobb versus barn, startar eg med å spørje henne om ho kan jobbe like mykje som før, etter at ho fekk barn. – Selvsagt ikke! I så fall hadde barnevernet måtta gripe inn. Aslak og eg brukte å jobbe døgnet rundt, det var ein del av livsstilen vår å jobbe, vi jobba gjerne seksten timar i døgnet! Vi snakka ikkje om det på førehand, men då eldstejenta blei fødd, slutta vi å jobbe søndagar. Då yngstejenta blei fødd, slutta vi å jobbe laurdagar. No har eg nesten slutta med å jobbe på kveldstid også. For meg var det ei rar oppleving å erfare at det faktisk går an å jobbe femdagarsveke! Men vi har hatt spesielle jobbar der kveldsarrangement ofte måtte medreknast. Vi har hatt det meir fleksibelt enn dei aller fleste andre arbeidstakarar i Norge, så vår erfaring om at arbeidsliv og fritid er lett å organisere – for det er det for oss – den kan ikkje samanliknast med andres erfaringar. – Hadde du planlagt å få barn? Var det eit prosjekt? – Vi fekk ikkje barn. Eg opplevde fleire spontanabortar, og vi hadde komme til ei erkjenning av at vi ikkje kom til å få barn. Den lange vegen fram gjorde mykje med innstillinga vår då vi likevel fekk eldstejenta. For meg var det ei ufatteleg sterk kjensle av å få ei nådegåve. Det var ein lang prosess å akseptere at barn er noko livet ikkje vil gi 


Kjøkenbenkrealisme ferdig.qxd:A

05-09-12

15:34

Side 18

deg. Og så får du det likevel – då blir val og prioriteringar innlysande. Eg trur at om eg hadde hatt ein –-, –-jobb – utan besteforeldre i nærleiken, kunne eg gått ned i åttiprosentstilling dersom det var det som skulle til for at familien skulle ha det betre. Eg har ikkje problem med å sjå at det er eit krevjande køyr for dei som har fulltidsjobbar og uføreseieleg arbeidstid. Eg vil ikkje stille meg til doms over dei som vel deltid! – Føler du ikkje tidsklemma i det heile tatt, du då? – Det er kanskje veldig provoserande for folk om eg seier nei. Men det er det som er svaret, vi har to fleksible jobbar og eit svært godt samarbeid oss imellom. Vi løyser ting veldig greitt. – Men det har blitt mindre jobb, ikkje mindre fritid? – Eg seier nei til alle ekstra oppdrag. Alle føredrag, alle medieførespurnader, så sant eg ikkje må av omsyn til jobb. Og der ligg det mange timar i veka! Eg har slutta å trene mykje. Eg trimmar litt, men eg trenar ikkje. Og det er innlysande, det sosiale livet … Vi har så privilegerte jobbar at det sosiale livet blir ein del av jobben. Men fordi eg også har erfart at vi har jobbar som sklir ut, så har eg laga meg reglar for meg sjølv – eg skal legge barna mine kvar kveld! Det betyr at det er mange ting eg ikkje er med på. Eg meiner ikkje nødvendigvis at dette er den beste, eller den einaste, måten å gjere det på. 


Kjøkenbenkrealisme ferdig.qxd:A

05-09-12

15:34

Side 19

– Du treng ikkje seie det, du treng ikkje unnskulde deg. Trur du folk blir fornærma og provoserte når du fortel om ditt liv? – Ja, men vi føler oss jo privilegerte! Det er litt som når yngste dottera sov ti timar om natta dei første ti månadene. Eg fortalte om det, og folk sa «så fint for dere, da!» mellom tennene og med hendene knytte hardt i lommene. Men ho har tatt igjen det med vakenetter i full monn seinare. – Men det er ikkje berre snakk om privilegerte jobbar, du seier jo at du har gjort ei klar prioritering. – Ja, det er mange ting som heng saman her. Eg er heller ikkje i ein fase i karrieren der eg føler at viss eg ikkje hoppar på toget no, så går det frå meg. Andre får barn som nyutdanna, og føler dei må stå veldig på. Eg var  då eg fekk mitt første barn. Då følte eg meg trygg på min eigen kompetanse. Det kjem ikkje av seg sjølv, eg hadde ikkje den tryggleiken som -åring. Eg trur ikkje eg hadde hatt is i magen til å gjere dei same prioriteringane i den alderen. Ein annan ting som er fint med å få barn såpass seint, er at dei ti åra der eg får lov til å vere den viktigaste for barna mine – då eg er nok for dei – kjennest kort, som for lita tid. Då eg var  hadde eg tenkt: TI ÅR! Det er kjempelenge, då er eg jo eldgamal, då har livet gått frå meg, det orkar eg ikkje. – Du spurte meg ein gong om eg kunne tenkje meg å skrive 


Kjøkenbenkrealisme ferdig.qxd:A

05-09-12

15:34

Side 20

noko for Samtiden om å vere både feminist og mor, men eg hadde ikkje noko å skrive om dette emnet, så eg takka nei. Eg reknar med at du sjølv har tenkt på dette. – Eg studerte på Blindern då postmodernismen stod på sitt sterkaste. Eg hugsar eg sat på seminar og høyrde folk seie: Vi må slutte å snakke om kjønn! Viss vi snakkar om kjønn, blir vi sitjande fast i kjønnsklisteret. Det skjønte eg aldri poenget med. Meinte dei verkeleg for ramme alvor at om vi sluttar å snakke om kjønnsskilnader, om kjønn, om kvinner, så får vi likeløn i Norge? Altså, viss vi endrar språket, så skjer det noko magisk – viss du sluttar å seie at eg er farga, så blir eg kvit? Det fall på plass då eg begynte å lese Toril Moi og Simone de Beauvoir. Sjølvsagt er ein kvinne, ein er den kroppen ein går ut i verda med. Den kroppen og den historia ein går ut i verda med, er med på å styre kva for blikk verda møter deg med. Dei blikka er med på å forme ditt eige bilete, som igjen verkar utover. Dette går saman. Haltar du på eit bein, har du store puppar – det formar verda di. For meg fall noko på plass om kjønn og samfunn då eg las dette. Samstundes har begge filosofane understreka at å vere ei fri, intellektuell kvinne, er å vere ei kvinne utan barn. Dette kjenner vi også att frå historia, til dømes frå nonnetradisjonen. Den fridommen kvinner har hatt, historisk sett, til å verke intellektuelt eller fritt, har vore å velje bort familie og barn. Vi ser det skjer i verda i dag også. 


Kjøkenbenkrealisme ferdig.qxd:A

05-09-12

15:34

Side 21

Japan er det tydelegaste eksempelet, der mange kvinner vel å ikkje gifte seg og ikkje få barn. For ved å gifte seg og få barn ville dei inngå i etablerte patriarkalske strukturar. Kvinnene held i staden fram med å bu heime hos foreldra, og jobbar døgnet rundt. Her må ein velje den eine eller den andre sorga, det er ikkje gitt for meg kva eg hadde valt. Ville du vore sikker på kva du skulle velje? – Eg tenkjer vel at eg tar det valet kvar dag, i ein langt mindre målestokk, sjølvsagt. Eg forstod ikkje klart kva det innebar å ha barn før eg fekk dei. Eg synest barna et opp jobbetida mi og omvendt. Det kjennest friare i mammapermisjonen, då prioriteringa ligg klar frå før. Viss eg skal sjå heilt kynisk på det, ville marknadsverdien min sikkert vore høgare om eg sa ja til føredrag og anna, eg ville jo gjort meg sjølv meir attraktiv. Og det er også mykje som er morosamt, utviklande, lærerikt. Nokre gonger lurer eg på om eg har blitt intellektuelt doven, seier eg no nei og skyv barna framfor meg fordi eg får prestasjonsangst? Ungane blir større, og det er ikkje nokon tvil om at det er mitt behov for å vere saman med dei som er det avgjerande. Dei har ikkje det same behovet for å vere saman med meg som eg har for å vere saman med dei. – Men barna formar deg også, og dei er ikkje intellektuelle. Tida er verdifull, men ikkje intellektuelt stimulerande. – Ja, det trur eg er rett. Og eg har nok også fortrengt noko av forvirringa eg kjende i starten. Då hadde eg ein idé om 


Kjøkenbenkrealisme ferdig.qxd:A

05-09-12

15:34

Side 22

at eg skulle stå på! Eg sat i Brage-juryen, amma og las om kvarandre, eg las åtti bøker. –! – Ja, eg hadde lette barn. Eg køyrde hardcore mens eg var heilt i tåka. Det gav ei sterk kjensle av tilfredsheit, eg balanserte verda samstundes som eg hadde verdas nydelegaste vesle vesen. – Du hadde kanskje ikkje trudd før du blei gravid og fekk barn at du skulle meine noko om kvinners IQ under hormonpåverknad? – Haha. Ja, det er sant! Eg har sagt til deg at kvinner bør bli fråtatt stemmeretten rett etter fødselen. For alt eg veit, er det også muleg at det blir danna masse reirbyggingshormon som gjer at ein får lyst til å vere meir heime. Eg har blitt veldig overraska over mange av veninnene mine, dei har stemt SV i heile sitt liv, og så plutseleg, frå ein dag til neste: Eg skal ha heile permisjonen! Mannen min får ingenting! Det er mitt, mitt, mitt! Eg har blitt svært overraska over å sjå korleis ein går inn og definerer heimeområdet som sitt territorium. Og mi innstilling til dette er: Det kan du godt gjere, men då får du ikkje lov til å klage etterpå! – Du opplever det ikkje sånn? – Nei, eg er ein femtitalspappa. Eg kjem heim til dekt bord, eg leikar med ungane mens Aslak lagar middag. 


Kjøkenbenkrealisme ferdig.qxd:A

05-09-12

15:34

Side 23

– Men korleis rekk de å gjere alt husarbeidet? – Vi har vaskehjelp. – Jasså? – Ja, der skar eg gjennom. Aslak sleit med det. Han tilbydde seg å vaske huset faste dagar i veka for å sleppe unna. Men for meg blei det sånn: Vi jobbar fullt begge to, vi har ikkje familie i nærleiken. Historisk sett er det ingen familiestrukturar som har eksistert på denne måten. Ein har hatt storfamilie rundt seg, ein har hatt barnepiker. Til og med Aslaks farmor, som var heimeverande, hadde barnepike. Vi måtte berre slå fast at vi gapte over for mykje. – Men kvifor var Aslak negativ? – Nei, det var reint prinsipielt. Tanken på å betale andre for å vaske etter oss, det syntes han var … dette har nok vore vår eine verkeleg store usemje. Han gav seg då mora gjekk inn på mi side. Men det er klart, vi gjer alt skikkeleg. Vi betaler så mykje at vi merkar det. Vi må anerkjenne dette som reelt arbeid. Når det gjeld heimearbeidsfeltet, finst det ei forventning om at folk skal jobbe veldig billeg. Her er det altfor svake rettar. – No når vi først er inne på politikk, kan eg jo spørje deg om du er interessert i mammadebattar i media?




Kjøkenbenkrealisme ferdig.qxd:A

05-09-12

15:34

Side 24

– Sjølvsagt er eg det! No når eldstejenta har begynt på skulen, reknar eg med eit nyfødt engasjement for skulepolitikk. Hahaha. Eg har vore opptatt av permisjonsordningar sidan , i god tid før eg fekk barn. Og barnehagepolitikk, barneoppdraging. – Barnehagedebatten er ofte kjenslestyrt, også for min del, både offentleg og når eg diskuterer det privat med andre. – Ja, den er det, den er kjenslestyrt. Det er lite forsking, og forskinga er… det er veldig vanskeleg å forske på det! Korleis forskar du på barns trivsel i barnehagen? Du kan ikkje ha det same barnet heime og i barnehagen samstundes, for å samanlikne. Det er litt sånn at ein kan finne det ein vil finne, at ein kan bestille forskingsresultat. – Eg har sendt mine barn i barnehage frå dei var eitt år. Eg har hatt lukkelege barn. Hadde eg ikkje sett at dei var lukkelege, hadde eg sjølvsagt ikkje sendt dei av garde! Hadde folk trudd at dette var skadeleg for barna deira, hadde dei sett teikn og symptom på at barna var ulukkelege, så hadde ikkje så mange tatt det valet. Eg prøvde å hente mine barn klokka to fordi eg var litt bekymra for dei, på grunn av alt eg las om kor skadeleg det var med lang tid i barnehagen. Leverte klokka ti, og henta klokka to. Men det som skjedde var jo at dei begynte å hylgrine då eg kom, for dei var ikkje ferdige med å leike. Så sat vi og stura på huska på leikeplassen, alle tre hadde det like kjedeleg.




Kjøkenbenkrealisme ferdig.qxd:A

05-09-12

15:34

Side 25

Barn er jo ulike, vi ser det på skuleplassen også: Nokre bør vente eit år, andre er meir enn klare. Problemet er ikkje at vi har tilbod om barnehageplass for eittåringar, problemet er at foreldre ikkje ser tydelegare at vi kan velje. Det er eit velferdstilbod, ikkje ein tvang. – Men om ein vel å vere heime med barna sine, så vel ein jo bort ei heil løn. – Ja, eller ei halv, eller… – Meiner du at velferdsstaten burde løne dei som vel å ta seg av den daglege omsorga for eigne barn? – Det gjer vi jo. Eg har jo vore motstandar av kontantstøtta sidan den blei innført. Og den viktigaste grunnen til det, er sjølve prinsippet om at viss du ikkje nyttar ei velferdsordning, så er det ikkje slik at staten skuldar deg pengar. Om ein ikkje køyrer bil, så skuldar ikkje staten deg pengar fordi du ikkje bruker vegane? Om du aldri har vore på sjukehus, så skuldar ikkje staten deg pengar for tida du ikkje har vore der. Det er grenser for kor frie val folk kan gjere, og likevel forvente at staten skal finansiere dei. Då kontantstøtta blei innført av Bondevik-regjeringa i , så var det ut frå eit ideologisk utganspunkt om at foreldre skulle kunne vere heime med barna. Samstundes visste regjeringa godt at dei lét vere å legge inn ein klausul om at ein faktisk måtte vere heime. Dei visste at kontantstøtta dekte ein stor, svart dagmammamarknad. Det var absurd at Bondevik fekk stå heile valkampen og 


Kjøkenbenkrealisme ferdig.qxd:A

05-09-12

15:34

Side 26

seie at det var valfridom, for så lenge det ikkje var full barnehagedekning, var det ikkje valfridom. Eg meiner at ein må prioritere barnehage til alle – GOD barnehage til alle, før ein har råd til å setje i gang med dette prosjektet. Det er sjølvsagt heilt legitimt å seie at «eg synest det er for tidleg å sende barnet mitt i barnehage, eg vel difor å vere heime», eventuelt «eg startar ein familiebarnehage, eventuelt «eg vel ei dagmamma». Problemet er at før vi fekk full barnehagedekning, så var det mange fortvilte foreldre som sende ungane til dagmammaer dei ikkje visste noko om. Og det var eit mykje større problem enn at det i dag er vanskeleg å velje noko anna enn barnehage til ungane. – Kva med permisjon? – Det eg har vore opptatt av i permisjonsdebatten, med tanke på ei tredeling av permisjonen, er at far skal få ein sjølvstendig rett til å vere far. På same måte som kvinna skal ha rett til å vere sjølvstendig arbeidstakar, ha ein sjølvstendig juridisk posisjon. Det var ein hard politisk kamp. Kvinner blei, heilt til sekstitalet, likna under mannen. Det var også forklaringa på kvinners låge lønsnivå. Kvinner blei ikkje rekna som sjølvstendige, dei skulle ha hovudforsørgar. Ein liknande juridisk posisjon har far overfor barn i dag – hans forhold til barna er avhengig av mor. Kvinnekampen har ført til store sigrar for kvinner, mens menn ikkje har fått til å organisere politisk kamp enno. Eg synest det er vanskeleg å skjøne at vi framleis 


Kjøkenbenkrealisme ferdig.qxd:A

05-09-12

15:34

Side 27

har det slik i Norge i dag. Sånn sett har kvinner komme betre ut av likestillingskampen enn menn. – For deg er det sjølvsagt å dele – eller er det eit verdival? Eg går no ut frå at du og mannen din har delt permisjonen likt. – Vi har delt fifty-fifty, og det botnar i ei overtyding om at det er ein styrke for barn å ha to fullverdige omsorgspersonar. Vi har delt mykje meir radikalt enn eg ville gått inn for som politisk ordning. Få menneske har dei same mulegheitene og dei same ønska som vi har. Men det skal vere muleg. For menn er det i dag vanskeleg å få sine tre månader, både frå kvinner og frå arbeidsgivar. Dermed er argumentet om valfridom ikkje gyldig, fordi valfridommen enno ikkje er reell for fedrar som ønskjer å vere meir heime. I ei mor-barn-undersøking har sytti prosent av mennene svart at dei ønskjer å vere meir heime. No kan ein jo ikkje vite om dette er reelt, kanskje er det som å bli spurt om kva ein liker best å lese i avisa, og så svarer alle berre utanriks, hahaha. Det som er den beste løysinga er tolv månader med hundre prosent løn. Tre månader til far, tre månader til mor og resten til fri deling. Er dette eit dramatisk inngrep i folks valfridom? Eg opplever det snarare som eit eineståande privilegium, både for foreldre og barn.


Kjøkenbenkrealisme ferdig.qxd:A

05-09-12

15:34

Side 28

Etter nokre dagar som kulturkjerring utanbys, er det ingenting meir realitetsorienterande enn ein god, gamaldags runde ÂŤkast smokkenÂť med babyen. Facebook, september 2011


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.