høgare utdanning
KARL ARNE UTGÅRD, AUD SØYLAND OG MARGUNN RAUSET
ENKEL NYNORSK ORDLISTE Enkel nynorsk ordliste er ei ny ordliste på nynorsk. Ordlista har 33 000 oppslagsord henta frå dagleglivet og frå ulike yrkesområde. Alle bøyingsformene har fulle ordformer. Ordlista har berre med éi form av kvart oppslagsord og er såleis ei normativ ordliste for dei som synest det er vanskeleg med mange valfrie former. Redaktørane har lagt vekt på å velje ut former som ligg innanfor ei nynorsk «midtlinjenorm». Enkel nynorsk ordliste er eit viktig hjelpemiddel for alle som skriv nynorsk i arbeidet sitt, til dømes journalistar og tilsette i offentlege og private verksemder.
ordbok | ISBN: 9788252183627 PRIS KR 199,– | SEPTEMBER
karl arne utgård (f. 1951) er høgsterettsdommar. Han har gitt ut Juridisk og administrativ ordliste og er medredaktør av Enkel nynorsk ordliste. aud søyland (f. 1954) arbeider som språkkonsulent og er utdanna cand.philol. med nordisk hovudfag. Ho er medredaktør for Nynorsk ordliste. margunn rauset (f. 1976) er leksikograf og utdanna allmennlærar med mastergrad i nordisk språk og litteratur. Ho er medredaktør for Nynorsk ordliste.
1 45