Bøker frå Samlaget 2012

Page 45

S P R ÅK

GUNNSTEIN AKSELBERG

KRISTIN FRIDTUN

FRÅ BONTELABO TIL ÅNUGLO. STADNAMN I HORDALAND

NORSK ETYMOLOGISK OPPKOK. DU VEIT IKKJE KVA DU SNAKKAR OM

Populærvitskapleg om stadnamnstyding

Basketak med kvardagsorda

Mannen bak det populære språkprogrammet «Snakk med oss» på NRK Hordaland er på ny ute med ei folkeopplysande bok. Denne gongen er det om stadnamn i Hordaland, frå ættestader og gardsnamn til fjelltoppar og kommunar. Både opphavet og historikken blir forklart, og viser korleis namna er ein spennande innfallsport til kulturhistoria vår og ein viktig del av identiteten vår.

Kristin Fridtun herjar med kvardagsdorda, spretter dei opp og ser kva som gøymer seg inni. Orda speglar måten me sansar og skjønar verda på, og Fridtun let dei ikkje få ha løyndomane sine i fred. Ho tek føre seg mellom anna kropp, natur, kjensler, folk og fe. Fridtun granskar heilt daglegdagse ord som hovud, sjel, hjarta, minne, dør, verd, fisk og utfordring. Boka er skriven humoristisk, lett og ledig. Dette er ei humoristisk bok som gjev språklege aha-opplevingar, det er ei bok for alle som snakkar, men òg for den språkinteresserte. Dette er boka for deg som ikkje veit kva du snakkar om!

SP RÅK | P r i s c a kr . 2 9 9 , ISBN: 978 8 2 5 2 1 7 6 0 4 9 I S AL

Gunnstein Akselberg (f. 1949) er professor i nordisk språk ved Universitetet i Bergen. Han har tidlegare gitt ut boka Ord og uttrykk i Hordaland.

89

S P RÅ K | P r i s c a kr. 3 2 9 , ISBN: 9788252181296 U t g . a u g us t

Kristin Fridtun (f.1987) er student og skribent. Ho er har master i norrøn filologi, er oppvaksen med bokmål, men skifta til nynorsk i 2006. Fridtun er fast spaltist i Dag og Tid, og har vore bidragsytar i ymse tidsskrift og bøker. Ho kjem frå Elverum, men er busett i Trondheim.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.
Bøker frå Samlaget 2012 by Det Norske Samlaget - Issuu