Kairos

Page 1


Kairos ferdig.qxp_A 23.03.2018 10:01 Side 1


Kairos ferdig.qxp_A 23.03.2018 10:01 Side 3

Andrzej Tichý

KAIROS Frå svensk ved Gunstein Bakke

Samlaget Oslo 


Kairos ferdig.qxp_A 23.03.2018 10:01 Side 4


Kairos ferdig.qxp_A 23.03.2018 10:01 Side 5

Strandline


Kairos ferdig.qxp_A 23.03.2018 10:01 Side 6


Kairos ferdig.qxp_A 23.03.2018 10:01 Side 7

Eg skriv til dykk frĂĽ ei anna verd.

ďœˇ


Kairos ferdig.qxp_A 23.03.2018 10:01 Side 8

Ved havet, strandlina. Gravferdstoga nærmar seg frå fleire kantar, glir saman og blir eitt. Ein gong skal eg beskrive det utførleg. Men no


Kairos ferdig.qxp_A 23.03.2018 10:01 Side 9

Tidevatnet skyl inn, dreg seg tilbake, ber blir splintra opp, og løfter eg blikket, ser eg svaler. Fiskemåker, lynblenkar, albatrossar over stranda og brenningane. Havet berre skum, grånande dis. I disen pustar og flakkar vår mørknande


Kairos ferdig.qxp_A 23.03.2018 10:01 Side 10

Eg sit og ventar på signalet, heile tida veit eg at brennande stjerner i ei anna verd fell ned i strølaget, spreier seg ut over strølaget, blir ein del av strølaget. Der er det utvitydig – det som er viktig, er enno ikkje sagt. Fort, fortare, tornar dei ned mot strølaget. Brenn til oske, seier ein då, til oske brenn alt med meg. Til oske maskinene i strølaget. Sola svartnar og månar blør der. Stjerner fell og jorda skjelv, fjell rivnar og Og her




Kairos ferdig.qxp_A 23.03.2018 10:01 Side 11

Eg veit det fordi Irmtraud har fortalt meg det. Og Irmtraud, ho er ei verd for seg, ei heilt eiga verd. Eit vesen som manglar evna til å gløyme. No veit eg at dei seige rykta ikkje stemmer, at ho ikkje kjem frå nokon annan planet, men frå vår eigen, frå ei framtid då alt fungerer bortimot perfekt. Då alt det som enno slumrar i oss, også minnet, er fullkomme. For henne er gravferdene våre særleg uuthaldelege. Ho Ho veit: gravferdstoga kjem ikkje ingenstad frå, og dei har alltid eit endeleg mål. Eg lurer på om det vil seie at dei kjem til å ta slutt




Kairos ferdig.qxp_A 23.03.2018 10:01 Side 12

Ja, verder blir førte saman her. Sjølv hugsar eg ingenting, og det er grunnen til at eg har funne meg plass i gravferdstoget, ved sida av Irmtraud, med avlange oskeskyer svevande over og omkring oss. Det er også grunnen til at eg er klar over løyndommen hennar. Då vi møttest, fortalde eg om tilstanden min og ho om sin. Tru meg, sa ho. Min er ikkje lettare å bere. Strandlina tona. Å snakke med henne var som å søkke og stige i ei og same rørsle. Eg veit ikkje eingong kva eg heiter, sa eg. Tidsnok, sa ho, kjem du til å få eit namn.




Kairos ferdig.qxp_A 23.03.2018 10:01 Side 13

Det er uråd å halde greie på kven som seier kva til kven. Tallause er Jeremiadens kroppar, og når vi kledde i desse lange og mørke tøystykka som svalar i varme og vermer i det kjølne nattemørkeret vi går langsmed strandlina over sand og steinar, over klipper og gjennom øydelagde hamner, klippebyar og jernbyar i skuggar av rust dannar vi ein ny kropp, ein enorm svart og Av og til møter eg eit blikk, og dei orda som høyrer saman med nett dette augneparet, artar seg som splintar, brotstykke bølgjer av sorg og aktivitet Dei som bøyer seg djupast, ser ut som fuglar. Som ramnar eller kornkråker. Spissen på hovuda peiker framover som nebb, songen blir sungen ned mot sanden, mot spora som dei andre etterlèt seg. Det eine fotsporet blir slege sund av det neste, og Ofte, dersom terrenget tillèt det, kan ein blunde og likevel halde fram med å gå utan at ein støyter saman med nokon. Songen tonar utan avbrot. Om nettene berre lengst framme og lengst bak i toget, knapt til å høyre for dei fleste av oss.




Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.