Jul på Bukken hotell

Page 1




CHRISTIAN WIIK GJERDE Jakta på firkløveren, barnebok, 2016

Til Dagrun, mi finaste mamma, og til alle andre mødrer og fedrar som skapar julestemning for alle barn rundt omkring i dei tusen heimar.


Jul pĂĽ

Bukken hotell Christian Wiik Gjerde Illustrert av

Ingrid dos Santos


© Det Norske Samlaget 2019 www.samlaget.no Skrift: Freight text pro Trykkeri: Scangraphic Printed in poland ISBN 978-82-340-0033-1 Denne boka er trykt på miljøvennleg papir.




Akkurat idet den svarte Audien svinga opp bakken mot Sildegata, fekk Fredrik noko i handa som kom til ü endre livet hans for alltid. Han visste det berre ikkje sjølv.

K 11 L



1

S

jølv om snøen i gata lyste opp, var det ingenting som tilsa at det snart var jul. – Så lite julestemning det er i byen i år, sa Fredrik og kika ut av vindauget i baksetet. – Slik har det aldri vore før. – Det er akkurat slik det skal vere. Iallfall så lenge eg styrer, svara faren og rusa motoren før han skifta gir. – Ja, det er aldeles herleg! sa mora. – Men korleis går det der bak? Blir du ferdig? Fredrik såg i spegelen at mora tok sminkekosten og pudra dei raude kinna endå raudare. – Det går bra, sa Fredrik. – Det er mest rekningar. Fredrik hadde opna minst femten kvite konvoluttar. Men éin av konvoluttane i bunken av brev skilde seg ut. Konvolutten var svart og lukta som eit surt, gammalt bål. Fingrane blei svarte. Han klemte forsiktig og merka noko hardt. Noko som var på størrelse med ein femkroning. Så merkeleg. Kunne det vere eit hatbrev, som faren av og til fekk? Idet Fredrik byrja å opne, kom det eit hyl frå mora. K 13 L


– Roleg, Carola, sa faren bak rattet og klappa henne på låret. – No pustar vi roleg inn og ut. – Ja, men alvorleg talt. Eg trudde eg såg ei mus i veska mi, Geir-Ove, og då blir ein redd, ikkje sant? Mora snakka på inn- og utpust. – Og det synest eg at du kan forstå, for no har eg angst. No har eg alvorleg angst, faktisk! – Det ordnar seg når vi er framme på hotellet, sa faren. – No skal vi slappe av i ein heil månad medan handverkarane fiksar huset vårt. – Lovar du det? Utan is og mus? sa Carola spørjande. – Heilt garantert! Utan is og mus. Fredrik hadde hatt permisjon frå kostskulen og vore med foreldra på ein tre vekers avstressingstur på Gran Canaria med solskin, paraplydrinkar og smørblide spanjolar. Dei hadde kome heim til ei smekkfull postkasse, og eit hus invadert av mus. Og ikkje berre var det mus der. Musa hadde gnege på vassleidninga på kjøkkenet så det var blitt flaum i heile første etasje, og i kjellaren. Det hadde blitt is. Tjukk is med døde, frosne mus. Det gjekk ikkje an å vere der, og for Carola var det heilt umogleg å vandre rundt på glattisen med dei spisse jåleskoa sine. Fredrik høyrde på mora si klagande stemme idet han stakk handa ned i konvolutten. Kva kunne det vere? Han fekk auge på eit diplom og noko som glinsa. Han løfta det forsiktig ut. Det var ein medalje i gull! – Mus, mus, mus! sa mora og trekte inn sigaretten og bles fort ut, etterfølgt av ei hostekule der ho freste noko om den hersens muselorten. – Pappa! Du har fått ein medalje, sa Fredrik. Mora stoppa med sytinga og kika bak. – Seriøst? Få sjå, Fredrikken min! Ho snudde seg mot baksetet der Fredrik sat, og kneip i lufta på jakt etter medaljen. Men Fredrik vrei seg unna. K 14 L


Gullmedaljen hadde ei svart sløyfe og eit bilete av ein geiteliknande skapning. – Det står Krampus på medaljen, sa han høgt slik at faren skulle høyre det. Mora tok av seg bilbeltet, krabba seg halvvegs bakover og drog diplomet og medaljen til seg. – Næ-æ, sjå, Geir-Ove! Sjå kva du har fått! Mora byrja å lese frå diplomet. – Diplom tildelt Geir-Ove Hanzon for din innsats som ordførar i Blomholmen by. Vørdsamt Krampus Faren humra og verka stolt. – Seier du det, ja. – Kven er Krampus? spurde Fredrik. – Krampus, sa faren tenkande. – Eg har verkeleg inga aning. – Samma det! sa mora. – Det er heilt sikkert ei veldig fin utmerking. Ikkje sant, Geir-Ove? – Jau, sikkert, svara faren og kleia seg i det vesle håret han hadde på issen. Så rart, tenkte Fredrik. Så rart at faren ikkje hadde snøring på kva eller kven denne Krampus var. Fredrik merka at han blei stolt. Mora kyssa faren på kinnet og festa medaljen på jakkeslaget hans. – Dette fortente du verkeleg, Geir-Ove! – Ja, gratulerer, pappa, sa Fredrik. Det var første gong nokon i byen hadde sett pris på det faren gjorde. Iallfall som Fredrik visste om.

K 15 L


Faren bråstoppa utanfor porten ved hotellet, i Sildegata 9. – Du kan ikkje parkere her, sa Fredrik og kika ut på eit skilt der det stod skrive med tydelege bokstavar at det var parkering forbode. – For alminnelege folk er det forbode, ja, humra faren. – Ja, og det er ikkje vi, vesle Fredrikken min, sa mora. – Far din er ordførar, veit du. Ho kika på ordføraren sin bak rattet. Ho tok vekk nokre kvite, støvliknande flekkar frå skuldrene hans og retta på medaljen. – Ikkje sant, Geir-Ove? Ikkje sant at vi ikkje er alminnelege folk? – Stemmer det, svara han. Fredrik gjekk ut av bilen og fann fram kofferten i bagasjerommet. Han stod heilt stille og kika på den snodige familien sin, som drog og sleit i dei altfor mange koffertane dei hadde med seg. Sjølv om Fredrik var glad for å vere saman med foreldra, var det likevel så merkeleg. Det var som om familien ikkje visste korleis dei skulle oppføre seg. Alt hadde forandra seg etter at faren hadde blitt ordførar. Då hadde nemleg mora bestemt at Fredrik skulle gå på kostskule i Sveits. For å lære seg å bli fintfolk. Men no hadde han semesterfri, eller julefri, som han sjølv kalla det. I heile desember. Snøen lava forsiktig ned denne første desemberdagen, men Fredrik kjende ikkje eit fnugg av julestemning. Akkurat slik det brukte å vere. Men når han kika opp på hotellet, fekk han ein følelse av at det kunne endre seg. Utanfor hotellet fekk han auge på ein alvorleg stor julebukk av halm med raude silkeband. Sjølve hotellet var pynta som eit julehus. Det var julestjerner i vindauga, og lyslenker var surra fast overalt på heile hotellet. Til og med tårnet var pynta med granbar og lys. Heime hos foreldra var det ikkje forskjell på jul og sommar, eingong. Han kom frå ein kvit og fargelaus heim. K 16 L



Mora kasta eit blikk opp på hotellet. – For eit grufullt syn! Ikkje sant, Geir-Ove? – Ja, du må ikkje snakke! svara faren idet han tok ut den siste kofferten frå bilen. – Eg synest det ser heilt magisk ut, eg, sa Fredrik og kjende at han lengta etter å få kome inn. Etter mykje bal var dei endeleg framme ved døra med alle koffertane og med mora på sine ultratynne hælar. Fredrik stod fremst, like ved døra. Der fekk han auge på eit skilt. – Vi har eit problem. Det er stengt, sa han og peikte.

K 18 L


– Julestengt, nei, sa faren og røska i dørhandtaket. – Eg ringde og booka oss inn! Han sa det var berre å kome! Fredrik fekk auge på ei tjukk gullsnor. Kunne det vere ringeklokka? Han drog i henne, og ein høgtidleg melodi av stjernedryss omgav dei. – Du grøne Mallorca! kom det frå mora. – Kva var det? Fredrik høyrde eit leven innanfor døra, som om det var fullt av folk. Med eitt gjekk dørhandtaket ned, og det blei heilt stille. K 19 L


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.