Jonas Gahr Støre. Eit dikt - Leif Høghaug

Page 1


LEIF HØGHAUG

Fama. Dikt. 2012

Kommunion 2017. Dikt. 2017

Pedagogikk. Dikt og prosa. 2019

Kælven. Roman. 2019

Leif Høghaug har også gjeve ut fleire omsetjingar.

Jonas Gahr Støre. Eit dikt

Samlaget, Oslo 2025

© Det Norske Samlaget 2025 www.samlaget.no

Design: Aslak Gurholt

Skrift: JJannon

Papir: 100 g Munken Premium Cream

Trykkeri: ScandBook AB , Falun

Printed in Sweden

ISBN 978-82-340-1467-3

Denne boka er trykt på miljøvenleg papir.

Materialet i denne utgjevinga er verna etter åndsverklova. Det er difor ikkje tillate å kopiera, avfotografera eller på andre måtar gjeva att eller overføra heile eller delar av innhaldet i utgjevinga utan at det er heimla i lov eller fylgjer av avtale med Kopinor. Det er forbode å bruka heile eller delar av utgjevinga som inndata eller treningskorpus i generative modellar som kan skapa tekst, bilete, film, ljod eller andre typar innhald og uttrykk, utan særskild avtale med rettshavarane. Bruk av materiale frå utgjevinga i strid med lov eller avtale kan føra til inndraging, erstatningsansvar og straff i form av bøter eller fengsel.

Around, by lifting winds forgot, Resignedly beneath the sky The melancholy waters lie.

I

DROPEN I HAVET

Nei kamerat, du framleis i namnet

sosialdemokrat

d’er høgrebylgjer att og fram, sirenesong om kjøpekrafta, marknadsmakta

skatteletten, rentekuttet, kort fortalt

kroner og øre, flod og fjøre og snipp snapp snute. Det var ein gong …

du Jonas Gahr Støre, du sjølvskrivne isbadar oppunder jol, midtsumars krålande splitter naken, sjela kan henda åleine, forlaten, som flygande skrømtet Hollendaren, sjølve nordsjølibrettoens kvinande drott … det var ein gong, seier eg eller INGEN vesle tingen attunder palma på audaste øya

og øya eit øyra, venstre øyra, mørkerblikket såg og såg, drøymde, eg drøymde på trettande døgeret. Hollendaren song INGEN høyrde Hollendaren syngja ein annan song og sanneleg, det var dropen i havet, ein drope så fullgod ein drope kan vera innanføre vidsveimde flaskepostverda voggande voggande sov no, min kjære … einskilde dropen, meir eller mindre heile soga, eventyret

Nei kamerat, du framleis i namnet sosialdemokrat

høgare bylgjer, annan song om klassar og kamp, dei nautiske mila ideologane talde langsetter ruta, biletleg tala sjøvegen framåt, bokstavleg tala framtidsleia?

INGEN den tingen attunder palma i venstre øyra, det var

INGEN som skreiv brevet Hollendaren meinte å skriva igjen og igjen i nedgangstida, drukningstida. INGEN isbada

INGEN kråla i drukningstida

Hollendarens bilete obskurt, fordreia, men venstre øyra, mørkerblikket såg og såg dei skarpe teikna

NOKON , ein annan, med skarpaste kniven i palmeborken rissa og rissa og rissa

Hollendarens bilete flygande skrømtet trassig, opprørsk

dømt, fordømt kvilelaus hug, kvilelaust minne ...

Jonas du Jonas

d’er HISTORIA , dette. Hollendarens bilete framkalla traume

drøymde eg drøymde på trettande døgeret, visste eg sov sov no, min kjære

i underjordsgrotta, kjellarbua, visste eg låg på luftmadrassen

Fuktig fuktig

i murpussverda. Klimaskifte latente virus. Fiskane måpa i flaskepostverda. Og brevet

Hollendaren meinte å skriva, men INGEN skreiv …

Ai ai kaptein! ai ai INGEN , eg, ubrukeleg pronomen, ei maske (i staden for namnet), eg eller INGEN drøymde, høyrde

Hollendaren syngja

åleine, forlaten

Hollendaren song

om’n Ola på jorda, sosialdemokraten fuglane kjende, fuglane fylgde toeine ramnar, hugen og minnet kjende og fylgde han Ola han Ola

Hansebergknatten, praktisk tala kommunist. I Jesu namn

hugsar du han, han Ola?

Fødd omkring nittensytten puraste purunge proselytten i trettitre, han Ola på jorda flytande skapnad frå innlandsfylket, frå langt oppi lia høgt oppi åsen, Hansebergknatten austanføre nordre, vestanføre søre

du Jonas Gahr Støre, du sjøvande friskus, turgjengar sjølvsagt og skilaupar au i norskaste draumen om terra firma; han Ola, me hugsar han Ola på jorda, INGEN og eg som to dropar vatn, eg og INGEN , maska og namnet og NOKON tør påstå d’er enkelt å tenkja språklege greiene speglar kvarandre, namnet og maska og NOKON tør påstå d’er enkelt å tru dropane dryp, dropane fell i samla flokk, den eine, trur me heilskapens bilete, heilskapen, trur me einskilde dropens bilete; han Ola streva med orda, sta-sta-stammaren streva, og likevel … Ola han las, Ola han tala, seier eg eller INGEN vesle tingen attunder palma på audaste øya, venstre øyra, mørkerblikket og hei fallera og tuddelidei og praten gjekk i grannelaget – By og land hand i hand? – Ola, han Ola og skrinnaste jorda trekte til seg alle orda – Mirakel! mirakel! – Orakel! orakel! komen frå inkje frå Hansebergknatten! – Kva mæler dei no, gåsa og kua og prestegardskatten?

Hollendaren song, draumkvædet skvalpa visste eg sov på trettande døgeret, visste eg låg på luftmadrassen i underjordsgrotta, kjellarbua forrådsrommet, kyklopens hòle

i draumelogikken, eg hadde jo lese

Odyssevskvædet, Syrgjesongane

Prosperos bøker, Totalberedskapsmeldinga og andre tekstar, epikrisar

og teikneseriar, gulna aviser. INGEN , den farken hosta og harka og ville nok skildra robinsonaden, audaste øya

og Kalvedanselva, heimstadens vasstraum Okserautfossen (ei betre nemning). INGEN , den nuten hamna i elva, Kalvedanselva buldra og braka, lekamen styrta som fullgode dropen, himmelske dropen eine i mengda engelen lik. INGEN , den dotten dansa og dansa nedover nedover

Kalvedanselva, vidare nedover, vidare ut og plaska i havet og havet

ifylgje nyare forsking … havet, ein spegel flytande flate, bylgjande skapnad

brumma brumma

– Prøv, du arme, prøv å gjetta talet dropar eg har skoda i denne mi tid

Hollendaren song og tidvasstabellen tulla meg inn og snusklysa bolna og leppa ho svall og blodet det beva i venstre øyra, men lærte ei lekse, lærte og trudde hovudet vakna. NOKON skimta

Hollendarens skute INGEN om bord og NOKON trudde flygande skrømtet INGEN berga, trudde dei leika toeine saman som toeine ramnar høgt i det blå havflata spegla

Og skuggane segla segla segla trudde trudde

slutten fekk slutta, byrjinga byrja det trettande døgeret, du lydhøyre Jonas NOKON vil tenkja NOKON vil hugsa

Støre-regjeringa tjuetjuefem

redningsaksjonen, politiske håpet om medbør på ferda

– Jens, han Jens må det verta! halleluja, han Jens, kamerat! – Bedyrar han er sosialdemokrat

– Pinocchio! Pinocchio! padre Geppetto ventar på deg

Og skuggane segla d’er fuktig i grotta, kjellarbua vasskadar her, vasskadar der flekker forsikringsselskapet syntest var greie heilt ubetydelege, bortanom språket avtalen, pengar

all fornuft. Og råmen i lufta han gjer noko med meg, eg pustar han inn råmen i lufta, pustar, eg pustar, du gråsprengde grublar eg nektar lyda forsikringsselskapet

Nei kamerat, nei nekta du lyda den høgaste befaling: ALT me skjøna liksom skjøna i rette stunda, krisestunda då NOKON trudde mannskapet trudde ansvaret kvilte på deg åleine

åleine, forlaten

du kvilte, du slumra innunder dekk, det storma som verst og loddet vart kasta og loddet fall, dropen i havet og redninga kom, slukte deg heil du lydhøyre borgar

slik det står skrive

Akk den trua den trua … som før, då me visste kva lesnaden kravde, kva tysdagen tydde tysdagen tydde framhald fylgjer i Donald-blada, sosialdemokratiet og framhald fylgde tysdagen etter ved sengetider, me trudde me trudde, men

INGEN saltvatnet atter gurgla

Donald Duck var Donald Duck, INGEN kvekka kvekka og havet (ifylgje nyare forsking) brumma brumma

– God morgon, god natt eg kjenner deg att dropen frå ovan, INGEN i mengda, eine som liknar kvar einaste drope kvar einaste drope liknar ein engel, smeltande engel

Velkomen velkomen igjen og igjen

eg ynskjer deg hell eg ynskjer deg lukke

Og tysdagen etter …

Hollendaren song åleine, forlaten om’n Ola på jorda, sosialdemokraten

åleine, forlaten Hollendaren song veit kje kor lenge, men

etter ei stund dreiv INGEN i land på audaste øya du tenkja deg kan tenkja og hugsa

audaste øya

venstre øyra mørkerblikket

bilete bilete

minne minne

Gløym no ikkje sosialdemokratanes raudaste alder medan du høyrer pengefolkskvalder trumpistfascismens vreidegalder

Gløym no ikkje medan du høyrer, medan du tolkar meiningar, målingar flod og fjøre, blårussprat om kroner og øre

Gløym no ikkje gløym no ikkje …

Min gode herr Støre, du vart vel lei prognosar profetiar jeremiadar

Jeremias, forresten var undervegs, er undervegs og rykte fortalde, kort fortalt om klissblaute Jonas i kvalfiskens buk og Stoltenbergs ljos i kvalfiskens buk

– Pinocchio! Pinocchio! padre Geppetto ventar på deg

Men såpeboblene? Nei kjære vakre … kjære vakre vene snille deg, kamerat d’er kje spørjetime no, ei heller sentralstyremøte kaffislabberas

gemyttlege pølsefesten stolleiken, aurete tilstanden der me spring som galne, jaktar bablande pannekaka grisefôret i folkelege underhaldningsprogrammet

Nei kamerat, enno for tidleg, enno for seint byrjinga slutta, slutten fekk byrja lenge før blåaste morgonen grydde havet brumma, spegelen akka, såpebobler steig steig

oppover ↑ ploppa, sprakk ↓

og merkantile merksemda merkantile merksemda merka seg einstaka dropen, smeltande engel og seinare, plutseleg meiningar, målingar tretti prosent! Jens, han Jens! Jeremias Jeremias

treng kje forhasta seg, treng kje fleire såpebobler blåsa no, i augneblinken

Dropen, ein drope ein drope er fallen og falla skal dropen igjen og igjen og sjølvsagt må draumkvædet renna renna vyrda straumen, bileta koma slik bilete kjem til dømes

Hollendarens bilete, obskurt fordreia og landkrabbebiletet Ola, han Ola tømmer han fløytte i ungdomsåra, fløytar han var treskjerar au Ola, han Ola hoppar og sprett og av med hatten viss hatt du plar bruka, me ropar hurra!

Men kjøtstykket utstrekt på luftmadrassen i underjordsgrotta kjellarbua forrådsrommet kyklopens hòle beredskapslageret i draumelogikken? Greitt å få nemna alderen tærer, kroppen trøytnar på audaste øya

venstre øyra mørkerblikket på luftmadrassen

Eine, det andre forvandla forvandla som dropar i elva, dropar i havet som brakke bokstavar, store bokstavar NOKON rissa rissa og rissa og teikna skapa bilete bilete i palmeborken i brevet eg skreiv

Hollendaren song og INGEN skreiv krulla og stappa brevet i flaska og flaska vart kasta, flaska og brevet til bylgjene gjevne

– Farvel farvel

Nei kamerat, høgrebylgjer att og fram, sirenesong?

Nei kamerat, ein annan song, høgare bylgjer d’er kampen det står om klassekampen, fellesskapen attergangarsongen pessimismen surrealismen, elegien med andre ord framhald fylgjer framhald fylgde

Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.