Issuu on Google+


Samlaget Oslo 2012


Dette er Jakob og Neikob. Dei er bestevenner, sjølv om dei er veldig forskjellige. Jakob seier JA til alt, og Neikob seier NEI til alt.


Neikob vil bygge huset like høgt som Jakob sitt. Han spør Jakob om hjelp. — JA, svarer Jakob. — Men først tek vi bollepause! Dei gomlar i veg mens dei ser på plankane og malingsbøttene.


Så seier Neikob: — Bygg, du Jakob, så høyrer eg litt på radioen. — JA, seier Jakob. På radioen seier dei at ein tjuv har rømt frå fengselet. Han er gul, har svart huve og kan vere skummel.


— Vi skal finne tjuven! seier Neikob. — JA! svarer Jakob. Jakob og Neikob køyrer inn til byen der fengselet ligg.


Dei leitar overalt. Bak buskar, i piper og i parken. Men dei finn ingen tjuv. — JA, JA, seier Jakob. — NEI, NEI, seier Neikob. Så går dei tilbake til bilen.


Jakob og Neikob. Tjuven slår tilbake