Jag är Supermann

Page 1



Jag är Supermann ferdig_a 29.01.17 12:17 Side 1

Lars Mæhle

JAG ÄR SUPERMANN Noveller

Samlaget Oslo 2017

1



Jag är Supermann ferdig_a 29.01.17 12:17 Side 3

Innhald

Jag är Supermann 5 489 mil til Aleppo 37 Fuglen i røyret 48 Änglarna pratar om dig 76 Før gjekk eg alltid kledd i bomull 86


Jag är Supermann ferdig_a 29.01.17 12:17 Side 4


Jag är Supermann ferdig_a 29.01.17 12:17 Side 5

Jag är Supermann

– Tjena! Bjørn rykte til. Vatnet skvalpa i baljen. Han sende eit raskt blikk i retning vegen. Pusten datt tilbake i kroppen. – Herregud, som du skremte meg. Eskil lo høgt. – Lettskremte satan! Bjørn sat på huk framfor huset, i berre shorts og Supermann-T-skjorte. Det var ein glovarm julimorgon, og han hadde stått opp tidleg for å lappe det fordømte hòlet i framdekket på sykkelen. Han hadde punktert og tryna da han køyrde over brua kvelden i førevegen, på veg heim frå den frivillige fotballtreninga. Dette var også grunnen til at han hadde to store plaster – eitt i kvar handflate. Men no stod Eskil, av alle, i oppkøyrselen heime hos han. Bjørn kjente at det dirra svakt på undersida av låra idet Eskil tok av seg hjelmen. Deretter kom den tidlegare klassekameraten mot huset i lange kliv. Da hadde han altså køyrt moped frå Øra, fem kilometer oppover dalen. Det var fader så mistenkeleg. Det skjedde så å seie aldri at Eskil oppsøkte han. Vanlegvis hang Eskil med Karl og dei, og han såg nok på Bjørn som ein strebar. Eskil hadde brukt lang tid på å bygge seg eit image som obsternasig opprørar. Han var av typen som alltid 5


Jag är Supermann ferdig_a 29.01.17 12:17 Side 6

sa imot lærarane av prinsipp, berre for å tirre dei opp. I friminutta dreiv han stort sett og leita etter offer han kunne psyke ut. Og dette var eit fag – det einaste – han verkeleg kunne. Han var ein meister i å seie ting som bora seg innover i hjerneborken, sårande replikkar ein aldri klarte å gløyme. Heldigvis ville dei hamne på ulike linjer på vidaregåande frå hausten av. Eskil stilte seg opp framfor Bjørn og sykkelen, og skugga samtidig for sola. Bjørn forsøkte å spele roleg, førte berre stadig nye delar av sykkelslangen ned i baljen. Plutseleg merka han dei. Boblene som pipla opp i vatnet. – No, kva skjer? sa Eskil. – Kva ser det ut som? – Du lappar eit forpult dekk. Bjørn humra nervøst. – Riktig. Du får nok nobelprisen i noko når du blir stor. – Nobelprisen i kødd, kanskje, sa Eskil. – Den får du i alle fall! Begge lo. – Muttra og broder’n er på hytta, sa Eskil. Han gjorde ein liten pause, før han heldt fram: – Har derfor eit lite vorspiel i kveld. – På ein måndag? sa Bjørn og drog den drypande gummislangen opp av vassbaljen. Eskil vrei litt på seg. – Bengle har langhelg og har lova å kjøpe øl. Stian kjem, om han får lov. Kanskje Katrine og Marianne. Du kan jo stikke innom, du òg? 6


Jag är Supermann ferdig_a 29.01.17 12:17 Side 7

Bjørn blei heilt paff. Stod verkeleg Eskil her og inviterte han på vorspiel, heime hos seg? Da måtte det søren vere manko på dei faste vennene hans denne sommarferien. – Jo da, kremta Bjørn, – kan godt ta meg ein tur. Men Eskil var ikkje ferdig. Det var eit eller anna som gnog han. – Sei meg … Bjørn prøvde å halde på med sitt, liksom, laga eit lite kryss med ein kvit blyant på slangen, der hòlet var. Deretter skrudde han opp ventilen. Lufta seiv sakte ut av gummislangen. Til slutt vippa han blikket opp mot Eskil. – Kva er det? – Har du møtt ho der svenske jenta? Bjørn reiste seg, forsøkte å lese i ansiktet til Eskil om han kødda eller noko. Men alt Bjørn kunne sjå, var dette uvande, litt prøvande blikket. – Svensk jente? Kva snakkar du om? Eskil kikka overraska mot han. – Herregud, har du ikkje fått med deg det? Det er visst komme ei svensk jente til Stråheim. Ho er fjernt i slekt med Anders Stråheim, tremenning eller noko, og no skal ho plukke jordbær der i sommar. Saman med Anders Stråheim, da, og ein heil skokk med polakkar. Så det var dette det handla om. Ei svensk jente. Sjølv om Stråheim-garden låg knappe to kilometer unna, så hadde han søren ikkje høyrt eit pip om henne. Det neste spørsmålet som trengde seg på, var naturlegvis: – Er ho fin? 7


Jag är Supermann ferdig_a 29.01.17 12:17 Side 8

– Dritfin, visstnok! Den kroppen, ifølgje Karl. Eskil gjorde ei rørsle med begge hendene, som liksom skulle førestille ein slags pæreaktig fasong, og som indikerte at ho … ja, hadde kurvene på dei rette plassane. Bjørn kremta. – Kor gammal er ho? – 18 eller noko. Bjørn kjente hjartet dale i brystet. – Herregud, ho er jo vaksen. – Aldri sei aldri, Bjørn. Ikkje noko gale med erfaring, veit du. Som om dei skulle ha kjangs. – Skulle likt å ha meg med ei svensk jente, la Eskil til. – Tru om dei er annleis enn jentene her i dalen? – Jentene er vel dei same overalt. – Sei ikkje det, humra Eskil. Han skulle liksom gi inntrykk av å ha hatt sex med ein drøss damer òg no. Begge visste at det ikkje var tilfellet. Sjølv hadde ikkje Bjørn vore i nærleiken av å ha hatt sex eingong. Samtidig blei han litt oppgitt over det Eskil sa. Her gjekk han og svima i si eiga verd, og fekk ikkje eingong med seg at det fanst ei svensk jente – rett under nasetippen hans. Han kasta eit blikk mot sykkelslangen. Nesten all lufta hadde sive ut no. – Blir du med bort? spurde Eskil. – Til Stråheim? – Ja, Einstein. Kan no slentre bortom jordbæråkrane i alle fall – og ta ein kikk? – Skal du dit, da? Eskil pirka med skoa i grusen. 8


Jag är Supermann ferdig_a 29.01.17 12:17 Side 9

– Så lenge du er med. Ei varm kjensle drog brått gjennom kroppen til Bjørn. Dette var så nær respekt ein kunne få frå Eskil. Same om han sjølvsagt skjønte at Eskil måtte ha med seg nokon dit bort, at det var umogleg for han å oppsøke den svenske jenta aleine. Men no hadde han strekt seg rimeleg langt i å anerkjenne ein skoleflinkis som Bjørn. I grunnen såg det ut som om Eskil angra seg litt. Han blei i alle fall plutseleg veldig opptatt med å studere fjelltoppane, som om han hadde fått auge på noko utruleg interessant, ein paraglider eller noko, i lufta over dei. Same det. Bjørn var blitt nysgjerrig på den svenske jenta sjølv. Så han nikka kjapt: – Må berre seie frå til fatter’n først. Bjørn begynte å gå i retning av kalkuninnhegninga. Eskil følgde etter. ••• Dette var den sommaren far til Bjørn var blitt kalkunoppdrettar. Kvar faren hadde fått denne lyse ideen frå, ante ikkje Bjørn i alle fall. Moglegvis var det noko faren gjorde for å irritere bestefaren. Bestefar til Bjørn var imot alt som hadde med eksperimentering innanfor gardsdrift å gjere. Ting skulle gjerast på gamlemåten, ujålete, solid og slik det var gjort i generasjonar før. Han var sjølvsagt også svært skeptisk til «dette håplause kalkunopplegget». Faren sette uansett planen ut i livet, og det med ein slags gründeriver som var ulikt han. Om våren snikra han opp ei innhegning i bakhagen, eit avlangt rektangel med eit éin meter høgt nettinggjerde rundt. Oppi inn9


Jag är Supermann ferdig_a 29.01.17 12:17 Side 10

hegninga plasserte han 17 små nøste, pjuskete, søte kalkunkyllingar. Forsiktig trippa dei rundt i graset. Kyllingane var lykkeleg uvitande om at dei var her med eitt einaste formål: å hamne på flest mogleg serveringsfat kommande nyårsaftan. Men slik er det jo med alle skapningar på jorda. Alle blir slyngt ut i livet utan at vi veit kvifor, og berre for å vente på å døy. I mellomtida gjeld det å gløyme det best som råd – og utrette så mykje faenskap som mogleg. Denne innsikta og innstillinga lét sakte til å innhente kalkunane òg, ettersom dei gradvis vaks seg større og styggare ut over sommaren. Allereie ved sankthanstider var kyllingane forvandla til svære beist av nokre fjørkre. Dei vagga rundt i innhegninga med purpurfarga hudfaldar som hang og slong i ansikts- og halsregionen. No, litt uti juli, var dei blitt reinaste kjøtberga. Og ikkje berre såg dei ille ut. Dei hadde utvikla ein tvers igjennom ufordrageleg personlegdom òg. Humøret deira var lunefullt, og dei hakka laus på kvarandre for den minste grunn, kniva og slost om å vere sjefen i flokken. Berre lyden kalkunane støytte ut av seg – eit totalt uforståeleg og hesleg «goble-goble»-kakkel – fekk det til å gyse langt inn i sjela. Det at dei var blitt store, var positivt med tanke på nyårsmiddagane. Men samtidig hadde det utvikla seg til litt av eit problem òg. For det var éin ting faren bokstaveleg talt ikkje hadde tatt høgde for. Ein ganske vanleg morgon den sommaren starta med at familien sat og åt frukost. Dei sat der og pirka i cornflakesen og ante fred og ingen fare. Etter ei lita stund 10


Jag är Supermann ferdig_a 29.01.17 12:17 Side 11

høyrde dei så ein umiskjenneleg «goble-goble»-lyd i det fjerne. Faren blei mørkare og mørkare i blikket. Og kalkun-goblinga auka berre i styrke, til dei dukka opp i kjøkkenvindauget – heile gjengen – 17 ufyselege kalkunar marsjerande i flokk nedover vegen. Deretter begynte ei halsbrekkande jakt for å få fanga dei umoglege fjørkrea – og plassert dei tilbake i innhegninga igjen. Jakta varte i timevis. Kalkun-helvetane stakk seg unna overalt. Dei sprang til skogs. Dei gøymde seg i hagen til naboane, i ripsbusker og rosebed. To av dei baska seg til og med ut i bekken, og flaut fleire hundre meter nedover, før dei kara seg i land med eit naudskrik – i bakevja der bekken rann ut i elva. Det same gjentok seg kvar einaste dag. Hønsedyra baksa seg over innhegninga, som om dei bar på ein felles, ustoppeleg fridomstrong langt der inne i kalkunsjelene. ••• Faren stod nærmast konstant vakt utanfor kalkuninnhegninga i desse dagane. Også denne sitrande varme julimorgonen. Han hadde rigga seg til i ein campingstol, og sat der og småslumra i bar overkropp med ei bok mellom hendene. Da Eskil og Bjørn kom, kvapp han liksom til. – Eskil? Jøss, det var lenge sidan. – Tjena, Johannes! Står til? Ingen kunne skru på sjarmen som Eskil, om han berre ville. Sjølv var Bjørn litt flau over at faren sat der i berr overkropp og alt, men til hans forsvar hadde han jo ikkje venta at Eskil, av alle, skulle komme rekande inn i bakhagen. 11


Jag är Supermann ferdig_a 29.01.17 12:17 Side 12

Faren sokk tilbake i campingstolen igjen. – Jo da, det humpar og går. Eskil kasta eit blikk mot innhegninga. – Kalkunar? Er det lukrativ business, da? Faren murra. – Vel, ikkje akkurat. Hadde ikkje tenkt å sitje her heile sommarferien, for å seie det slik. Men det er eg jo nøydd til, slik som dei typane driv og stikk av. Eskil lo. – Eg kan levande sjå det for meg. – Det kan du vel, mumla faren. Bjørn kremta. – Eg blir med Eskil ein tur. Faren sende han eit skråblikk. – Ja vel? Har du fått reparert hòlet allereie? – Han kan få sitje på mopeden, skaut Eskil inn. – Har du hjelm, da, Bjørn? – Kan bruke sykkelhjelmen. Faren slo seg visst til ro med det. – Du må vere heime til middag. – Ja da, sukka Bjørn. – Blir vel kalkun, det? humra Eskil. – Ikkje sjå bort frå det, svarte faren dystert. ••• Så sat Bjørn der bakpå mopedsetet på veg mot Stråheim. Det var lenge sidan grusvegen var skrapa, så enkelte stadar var det skikkeleg vaskebrett. Mopeden humpa som ein sentrifuge bortover, og Bjørn var nøydd til å klamre seg fast i Eskil, for ikkje å falle av. Eskil sa heldigvis ingenting på det, han berre gassa på bortover, 12


Jag är Supermann ferdig_a 29.01.17 12:17 Side 13

og ei sky av tørr grus steig opp bak dei. Bjørn sat der med hjartet i halsen. Om mopeden velta, ville det ikkje halde med to plaster i handflatene, akkurat. Brått fekk han auge på seg sjølv i sidespegelen. Herregud, han såg heilt teit ut med den sykkelhjelmen. Det var like før han tok han av i fart. Men akkurat da, mens Eskil køyrde som villast, møtte dei ein bil i ein sving. Det kvein i bremser, og Bjørn kjente korleis mopeden fekk sleng, sentrifugalkrafta drog dei ut mot grøfta, og han tenkte at no, no var hans siste time kommen, og han berre venta på smellen og smerta. Men Eskil fekk retta opp slengen i siste liten. Nokre sekund seinare stod mopeden og gjekk på tomgang i vegkanten. Hjartet banka i øyra. Og bilen, den som dei nesten hadde krasja med, kom no sakte ryggande tilbake mot dei. Først no kjente dei att den brune Audien. Det var berre det som mangla. Bilvindauget rulla sakte ned, og dei bustete krøllene til Bengle kom til syne. Han stira morskt mot dei i den utvaska Iron Maiden-T-skjorta si, den han nesten alltid hadde på seg. – Faen i helvete, altså! peip han. – De må ta det med ro, småungar! Er de ikkje glade i livet, eller? Bengle var kjent for alle i dalen. Han var tippa tjue – og børna alltid rundt i den brune Audien sin, att og fram frå Harryen til Litj-Harryen, kvar bidige time på døgnet. På sett og vis var han god å ha. Han kjøpte øl til alle under 18, og elska å gi alle – særleg 13


Jag är Supermann ferdig_a 29.01.17 12:17 Side 14

smårips – skyss til festar og slikt. Bengle jobba skift på Verket, hadde gjort det så lenge dei kunne hugse, og hadde ingen venner på sin eigen alder. Det var nok fordi han mangla litt sosial intelligens i topplokket. Saka var at ingen orka han i lengda, at han kunne vere noko så inni hampen slitsam. På toppen av alt hadde han pipestemme. Kanskje det var derfor at han gjorde alt, absolutt alt, for å verke så utruleg macho. No sat han der og stira stivt framfor seg inne i Audien. Det verka nesten som om han hadde mista talens kraft, for éin gongs skuld. – Kan vi få dra vidare no, kanskje? sa Eskil til slutt. – Vi sest jo i kveld, uansett. Du har fiksa dei to kassene med øl, ikkje sant? Bengle gjorde ikkje teikn til å svare, men heller ikkje til å dra. Han var liksom djupt inne i sine eigne tankar. Og da han først datt inn i Bengle-hakket igjen, var stemma hans enda meir merkeleg enn elles. – De har ikkje sett rømlingen, vel? Eskil og Bjørn kikka fort på kvarandre. Dei visste begge kven han sikta til. Denne sommaren hadde ein biltjuv rømt frå eit fengsel på Austlandet, og no hadde han snart vore på flukt overalt der det kunne køyrast bil. Heile landet hadde følgt spent med på nyheitene, korleis rømlingen leikte katt og mus med politiet. Jakta hadde føregått i vekevis. Og no hadde han visstnok stole ein bil i nabodalen, Surnadal, kvelden i førevegen. Dermed trudde alle at han var på veg til Sunndal. – Nei, vi har ikkje sett rømlingen, sa Eskil til slutt. – Om det da ikkje er du. – Veeeldig artig, fnyste Bengle. 14


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.