I-krig-og-kjaerleik

Page 1

     

KoldenIKrigOgKjærleik.indd 1

isbn ---- 9

ragnhild kolden

i krig og

kjærleik

:  . 

ISBN 82-521-7762-6

i krig og kjærleik

Trøndelag, november : Ein framandkar kjem til Glenne, ein gard i grensetraktene mot Sverige, for å kartleggje våpenlager ute på bygdene. Der treffer han Dagny, ei ulykkeleg og misbrukt tenestejente. Møtet blir skjebnesvangert for dei begge. Saman blir dei deltakarar i krigen på fienden si side, ikkje av ideologisk overtyding, snarare blindt og tilfeldig. Som agentar for Gestapo i Trondheim, under dekknamn i undergrunnsverda, gjer dei det krigen og situasjonen krev av dei – ting dei kanskje ikkje kunne fått seg til å gjere i fredstid eller under sine eigne namn.

ragnhild kolden

   er det som i eit skodespel. Og krigen er scena. Du spelar ei rolle, utan manuskript, men etter visse reglar. Rolla frigjer deg frå det du er elles, i fredstid, heile poenget er at du skal vera ein heilt annan, du er ikkje ein person, men ein reiskap.

  (f. ) kjem frå Bøverdalen i Lom. Ho debuterer som forfattar med denne romanen.

788252 177626 samlaget.no

27-08-10 11:53:59


I krig og ferdig.qxd:A

08-08-10

15:51

2

Side 2


I krig og ferdig.qxd:A

08-08-10

15:51

Side 3

Ragnhild Kolden

I krig og kjĂŚrleik Roman

Samlaget Oslo 2010

3


I krig og ferdig.qxd:A

08-08-10

15:51

Side 4

Š 2010 Det Norske Samlaget www.samlaget.no omslag: Jesper Egemar førtrykk: Samlaget skrift: Adobe Garamond 11,5/13,5 papir: 90 g Munken Print Cream 1.5 trykk og innbinding: AIT Otta AS Printed in Norway isbn 978-82-521-7762-6

4


I krig og ferdig.qxd:A

08-08-10

15:51

Side 5

landssvikfengselet, trondheim, 1945 Bruset frå gata utanfor er ein grunntone i halvmørkret i den vesle cella. Bilar som kjører, trikken som kvin gjennom svingane, folk som ler, ungar som skrik, hestekjerrer som rumlar over brusteinane. Ein og annan gongen høyrer han brokkar av samtaler. Ikkje at han får meining i dei, det er meir enkeltord og tonefall. Livet der ute skil han ikkje, men merkeleg nok er det ei slags lise i det å liggje og lytte. Bjørn Sigvartsen strekkjer seg ut på brisken. Ikkje ei sjel har vore innom hjå han i dag. Det kvittar. Så kan han liggje og tenkje i fred. Eller ikkje tenkje, men la tankane flyge som dei vil. Snart hit, snart dit. Han er alltid svolten. Han, som nesten aldri trong mat. Men det var før. Da maten var der og ein berre kunne ta for seg. Det smell i gitter ein stad. Klank, klank, klank. Holt, metallisk, rytmisk. Nokon som har mist tankane sine og gjeve seg over til tvangen og fortvilinga. Stakkaren brukar sikkert ei skei. Det er det einaste fangane får av reiskap. Så dei ikkje skal gjera skade på seg sjølve, har vel øvrigheita tenkt. Som om det skulle vera nokon vidare risiko for det, så mange vaktarar det er her. Av alle slags typar. Nokre av dei kjenner Bjørn att frå krigsåra. Motstandsfolk. Men så er det eit par–tre som han har trudd 5


I krig og ferdig.qxd:A

08-08-10

15:51

Side 6

var på andre sida. Ein av dei såg han til og med på ein fest tyskarane heldt i bodegaen på Hotell Phoenix så seint som i fjor haust. Vaktaren som er innom oftast, er Halvor Smedstuen. Han har så blankpussa skor heile tida. Blid og rund, Bjørn tenkjer berre på han som Tjukken. Tjukken fekk det for seg at fangane kunne bruke fyrtøyet til å setja eld på cella. Det var i førstninga, da alt var berre kaos. Bjørn må nesten smile når han tenkjer på det nå. Det skal ein god porsjon mot til for å la seg sjølv brenne inne. Og Bjørn er ingen modig mann når det handlar om smerte. Han held knapt ut svien ved å klippe ein nagl for kort. Og han spydde da han knekte ribbeinet ein gong, det innrømmer han glatt. Det var ikkje særleg vondt eingong. Objektivt sett var det berre ein fis i helvete, ingen ting mot det han har sett andre halde ut utan å mukke. I krigsåra, medan dei dreiv på som verst med arrestasjonar og avhøyr, såg han menn som heldt ut det mest utrulege. Han såg pinsler farte som flammekastarar over innbitne, trassige ansikt, grava seg ned i huda og rynke henne, som papir som brenn i ein peis. Fangar som heldt ut i timar og døgn – sa ingen ting, spydde ikkje, skreik ikkje. Berre denne innbitne togna. Faen kor forbanna det gjorde han. Kunne ikkje slutte å slå. Men altså – fyrtøyet. Tjukken tok det frå dei innsette – gjekk frå celle til celle og samla saman. Kvar gong dei skulle ha ein sigarett, måtte dei få nokon til å koma. Det gjekk berre eit par dagar, så kom dei att med fyrstikkeskene, dei orka ikkje all flyginga att og fram til cellene. Kjem dei og hentar han til forhøyr i morgon att? Kor mykje vil dei veta? Det er som om dei ikkje er heilt samde med seg sjølve om kva verdi han har. 6


I krig og ferdig.qxd:A

08-08-10

15:51

Side 7

Snart er det jul. Første jula på lenge med ljos i vindaugo, slik at byen sjølv ser pynta ut. Det hadde vore fint å sjå. Vaktarane legg ut om juleribbe og juletre og presangar og salmar, dei skal heim og feire julekveld, dei fleste, unntatt Tjukken og nokre til som ikkje har familie. Og så han brilleslangen som går med ullsokkar oppi skorne, ein lang staur av ein kar som Bjørn ikkje blir klok på, han liknar ikkje på nokon av dei andre vaktarane. Under avhøyr står han berre og heng bortved døra eller glaset, stiller aldri eit spørsmål, ser ut som han kjedar seg. Helvetes tosk. Bjørn kjem i tankar om Lillian. Det rir han som ei mare, det at han ikkje veit noko. Er ho teken, eller rakk ho å koma seg over til Sverige? Han gløymer aldri synet som møtte han på Glenne den første krigshausten. Lillian sat forskremd på ei vedkasse. Det stinka blod. Det er ei heil æve sidan nå. Det at han tok for seg han Bendik, er det første han skal ta på seg utan så mykje som å lea på eit augnelokk. Helvetes bondedjevel, kviskrar han ut i den litt tunge cellelufta. Det søkk i han ved tanken på at Lillian kan vera død. Nei, nei. Tenk om ho kunne koma inn døra her nå, stå der som ei blå glede. Kanskje kunne ho koma og redde han, slik som før. Undren oppdagar han at han må streve med å koma på det rette namnet hennar. Det er Lillian ho er for han. Les ho avisene? Han veit dei skriv om han. Det meste er sant. Han har fått referat frå Tjukken, ein gong smugla han til og med inn Adressa til han. Det hender at døden går til bakhaldsangrep på han. Heilt plutseleg, medan han ligg på brisken og berre stirer inn i krokane, når hovudet er tomt, gjerne etter at han har 7


I krig og ferdig.qxd:A

08-08-10

15:51

Side 8

vore oppe til forhøyr, kan tanken vera der: Om eitt år er han mest sannsynleg borte. Og det er akkurat som om sjølve denne tanken, som altså kjem utan varsel, som ein innful, ubeden gjest han helst vil sleppe å sjå innanfor dørstokken sin – det er akkurat som om han tvingar han til å sjå nøye på seg, slik at han plutseleg er inne i sjølve dødsmedvetet, det er som ei tyngd i kroppen, hjartet stoppar ørlite, akkurat som det øver seg til den store prøva, og han går verkeleg inn i tanken på å vera død. Ugjenkalleleg død. Lik. Borte. Nedgraven under seks fot jord. Liggje og rotne. På berre eitt år er det meste smuldra opp, berre bein og slintrer att. Han var med på å grava fram lik på Falstad. Kjende ikkje att nokon av dei. Berre kjøtbitar, tøy og bein. Og somme av dei såg han i live så seint som i fjor haust. Døden tvingar han opp frå brisken. Gjer han til ein travande klump av angst, att og fram over cellegolvet. Fem steg i kvar retning. Så smått er det her, og veggane kjem liksom nærare og nærare, han må lata att augo og sjå for seg Lillian. Alltid Lillian. Korleis det var, og korleis det skal bli når han kjem ut herfrå. Det er om å gjera å tru på at ein skal ut. Han har vorte ekspert på å tvinge tanken på døden ned i eit svart hol langt nedi magen og peike nase av han. Somme gonger trur han verkeleg at dei skal sleppe han fri ein dag. Og dei skal i alle fall ikkje få sjå han redd. Det stod i avisa at han var eit udyr, hadde Tjukken sagt, og at han var iskald, utan snev av anger. Ja, ja. Dei om det. Skulle han knele for dei, kaste seg ned på golvet og skrike som ein reivunge? Er det det som skal til? Dei kjem til å sleppe han fri. Når han sit og pratar med Tjukken, for eksempel, er han heilt sikker. Tjukken har ei eiga evne til å la framtida farge orda når han ein 8


I krig og ferdig.qxd:A

08-08-10

15:51

Side 9

sjeldan gong kjem inn hit og set seg, krosskastar føtene, dei blanke skorne sender lyn mellom veggane, og så kan han finne på å seia noko om kva som skjer i byen, at dei byggjer der og der, det skal bli artig å sjå korleis det vil ta seg ut, seier han, det er opna nye butikkar, snart kan vi handle akkurat som før og meir til, seier han med lengsel i blikket, ja, han seier vi, som om dette er noko han ser for seg at Bjørn skal vera med på. Bjørn likar Tjukken. Somme gonger trur han Tjukken likar han au. Han veit ikkje kva dato det er lenger. Har slutta å bry seg. Tida får berre gå, fram til rettssaka. Korleis har mora og faren det, tru? Dei har ikkje vore her enno. Ikkje søskena hans heller. Eller så har dei vore her og ikkje sloppe inn. Tjukken meinte at faren hadde vorte arrestert. For kva? Han har da berre gått der og prata, heile krigen igjennom. Ikkje gjort ein skit, korkje på den eine eller den andre måten. Helvetes tosk. Og eg som trudde han ville stille opp, tenkjer Bjørn. Jaggu sa eg smør. Feiging. Det er det han er. Og kvifor skulle han koma hit? For å be for sonen sin? Hah, han ser det for seg. Tre celler lenger bort har dei plassert Tormod. Bjørn møtte han så vidt i gangen ein dag, da han hadde vore på toalettet. Han var ein skugge av seg sjølv. Bjørn såg på han, prøvde å smile litt, oppmuntre den andre. Tormod glåmde tvers gjennom han. Det var heilt dødt inni augo der. Om Bjørn hadde fått prata med han, skulle han prøvd å muntre han opp, setja litt mot i kameraten. Men det får han ikkje, sjølvsagt. Dei einaste han pratar med, er forhøyrsfolka. Og ein og annan journalist har vore her. Og ein psykolog, eller kva det var. Berre tullprat frå ende til annan, han sat og glodde på han med nysgjerrige lorg9


I krig og ferdig.qxd:A

08-08-10

15:51

Side 10

nettaugo og prøvde å smiske seg innpå han med fine ord og liksomkunnskap om korleis det er å vera han. Bjørn og dei andre torturistane var interessante tilfelle, sa han. Som om dei var sjeldne insekt som ingen hadde sett før. Han skal jaggu få sjå på interessant. Berre vent til rettssaka. Bjørn sparar det meste til da. Han har ein forsvarar. Han har vore innom ein einaste gong. Han kunne godt tenkt seg å føre sitt eige forsvar. Dei to vaskehjelpene som er innom med bøttene sine, går det an å snakke med, dei er så trivelege, at. Kanskje veit dei ikkje kven han er. Og så er det vaktarane som kjem med maten eller tek dei med ut i luftegarden. Eller på do. Men dei er fåmælte. Han prøver å få i gang ein prat, men nei. Dei er forresten reine tomsingane, somme av dei. Som han smørbukken frå Oppdal, som går her som ein annan småkonge og trur at fangane er husmennene hans. Han kjem frå ein av dei store gardane oppi der. Bjørn tenkjer attende på den gongen han var innom på bruket hans og leverte nokre illegale flygeblad. Det var i førstninga av krigen, dekkoperasjonen var å spreie tåpelege trykksaker om at England snart var på veg, og at kongen sat i London og helsa så mykje til dei tapre mennene som måtte ordne opp sjølve så lenge. Hah! Der kom han altså kjørande til Oppdal, til denne helvetes grispungen og far hans, og det gjekk ei kua og forsagd kjerring romimellom der au, dei har det med å vera det, somme av desse kvinnfolka på gardane, det er nå hans erfaring. Om natta blir dei dengde og rundpulte om einannan, og så er det å stå opp om morgonen og servere bondesvina morgonmat og nonsmat og dugurd og kveldsmat … faen om han veit kva det heiter, alt det dei stappar i seg. Det veit 10


I krig og ferdig.qxd:A

08-08-10

15:51

Side 11

nok ho Lillian alt om, ho kunne nok fortelja litt av kvart om kva tilstandar som rår rundt omkring. Stakkars Lillian. Men altså – han forventa nå i alle fall å få litt servering når han hadde reist så langt berre for å levere nokre papir. Men nei da. Ikkje så mykje som ein brødskalk. Og så skulle han prøve å verve dei, sjølvsagt. Greitt å ha ein mann på den kanten au, tenkte dei, sjefane hans i Trondheim. Det vart ikkje bonden og sonen hans, dei var rett og slett ikkje brukandes. Men ein av tenestekarane der, og ei budeie, dei vart viktige for etterretninga. Men odelsguten? Han var så dum at det berre var som først han klarte å skilja mellom ein kommunist og ein nazist. Gjekk der og babla om korleis han skulle stikke tyskarane i hel med høygaffel om dei så mykje som våga seg oppover alleen til godset hans. He, he, da dei kom der under opprullinga hausten etterpå, låg han og skreik like høgt som dei andre grisane på garden, heldt seg for augo og ropa på hjelp. Snakk om patetisk tulling. Og slikt skal liksom vera ryggrada i den nye nasjonen dei skal byggje, ved sida av kommunistar og svarthandlarar og brakkebaronar. Og reinspikka nazistar, faktisk, tenkjer Bjørn der han ligg. Det er forskjell på folk. Ein nazist og ein nazist er to forskjellige ting. Det er mest småkårsfolk og kvinnfolk som blir straffa, og så får dei andre fortsetja som før. Men han kjenner dei att, han. Han har vore så vidt omkring, møtt så mange slags folk og er ein djevel til å hugse ansikt. Prøvde å forklare det for han forhøyrsleiaren, og for journalistane, ikkje minst, at det ikkje går rett for seg her. Men nei. Det er ikkje råd å få gehør for slikt. Men kanskje han kan utnytte det på ein eller annan måte. Må tenkje ut noko, han har slikt å gjera. 11


I krig og ferdig.qxd:A

08-08-10

15:51

Side 12

Det har stilna litt utanfor. Da er vel klokka rundt seks. Kveldsmaten er på veg. Ja, der høyrer han tralla kjem innover korridoren, det knirkar og skramlar. Ho stoppar ved kvar celle bortetter, det smell i dørlukene som blir opna, tallerkenar som blir sette ned på det vesle brettet innanfor gjev frå seg ein metallisk lyd, eit par kommentarar blir utveksla, så skramlar det vidare, nærare og nærare. Det er ikkje noko å glede seg til. Det er dårleg mat. Berre så ein held seg nokolunde halvsvolten. Det skal få fart på forhøyra, har dei vel tenkt. Han sit nest innarst på sida ut mot gata. Tyskaren, Klaus, er heilt innarst. Klaus er så stille. Akkurat som han sjølv. Aldri høgrøysta, tek ein dag i senn. Ikkje snev av hysteri eller redsle. Men Bjørn høyrer han går nokre rundar over golvet iblant. Og ein gong høyrdest det ut som han gret. Det var etter at kvinna han er forlova med, hadde vore på besøk. Det var raust gjort av vaktene. Eller – var det i grunnen det? Han har tenkt på det i etterkant. Hadde dei ein baktanke med det, dei som gav løyve? Kanskje faen var kvinnfolket kjøpt og betalt av forhøyrsleiinga. Skal sleppe straff sjølv, kanskje, berre ho får tyskaren til å gje dei fleire argument for å sjå han død. Dei lurer ikkje Klaus med slikt. Ikkje Bjørn heller. Dei har vore forhøyrsleiarar sjølve. Og dei var dyktige, begge to. Ein gong fekk Bjørn ein mann til å tilstå noko han umogleg kunne ha gjort. Lurte han trill rundt. Det var ikkje nokon dum mann heller. Ja da, han tenkjer på seg sjølv som flink. Krigen gjorde han dyktig. Plutseleg vart alt så greitt, det var to sider, og begge tok i bruk handlemåtar som var heilt tabu i fredstid. Det passa han fint.


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.