Hundemanuskripta

Page 1


Hundemanuskripta ferdig.qxp_A 02.02.2018 12:38 Side 1

1


Hundemanuskripta ferdig.qxp_A 02.02.2018 12:38 Side 3

Jon Fosse

Hundemanuskripta

Samlaget Oslo 


Hundemanuskripta ferdig.qxp_A 02.02.2018 12:38 Side 2

2


Hundemanuskripta ferdig.qxp_A 02.02.2018 12:38 Side 5

Innhald Nei å nei  Du å du  Fy å fy 


Hundemanuskripta ferdig.qxp_A 02.02.2018 12:38 Side 6


Hundemanuskripta ferdig.qxp_A 02.02.2018 12:38 Side 7

Nei ĂĽ nei


Hundemanuskripta ferdig.qxp_A 02.02.2018 12:38 Side 8


Hundemanuskripta ferdig.qxp_A 02.02.2018 12:38 Side 9

O          gamle Oline i senga, kvar kveld seier ho Oline at no må du kome, fine gode hunden min, seier ho, og sjølv om hunden Websterr slett ikkje har lyst til å krype opp i senga til ho gamle Oline, der ho ligg med den store skvulpande magen sin, så må det vel til. – Kom no hunden Websterr, seier ho gamle Oline, så fin i målet sitt. Og hunden Websterr hoppar opp, han kan ikkje anna, endå så gammal han er blitt, og legg seg så lang han er attmed ho gamle Oline, med haka strekt ut på lakenet hennar. Og ho gamle Oline slår ut armane sine og dreg hunden Websterr inn til seg og ho seier du min kjæraste hund, du min einaste hund, du min kjære kjære hunden Websterr, seier ho gamle Oline og hunden Websterr blir så flau at han ikkje kjem til å våge å opne auga sine på lange tider, tenkjer hunden Websterr, for tenk at han, den einsame hunden Websterr, må ligge slik i armane til ho gamle Oline, pressa inntil den store skvulpande magen hennar. Hadde han berre kome seg bort frå ho gamle Oline, så hadde han nok med ein gong blitt til den einsame hunden Websterr han alltid har vilja vere, tenkjer hunden Websterr og no 9


Hundemanuskripta ferdig.qxp_A 02.02.2018 12:38 Side 10

må han snart kome seg bort, tenkjer han, for ventar han lenger no, blir han så gammal at det blir for seint, og då får han vel heller aldri sjå sjøen, som han har så lyst til, tenkjer hunden Websterr, og så ser hunden Websterr seg gå i skog og mark, med snuten ned i mosen, med snuten høgt i vêret. Og kva er det vel han, der han ser seg gå i skogen, får teften av? Er det av ei lita hundemor med det kvitaste krøllete hår? Er det ei lita hundemor i den største naud som han, den einsame hunden Websterr, no må hjelpe? Og ropar det ikkje på han, frå skogen langt der inne, ropar ikkje den vesle vakre med alt det kvite krøllete håret på han? tenkjer hunden Websterr og han ser seg sjølv springe innover i skogen, for å kome den vesle hundemora til unnsetning, og i det same pressar ho gamle Oline han hardt inntil seg og seier du min beste mann, du min einaste venn, du den fine fine hunden Websterr, seier ho gamle Oline og hunden Websterr tenkjer at han ikkje kan finne seg i alt mogeleg heller. Det får då vere grenser, tenkjer hunden Websterr, og han opnar auga sine og han ser rett framfor seg og ut i det halvmørke soverommet til ho gamle Oline. Og hunden Websterr sukkar langt og tungt. – Sukkar du slik, seier ho gamle Oline. – Nei stakkars deg, seier ho gamle Oline og pressar han inntil seg med dei vide armane sine, og hunden Websterr tenkjer at han må passe seg og ikkje sukke meir, ikkje så høgt, i alle høve. Og hunden Websterr merkar at ho gamle Oline bøyer seg over han. 10


Hundemanuskripta ferdig.qxp_A 02.02.2018 12:38 Side 11

– Å nei så trist du er i auga dine, seier ho gamle Oline. – Dei fine fine auga dine. Du min beste venn. Min aller beste venn. La meg klappe deg litt, seier ho gamle Oline. Og hunden Websterr knip att auga sine, for no skal ho gamle Oline opp i ansiktet på han òg. Men han får vel berre finne seg i det? kva anna kan han vel gjere? han er jo ein hund! tenkjer hunden Websterr og så tenkjer han at han ikkje er nokon vanleg hund, sjølv om det nok kan verke slik, for han er jo den einsame hunden Websterr og det er slett ikkje nokon vanleg hund. Og ho seier mykje dumt, ho gamle Oline, men ho har vel òg sagt at han er ein uvanleg hund som det ikkje finst maken til, ein makelaus hund, har ho gamle Oline sagt at han er og i det har ho jo rett, om ikkje i anna, tenkjer hunden Websterr. – Min beste venn, seier ho gamle Oline og klemmer han inntil seg så det nesten gjer vondt. Nei no må ho snart gi seg, tenkjer hunden Websterr, men om ikkje lenge sovnar nok ho gamle Oline, og då kan han i alle fall kome seg ut av denne senga, og det er jo òg noko, tenkjer hunden Websterr og sukkar djupt igjen. – Som du sukkar du min beste venn, seier ho gamle Oline. – Men berre sukke du, seier ho. Og no må han ikkje sukke meir, tenkjer hunden Websterr, for gjer han det, kjem vel aldri ho gamle Oline til å sovne, og no må vel snart den gamle sovne inn, slik at han endeleg kan få kome seg ut or denne 11


Hundemanuskripta ferdig.qxp_A 02.02.2018 12:38 Side 12

senga og det litt svint, tenkjer hunden Websterr og held på å sukke igjen, men han tar seg i det og bit munnen saman og berre pustar vanleg. Ligge heilt stille no, ikkje sukke, ikkje røre på seg, seier hunden Websterr inni seg. Og hunden Websterr ligg heilt roleg. Og han merkar at pusten hennar gamle Oline blir rolegare. Og no skulle ho vel sovne snart ho gamle Oline, slik at han kan få kome seg ut or senga hennar, tenkjer hunden Websterr og ligg så roleg som han berre kan. Og så høyrer han at ho gamle Oline pustar så jamt som ho plar gjere når ho søv og då, tenkjer hunden Websterr, er det ikkje lenge til han forsiktig kan smyge seg ned på golvet og luske inn i stova og atter få vere den einsame hunden Websterr han alltid har vore, tenkjer hunden Websterr. Og då må han så fort som råd kome den vesle hundemora med det kvite krøllete håret til unnsetning, han må springe gjennom den store skogen, på sine lange lette bein må han springe, luktande seg framover, meter for meter, mot staden der den vesle vakre hundemora sit og ventar på at han skal kome og redde henne frå dei stygge hundane som gjer henne så redd at ho ikkje vågar røre seg av flekken. Og no søv ho gamle Oline roleg. Men ho gamle Oline held jo armane sine rundt han, så han må prøve å skubbe seg forsiktig nedover og ut or armtaket hennar. Men forsiktig, forsiktig, så ikkje ho gamle Oline vaknar. Og hunden Websterr skubbar seg nedover. Og han høyrer ho gamle Oline frå søvnen sin seie så så. Og då ligg hunden Websterr heilt roleg. For berre ikkje ho gamle 12


Hundemanuskripta ferdig.qxp_A 02.02.2018 12:38 Side 13

Oline no vaknar og igjen begynner å klengje på han. Men ho gamle Oline vaknar ikkje. Og så skubbar hunden Websterr seg lenger nedover under dyna. – Kome kome til meg, seier ho gamle Oline så. Men hunden Websterr veit at ho gamle Oline berre snakkar i søvne, ho har det med det, ho gamle Oline. Og no har hunden Websterr skubba seg heilt ned til fotenden i senga, så no er faren nesten over, tenkjer hunden Websterr, og i det same han stig varsamt ned på golvet høyrer han ho gamle Oline frå sin søvn seier du min vakraste hund. Hunden Websterr blir ståande heilt i ro til han høyrer at ho gamle Oline igjen søv roleg. Og så går hunden Websterr på lette potar mot gangdøra medan han tenkjer med seg sjølv at dette går ikkje lenger, han er då ikkje anna enn den einsame hunden Websterr, men ho gamle Oline skal vel alltid klengje seg slik på han, hadde han berre fått vere i fred for ho gamle Oline, skulle han ikkje ha klaga, i alle fall viss han berre hadde sloppe å ligge saman med henne i senga hennar, for at han må ligge slik saman med henne i senga, er jo så flautt at det nesten ikkje går an å tenkje på eingong, tenkjer hunden Websterr og stig så, høgt på tå, langsamt og forsiktig, bortover golvet på soverommet til ho gamle Oline. Først ut i gangen, så kanskje inn i stova, eller kva med ein tur ut på kjøkkenet? tenkjer hunden Websterr, kanskje det til og med står ei steik framme på kjøkkenet? nett som den gongen? du store tanke! tenkjer hunden Websterr og han går inn i stova. Hunden Websterr legg seg langflat 13


Hundemanuskripta ferdig.qxp_A 02.02.2018 12:38 Side 14

på golvet, strekker seg godt ut og kikkar opp mot taket. I morgon må noko gjerast, tenkjer hunden Websterr. Han kan ikkje bli lenger hos ho gamle Oline. Åra går, han er ingen ungdom lenger, nei han begynner rett og slett å bli gammal, og dag inn og dag ut tuslar han rundt inne i huset saman med ho gamle Oline. Nei noko må gjerast. I alle fall må han ein gong få sett sjøen. Noko må gjerast alt i morgon. Elles blir han for gammal. Men kva? Hm, tenkjer hunden Websterr. Kva om han såg sitt snitt til å stikke av, for eksempel kunne han, når ho gamle Oline på føremiddagen går ut for å hente inn avisa si, luske usett etter henne og så smite seg ut ytterdøra når ho Oline opna den? Og så må han det fortaste han vinn springe bort frå huset hennar Oline. Det kan han vel gjere. Før han blir for gammal, og det er ikkje lenge til, tenkjer hunden Websterr, må han kome seg bort, han må i alle fall få sett sjøen, tenkjer hunden Websterr medan han ser seg sjølv springe gjennom skogen for å kome den vesle redde hundemora til unnsetning, ho med det kvite krøllete håret. Og så sovnar han.


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.