Issuu on Google+


Hest, hest, tiger, tiger ferdig_Layout 1 14.12.16 12:16 Side 1

Mette Eike Neerlin

Hest, hest, tiger, tiger

Frü dansk ved Brit Bildøen (MNO)

Samlaget Oslo 2017


Hest, hest, tiger, tiger ferdig_Layout 1 14.12.16 12:16 Side 3

Kapittel 1 – Om mat i nasen la meg seie det som det er. Mor mi har ikkje vore spesielt heldig med barna sine. Og no tenkjer du vel straks «argh, ok» og «ver no ikkje så streng mot deg sjølv», men det stemmer. for først kom Mikala, som er hjerneskadd, og dei sprang konstant til undersøkingar og møte – og gjer det forresten enno, sjølv om Mikala i dag har fylt nitten. Så reiste far til Mikala, Bjarke, til Nederland, og mor møtte far min i staden, og så kom Honey, altså eg. Med leppeganespalte og tallause operasjonar og mat som sette seg fast i nasen då eg var lita. Eg såg ærleg talt ut som eit monster. aldeles ikkje den nusselege, fine, lyseraude babyen dei fleste går og drøymer om. Og sjølv om eg har sloppe billig unna i forhold til mange andre med leppeganespalte, så kjem ein ikkje utanom at eg ikkje er altfor pen å sjå på. faktisk det stikk motsette. Nasen min er flat og skeiv, overleppa mi er stor og arrete. Pen blir eg aldri. Slik er det berre. rundt den tida eg fylte to år, stakk far min av. Eller mor kasta han ut, eg er litt i tvil. Dei snakkar aldri saman meir. Eg kan faktisk ikkje hugse at dei har gjort det. Dei roper alltid. far bur på Nørrebro, slik som oss, berre eit par gater unna. Eg ser han annakvar helg, laurdag i oddetalsveker, 3


Hest, hest, tiger, tiger ferdig_Layout 1 14.12.16 12:16 Side 4

når eg skal heim dit og overnatte. Og av og til når han ventar på meg ute framfor skulen og seier: «Kva trur du, Honey. Skal vi gå ein tur og få oss ein kopp kakao?» Då er det som regel i slutten av månaden, og fordi han vil låne pengar. Berre ein hundrelapp til i morgon. Eller så mykje som eg har. Eg får ikkje seie det til mor. av og til får han litt. Mor sender iblant med meg ei handfull myntar eller eit par setlar til lunsj og innkjøp, som eg likevel ikkje treng å bruke alt av. Og far stikk pengane i lomma og kyssar meg på håret og seier at han ikkje veit kva han skulle ha gjort utan meg. for det meste set vi oss berre på ein benk i parken og sludrar litt, og far røykjer eit par sigarettar og kastar sneipane etter duene. Kanskje viser han meg ei ny tatovering som han har fått laga. Eg har faktisk aldri fått ein kopp kakao.

4


Hest, hest, tiger, tiger ferdig_Layout 1 14.12.16 12:16 Side 5

Kapittel 2 – Om musklar, kanelsnurrar og andre ting fleire gonger har eg høyrt folk seie at far min et steroid, som er noko ein får store musklar av. Eg veit ikkje om det er sant. Eg har ikkje spurt. Men dersom det stemmer, må eg seie at dei verkar godt. far min har svære overarmar. Kolossale, faktisk. Dei er så store at han ikkje kan halde dei rett ned langs sidene. Dei står alltid eit stykke ut frå kroppen og strittar som på ein actionhelt, sjølv om det eigentleg ikkje er mykje action over han. Ein gong jobba han som flyttemann, så fekk han vondt i ryggen og slutta. Så vidt eg veit, ser han temmeleg mykje på tv. Men heldigvis kan han framleis løfte vekter på treningssenteret eit par gonger i veka. Då eg var yngre, syntest eg at det var ganske kult, det med steroida og musklane. Men etter ei stund fann eg ut at det var det ikkje. Eg kunne sjå det på måten andre folk kikka på han på. Dei frå klassen, foreldra deira, folk på gata. Og det gjekk opp for meg at musklane til far var blitt for mykje. Slik er det nemleg med mange ting. i starten er det bra og kult, men når det kjem til ei viss grense, blir det for mykje, og så er det ikkje bra lenger. Verkeleg ikkje. Det var det same som skjedde den gongen eg hadde kanelsnurrar med i matpakken. Mor hadde gløymt å 5


Hest, hest, tiger, tiger ferdig_Layout 1 14.12.16 12:16 Side 6

kjøpe rugbrød, og ho hadde ingen kontantar, men minikanelsnurrar har vi alltid fleire posar av på lager. Mikala er tussete etter dei. «Du er då vel heldig», sa Maria, klasseforstandaren vår, då ho såg det. Og eg smilte glad og stappa i meg. Men allereie dagen etter, då mor framleis ikkje hadde kjøpt rugbrød, og vi hadde massevis av kanelsnurrar igjen, kunne eg sjå på ansiktet til Maria at eg ikkje var så heldig lenger. for ikkje å snakke om den tredje og fjerde dagen. Barna begynte også å kviskre. Og den femte dagen, som var ein fredag, ringde Maria heim til mor om kvelden og sa at det var noko på skulen som heitte matpolitikk. Mor var raud i kinna då ho la på. Det med kanelsnurrane var blitt for mykje. Og det er slik med fleire andre ting også. Dei fleste, faktisk, når ein tenkjer over det. Det gjeld å halde seg innanfor grensene. ikkje gjere noko for mykje, ikkje gjere noko for lite, men akkurat passe. På den måten slepp ein blikka frå folk. Og kviskringa. Bak i klassen og i skulegarden og mens ein står og ventar på bussen. Det heiter å passe inn, og det har eg blitt god til. Den beste i min familie. Etter meg kjem mor, og til slutt Mikala og far, som er direkte dårlege.

6


Hest, hest, tiger, tiger ferdig_Layout 1 14.12.16 12:16 Side 7

Kapittel 3 – Om middag Mor mi jobbar på Harrys Hælbar, som er ein stad der dei reparerer sko som har gått sund, eller set nye solar på dersom dei gamle er slitne. Dei kan også lage nøklar, og hòl i belte, og dei sel skosverte, skolisser, nøkkelringar og dørskilt. faktisk så sel dei dørskilt som Mikala har laga. Ho jobbar på ein verkstad saman med mange andre med psykisk funksjonshemming. Her målar dei «WC» med flotte, snirklete bokstavar på treskilt, som så blir selde i forskjellige butikkar. Dei er knallfine. Særleg dei til Mikala, som er endå litt meir perfekte enn dei andre sine. Ho kan verkeleg det der. Vi har WC-skilt hengande på alle dørene våre heime. Harrys Hælbar stengjer klokka seks om kvelden, men ho er ofte halv åtte før mor kjem heim, så for det meste et Mikala og eg middag utan henne. Mikala er ikkje så veldig for nye ting, ho vil helst berre ha fiskekaker, brødskiver med leverpostei eller ferdigpizza. Viss ho ikkje alt har ete seg mett på kanelsnurrar, altså. Eg er elles flink til å lage mat. Ein gong iblant lagar eg Knorrs lasagne til mor kjem heim. Då blir ho alltid så glad. Ein typisk middag hos oss går føre seg på denne måten: 7


Hest, hest, tiger, tiger ferdig_Layout 1 14.12.16 12:16 Side 8

Mikala og eg har akkurat sett oss ved kjøkkenbordet og helt mjølk i glasa våre. Mikala: «Eg må på do.» Eg: «tenkte eg det ikkje.» Mikala: «Blir du med?» Eg: «Nei.» Mikala: «jo!» Eg: «Ok.» Mikala tissar, og eg står lent opp mot veggen på badet. Mikala: «gjett kva farge det er på underbuksene mine i dag.» Eg: «Blå.» Mikala: «Eg har vel ingen som er blå. Du seier alltid blå.» Eg: «Kvite, då.» Mikala: «raude!» (ler høgt og tørkar seg.) Eg: «Ok. Kan eg gå ut på kjøkkenet no?» Etterpå fortel Mikala at ho har lagt reseptkonvoluttane sine i ei ny rekkjefølgje, og korleis. Det gjer ho kvar dag. Mikala har ei kjempesamling med reseptkonvoluttar som ho har samla på sidan ho var åtte, og det er sånne små, dustete konvoluttar som ein tidlegare fekk på apoteket til å putte resepten sin i dersom ein skulle bruke han igjen. Somme stader har dei desse framleis og utleverer dei dersom ein spør pent, og dersom ein for eksempel er samlar, som Mikala. Det finst eit heilt hav av forskjellige reseptkonvolut-

8


Hest, hest, tiger, tiger ferdig_Layout 1 14.12.16 12:16 Side 9

tar med like mange forskjellige motiv på, og Mikala har omtrent alle, det veddar eg på. Mikala interesserer seg primært for to ting: reseptkonvoluttane sine og tv-serien Matador, som er noko gammalt noko frå den gongen mor og far var barn. Ho har alle dei 24 episodane på dvd, og når ho ikkje driv og sorterer reseptkonvoluttar, sit ho klistra til tv-skjermen. av og til prøver ho å gjere begge delar samtidig.

9


Hest, hest, tiger, tiger ferdig_Layout 1 14.12.16 12:16 Side 10

Kapittel 4 – Om ein tur på Dyrehavsbakken Kvart år før sommarferien begynner, er det nokre foreldre frå klassen som arrangerer ein familiedag, der både søsken og foreldre er med. Det er nesten alltid på ein laurdag, og siste gongen var vi på Dyrehavsbakken. Det var ein varm dag. Mykje varmare enn dei hadde sagt på fjernsynet dagen før, og vi hadde alle teke på oss for mykje klede. alle gjekk og reiv av seg jakkene og prusta og sa at dei heldt på å døy av heteslag, og kanskje vi skulle ta ein tur i vassrutsjebanen etter formiddagsmaten. far var også med, sjølv om det var laurdag i ei partalsveke og eg hadde møtt han helga før. Og han lo med dei andre fedrane og snakka om at no skulle dei snart ta seg ein real øl. Men far kasta ikkje berre jakka, han drog også av seg t-skjorta og undertrøya under den igjen, og gjekk som den einaste rundt med berr mage og lufta dei store tatoveringane sine. Eg kunne sjå det med det same på dei andre foreldra, at det var for mykje. Kanskje det hadde med musklane og steroida å gjere også. Det hadde det nok. Og betre blei det ikkje då alle fedrane kjøpte ein øl. for far kjøpte to øl. Ein til kvar hand. øl er herleg når ein er far og ein er på Dyrehavsbakken med skulen og det er varmt. Men to på ein gong er ikkje dobbelt så herleg. Det er for mykje. Det visste eg godt. Mikala var sjølvsagt også med denne dagen. Eg hadde 10


Hest, hest, tiger, tiger ferdig_Layout 1 14.12.16 12:16 Side 11

prøvd å foreslå at ho kunne dra ein tur ut til mormor i kolonihagen. Med dette var i ein av dei periodane då mormor drakk litt for mykje portvin og ho og mor alltid krangla. Så det gjekk dessverre ikkje. Mikala blir alltid enormt nervøs når ho er saman med mange menneske. Det betyr at ho snakkar endå meir om reseptkonvoluttar enn ho bruker. til kven som helst. Har ein først vist interesse éin gong, kan ho vere temmeleg vanskeleg å sleppe unna igjen. Eg kan alltid kjenne att det søkjande blikket frå folk rundt i ei forsamling. Eit sånt blikk som seier: «redd meg!» Då veit eg at Mikala er rett i nærleiken og må ha komme fram til historia om korleis ho bytte til seg ein serie med fire pene konvoluttar med bindingsverkshus frå Samsø. Det gjer at eg ikkje heilt klarer å slappe av når vi er på slike turar. Samtidig blir ho heldigvis nesten alltid dårleg i magen når ho blir usikker, og må bruke ein god del tid på toalettet. Men då må eg også vere med til toalettet. På den andre sida av døra, der eg held vakt og gjettar farga på underbuksene hennar. Det gjer meg alltid litt stressa, for då kan eg ikkje halde auge med far i mellomtida. Mor gidd nemleg ikkje å snakke med han. Ho prøver så godt ho kan å ignorere han, mens ho kjederøykjer og ler høgt av alt dei andre mødrene seier, og slett ikkje oppdagar korleis dei viftar vilt med hendene kvar gong ho blæs røyken rett i ansiktet på dei. av og til blir ho også litt full. Berre sånn fjollefull, ikkje meir enn dei andre foreldra, men likevel. 11


Hest, hest, tiger, tiger ferdig_Layout 1 14.12.16 12:16 Side 12

På sånne dagar kan eg merke blikka som klør og krafsar over heile kroppen. far som belmar den eine ølen etter den andre, og til slutt dreg ned buksene for å vise folk omrisset av eitt eller anna nytt vikingmotiv med eld og slangar som han er i ferd med å få teikna på låret. Mikala som heile tida har magesjau. imens smiler eg det beste eg kan. Det hjelper litt på blikka – får dei til å bli færre eller mindre krafsande, men dei går ikkje vekk. Men til slutt forsvinn far. Det er garantert. Plutseleg ringjer telefonen hans, og borte er han. Han seier ikkje eingong farvel. Eg blir svært trøytt etter denne typen familiearrangement med klassen. Og eg skulle så inderleg ønskje at familien min kunne bli betre på å halde seg innanfor grensene. i alle fall Mikala og far. for når dei ikkje gjer det, skjer det noko. Dess meir plass dei tar, dess mindre plass tar eg, heilt automatisk. Det er utruleg kor lita eg kan bli.

12


Hest, hest, tiger, tiger