Dyras beste sjekketriks

Page 1


© Det Norske Samlaget 2019 www.samlaget.no Illustrasjon og formgiving: Camilla Kuhn Skrift: Calibri 11 pt Papir: 150 g Munken Pure Trykkeri: Scangraphic Printed in Poland ISBN 978-82-521-9804-1

Forfattaren har motteke støtte frå Det faglitterære fond.


Malin Hellebø og Camilla Kuhn (illustrasjon)

DYRAS BESTE

SJEKKETRIKS

Samlaget Oslo 2019


Kjære lesar! Boka du no held i hendene, handlar om sjekking. Ikkje mellom menneske, men mellom dyr. Her får du servert eit utval av dei sprø metodene dyr brukar for å finna seg ein make, men også litt om korleis dei parar seg, og kva dei gjer når ungane blir fødde. Du vil nok oppdaga at mange av sjekketriksa deira er ganske like dei menneske brukar – dei pyntar seg og brukar god lukt. Andre metodar er langt frå kva me kan tenkja oss å gjera, som å blåsa ein ballong ut nasen eller tissa i sitt eige fjes. Du vil nok også oppdaga at hos dei fleste dyr er det hannane som er ivrigast på å sjekka, at damene er kresne, at dyr som regel har meir enn éin kjærast om gongen, og at dei vil gjera omtrent kva som helst for å para seg og føra gena sine vidare. Dette er dyras beste sjekketriks!


INNHALD

8

Strutsen

12

Den japanske kvitflekka kulefisken

14

Jemenkameleonen

18

Ulven

22

Dovendyret

24 PĂĽfuglen 28

Leopardsnigelen

30

Hjorten

34 Gibbonapa 38

Den australske kjempeakkaren

40 Edderkoppen 44 Klappmyssen 46 Mohairgeita 48 Bøylepingvinen


N E S T U TR

S

Strutsen er verdas største fugl, men kanskje også verdas største sjarmør? Når strutsane skal sjekka, er det strutsehanen som opnar ballet. Han brukar sine lekre bein, sine digre venger og sin slanke hals for å imponera hønene. For sjølv om strutsen ikkje kan flyga, so kan han dansa.

Fleire høner På sommerhalvåret har strutsane «hekketid». Det er den tida på året dei sjekkar, parar seg, legg egg og får kyllingar. Då held dei seg i små flokkar, ofte med éin strutsehane og fleire strutsehøner. Hanen blir kalla «sjefshanen». Det er hans oppgåve å passa på flokken og området dei held seg på, men det finst også ei «sjefshøne» som hjelper til med å leia flokken. Sjefshøna parar seg berre med sjefshanen, medan dei andre hønene ikkje er fullt so trufaste og godt kan ha fleire partnarar.

Eit sikkert teikn Sjefshanen parar seg fyrst og fremst med sjefshøna, men prøver seg også på dei andre i flokken. Det fyrste han gjer for å sjarmera dei, er å skru på signalfargen. I hekketida skiftar hudfargen hans på nebbet, halsen og beina frå bleik brungrå til glødande raud, og slik blir han gåande og raudna heilt frå mars til september. Som ein solbrend turist står han og viser fram sine beste trekk i håp om å få merksemd frå damene. Men sjølv om ein glødande kropp er vanskeleg å motstå, er det ikkje sikkert hønene bit på kroken. Heldigvis har hanen fleire triks på lur.

8


Koreografi Med sin elegante kropp viser han ein nøye koreografert dans for hønene. Det er ei oppskrift på suksess og fungerer på denne måten:

1

Tripp rundt med utslåtte venger og brus lett med fjørene.

2

Sit ned på kne og vift med ei og ei venge i store, bølgjete rørsler.

3

La hovudet deisa att og fram som ein hageslange med fullt trykk i takt med vengeslaga.

9


Sjarmert i senk Slik held altså strutsehanen på, i sin tøysete sittedans, heilt til damene blir sjarmerte i senk, bokstaveleg tala. Når ei høne har godteke invitasjonen til å para seg, gjev ho klarsignal ved å legga seg ned nokre meter unna dansekongen. So trippar han bort, legg seg varsamt oppå ho og lar det stå til med både dans og paring.

Sjefshøna Når strutsane skal legga egg, er det sjefshøna som fyrst får velja reirplass. På førehand har strutsehanen laga reir. Som ei gravemaskin på stylter har han trippa rundt og grave digre groper i sanden. Gropene kan vera opptil tre meter i diameter og har plass til mellom femten og seksti egg. Ei strutsehøne åleine legg vanlegvis mellom fem og elleve egg, men ei slik grop er eit fellesreir og skal romma egga til meir enn éi mor. Egglegginga byrjar med at sjefshøna legg det fyrste egget, og so følgjer dei andre etter tur. Som regel er det sjefshøna og sjefshanen som byter på å ruga på egga. Etter om lag førti dagar blir egga klekte.

Sjølv om strutseegga kan sjå heilt like ut, kan faktisk alle strutsehønene kjenna att sine eigne egg. Når sjefshøna legg egga sine, sørger ho for at dei ligg i midten, og at egga til dei andre hønene ligg som ein krans rundt. Kjem det ein sjakal eller andre svoltne rovdyr, er det sannsynleg at dei ytste egga blir tekne fyrst.

10


Med livet som innsats I paringstida vil hanen gjera alt han kan for å bli lagd merke til av moglege makar. Sjekketriksa gjer han ekstra synleg, og jo synlegare han blir, desto større sjanse er det for å få para seg. Men han blir også ekstra lett å sjå for rovdyr som vil drepa og eta han. Dette gjeld ikkje berre for strutsen, men for dei fleste dyreartar. Sjekking i dyreverda kan vera ein livsfarleg aktivitet, men det hindrar dei ikkje i å prøva. Å få ungar som kan føra gena vidare, er nemleg det aller viktigaste.

11


E K S N A P JAKVITFLEKKA KEN S I F E L U K

DEN

Ein liten, kulerund kar med flekkar på ryggen sym rundt på havbotnen utanfor Japan. Taktikken hans for å få napp hos damene er hardt, ærleg arbeid og ein dæsj romantikk. Når den japanske kvitflekka kulefisken skal finne seg ein make, bygger han eit sandslott som er fire hundre gonger større enn han sjølv.

Kunstverk i sanden Med kroppen som einaste verktøy set han i gang med bygginga som kan ta éi til to veker dersom han jobbar jamt. Han mokar og skubbar med fjeset og magen, soper med ivrige finnar og brøyter seg veg i sanddynene. Slottet han bygger, kan ovanfrå sjå ut som ein piggete smultring eller ei diger solsikke. Kjem ein nærmare, ser ein at konstruksjonen eigentleg består av fjellkjeder i ein diger sirkel. I midten har han samla den mest finkorna sanden.

Jobbar 24/7 Når kulefisken fyrst er i gang med arbeidet, har han ikkje råd til å ta pausar. I vatnet er det straumar som kan viska vekk kunstverket om han ikkje vaktar det. Då vil alt vera forgjeves. Her gjeld det å stå på. Han jobbar døgnet rundt og ventar på at det snart skal komma ei dame som set pris på ein skikkeleg arbeidskar.

Rusk og rask Eit stort, flott slott er eit teikn på ein sterk og sunn fisk med gode gen. Kulefisken sjølv er gjerne mellom sju og tretten centimeter lang, medan slottet kan bli større enn bakhjulet på ein stor traktor, om lag to meter i diameter. Dessutan er kulefisken litt av ein perfeksjonist. Når slottet byrjar å bli ferdig, støvsyg han botnen i midten med munnen sin. Han plukkar vekk store steinar, rusk og øydelagde skjelrestar og fraktar dei ut

12


av slottet. Fine steinar og heile skjel tek han vare på og plasserer på toppen av fjella sine som pynt. So er det klart, no kan damene berre komma.

Inspeksjon Ein hofisk som sym forbi, vil forhåpentlegvis legga merke til slottet og sjå kva det er – ein invitasjon til paring. I so fall sym ho nærmare, inn blant fjell og dalar, og inspiserer kunstverket han har bygd. Det er verkeleg storslått! Takkar ho ja til invitasjonen, viser ho det ved å stilla seg i midten av slottet over den mjukaste sanden. Som ein liten, stilleståande ballong ventar ho på at kunstnaren sjølv skal symja inn og halda ho med selskap.

Paring blant fisk kallar me «gyting». Dei fleste fiskar har utvendig befrukting som betyr at egga vert befrukta utanfor kroppen. Hofisken legg egg i vatnet og så sprøyter hannfisken «mjølke» over dei etterpå. Mjølke er namnet me brukar på sperma hos fisk.

Adjø for alltid Det fyrste han gjer når dei møtest, er å gje ho eit veldig bestemt kyss. Han bit seg fast i kjaken hennar og brukar munnen til å halda seg fast i ho. Og so dansar dei. Rundt og rundt, tett i tett, i små piruettar medan ho legg egg i sanden og han befruktar dei med mjølken sin. Når dei er ferdige, sym ho vekk, og dei ser kvarandre aldri igjen.

Ikkje berre eit kunstverk Når paringa er over, blir egga liggande i slottet heilt til dei blir klekte. Det er viktig at dei får ligga so uforstyrra som mogleg, noko kulefisken allereie har sørgt for. Sandslottet fungerer ikkje berre som eit sjekketriks, men også som eit beskyttande reir for egga. Forma på slottet verkar nemleg slik at det bremsar havstraumane over reiret og gjer at egga får ligga trygt i fred.

13


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.