Mot Normalt

Page 1



Mot normalt ferdig NY.qxp_Layout 1 25.09.2018 12:38 Side 1


Mot normalt ferdig NY.qxp_Layout 1 25.09.2018 12:38 Side 2

Andre bøker i serien: Eg snakkar om det heile tida. Camara Lundestad Joof.  Homoflokar. Kristin Fridtun.  Ikkje ver redd sånne som meg. Sumaya Jirde Ali.  Du som er i himmelen. Alf Kjetil Walgermo.  Brev til Noreg. Mona Ibrahim Ahmed og Hilde Sandvik.  Matmakt på butikken. Siri Helle. 


Mot normalt ferdig NY.qxp_Layout 1 25.09.2018 12:38 Side 3

Bjørn Hatterud MOT NORMALT

Samlaget Oslo 


Mot normalt ferdig NY.qxp_Layout 1 25.09.2018 12:38 Side 4

©  Det Norske Samlaget : Magnus Voll Mathiassen : Samlaget : Minion / : ScandBook AB, Falun Printed in Sweden  ----

Denne boka er trykt på miljøvennleg papir.


Mot normalt ferdig NY.qxp_Layout 1 25.09.2018 12:38 Side 5

1 Mor og eg er i Krakow. Det er sjette gongen vi reiser på ferie saman, berre ho og eg. Vi går sakte i gatene. Mor stør seg på to gåstavar og eg på ein stokk. Vi går korte strekk, frå kafé til kafé, mellom kyrkjer og parkar. Vi set oss ned for å kvile beina i ein mørk katedral, berre opplyst av sol gjennom barokke glasmåleri. Ei skuleklasse kjem inn den breie murportalen. Som langsame klinkekuler fyller dei rommet. Mor ser på ungane. Ho jobba ein del år som assistent i skuleverket då eg var ungdom, og ho tok fagbrev i barne- og ungdomsarbeid som vaksen. – Ungar synest alltid det er så keisamt med kyrkjebesøk og museumsbesøk, seier mor. – Eg likte alle slike besøk då eg var liten, svarar eg. – Du har aldri vore som dei andre, du, seier mor.


Mot normalt ferdig NY.qxp_Layout 1 25.09.2018 12:38 Side 6

2 Det kunne ha gått heilt gale, det var på nære nippet at eg ikkje vart til. Eg var så stor at mor fekk beskjed om at eg måtte vere to ungar. Eg var  cm lang og vog  gram. Mor var  cm høg. Eg var ein klump i eit enormt misforhold til den vesle mora mi, eg var ikkje til å få ut. Mor fekk lystgass og smertestillande. Fødselslegen kom for å delta. Timane gjekk. Jordmora frå skiftet våga ikkje å gå heim. Ei ny jordmor kom på vakt. Sjukepleiarar kom til i stadig større tal. Fortvilinga voks. Det såg svart ut for oss begge. Til slutt, og nærast grotesk, vart ei heil klasse sjukepleiarstudentar vinka inn for å sjå på mor ligge der og skrike og skreve og kanskje døy. Kanskje vi begge skulle døy? Å døy i barsel var ikkje så vanleg lenger i . Dette var ei potensielt lærerik erfaring for alle. Rein vald redda liva våre. Den eine jordmora fekk tak under eine armen min og røska det ho kunne, mens den største jordmora kasta heile vekta si oppå magen til mor. Manøveren var potensielt livsfarleg, men dei gjorde det dei måtte. Det fekk bere eller breste. Det brast. Armen min brekte. Ansiktet mitt var klemt heilt flatt, til ein rynkete pudding som ikkje likna noko menneskeleg.


Mot normalt ferdig NY.qxp_Layout 1 25.09.2018 12:38 Side 7

Mor vart øydelagd for livet – kor mykje veit eg ikkje. Men ho har aldri klart å klatre oppå ein stol i ettertid. Armen min grodde sjølvsagt saman att. Ein skulle tru at eg ville bere på eit traume frå fødselen resten av livet, men fødselen sette på eit vis standarden for det som skulle komme.


Mot normalt ferdig NY.qxp_Layout 1 25.09.2018 12:38 Side 8

3 Mor og eg ringer kvarandre kvar gong det er eit program om helse på TV. Så ser vi programmet i kvar vår stue og kommenterer etterpå, på SMS eller telefon. Når eg er heime i Veldre, nord for Brumunddal, går det mest i program på kanalar som TLC og Fem. Kanalar retta mot kvinner og som sender program om helse. Mor og far har kjøpt seg gode stolar, stresslessar, laga for konsumpsjon av fjernsyn. Seint om kvelden når far har lagt seg, han legg seg ofte i ti-tida, er det fritt fram for mor å velje program, og då går det i blod og gørr. Då sit mor og eg framfor TV-en saman. Mor og eg smør oss skiver, eg som oftast to med rekesalat og mor ei med kaviar og gul ost. Vi kosar oss med  timar på legevakta, kirurgiske katastrofar eller eit av dei mange programma om overvektskirurgi. På skjermen ser vi ein open kropp – feitt, organ, blod, folk i kvite eller grøne klede og latekshanskar. Vi kommenterer og diskuterer og har det utruleg fint saman.


Mot normalt ferdig NY.qxp_Layout 1 25.09.2018 12:38 Side 9

4 Det var tidleg klart at noko var gale med meg. Legane trudde det kanskje var hofteleddsdysplasi, så dei sprikte ut dei vesle beina mine med puter og reimer, breiare og breiare til dei stod rett ut på kvar side. Den gongen trudde ein at ungar hadde det betre om dei var på sjukehus aleine, i fred for foreldra. Eg var om lag eit år og til behandling hos ein hoftespesialist på Hamar. Der låg eg spjelka fast, og mor høyrde skrika mine heilt ut på parkeringsplassen, ho skulle sette seg i Golfen og køyre heim. Ho klarte ikkje å reise frå meg og kom inn og henta meg, så eg fekk stri med smertene frå behandlinga heime. Noko var openbert feil med meg. Eg lærte ikkje å gå før eg var to år. Eg skravla i eitt køyr, var kontaktsøkande og song med riktig tonefall, men kom meg altså ikkje opp på beina. Då eg endeleg lærte meg å gå, gjekk eg rart, eg halta og snubla. Dessutan hadde eg ein diger kul nedst på ryggen. Mor tok meg med til hoftespesialisten. Han var streng i stemma og poengterte at her var ikkje noko feil. «De hører jo det, fru Hatterud, når gutten går, så er lyden 


Mot normalt ferdig NY.qxp_Layout 1 25.09.2018 12:38 Side 10

han lager, tipp-tapp-tipp-tapp. Lyden er ikke tippetitapp-tippeti-tapp, så ham er det ikke noe feil med.» Så vart vi sende heim. Eit år eller to seinare kom eg etter langvarig mas frå mors side til Sofies Minde på Carl Berner i Oslo, spesialsjukehuset for ortopediske skadar. Der fekk eg påvist klumpfot, som eg ikkje hadde fått noka behandling for. Ein rettar helst på slikt så tidleg som mogleg. Eg levde med foten ei stund. Eg hadde skeivt bekkenparti i tillegg, vidare vart det påvist ulik lengde på beina, det høgre, det med klumpfoten, var kortare enn det venstre. Etter kvart som eg voks til, vart skilnaden tre og ein halv centimeter. Lengdeforskjellen mellom beina målte ortopedane ved å klemme hardt med fingrane på bekken og hofter mens den høgre foten min stod naken på ein bunke av plankar, barnehud mot kaldt treverk. For å rette meg opp att fekk eg sko med oppbygd sole på høgre beinet, slik at den høgre skoen vart mykje tjukkare i solen enn den venstre. Den høgre skosolen min vart ein slags reklame for at eg var funksjonshemma. På denne tida kunne eg framleis bruke vanlege sko, kjøpte på Ulven i Brumunddal, ein herrekonfeksjonsbutikk der både mor og far og bestefar var kundar. Merket heitte Turbo og var eit billegare alternativ til dei kjende merka, om ein ville ha joggesko. Mor og far hadde ikkje så mykje pengar med berre éi inntekt. I til


Mot normalt ferdig NY.qxp_Layout 1 25.09.2018 12:38 Side 11

legg til ulik lengde på beina har eg ulik lengde på føtene, så eg måtte ha to par sko, slik at høgre og venstre fot fekk ein sko kvar som passa. I årevis lagra vi ubrukte enkeltsko i feil storleikar i klesskåpet mitt, i håp om at nokon der ute skulle ha føter som var akkurat omvende av mine.




Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.