Jostein Sæther
Haldningsdanning i pedagogisk arbeid
Bakgrunn og metodeprinsipp
Samlaget
Oslo 2024
©2024 Det Norske Samlaget
ISBN 978-82-340-0805-4
Omslag: Torun Hunnes
Førtrykk: Type-it AS
Trykkeri: Livonia Print, 2024
Printed in Latvia
Boka er trykt med støtte frå Kunnskapsdepartementet v/Lærebokordninga for høgare utdanning.
Det må ikkje kopierast frå denne boka i strid med åndsverklova eller i strid med avtalar gjorde med KOPINOR, Interesseorgan for rettshavarar til åndsverk. Kopiering i strid med lov eller avtale kan medføre erstatningsansvar og inndraging og kan straffast med bøter eller fengsel.
Innhald
Til lesaren: Litt om innhald og lesing 7
Del 1: Haldningsdanning og pedagogikk – omgrep, problemstillingar og kontekst 11
Om haldningar og haldningsarbeid i lover og læreplanar 14
Kva er danning og haldningsskapande arbeid i pedagogisk verksemd? 18
Kva er ei haldning? 21
Perspektivutviding og repeterande moment 41
Del 2: Overordna perspektiv i drøfting av metodeprinsipp 45
Læring – eit utgangspunkt for tenking om haldningsdanning 46
Undervisningsprinsipp 47
Kommunikasjon og dialog i haldningsdanning 50 Kunnskap 60
og metodeprogram 70
Problemstillingar for vidare arbeid 76
Del 3: Metodeprinsipp 79
a) Den verdiorienterte, intellektuelle og demokratiske dialogen 80
b) «Den gode samtalen» – emosjonelle dimensjonar i dialogen 83
c) Frå handling til haldning: forbilde, dramatisering, øving m.m. 89
d) Frå åtferd til haldning: øving, kunstig forsterking, grensesetjing m.m. 94
e) Samspelet mellom haldningar, sosiale forventningar og handlingskontroll 98
f) Kontekstrelaterte metodeprinsipp 104
Avsluttande kommentar 108
Del 4: Til utdjuping: moment frå pedagogikkens nabofag
Til lesaren: Litt om innhald og lesing
I denne boka skal vi drøfte arbeid med haldningar med utgangspunkt i ei pedagogisk referanseramme. Fokus er på oppgåvene som skule og lærarar har i denne samanhengen. I framstillinga brukar vi ofte ordet pedagog om den personen som har dette ansvaret i undervisning og danning, dvs. at vi nyttar termane lærar og pedagog om kvarandre. Hovudgrunnen til at vi omtalar læraren som pedagog, er at det er pedagogikken som mest systematisk drøftar grunnspørsmåla som reiser seg når skule og vaksensamfunn skal hjelpe ein ny generasjon til å stå på eigne bein, leve eit godt liv og ta over ansvaret i samfunn og kultur. Da er haldningar og haldningsdanning avgjerande.
Det blir lagt vekt på pedagogisk-psykologiske perspektiv. Boka er dermed eksempel på ei pedagogisk-psykologisk innføring i ei bestemt pedagogisk oppgåve, dvs. haldningsdanning. Det betyr at pedagogisk psykologi blir oppfatta som den greina av pedagogikken som blir til i samspelet mellom pedagogikk og psykologi, der pedagogikken står for eit integrerande sentrum. Læring, utvikling, sosialisering m.m. representerer her viktige perspektiv, samtidig som vi vil sjå desse prosessane i samanheng med undervisning og danning.
Hovudformålet med boka er å hjelpe pedagogar til å tenke og handle klokt og ansvarleg i arbeidet med haldningsdanning. Vi legg meir vekt på prinsippa i metodetenkinga enn på detaljert beskriving av metodar. Derfor brukar vi termen metodeprinsipp. Framstillinga vil vere elementær, dvs. ikkje nødvendigvis enkel, men grunnleggande. Det betyr at boka ikkje krev spesielle forkunnskapar, men at det likevel vil lette arbeidet om studentar på førehand har lese noko typisk innføringslitteratur, eventuelt parallelt kan slå opp i slik litteratur, for eksempel i pedagogisk psykologi og læreplanteori. Vi legg det synet til grunn at dei ulike metodane og teoriane bør setjast inn i ein samanheng prega av pedagogisk heilskapstenking – dvs. at vi presenterer ein bakgrunn for haldningsdanninga, slik undertittelen til boka seier. Dette betyr at vi i gjennomgangen viser til ei rekke generelle pedagogiske prinsipp og teoriar som også haldningsdanning bør relatere seg til. Fordi
haldningsdanning ikkje er noko meir spesielt enn anna pedagogisk verksemd, blir heile pedagogikken relevant som bakgrunn. Men å presentere heile denne bakgrunnen er naturlegvis heilt urealistisk her. Ein må med andre ord gå til annan pedagogisk litteratur for å arbeide meir med generell pedagogisk teori. Likevel presenterer vi eit utval i denne boka.
Del 1 presenterer formålet med boka og gir ein innleiande presentasjon av grunnleggande problemstillingar, omgrep og tema: Kva er ei haldning, og kva naboomgrep har haldningsomgrepet? Vidare annonserer vi spørsmål til den presentasjonen som skal komme seinare i boka: Kva er haldningsdanning i pedagogisk kontekst? Kva består denne pedagogiske konteksten av? Med andre ord: Korleis bør vi forstå haldningsdanninga i relasjon til oppgåvene som skulen har, i relasjon til kultur og samfunn m.m.? Ikkje minst er det viktig for oss å reise spørsmålet om kva type påverknad vi bør tale om i pedagogisk samanheng. Del 1 gir introduksjon til dei neste delane.
I del 2 seier vi meir om kva vi forstår med metodeprinsipp, dvs. dei ideane som ligg til grunn for metodikken. Spørsmåla vi reiser, har som formål å vise kva overordna samanheng diskusjonen av metodar bør setjast inn i, dvs. tematikk som handlar om forholdet mellom læring og undervisning, oppseding og danning. Fordi pedagogisk arbeid dreier seg om å påverke, drøftar vi ulik tenking om dialog og kommunikasjon. Dette stoffet fører over i ein kort presentasjon av undervisningsprinsipp med referanse til generell teori i didaktikk og pedagogisk psykologi. Vi gir også eksempel på tilnærmingar til haldningsdanning ifølge læreplanen frå 2020. Deretter går vi inn på spørsmålet om kva kunnskap er – dette fordi arbeid med haldningar har ein kunnskapsdimensjon. Stikkorda her er kunnskap og sanning, konstruktivisme, subjektivitet og kritisk tenking, forholdet mellom kunnskap og verdiar, deskripsjon og normativitet. Ved hjelp av stikkorda metodeoptimisme, metodeprogram og instrumentell tenking går vi inn i spørsmål som desse: Kva er eigentleg formålet med metodar i pedagogisk arbeid? Er det bra å oppnå full kontroll? Kan usikkerheit også ha ein verdi? Kva med dei såkalla metodeprogramma i denne samanhengen? Altså: Del 2 omfattar ei rekke enkelttema som isolert sett kan tenkast å ha lite samanheng, men som likevel er viktige tema i ei heilskapstenking om haldingsdanning.
I del 3 gir vi eksempel på ulik metodisk tenking, dvs. vi presenterer ulike metodeprinsipp. Vi tek utgangspunkt i ulike metodar, tradisjonar eller avgrensa teoriar, men utan detaljert presentasjon av metodikken. Hovudformålet er å gi ein presentasjon som kan gi grunnlag for å drøfte dei mange metodane som finst, og som i tida som kjem, kanskje vil dukke opp igjen i nye variantar. Tanken er at pedagogar bør kunne hente ut hovudidear frå desse metodane, men samtidig under eit samlande pedagogisk grunnsyn.
Del 4 presenterer bakgrunnsstoff for å opplyse meir av det som er sagt i del 3. Å gi ein slik presentasjon er krevjande fordi det finst så mykje teori å ta av.
Vi vil i denne delen gi meir substans for å gjere det lettare å forstå det som skjer når haldningar blir danna og tilsvarande handlingsmønster blir endra. Samtidig gir stoffet i del 4 også idear til metodisk tenking.
Del 5 avsluttar boka med vekt på repeterande og samanfattande stoff, men må ikkje oppfattast som samandrag. I denne delen presenterer vi nokre konkluderande moment, men foreslår også perspektiv som kan utvide horisonten.
I to vedlegg finst det tilvisingar til nettsider som kan gi meir informasjon. I framstillinga blir det lagt vekt på skuleinstitusjonen, dvs. grunnskule og vidaregåande opplæring. Men sjølv om læraren her er hovudperson, er ikkje læraren den einaste med pedagogisk ansvar. I skulen bidreg også assistentar, administrativt personale, helsesøster, PPT-personell ofl. Med andre ord: Også andre enn lærarar kan ha deloppgåver som pedagog og kan dermed hente idear i denne boka. Også tilsette i barnehage og vaksenopplæring, og dei som er engasjerte i haldningsarbeid i ulike former for sosialt arbeid, i barne- og ungdomsorganisasjonar osv., vil kunne finne stoff i boka.
Profesjonalitet i pedagogisk arbeid krev innsikt i bruk av metodar, altså ikkje berre metodekunnskap. Derfor understrekar vi verdien av stoff som kan gi hjelp til å drøfte haldningsdanning i pedagogisk samanheng. Boka som her ligg føre, representerer naturlegvis ingen fullstendig gjennomgang. Derfor blir det også vist til nokre supplerande kjelder.
Dei ulike delane kan lesast separat. Det betyr at det må bli nokre repetisjonar i boka. Dei som er interesserte i å komme til metodespørsmål raskt, kan starte med del 3, for seinare å arbeide meir med det stoffet som gir meir hjelp til drøfting.
Del 1: Haldningsdanning og pedagogikk – omgrep, problemstillingar
og kontekst
Haldningsomgrepet er godt etablert i daglegspråket: Vi snakkar om gode og dårlege haldningar, behov for nye haldningar, haldningsendring, utvikling av haldningar og haldningsskapande arbeid. Likevel er det ikkje så ofte vi diskuterer kva som ligg i desse termane. Nynorskordboka og Bokmålsordboka, som er dei offisielle ordbøkene i Noreg (Språkrådet og Universitetet i Bergen, 2023), kan gi eit utgangspunkt. Her finn vi i hovudsak to måtar å tale om haldningar på, dvs. om (1) kroppshaldningar og om (2) måte å stille seg på eller opptre på i ei viss sak, innstilling, syn. I denne boka er vi opptekne av haldningar som har med verdiar og etisk-moralske standpunkt, vurderingar og handlingar å gjere, altså særleg oppføring 2. Haldningar kan også vere uttrykk for smak og behag utan så direkte å vere relaterte til etikk og moral. Eg kan for eksempel ha haldningar til produkt i ein daglegvarebutikk uttrykt ved at eg likar eller mislikar det aktuelle produktet, utan at dette standpunktet er knytt til typisk etisk-moralske dimensjonar. Men også her kan det vere at eg knyter produktet til problematiske sider ved forbrukarsamfunnet og ulik fordeling av inntekt og ressursar nasjonalt-globalt. Dermed er vi tilbake til etisk-politiske aspekt.
Betydning 1, kroppshaldning, kan vere tvitydig. Slike haldningar kan vere uttrykk for reine fysiske tilstandar. Eg kan for eksempel ha eit ryggproblem som gjer at kroppshaldninga viser seg på ein bestemt måte. Men gjennom kroppshaldningar kan eg også signalisere meir subtile vurderingar: at eg er reservert, nølande, kanskje skeptisk, verdset personar, situasjonar, ting osv. Kroppshaldningane kan dermed i nokre samanhengar også vere med på å avsløre kva eg står for, også haldningar.
Haldningsdanning er ei hovudoppgåve i skulen. Ved opptakten til læreplanarbeidet som vart fullført i 2020, understreka ein at «skolens viktigste oppgave er å sette barn og unge i stand til å møte fremtiden på en best mulig måte gjennom å gi dem identitet, kunnskap og helhetlig [utheva her] kompetanse» (Meld. St. 28 [2015–2016], s. 19). I den overordna delen av læreplanen vart
denne intensjonen følgd opp: «[o]pplæringa skal danne heile [utheva her] mennesket» (s. 8). I denne boka legg vi til grunn at sjølv om politikarar, foreldre og pedagogar kan ha ulike oppfatningar om kva dette betyr, bør vi prøve å arbeide oss fram mot ei slik heilskapleg oppfatning, også av haldningsdanning. Det er eit mål med denne boka – sjølv om vi straks bør erkjenne at vi neppe nokon gong blir ferdige med diskusjonen av kva dette betyr.
Innleiande presiseringar
Haldningsdanning handlar om å tileigne seg verdiar, oppfatningar, handlingar og åtferdsmønster som får gode konsekvensar i praksis. Mange prosessar er med i denne samanhengen, som regel i samspel med kvarandre: av og til gjennom betre innsikt, ofte gjennom personlege erfaringar og personlege møte, av og til gjennom opplevingar som vi er lite bevisste om, og grunnleggande gjennom identifikasjon og forbilde.
I faglitteraturen blir ei haldning ofte omtala som det å verdsetje handlingar, personar, ting, idear m.m. Normer, verdiar, verdioppfatningar osv. er bestemmande for desse vurderingane og blir dermed avgjerande. Slike vurderingar (dvs. verdsetjingar) kan i ulik grad vere bevisste. Eg kan for eksempel snakke om haldningar til bruk av ulike rusmiddel. Da er det snakk om å verdsetje slik bruk på ein skala som strekker seg frå eit negativt til eit positivt ytterpunkt. Snakkar ein om å fremme bestemte haldningar, er det implisitt og sjølvsagt at ein samtidig også arbeider for å fremme tilsvarande handlingar. Men som vi seinare skal sjå: Det er ikkje opplagt at det i praksis verkeleg er samanheng mellom haldning og handling. Vi skal dessutan stille spørsmål om innhaldet i omgrepa handling og åtferd sjølv om vi i denne framstillinga brukar dei om kvarandre.
På norsk kan vi også bruke innstilling i staden for haldning (Rørvik, 1994, s. 145), men vi vel å tale om haldning og haldningsdanning. I pedagogikken finn ein ei rekke omgrep og uttrykk som er relaterte til haldning og haldningsdanning, mellom anna moralsk oppseding og utvikling, (karakter) danning, formidling, utvikling og klargjering av verdiar, utvikling av moralsk bevisstheit eller tenking, sosial kompetanse og empati. Vi skal altså konsentrere oss om haldningar og haldningsdanning, likevel med sideblikk til nokre av desse andre termane. Sjølv om det ikkje er uvanleg å skilje mellom haldningsdanning og haldningsendring, brukar vi haldningsdanning som overordna term, også når ei eksisterande haldning blir styrkt eller meir eller mindre blir forandra.
Det er nær samanheng mellom verdiar og haldningar. Verdiar er ofte meir grunnleggande enn haldningar, og derfor vil pedagogisk arbeid med haldningar også måtte innebere å arbeide med verdiar. I denne samanhengen bør vi vere klar over at vi snakkar om mykje av det same når vi fokuserer på pedagogisk arbeid med verdiar, normer, karakter, moral osv. Dette betyr at dei same prosessane og metodane vi skal presentere, kan vere aktuelle på tvers av desse ulike overskriftene.
Institusjonsfokus og hovudproblemstilling I denne boka står haldningsdanning i grunnskule og vidaregåande opplæring i sentrum. Fordi desse institusjonane, saman med barnehagen, er felle s institusjonar, dvs. er tenkte for alle barn og unge i det norske samfunnet,1 bør ein spørje kva for grunnleggande verdiar, haldningar og tilnærmingar det kan vere mogleg å samle seg om i norsk samfunn og kultur, også på tvers av pedagogiske institusjonar – det siste fordi det skal vere samanheng i det pedagogiske arbeidet. Derfor bør vi vere bevisste på det som står om verdiar, haldningar og haldningsdanning i lover og planar for desse institusjonane. Som oftast kan vi samle oss om dei haldningane det er viktig å arbeide for i samfunnet vårt. Samtidig vil denne harmoniserande fellestenkinga kunne føre oss inn i nye problem og utfordringar, spesielt når det er tale om haldningar vi kan ha problem med å sjå verdien av, kanskje omtala som kontroversielle haldningar. Uansett, med tilvising til lovverket og dei aktuelle rammeplanane er det klart at pedagogar i skule og barnehage har eit ansvar for arbeid med haldningar. Samtidig har foreldra eit overordna ansvar og ein overordna rett i spørsmål som gjeld eigne barn, også kalla foreldreretten.2 Men
1 Men grunnskulen er ikkje obligatorisk, det er opplæringa som er obligatorisk. Derfor er det høve til å halde heimeundervisning for barn. Vi har altså ikkje skuleplikt men opplæringsplikt i Noreg. Sjå paragraf 14 i lov om grunnskolen og vidaregåande opplæring (opplæringslova) (Lovdata, 2022a). Ny opplæringslov (2024) er ikkje endra på dette punktet.
2 Foreldreretten er mellom anna uttrykt i FN-erklæringa om menneskerettar frå 1948: «Foreldre har fortrinnsrett til å bestemme hva slags undervisning deres barn skal få» (FN-sambandet, 2023), artikkel 26.3); jf. Den europeiske menneskerettskonvensjonen frå 1950: «Funksjoner staten påtar seg i utdanning og undervisning, skal den utøve med respekt for foreldres rett til å sikre slik utdanning og undervisning i samsvar med deres egen religiøse og filosofiske overbevisning.» (Lovdata, u.å., tilleggsprotokoll, art. 2). Jf. Fosse, 2020; Hansen, 2018. Stadfesta i EU i «Charter of Fundamental Rights of The European Union» i artikkel 14, «Right to education», punkt 3: «The freedom to found educational establishments with due respect for democratic principles and the right of parents to ensure the education and teaching of their children in conformity with their religious, philosophical and pedagogical
alt frå starten bør vi vere merksame på den prinsipielle problematikken: Sjølv om vi i praksis som regel kan samle oss om grunnleggande haldningar, kan problem oppstå i spenninga mellom omsynet til den individuelle fridomen og omsynet til fellesskapet, med vekt på felles standpunkt og løysingar.
Boka har ei omfattande tredelt problemstilling: Korleis bør ein forstå kva haldningsdanning dreier seg om i ein pedagogisk kontekst, kva metodeprinsipp bør gjelde, og kva for grunntenking bør danne basis for diskusjonen av desse spørsmåla? Vi legg vekt på norsk skulekontekst og litteratur, men også med tilvising til litt av den internasjonale faglitteraturen. I framstillinga blir det lagt vekt på å identifisere problemstillingar, ofte utan at svara er eintydige og enkle. Metodar i pedagogisk arbeid kan beskrivast meir eller mindre detaljert. I denne framstillinga blir det lagt vekt på prinsippa i og tenkinga bak dei ulike metodane, dvs. «metodeprinsipp» utan at vi gir ein detaljert presentasjon med bruk av eksempel.
Om haldningar og haldningsarbeid i lover og læreplanar
I Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova)3 blir det pedagogiske arbeidet ramma inn av nokre verdiar, normer, idear, tradisjonar og formål. Arbeidet med haldningar blir nemnt spesielt: «Elevane og lærlingane skal utvikle kunnskap, dugleik og holdningar[4] for å kunne meistre liva sine og for å kunne delta i arbeid og fellesskap i samfunnet.» I Lov om barnehager finn ein identiske formuleringar om sentrale verdiar.
Desse lovene er viktige fordi dei uttrykker standpunkt som er tenkt å vere samlande i det norske samfunnet, og som dermed representerer noko av konteksten også for haldningsdanning i andre organiserte aktivitetar retta mot barn og unge – for eksempel fritidsklubbar, kulturskular, kyrkje / religiøse trussamfunn og livssynsorganisasjonar, idrett, andre organisasjonar og interessegrupper av ulikt slag, barnevernsinstitusjonar og liknande. I prosessane fram mot lovvedtaka la ein vekt på å finne fram til formuleringar som dei aller fleste kunne samle seg om.5 Tankegangen var – og er – at
convictions shall be respected, in accordance with the national laws governing the exercise of such freedom and right» (EUR-lex, 2012).
3 Jf. Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) frå 1998 (Lovdata, 2022a). Jf. også Lov om barnehager (barnehageloven) frå 2005 (Lovdata, 2022b). Formålsparagrafane er frå 2008.
4 Etter rettskrivingsreglane frå 2012 heiter det no berre haldning på nynorsk.
5 Om bakgrunn for endringane i 2008: NOU 2007: 6, Innst. O. nr. 22 (2008–2009) Innstilling
grunnlagsdokumenta for barnehage og skule ikkje bør endrast for ofte sjølv om dei partipolitiske konstellasjonane kan endre seg (Løken og Stubø, 2018, s. 276 f.). Mot denne bakgrunnen er det ei oppgåve å arbeide seg fram til rimelege felles tolkingar, men samtidig forsøke å setje ord på eventuelle motsetningar, for slik å bli meir bevisst grunnlaget for det daglege arbeidet.6
Premissdokument
I opplæringslova blir det altså framheva at ein skal arbeide for å «utvikle kunnskap, dugleik og holdningar». I barnehagelova er ikkje haldningsomgrepet brukt. Derimot er ansvaret for haldningar nemnt fleire gonger i rammeplan for barnehagen (Utdanningsdirektoratet, 2017). Også dei som arbeider med skuleelevar og ungdom, bør merke seg kva som står i denne planen, sidan det bør vere samanheng i det pedagogiske arbeidet for ulike aldersgrupper.7 I planen er det i samsvar med det som også står i innleiinga til læreplanverket for skulen, mellom anna tale om arbeid for
• «positive haldningar til å leve saman i fellesskap» (s. 8)
• «å fremje verdiar, haldningar og praksis for meir berekraftige samfunn» (s. 10)
• «gode vanar, haldningar og kunnskapar om kost, hygiene, aktivitet og kvile» (s. 50)
Dessutan blir personalet utfordra til å arbeide med «eigne haldningar for best mogleg å kunne formidle og fremje likeverd og likestilling» (s. 10); og personalet skal kunne «identifisere verdikonfliktar i kvardagen, reflektere over verdiprioriteringar og haldningar» (s. 55). Ein større samanheng blir understreka: «Etikk, religion og filosofi er med på å forme korleis vi oppfattar verda og menneska, og pregar verdiar, normer og haldningar» (s. 54). Haldningar
til Odelstinget fra kirke-, utdannings- og forskningskomiteen . Generelt om formålsparagrafar for norsk grunnskule og barnehage, sjå for eksempel A. Tveiten, 2007; Hagesæther, 2023; Løken og Stubø, 2018. NOU: 2019: 23 Ny opplæringslov. Ny opplæringslov blir sett i verk i 2024.
6 Med ulike utgangspunkt går debatten om dette grunnlaget for barnehage og skule stadig vidare (jf. Hovdelien, 2013; Løken og Stubø, 2018; Mørreaunet og Gunnestad 2019; Wivestad 2018).
7 Dette poenget har vorte understreka fleire gonger i revisjonsprosessen fram til nye læreplanar for grunnskule og vidaregåande opplæring. Sjå Meld. St. 28 (2015–2016), s. 7, NOU 2019: 23, s. 187 f. og overordna del i læreplanen der «godt og systematisk samarbeid mellom barnehage og skole» blir understreka.
og haldningsarbeid er altså relatert til ei brei ramme av grunnleggande normative spørsmål og standpunkt.
Stortingsvedtaket danna ramma for den fullmakta departementet fekk til å fullføre arbeidet med nye planar for skuleverket, og er slik eit viktig dokument for tolking av den læreplanen som vart sett i verk i 2020. Det er i innstillinga, dvs . Innst. 19 S (2016-2017), vi finn denne fullmakta saman med påpeiking av nokre samanhengar som haldningsdanning skal stå i. Her står det mellom anna:
«Barn og unge skal få gode vilkår for å utvikle verdier, kunnskaper og holdninger som blir viktige både i oppveksten og for videre utdanning og aktiv deltakelse i arbeids- og samfunnsliv.» (s. 1)
«[…] grunnopplæringen har […] et videre samfunnsmandat og skal bidra til at elevene tilegner seg et bredt sett av kunnskaper og ferdigheter og utvikler verdier og holdninger for resten av livet.» (s. 3)
«[…] [ny læreplan] skal bidra til å øke oppmerksomheten om grunnopplæringens brede danningsmandat og fremheve samspillet mellom ulike typer ferdigheter, kunnskaper og holdninger.» (s. 8)
«Stortinget ber regjeringen vurdere å sette av tid på timeplanen til å jobbe med tema som klassemiljø, elevmedvirkning, holdningsarbeid og livsmestring, […]» (s. 22)
Tilsvarande finn ein at haldningar og relaterte termar er nytta i Overordna del – verdiar og prinsipp for grunnopplæringa (Utdanningsdirektoratet, 2020), jf. eksempel i vedlegg 1.
Ei kort oppsummering kan formulerast slik: I offentlege dokument om oppgåva til skulen står det at haldningar kan utviklast; haldningar er viktige; dei blir til i sosiale samanhengar; haldningar har samanheng med ferdigheiter og kunnskapar. Ein deler opp arbeidet i skulen ved å framheve kunnskap, ferdigheiter, verdiar og haldningar. Arbeid med haldningar har samanheng med det breie danningsmandatet skulen har.