Gullfalken

Page 1


2


3


5


Erna Osland

Gullfalken Ni nye eventyr

Illustrert av Inger Sandved Anfinsen

Samlaget Oslo 2016 7



Innhald Gullfalken • 11 Ørnejenta • 19 Jenta som flytta eit fjell • 25 Riddaren som bad om å bli fanga • 37 Sahara • 45 Skuggen • 53 Da peikefingeren redda ei stjerne • 59 Prinsessene som var så flinke til å krangle • 65 Guten som plutseleg kunne alt • 75

9


10


Gullfalken Ein gut blei så godt passa på.

Var han av gull?

Nei, han var ein ordentleg gut. Han var prinsen av

Halvmånelandet, einaste barnet til kongen og dronninga der – det kjæraste dei hadde i det kjempesvære slottet.

Dag som natt stod ein flokk vakter og stirte på

prinsen. Han var aldri aleine, ikkje eingong når han skulle på do!

Han blei så lei.

Ein kveld han skulle leggje seg, trampa han i golvet

og ropte så det kunne høyrast over heile slottet:

– Eg vil vere aleine! Eg vil passe meg sjølv!

– Så snart du blir sju, svarte kongen så roleg, så

roleg.

Og dronninga nikka like roleg til det kongen hadde

befalt.

11


Da prinsen nærma seg sju år, begynte kongen å angre på det han hadde lova, så han bestemte at prinsen måtte bli ti før han kunne passe seg sjølv. Og dronninga nikka like roleg som før: Berre prinsen blei ti, skulle han få gå kvar han ville. I tre år gledde prinsen seg til det som skulle skje når han blei ti. Men da dagen kom, meinte foreldra at det var best om han venta til han blei tolv. Så snart han blei tolv – på dagen – skulle han få gå heilt aleine både i og utanfor byen. Endeleg blei prinsen tolv.

No skulle det feirast!

Ved morgongry skulle han få vere med på jakt. Ved

middag skulle han feirast med musikk og mat i alle byens gater. Og når mørkeret kom, skulle verdas største fyrverkeri sleppe sol og stjerner over han og heile Halvemånelandet. Morgonen starta med fanfarar: Tolv gonger tolv trompet-støytar sende tolv ryttarar ut på jakt, og fremst rei kongen med falken sin. Rett bak han kom prinsen på den trufaste Kviten. Deretter følgde vaktene

12


som heldt auge med kvart steg den kvite hesten tok.

Den kloke falken til kongen sørgde for at følgjet fekk

ei vellykka jakt. Det gjorde kongen glad, og prinsen nytta høvet til å minne faren på det han hadde lova.

– La meg ri tilbake aleine, bad prinsen.

Kongen måtte tenkje lenge før han svarte. Men til

slutt sa han at prinsen kunne få ri langs fjellet, mens han sjølv og vaktene skulle følgje elva heim.

– Ta deg i vare, du min dyrebare skatt, og hald deg

på Kviten. Stig ikkje av den trygge hesten din, ikkje ein einaste gong! sa kongen til prinsen.

Dei vinka farvel og rei kvar sin veg.

Men straks kongen ikkje lenger kunne sjå prinsen,

blei han så uroleg at han skalv. Den kloke falken på skuldra hans merka det og tok til vengene. Fort steig han til vêrs slik falkar kan – høgt, høgt opp mot himmelen.

For menneska nede på jord, blei falken berre ein

prikk, derfor oppdaga ikkje prinsen han. Stilt og aleine tok han seg inn i det grøne. Alt kjendest så nytt! Dyr og planter ønskte han velkommen. Og da han såg ei ørlita sildreelv komme nedetter fjellsida, rette han hendene fram. Han ville smake det friske vatnet.

Men prikken på himmelen – fuglen som ser betre

13


enn nokon andre skapningar – såg kva prinsen gjorde og stupte over han. Kviten reiste seg på to og vatnet rann ut av hendene til prinsen.

Da fuglen var forsvunnen, strekte prinsen seg på nytt

mot den sølvblanke strålen.

Og på nytt kom fuglen stupande!

– Vekk med deg, din frekke fugl, ropte prinsen. Han

visste ikkje at dette var faren sin fugl, for i flukt er alle falkar like.

Falken svinga seg unna, han steig himmelhøgt. Og der

heldt han seg til dess prinsen ville smake på vatnet igjen. Da kom fuglen farande like fort som før.

Men denne gongen slapp han ikkje unna. Prinsen

fekk tak i ein falkeveng og rista han så hardt at han blei skeiv.

Fornøgd hoppa prinsen av hesten og klatra oppetter

fjellsida. Han var tørst etter basketaket med den frekke fuglen og ville til kjelda og drikke i fred.

Men der oppe heldt hjartet hans på å slutte å slå.

Ein giftig slange låg og bukta seg i kjelda til den friske

sildre-bekken!

Fuglen hadde altså redda livet hans.

Så fort prinsen kunne firte han seg nedetter fjell-

veggen.

14


Han måtte finne fuglen!

Prinsen fann fuglen. Han låg i graset med den skadde vengen.

– Snille deg, du passa meg, og eg skada deg, sa prinsen.

Han tok falken i fanget.

Så raskt som Kviten kunne bere dei, rei han heim.

– Fars flinke falketemjarar skal gjere deg frisk, sa

prinsen til fuglen. Alle falketemjarar i heile Halvmånelandet blei kalla inn, men ingen kunne gjere den kloke fuglen frisk. Aldri meir fekk han flyge. Aldri fekk han stige og sjå heile landet mens han sjølv berre var ein prikk.

Men prinsen passa på han!

Alt første natta, etter at fødselsdagsfesten var runda

av med tolv tusen soler og stjerner, fekk falken sove på prinsen si pute. Og kvar einaste dag deretter, kvar prinsen enn gjekk, hadde han falken på skuldra. Kvifor falken ikkje kunne flyge, snakka prinsen aldri om, han skamma seg slik over det han hadde gjort. Og far hans – kongen – fortalde heller ingen om kvar falken kom frå.

15


16


Berre falken visste alt.

Men han kunne like lite snakke som han kunne

flyge. Gullfalken blei han kalla, fordi hetta hans – hetta som alle jaktfalkar har – var av gull. Ho var eit teikn på at falken var det beste prinsen hadde nest etter far og mor. For ikkje noko er meir verdfullt verken for dyr eller menneske enn å bli tatt vare på i truskap og kjærleik.

17


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.