Guds hund

Page 1



Guds hund ferdig2_A 15.07.13 16.01 Side 1

Kristin Sørsdal

GUDS HUND Roman

Samlaget Oslo 2013



Guds hund ferdig2_A 15.07.13 16.01 Side 3

Nylæraren går utover det dei kallar Landet. Bak henne ruvar Storvarran. Fjellet er ein koloss på havsletta, men Landet er flatt. Høgaste knausen er på ni meter over havet. Resten ligg mellom ein til to meter over vassskorpa. Mot nordvest ligg det dei kallar Slettelandet. Der bur det ingen. Ytst ute ligg Prærien. Også det i Naturens eigne hender. Menneska bur på søraustsida av Landet, utan eit tre å klamre seg til når vinden kjem frå den digre blåsebelgen der ute, i ein massiv jamn straum. Frå fjæra på nordsida til kaiene på sørsida går bilvegen. Langs den ligg bustadhusa. Frå høgt oppe, og i låg sol, kan husa sjå ut som måker på eit skjer. Kjem ein hit med båten frå fastlandet, kan ein sjå husa stige opp frå vasskorpa litt etter litt som om dei var ei synskverving. Mamma! Sjå! Husa flyt på havet! Nylæraren kom med båten ein dag i august året før. Ho hadde med seg dei to ungane og bilen med flyttelasset. Storvarran likna ein sovande sfinx og hadde ei grøn graskappe over dei gneisgrå akslene. Nylæraren ville opp dit straks den gongen, difor 3


Guds hund ferdig2_A 15.07.13 16.01 Side 4

fekk ho ein båtførar til å køyre dei ut ein solskinsdag. Båtføraren sette dei av på vestsida av fjellet, peikte opp ura og sa at det var raskaste vegen opp. Han blir ikkje med sjølv, men nylæraren går ut ifrå at han veit kva han snakkar om. Ungane spring før henne som fjellgeiter opp ura; frå klippesida kastar kvitfuglen seg ut, og nylæraren roper at dei må vente, stien er nær sagt stupbratt under dei. Ved enden av stien veltar graset seg utover, og ho tenker ikkje over det då ho klyver over, men seinare, at det kunne vere ein tanke å merke staden slik at dei også kom seg ned igjen, ho er for oppteken med å sjå etter ungane. Den slake graskvelvinga framfor henne er enorm, men etter kvart kjenner ho at det er trygt å reise seg opp. Ho får auge på ungane i det fjerne. Dei sit som to alvar i den solvarme pelsen. Så ligg alle tre på rygg og ser opp i dei utspila vengane til ei havørn. Så set dei seg opp. Bak dei ligg platået som ei elyseisk slette, og under er det asurblått hav til alle kantar. Det flate Landet ligg langt der nede, med husa og alle parabolane som så vidt stikk opp over vatnet. Men det er ikkje fordi ørna ein augneblink skuggar for sola at avmakta kjem. Det er graspelsen. Den er eit synsbedrag. Det er uråd å sjå kva som er under: stup eller sti ned. Som ein desperat går nylæraren att og fram over platået. Ho legg seg på kne der sletta krummar seg, og prøver å leite seg fram med hendene. Nervane knyter seg, og skamma tek til å brenne. Nykomarskamma. Så løyser Jon gåta. Gutungen hentar det rett ut av lause lufta. Me går same veg ned som sauen! Ser du, mamma! Dei sklir ned på austsida av fjellet. Som mjuke høyballar humpar dei frå eitt utspring 4


Guds hund ferdig2_A 15.07.13 16.01 Side 5

til det neste. Dei set hælane i og bråstansar før dei når vasskanten og havdjupet. Nylæraren vrenger gras ut av rumpebaken og kan ikkje noko for det: Dette må vere den vakraste staden i verda! Det var i fjor. No er det eit godt stykke ut i mai. Det er fredag, og nylæraren er på veg til lensmannens hus. Nede i sekken som ho har på ryggen, ligg eit samanrulla finmaska fuglegarn. Klokka er 12.07. Det er yr i lufta. Men mildt. Ute på eit nes litt bak nylæraren ligg det vesle kassehuset dei bur i. Det må ha tilhøyrt ei viss Kristine, ettersom alle kallar det Kristinehuset. Viss nylæraren hadde snudd seg, noko ho ikkje gjer, kunne ho ha fått auge på huset i det fjerne, men ikkje på kva som skjer bak vindauga, der ungane truleg baksar med ein sofaputeleik. Det er for så vidt ikkje eit stort hus, men større enn noko dei har hatt før; for så vidt ikkje gamalt heller, men glissent, verken isolasjon eller skikkeleg kloakk: Nede i bukta på sørsida av huset ligg det eit par bæsjklumpar og duppar i den låge vasstanden. Då må ein lære seg å vende blikket bort. Ved flod får ungane likevel leike der nede. Då står vatnet langt over kloakkrøyret. Nylæraren passerer skolen og er snart framme ved lensmannshuset. Frå skolen, som ligg til venstre, kjem det ikkje ein lyd, verken frå inne i bygningen eller frå plassen utanfor. Hadde det vore vind, ville nylæraren ha høyrt smell frå lina på flaggstonga. Frå taket på skolen, derimot, kan ho høyre lyden av tre ramnar. Den 5


Guds hund ferdig2_A 15.07.13 16.01 Side 6

eine av ramnane heng nokre meter oppe i lufta, dei to andre hoppar bortetter taket på den bleikrosa bygningen. Mykje lenger ute, på Slettelandet, har svartbaken vanlegvis møte ved ein av dammane. Ordet møte har nylæraren frå ein gut i sjette, Krister. Han rapporterer kvar dag om gjeremåla til fuglane i loggboka si. Nylæraren er forbi skolen, til venstre ligg Lærarhøgda, og på høgre side ligg Marka. Nylæraren forveksla lenge denne marka med ei anna mark som ligg nokre hundre meter lenger mot sørvest og har namnet Jesusmarka. På begge markene ligg det kommunale bustader. I nokre bur dei nytilsette i kommunen, i andre bur slike som ein sjeldan ser, som folk berre pratar om. Søyland-brørne til dømes. Når det gjeld lensmannen, er det to månader sidan han kom. Då var det minst tretti år sidan førre gongen dei hadde hatt bufast lensmann. Nylensmannen kom aleine og driv dessutan ein del pendlarverksemd mellom arbeidet sitt og familien, som bur nokre titals mil unna. Nylæraren tek i døra til lensmannshuset og er på veg inn. Ho kjenner godt dette huset, ettersom det var det huset ho og ungane budde i dei første par månadene. Då var det haust, og nylæraren hadde god utsikt til skolen frå stovevindauget sitt. Då kunne ein og annan elev kaste stein i husveggen på veg forbi. Men no er det vår, og nylæraren har fått skolen litt på avstand, ettersom ho har fått leige det vesle Kristinehuset borte i Kaninbukta. Ho ser då ho kjem inn, at lensmannen har valt å ha kontoret på det som tidlegare var soverommet hennar. Det bringar fram ei sterk kjensle i nylæraren. Då er 6


Guds hund ferdig2_A 15.07.13 16.01 Side 7

Dyret der, saman med nylæraren og nylensmannen, då kan Dyret blende nylæraren og gjere henne mindre truverdig. Då kan ho i staden for å verke truverdig bli kjenslevar fordi ho sansar skuggane frå i haust, av den einsame nylærarkroppen, på den bulkete senga som dei hadde kome med over havet, frå møbelbutikken. Og frå båten kom den med varebilen til Kyrre. Dei bar alt saman ut i lag, ho og Kyrre. Han hjelpte henne også med å pakke ut. Det var ein slags bulkete futonmadrass oppå ei plankeramme. Det var ikkje noko særleg å syne fram. Nylæraren veit dessutan at nylensmannen er ein seriøs kar, han er godt gift, og kona er tilsett på ein høgskole. I tillegg har nylæraren eit garn i sekken og fem fotografi i ein konvolutt, som prov på ulovleg lundefangst. Nylæraren blir forvirra av dragninga mot kroppen til lensmannen og garnet i sekken. Tjue minutt tidlegare, om lag klokka 11.47, då nylæraren framleis står heime i gangen hos seg sjølv, nøler ho ein god del før ho stappar det store garnet ned i sekken. Så snur ho seg og roper inn til ungane at dei ikkje skal hoppe sund sofaen medan ho er borte. Så står ho utanfor Kristinehuset. Sekken på ryggen. Og tenker: No eller aldri. Og har kjensla av at vandringa frå huset med denne sekken på ryggen, den fører med seg ein viss fare. I det tyste landskapet kjenner ho dunsta av ei innbilt samansverjing. I draumen ser ho gapestokken. Hadde det vore fullt sollys, ville ho truleg ha halde seg heime. Lett yr i lufta pleier sjela og legg sinnet i eit rolegare leie; ho står på trammen og kjenner at også 7


Guds hund ferdig2_A 15.07.13 16.01 Side 8

vinden blæs svakt. Det kjem ikkje meir enn ei lett skvalping frå bukta bak henne. Så ligg sundet der. Og dei to, tre holmane. Bak holmane vil den kvite ferjebåten snart dukke opp, slik den alltid gjer. Som ut av ingenting. I glashytta, på øvste dekk, sit Fred Helmer. Han kjem heim i berre skjorta. Han har heller ikkje sokkar i skorne, og armbandsuret som han hadde på det venstre handleddet, er borte. Berre det kvite skiljet er tilbake. Det er enno ei god stund til Landet dukkar opp frå havskorpa. Sjøhibiskustre skuggar for sola, og vatnet rislar nede i vasskanten. Fred Helmer har det alt saman like bak augelokka. Han blundar og seglar bort. Då døra frå dekk går opp, set han seg vaktsam opp i setet. Det kjem ingen, og Fred Helmer fell tilbake igjen i slørsøvnen. No og då rykker det til i han, men søvnen trekker han djupare og djupare ned som eit lodd. Han passerer gjennom det florlette laget av tropisk sjøvatn og solskin, og fordi nokon rører borti han med den lange, bleike handa si, blir han var to skuggar. Etter kvart ser han dei tydelegare særleg jenta med den gule jakka det pistrete håret og den store munnen. Han strevar med å opne auga. Dei vil ikkje opp, men ho er der, på same tid inne i søvnen og der ute i glashytta. Ho sit bakoverlent i setet med hendene stukne 8


Guds hund ferdig2_A 15.07.13 16.01 Side 9

djupt ned i dei store jakkelommene. Munnen er halvopen, og det kjem ein slags pust. Plassen attmed henne er tom, og då kan det vere at den andre er nede på toalettet. Då kan det vere sjøsjuka. Anten ein er van eller ikkje van med havet. Sjøsjuka kjem okke som! Fred Helmer høyrer igjen at døra opnar seg ut til dekk. Då er det tomt på plassen der ho sat, forutan ei ussel lita pappeske i brunt papir med hyssing. Då Fred Helmer igjen kjem opp til overflata, er det fordi han høyrer skritt i trappa, og ein framandkar kjem opp med eit kaffikrus i handa. Framandkaren kjem i finklede og nikkar vennleg til Fred Helmer. Han har kan hende lyst til å slå av ein prat. Fred Helmer kan kanskje slå av ein prat, men kjenner seg litt seig fordi søvnen trekker, og den er freistande. Han har eigentleg ikkje noko val. Hovudet fell bakover; kjeven fell opp; strupehovudet blir dytta fram. Eit tynt gullkjede glitrar i skjorteopninga, og over navlen har ein knapp i den lilla silkeskjorta lausna. Fred Helmer søv tungt. Nylæraren får lyst til å snu allereie før ho er over grustarmen som skil vatnet inne på land frå vatnet ute i Kaninbukta. Ho tek seg saman og seier til seg sjølv at ho må slutte å vere så paranoid: No går du til lensmannen, og om ein time er du ferdig med heile greia! Midtveges over denne smale tarmen må ho gå langt ut til eine sida. I bilen sit ein frå det lokale bandet, Seagold. 9


Guds hund ferdig2_A 15.07.13 16.01 Side 10

Kyrre. Ja. Han med varebilen. Løftar han handa til helsing? Nei. Geipar han svakt? Kanskje det … Nylæraren kjenner ei krum hand i brystet, kanskje fordi ho har denne sekken med garnet på ryggen. Kyrre er ein spradebasse. Ikkje for det, han er ikkje farleg, men han er heller ikkje spesielt vennleg i veremåten sin, ikkje overfor nylæraren i alle fall. Den andre i bilen, ho som køyrer, gjer slik alle har for vane å gjere. Ho tutar for å helse, slik at nylæraren snur seg og løftar handa, som om alt var daglegdags: sekken på ryggen, ut på tur. Nylæraren hugsar at Seagold skal spele på restauranten i kveld. Det er helg. Då går folk ut. Særleg når eit av dei lokale banda skal spele. Då er måndagen langt unna. Helga svever eit hakk over og ber bod om frigjering. Er ei skute med lite vind i segla. Med ønske om aldri å nå ei hamn. Nylæraren kan no og då ruse seg på den tanken. At det har skjedd ei total frigjering. At måndagen aldri igjen vil kome, at tidslenka er broten for evig. Ho er over grustarmen, og ho trur blikk er retta mot henne frå vindauga i husa langsetter den humpete vegen. Dette gjeld særleg Andreashuset. Det ligg på andre sida av bukta, tvers overfor Kristinehuset. Der bur naboen 10


Guds hund ferdig2_A 15.07.13 16.01 Side 11

hennar, Andreas Danielsen. Det er ikkje eit namn for ei padde, men når nylæraren tenker på Andreas, då ser ho føre seg ei padde, ei padde som krafsar i nakken hennar. Ei Andreaspadde som reiser seg tung framfor henne i stovevindauget der på andre sida av bukta. Ein naken, gråblå skikkelse med urgamalt paddebryst. Andreas kan vere full også. Då veit ikkje nylæraren om ho liker at han kikar over bukta og inn på kjøkkenet hennar; ho blir litt usikker då; han er ganske grov i kroppsbygnaden; kan hende meiner han det kjærleg, men på nylæraren verkar talemåten hans også ganske grov. Endå ein gong må ho hoppe ut i kanten av grusvegen. Det er Drosja. Nylæraren helsar med handa idet Drosja køyrer forbi. Nylæraren ser at Jan i Grav sit i baksetet på drosjebilen. Nylæraren tenkte lenge at Grav var eit kallenamn. Då det endeleg gjekk opp for henne at det var ein stad, kunne ho ikkje skjøne kvifor ingen hadde korrigert henne og sagt korleis det eigentleg var med det namnet. Då hadde Drosja vore frampå og spurt om nylæraren var klar over kor mange nykomarar dei hadde hatt her ute: Dei kom og så drog dei igjen, og alltid var det dei same spørsmåla. Nylæraren sa då at det ikkje var særleg lett å omgåast folk når ein ikkje visste kven som var kven, og at det somme tider kunne løyse opp i problem om ein hadde litt greie på kven som var i slekt med kven. Det skal ikkje du bry hovudet ditt med, sa Drosja. Alle er i slekt med alle. Det er beint fram uråd å skjøne seg på den veven; dei vev annleis her ute enn der inne, må du vel skjøne, og mønstera er slike som ikkje 11


Guds hund ferdig2_A 15.07.13 16.01 Side 12

står i noka oppskriftsbok. Nokre gonger endar dei i ei blindrekke, andre gonger skjuler dei seg, for så å dukke opp igjen når lyset skin frå ein annan vinkel; så filtrar ein garntråd seg inn i fleire andre, og det som kjem ut i mønsteret, liknar noko provisorisk og samanraska, men kikar ein nøyare etter, dukkar det opp trådar som ein aldri før har sett. Ein kan byrje å nøste opp desse eller late dei vere. Det vil uansett bli bitte små nøste, ikkje store ballar av samanhengande tråd. Eg gidd i alle fall ikkje alt dette maset. Ikkje sant, Jan? … Hæ! … Vakn opp! Roper Drosja og vrir seg mot baksetet. Men Jan ser vel ikkje kven som går forbi. Ikkje eingong om Drosja sa at det var nylærarfrøkna. Du veit … … ho som spør så mykje, ja, om kven som er far til kven, og kven som er mor til kven, tenker Drosja, og kvifor tek ingen seg av Jan. Og korleis kan dei berre stå der og sjå på at han går til grunne … Høyrer du, Jan? … Ehi! Men Jan høyrer vel ikkje etter når Drosja legg ut om desse nykomarane. Drosja får prate for seg sjølv om desse som er nye, og som kjem, og som går omkring her, og som dreg igjen, etter eitt år eller to, maks! Om kor skjøre dei er, nokre av dei, kor mykje oppstyr dei 12


Guds hund ferdig2_A 15.07.13 16.01 Side 13

kan lage for ein filleting, korleis dei går til angrep på den eine og den andre; anten fordi det er for mykje bilkøyring, eller fordi all søpla hamnar utpå Slettelandet, eller fordi det står parabolar på annakvart hustak. Ville dei i staden gå der ute i storm og blest og fantasere om havtroll! Er det difor dei er komne? Har dei ikkje forstand nok til å skjøne at på det viset kjem det til å ende i galenskapen. At her ute må ein skydde seg. At her ute er det om å gjere å halde seg stødig. Det skal så lite til før vinden tek tak i hovudet. Drosja har då høyrt om nykomarar før som har fått problem. Visst har ho det. Sett dei sjølv har ho. Då dreg dei stort sett etter første året fordi dei ikkje er vane med vêr og vind og små tilhøve; fordi dei byrjar å flakke i tankane. Eh, Jan! … Vakn opp! Men hovudet til Jan heng på skakke og ut av munnen … Eg høyrer deg ikkje, Jan! … kjem det berre ei varm bølgje av søtleg brennevinsdunst. Jan i Grav legg ikkje merke til at Drosja svingar inn på gardsplassen utanfor huset til Andreas, der Drosja blir sittande i eit tomstir ut vindauget. Der alt ser slik ut som det alltid har gjort. Veslejolla ligg fortøydd i bukta mellom det trekkfulle Kristinehuset og det skiferblå Andreashuset; dei tomme kaninbura står framleis ute på grasbakken; den gamle tilhengjaren dukkar framleis halvveges ut frå det bleikraude uthuset. I fjæra ligg nokre plastleiker og sleng. 13


Guds hund ferdig2_A 15.07.13 16.01 Side 14

Ehii! Jan! Ingen teikn til liv. Den babyaktige brytarkroppen sit som ein sekk i baksetet. Jan er dritfull. Jan er ein slik som er fødd med den krafta. Til å drikke seg dødsens. Jan drikk og drikk og drikk heilt til medvitet blir skylt ut av han. Jan drikk fordi det gjekk på tverke i barndomen. Jan drikk seg ned i minnet. Ned i såret. Skorpa er størkna og klar til å falle av, men Jan pøsar på med væske. For å halde såret ope. Bak dei pløsete auga har Drosja likevel ei kjensle av liv, bak alt det raudsprengde: eit lys, noko grønt, fast og … diamantaktig, tenker Drosja. Ho roper igjen at dei er framme. Reaksjonen lèt vente på seg. Ho lener seg over seteryggen og nappar han i ermet. Det er ikkje spesielt lurt av Drosja. Ho er plaga med kroniske smerter i bekken og hofte. Då kjenner ho det når ho bøyer seg bakover slik. Då spør ho seg sjølv kvifor det alltid er ho som skal ta seg av alt og alle. Men i steike heller! Drosja lener seg endå lenger over setet og byrjar å leite i lommene hans. Jan i Grav dyttar henne først bort, så lèt han henne ta ut lommeboka. Drosja ser først etter kontantar. Så trekker ho ut bankkortet. Ho sit med det i handa. Søkk litt tilbake i setet. Tomstirer på den same sjøen som i går, som i fjor, som året før der; kransen av tangblærer som blippar i den grå skvalpinga. Eit tusental åretak ut ligg Storvarran. Det surklar i tareskjegget. Mellom hundekolossen og småholmane 14


Guds hund ferdig2_A 15.07.13 16.01 Side 15

er det ope farvatn. Drosja ser på klokka. Snart vil ferjebåten dukke opp der ute og bryte gjennom synsfeltet som omgir Landet. Slik den alltid gjer på denne tida. Ute på dekk reiser jenta i den gule jakka seg. Ho går bort til rekkverket, lener seg utover. Havsletta rører seg monotont i store, mjuke dønningar; og endeleg, når ho knip igjen det vonde auget sitt, skimtar ho havkolossen, som ein kampestein fallen ned frå himmelen. Den ligg der og veks framfor det friske auget hennar. Ho bryr seg ikkje så mykje om kolossen den eine gongen då ho vender heim som barn. Då er ho berre ein jentunge på rømmen, knapt eitt døgn har ho vore vekke. Då er det ein sterk sjølvprat inne i henne, men til dei der ute kjem det ikkje eit pip ut av nebbet. Då er ho svært lys i håret og lys i dei store, blå auga. Ein engel er ho … ein satans god engel! var det ein som sa. No har ho vore vekke i årevis. Då tenker ho at det er difor ho er komen heim. For å sjå igjen gamle fjell … for å sjå at dei gamle fjella ikkje har rørt seg ein millimeter sidan sist; at den gamle Sfinksen utan avbrot har lege med snuten nede i vasskanten, utan å kny, i alle desse åra; i millionar av år. Så ser ho kvitfuglen som kastar seg ut frå den loddrette klippesida, over det grasdekte platået svever ei ørn, og ho veit ho ikkje er som andre, det veit ho; at ho er ein blind hund og ein skugge, det veit ho; at ho har 15


Guds hund ferdig2_A 15.07.13 16.01 Side 16

eit stort ope hòl i armen og ein kloakk inne i kroppen; alt det veit ho; at fitta hennar har vore plyndra, men smerta, den kjenner ho ikkje lenger. Smerta har ho sendt inn i fjellet. Å, dæven! … Drosja har det med å sjå syner som dei fleste andre øybuarar. Dæven han steike! … Litt av eit syn må det vere. Eg har no aldri! … Ho myser ut gjennom frontvindauget. Så fell ho tilbake igjen i setet. Ho sit utan å røre ein muskel. Ho sit og seier det til seg sjølv: No må du jammen ta seg saman, Lillian! Ho gnir seg i auga: No er det nok, Lillian! Ho stirer igjen. Ho snur seg bak mot Jan i Grav. Ein grimase vrir seg over ansiktet hans. Ho fell tilbake igjen. Ho ventar på drønnet. Når Hunden reiser seg og ristar seg; ein dag vil det skje, ein dag går dei under. Då kjem drønnet, som dei seier, alle dei som ventar. 16


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.