For ope hjarte

Page 1




ANNA GAVALDA Eg vil at nokon skal vente på meg. Noveller. Frå fransk ved Ragnar Hovland. 2001, 2005, 2007 Eg elska ho. Roman. Frå fransk ved Tove Bakke. 2002, 2007 Saman er ein mindre aleine. Roman. Frå fransk ved Tove Bakke. 2005, 2007, 2008 Lykka er ein sjeldan fugl. Roman. Frå fransk ved Tove Bakke. 2009, 2010 Ein vakker dag. Roman. Frå fransk ved Tove Bakke. 2010, 2011 Billie. Roman. Frå fransk ved Tove Bakke. 2014, 2015 Livet, til det betre. Mathilde – Yann – Billie. Tre portrett. Frå fransk ved Tove Bakke. 2016, 2017


Anna Gavalda

For ope hjarte Noveller FrĂĽ fransk ved Tove Bakke

Samlaget Oslo 2019


© Det Norske Samlaget 2019 www.samlaget.no Omslag: Egil Haraldsen & Ellen Lindeberg | EXIL DESIGN Framsidefoto: Igor Ustynskyy Førtrykk: Type-it AS, Trondheim 2019 Skrift: Minion 11,5/15 pkt. Trykkeri: ScandBook AB, Falun Printed in Sweden ISBN 978-82-521-9576-7

Denne boka er trykt på miljøvennleg papir.


Innhald Høvisk kjærleik

7

Den illegale

39

Hunden min skal døy

87

Happy Meal

115

Helsepoenga mine

125

Fotsoldaten

153

Ein gut

213



Høvisk kjærleik



1 – Men kutt ut. Og det hjelper ikkje å mase. Eg hadde null lyst til å bli med. Eg var heilt gåen, kjende meg stygg, og dessutan hadde eg ikkje sheiva. Når det er sånn, blir eg kjempeusikker, og sia eg veit at det ikkje blir noko på meg, endar eg opp like kvesta kvar gong, som eit jorde etter militærøving. Eg er altfor fin på det, eg veit, men eg kan ikkje for det heller, for viss eg ikkje har fått preppa skikkeleg og har fitta nybarbert, lukkar eg meg fullstendig. Dessutan hadde eg komme i krangel med den føkkings sjefen min mens eg gjorde reint i dei siste av bura mine. Sjukt slitsamt. Det gjaldt den nye serien frå ProCanina, Puppy Sensitive. – Det der sel eg ikkje, sa eg for n-te gong, – eg sel det berre ikkje. Det er jo berre bullshit. Bidrar til utvikling av hjernen og synet, las eg opp for han ein gong til og ga han igjen den jævla posen med krokettar til tjuesju euro tre-kilosen, utvikling av hjernen, liksom, viss det var sant, burde dei ta og ete krokettane sine sjøl, da, dei slimålane.

9


Sjefen min snudde seg fresande og gjekk: Og rapporten hans, og haldninga mi, og språkbruken min, og den mellombelse kontrakten kunne eg sjå langt etter, og bladibladibla, men det dreit eg langt i. Dei kan ikkje sparke meg, og det veit han like godt som eg. Sia eg kom dit, har innteninga minst dobla seg, pluss at eg hadde med meg alle dei gamle kundane mine frå Favrot i medgift, så det … Så det stemplingsuret ditt kan du stikke opp i rumpa. Opp i rumpa. Eg fattar ikkje kva han er så kompis med den leverandøren for. Det er sikkert representanten deira som lover han ein haug med merch. Mobildeksel i krokettfasong, tannkrem til puddelen, langhelg ved sjøen … Nei, ei helg ved sjøen forkledd som salsseminar så han får pult rundt milevis frå kjerringa. Typen til det, han … Eg var hos Samia, venninna mi. Eg sat og åt mor hennar sine mandelkaker og såg på at ho retta ut håret, krølle etter krølle etter krølle etter krølle. Det tok jo hundre år. Å gå med slør var rein kvinnefrigjering, samanlikna. Eg sleikte honningkliss av fingrane, og eg beundra at ho gadd. – Men øh … er det lenge de har selt dei der pappagreiene? spurde ho. – Hæ? – Ja, dei krokettane du … – Ikkje pappa, pø-ppi. Det betyr kvelp på engelsk.

10


– Sorry, flirte ho, – og så da? Kva er greia? Liker du ikkje smaken, eller? –… – Men slapp av. Ikkje bli sur. Ein kan’kje seie nokon ting til deg meir, jo. Men du. Bli med i kveld, da … Ver så snill, da … Duuu. Luluuu … Ikkje svikt meg for ein gongs skyld. – Kven er det hos? – Han bror min delte leilegheit med. – Eg har jo ikkje møtt han eingong. – Ikkje eg heller, men drit i det, da! Vi skannar, går for ein random fyr, forsyner oss og snakkast etterpå! – Det blir sikkert sånn sosseopplegg igjen, kjenner eg han bror din rett … – Jepp! Soss er bra! Så masse digg! Treng ikkje invitere sjuognitti typar for at det skal komme ein som er bryet verd, da, vettu, det finst visst til og med soss som gir deg croissantar på senga! Eg var berre verkeleg ikkje freista. Eg torde ikkje å seie det, men eg hadde ein heil haug med Sexy Nicky-episodar å ta igjen, og så var eg så møkka lei dei håplause planane hennar. Berre tanken på å sette meg på RER-toget igjen gjorde meg deppa, eg var kald, eg var svolten, eg stinka kaninbæsj, og alt eg ville, var å vere heilt aleine i senga mi og sjå på seriar. Ho la frå seg Babylissen og gjekk ned på kne framfor meg, med munnen som eit hjarte og hendene samla. Greitt.

11


Sukkande gjekk eg mot klesskapet hennar. Vennskap. Det einaste som bidrar til utvikling av min hjerne. – Ta Jennyfer-toppen min! ropte ho frå badet, – den blir dødsfin på deg! – Øh … Er det den kjempehorete greia? – Kutt ut, den er sååå fin. Og så er det eit lite dyr av strass frampå. Den er perfekt til deg, eg lover! Greitt igjen. Eg lånte maskinen hennar og stussa meg skikkeleg, tok ein dusj og fekk til slutt pressa messieurs Pimpel og Pupp inn i ei Hello glitter-Kitty-trøye i XXS. Da vi var nede, ved postkassene, snudde eg meg framfor spegelen for å sjekke at vêrhåra på Moumouen min vistest over den låge slim-fit-en. Mnei … Eg måtte pine dongerien ei hårsbreidd ned. Eg elska den tatoveringa. Det var Mosho (eg trur det skrivst Mushu, eigentleg) (draken til Mulan) (men asså, eg tullar ikkje, den animasjonsfilmen har eg sett minst hundre og femti gonger, og eg grin kvar gong. Særleg da ho trener seg opp og klarer å komme heilt til topps i stolpen). Han fyren som tatoverte meg, svor på at den var ekte, frå Ming-perioden, og eg trudde på han sia han er kinesisk sjøl og alt. – Wow … Du er heilt rå. Det var bestevenninna mi, så eg tok ikkje komplimangen veldig til meg, men da eg såg trynet på fyren som kom ut av heisen, skjønte eg at jo da, tydelegvis, eg var rå. 12


Han heldt på å få … eitt eller anna. Sami peikte mot veggen: – Hallo! Brannsløkkaren er der … Men før det seig inn hos han, var vi ute på gata alt og sprang knisande mot stasjonen mens vi heldt kvarandre kjempehardt i handa, for med dei hælane vi hadde, var vi Bambi og Trampe i Disney on Ice på ein prikk. Vi tok 19.42-toget, det var SCOP-linja, først sjekka vi at i verste fall, at om vi blei for dritings, hadde vi alltids ZEVS-linja heim igjen klokka 00.56. Så tok Samia fram sudokuen sin som vanleg, typ takk, men nei takk, einaste måten å få vere i fred på.


2 Soss, borgarskap, jo da. Minst fire dørkodar for å komme fram til saltstengene. Fire! Eg lover, rådhuset i Bobigny var som ein Playmobilgard, samanlikna. Det var ein augeblink der at eg faktisk trudde vi måtte sitte og kure bak den gule søppelkonteinaren til det blei morgon. Eg var dritirritert. Så typisk Sami og det styret hennar, sånn ha’kje-meir-på-kontantkortetmen-eg-tekstar-likevel. Heldigvis kom det ein fyr ut, dvergschnauzeren hans skulle pisse, elles hadde vi vore der enno. Vi kasta oss over han. Stakkars, eg trur bikkja blei livredd. Men eg ville jo aldri gjort eit dyr noko. Sjøl om schnauzer ikkje er heilt mi greie. Eg har aldri digga ruhåra. Skjegget, bartane, hårremsa under magen, tjafset rundt labbane og alt, nei, seriøst, det er ein skikkeleg dritjobb å halde det trimma. Vi laga eit sånt helvete i kvart einaste callinganlegg at til slutt var det nokon som ga etter, og da vi først var inne i varmen, tok det oss ikkje lang tid å finne frostvæska, akkurat. 14


Mens eg sutta på eit glas lunka punsj, på grensa til kvalmande, periskoperte eg 360 grader for å vurdere dagens tilbod av sjølplukk. Mjaaa. Eg ville heller sett serien min. Var jo berre jåleyngel her, knapt vende av brystet til mor si. Veldig ikkje min type dop. Det var eit slags kunstnar-eitt-eller-anna, viss eg skjønte det rett. Fotoutstillinga til ei som hadde vore i India, eller noko. Såg ikkje så nøye etter. Når eg for ein gongs skyld var på rett side av ringvegen, hadde eg ikkje lyst til å bli pådytta fattigfolk. Elles takk, det hadde eg rikeleg av heime. Sami var allereie i arbeid med å forskrekke ein slags gother med opprørslugg og mamma si Gemey-augesverte, og ærleg talt, kva ho gjekk for karnevalkveld etter, skjønte ikkje eg – før eg oppfatta at den vesle naglebesette Draculaen hennar hadde ein Gucci-fyr rett bortanfor seg. Og da, okei. Da snakka vi. Da var Sami herselfie. For eg kjenner mi Mimi. For første gong i livet lukta ho sjansen til å få gni seg mot eit Gucci-belte som ikkje var ein piratkopi frå loppisen ved Porte de Clignancourt, det la terrenget nærmast ope for fyren. Okei, for pikken hans. For ikkje å stå der som det femte hjulet på vogna, gjekk eg og såg meg om i leilegheita. Boff. Berre bøker alle plassar. Stakkars ho som vaska der … 15


Eg bøygde meg fram og såg på eit foto av ein katt. Det var ein heilag birma. Lett å kjenne att på dei små, kvite sokkane. Eg liker dei godt, eg, men dei toler ingenting. Og til den prisen … For ein heilag får’u to siamesarar, det blir dyre potar. Det minte meg på at eg hadde alle klorebretta og taustolpane igjen å pakke ut. Puh … Eg har rett og slett ikkje plass igjen i den reolen. Får vente til etter promokampanjen på … – Får eg presentere Arsène. Men faen kor han skremde meg, den kødden. Eg hadde ikkje sett han. Fyren i lenestolen rett bak meg. Han sat gøymd i skugge, og det var berre eine beinet som vistest. Eller … berre dei tantete sokkane og svarte ankelboots. Og så handa hans på armlenet. Den store handa som leikte seg med ei bitte lita fyrstikkeske. – Katten min. Katten til far, for å vere meir nøyaktig. Arsène, får eg presentere deg for … – Øh … Lulu. – Lulu? – Ja. – Lulu … Lulu … gjentok han i ein supermystisk tone, Lulu, det kan vere Luce eller Lucie. Kanskje Lucille … Endog Ludivine … Om da ikkje … Lucienne? – Ludmila. – Ludmila! Så heldig, da! Ei Pusjkin-heltinne! Et quid Dykkar Rousslan, mi kjære? Er han stadig ute og leiter etter Dykk i selskap med den vesle lømmelen Rogdaï? 16


Hjelp. Faen, kvar gong det stikk av ein frå 6. avdeling, kan du banne på at han hamnar hos meg. Kvar gong. Du har rett. Så heldig, da. – Unnskyld? kom det frå meg. Han reiste seg, og eg såg at han ikkje i heile tatt likna på føtene sine. Han var direkte søt, faktisk. Søren, det gjorde ikkje saka betre, akkurat. Han spurde om eg ville ha noko å drikke, og da han kom inn igjen med to glas som ikkje var plastikkbeger, men ekte glasglas frå kjøkenet sitt, gjekk vi ut på balkongen og røykte. Eg spurde om det var Arsène Lupin og dei kvite hanskane hans som Arsène var oppkalla etter, så han skulle forstå med ein gong at eg ikkje var så teit som eg såg ut som, og da, tvert, såg eg eit litt snytt blikk. Han gratulerte meg i det vide og det breie, men det var jo lett å sjå at han tenkte: Faen òg, ho blir ikkje like lett å hoppe på som ho ser ut til, den tøsa. Sånn er det. Ska’kje skode hunden og så vidare. Eg er kanskje litt stor i kjeften, men det er kamuflasjen min. Som med gekkoen på ein trestamme eller polarreven i Arktis som skiftar ham om vinteren, det du ser, er’kje fargane på naturen min. Det finst faktisk høns, eg har gløymt kva dei heiter, som har fjører bakpå føtene for å viske ut spora etter seg etter kvart som dei går, og det er akkurat som eg, 17


berre omvend veg: Eg rotar til alt før eg eingong kjem i gang. Korfor? Fordi kroppen min alltid må komme i vegen for naturen min. (Og enda meir når eg tar på meg ein av flugepapirtoppane til venninna mi Samia, det skal innrømmast.) Så vi starta med katten hans og så kattar generelt og deretter hundar og blablabla, at dei ikkje er så verdige, men kjempemykje meir kjærlege og derifrå, ja da, hamna vi i jobben min. Han blei kjempegira da han fekk høyre at det var eg som var ansvarleg for alle smådyra på Animaland Nordaust. – Alle?! – Ja, klart … Fiskemakken, hundane, marsvina, ørkenrottene, karpene, papegøyane, kanariane, hamsterane og … øh … ja, kaninane, da … dvergkanin, dvergvedder, angora … Og alle eg ikkje kjem på med all denne rommen innabords, men same det, dei er der, dei! (Det er ikkje eigentleg eg som er hovudansvarleg, men sia han budde med Notre-Dame midt i glaninga og eg bakom Stade de France, måtte eg jo få til litt balanse mellom krypinna våre, syntest eg.) – Fantastisk. – Kva da? – Nei, det eg ville seie, var at det er pittoresk. Slikt stoff romanar er laga av.

18


Å ja vel? tenkte eg. Å måtte slepe rundt på, handtere, prise, lempe, stable fôrsekkar nesten like tunge som deg sjøl, å måtte takle klientellet, tungnæme jævla oppdrettarar som veit alt så mykje betre enn alle andre, hundeførarar som skal plage deg med tariffane sine, gamle kjerringar som jabbar i timevis om dei forlatne gamle kjettene dei styrer med, og så dei som først skal ha deg til å byte den daude hamsteren til ungen deira i ein ny og deretter må syte og tyte om at størrelsen er feil. Halde ut sjefane, oppdage at planar er endra igjen for å passe den eine eller andre rævsleikaren, måtte slåst for pausane dine, mate heile bønsjen, sjekke drikkekar, halde dominantar frå kvarandre, slå i hel halvdaude dyr, få unna dei som er daude, og tømme og skifte strø i meir enn sytti dyredassar om dagen, var det pitto-eitt-eller-anna, det, altså? Tydelegvis, med dei tusen milliardar spørsmåla han kom med. Kva var alt dette med nye importkjæledyr, og dreiv folk faktisk og alte opp pyton og kobra heime i små toroms, og gjekk det verkeleg noko av det hundegodteriet med myntesmak, labradoren til bestefaren avviste det iallfall totalt (etter det sa han ikkje bestefar lenger når han snakka om han, han sa Bon-Papa, sånn som BonneMaman-gamla på syltetøyglasa til sossen, det var søtt), og likte eg rotter, og var det sant at Rottatouille-filmen hadde skapt rottemani, og var eg blitt biten enno, og var eg vaksinert mot rabies, og hadde eg løfta på ein slange nokon gong, og kva for rasar selde best, og … Og kva skjedde med dei butikken ikkje blei kvitt? 19


Kva gjorde vi med kvelpar når dei blei for store? Avliva vi dei? Og kva med musene? Ga vi dei vekk til laboratorium når det blei for mange? Og om det var sant at folk kasta skjelpaddene sine i toalettet, at pønkarar som hadde hund, var like tullete som gamle damer med yorkshire, at kaninar ikkje liker cannabisplanter, at krokodiller på rømmen vandrar rundt nede i kloakken i Paris, og … og … Og eg var ør. Men på den gode måten. Ikkje nervøs, berre litt ør. Småbrisen, da. Og sia eg elskar jobben min, gjorde det meg ingenting å ta på meg jobbfrakken. Sjøl i ei rikmannsleilegheit og lenge etter stengetid. Eg fortalde om alle hyllene med dyr på spon eg hadde, frå golv til tak, og han høyrde skikkeleg godt etter heile tida og sa berre: Framifrå. Framifrå. Framifrå. – Og fiskane også? – Fiskane også, nikka eg. – Sett i gang. Gi meg heile sortimentet frå ende til annan. Det var heilt sjukt. Eg hadde det kjempeartig og var ikkje full eingong. Det var … Kva kalla han det igjen? Pittoresk.

20


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.