Page 1


Fugletribunalet ferdig_Layout 1 12.07.13 11.12 Side 1


Fugletribunalet ferdig_Layout 1 12.07.13 11.12 Side 3

Agnes Ravatn

Fugletribunalet Roman

Samlaget Oslo 2013


Fugletribunalet ferdig_Layout 1 12.07.13 11.12 Side 5

Pulsen steig mens eg tråkka gjennom den stille skogen. No og då eit fugleskrik, og elles berre grå, nakne lauvtre, greinete ungskog og ein og annan blågrøn brake i bleik aprilsol. Der den smale skogsvegen runda ein knaus, kom ein uflidd allé av kvite, ranke bjørketre til syne. Kvar bjørk hadde store greinflokar i toppen, som påbegynte reir. I enden av alleen var eit kvitfalma stakittgjerde og ein port. Bak porten: huset. Ein liten, eldre trevilla med lappeskifer på taket. Eg lukka porten lydlaust bak meg, gjekk over tunet og opp dei få trinna til ytterdøra. Ingen opna då eg banka på, eit lite søkk gjekk i meg. Eg sette veskene frå meg på trappa, gjekk ned og følgde steinhellene som låg som ein sti rundt huset. På framsida opna landskapet seg. Fiolette fjell med spreidde snøflekker kvilte på andre sida av fjorden. Krattskog omkransa eigedomen på begge sider. Han stod nede i hagen ved nokre slanke tre, ein lang rygg i ein mørkeblå ullgenser. Han kvapp då eg ropte hallo. Snudde seg, helsa med ei hand og gjekk mot meg i tunge støvlar over den gulgrå marka. Eg drog pusten. Eit ansikt og ein kropp i førtiåra ein stad, han såg ikkje ut til å vere det minste pleietrengande. Eg maskerte overraskinga med eit smil og tok nokre steg imot han. Han var grovbygd og mørk. Såg meg ikkje rett inn i augo, men forbi då han strekte ut neven. Sigurd Bagge. Allis Hagtorn, sa eg og trykte den store handa hans lett. 5


Fugletribunalet ferdig_Layout 1 12.07.13 11.12 Side 6

Ingenting i blikket hans vitna om at han drog kjensel på meg. Kanskje var han berre god til å spele. Kor har du bagasjen din? På baksida. Hagen bak han var ein vintergrå tragedie av daudt buskas, våt halm og klunger. Når våren snart kom, ville det bli ein jungel. Han fanga opp den bekymra mina mi. Ja. Det er litt å ta tak i. Eg smilte, nikka. Hagen er kona mi sitt prosjekt. Eg treng nokon til å hjelpe så lenge ho er på reise. Eg gjekk etter han rundt huset. Han tok éi veske i kvar hand og gjekk inn i entreen. Han viste veg opp til andre etasje, gjekk med harde steg opp dei gamle trappene. Rommet mitt var enkelt møblert med ei smal seng, ein kommode og eit skrivebord. Det lukta reint. Senga var reidd opp med blomstrete sengetøy. Fint rom. Han snudde seg utan å svare, bøygde nakken og gjekk ut, nikka mot badet mitt, ned trappene att med meg etter, ut og rundt hjørnet, over tunet og bort til det vesle reiskapshuset. Det knaka i treet då han drog opp døra og peika bortetter veggen: rive, spade, spett. På det høgaste graset må du bruke ljå, om du veit korleis? Eg nikka, svelgde. Her finn du det meste. Hagesakser, fortsette han. Eg hadde blitt glad om du greidde å få ein slags orden på hekken. Og sei frå om det er utstyr du saknar, så skal du få pengar. Han brydde seg ikkje om å sjå på meg når han snakka. Eg var tenar, distanse skulle etablerast frå første stund. 6


Fugletribunalet ferdig_Layout 1 12.07.13 11.12 Side 7

Var det mange som svara på annonsen? glapp det ut av meg. Han kasta så vidt eit blikk på meg under den svarte luggen. Det var ein god del. Eg syntest arrogansen hans verka påtatt, men måtte berre bite det i meg. Eg var eigedomen hans, han kunne gjere som han ville. Me heldt fram rundt huset og ned i hagen, forbi bærbuskane og frukttrea langs steingarden. Lufta var skarp og rå, det lukta fuktig jord og daudt gras. Han skreva over ein låg smijernsport og snudde seg bakover til meg. Rusta fast, sa han, kanskje du greier å gjere noko med det. Eg tråkka over porten og gjekk etter. Ei bratt steintrapp med høge trinn gjekk frå kanten av hagen og rett ned i fjorden. Eg talde trinna nedover og stansa på nøyaktig hundre. Då stod me på ei lita brygge i mur, med eit forfalle naust med båtstø til høgre. Fjellveggene danna ein halvsirkel rundt oss og skjerma brygga for innsyn på begge sider. Det minte om staden eg lærte meg å svømme for nesten tretti år sidan, ved eit sommarhus foreldra mine hadde lånt. Så fint det er her. Eg tenker å rive naustet ein dag, sa han med ansiktet vendt frå meg. Vinden frå fjorden bles han i håret. Har du båt? Nei, svara han kort. Vel. Her er det ikkje mykje for deg å gjere. Men no har du iallfall sett korleis det ser ut. Han snudde og tok fatt på trappene. Soverommet hans var i første etasje, forbi kjøkkenet og spisestova, med glaset ut mot hagen. Innanfor soverommet var arbeidsrommet hans. 7


Fugletribunalet ferdig_Layout 1 12.07.13 11.12 Side 8

Der sit eg det meste av dagane. Du kjem ikkje til å sjå mykje til meg, og eg vil ha så få forstyrringar som muleg. Til dette nikka eg sakte, éin gong, for å demonstrere at eg forstod alvoret. Eg har dessverre ikkje bil, men sykkel med veske til varene. Butikken ligg fem kilometer nordover langs riksvegen. Frukosten skal serverast klokka åtte: to hardkokte egg, sild, to skiver mørkt rugbrød og svart kaffi, rekna han opp for meg. I helgene har du i prinsippet fri, men dersom du er her likevel, kan du lage til frukosten éin time seinare enn vanleg. Klokka eitt er det formiddagsmat. Middag klokka seks, med kaffi og konjakk etterpå. Så forsvann han inn på arbeidsrommet sitt, og eg fekk fred til å gjere meg kjend med kjøkkenet. Det meste av utstyret var velbrukt, men solid, eg opna skuffar og skap og prøvde å lage så lite lyd som muleg. I kjøleskapet låg torskestykka me skulle dele til middag. Dukane låg i den nedste kjøkkenskuffen, eg valde ein og breidde han over spisebordet før eg så lydlaust som muleg dekte på til oss. På sekundet klokka seks kom han ut frå soverommet, trekte ut stolen og sette seg ved kortenden. Venta. Eg plasserte fatet med fisken midt på bordet, skåla med poteter framfor han. Drog ut stolen min og skulle til å setje meg då han stansa meg med ei brå hand. Nei. Du et etterpå. Han såg rett fram. Det er min feil, eg var kanskje ikkje heilt tydeleg på det. Det voks i svelget, eg greip tallerkenen min og flytta han raskt over på kjøkkenbenken utan eit ord, krum i nakken, eit langt krek. 8


Fugletribunalet ferdig_Layout 1 12.07.13 11.12 Side 9

Mens han åt, fylte eg vatn i kummen og vaska kasserollen og sleivene. Han sat rak i ryggen og åt utan ein lyd, såg aldri opp. Eg sette på kaffi, med klossete rørsler, fann konjakken i glasskapet bak han og rydda av bordet då han hadde lagt bestikket ned. Skjenkte kaffi i koppen, konjakk i det tynne glaset, sette det på eit brett og bar det ustøtt skranglande bort til han. Då han etterpå reiste seg, takka for maten og gjekk tilbake inn på arbeidsrommet sitt, sette eg meg til bords og åt min lunka porsjon, helte halvstivna smør over potetene. Tok resten av oppvasken etterpå, tørka over bordet og benken og gjekk opp på rommet mitt. Pakka ut alle tinga mine, la klede, sokkar og undertøy i kommoden, bøkene i ein stabel på skrivebordet. Kontrollerte at telefonen min var avslått, før eg la han i skrivebordsskuffen. Skulle aldri meir slå han på, utanom i nødstilfelle. Etterpå sat eg heilt i ro, redd for å lage lyd. Det kom aldri lydar nedanfrå. Stelte meg til slutt på badet og gjekk til sengs.


Fugletribunalet ferdig_Layout 1 12.07.13 11.12 Side 10

Bladet på ljåen måtte vere sløvt. Eg forbanna det våte, gule graset som bøygde seg unna uansett kor hardt og raskt eg svinga over det. Det var overskya og fuktig i lufta. Han hadde gått inn på arbeidsrommet sitt med ein gong etter frukost. På veg ut hadde eg fått eit glimt av meg sjølv i spegelen. Eg såg utkledd ut, slo det meg. Den gamle buksa eg hadde måla huset til foreldra mine i, ein sommar for sikkert femten år sidan. Hadde funne henne i skapet heime for to kveldar sidan, då eg pakka for å dra hit, saman med ei målingsflekkete skjorte. Foreldra mine som hadde tatt eit letta farvel då eg gjekk til bussen neste morgon. Eg begynte å kjenne det i ryggen. Sveitta under skjorta. Ørsmå insekt surra rundt meg, sette seg i håret, panna, det klødde. Eg måtte heile tida stanse og ta av meg hanskane for å gni meg i ansiktet. Det lange, gule halmtjafset låg der berre til spott og spe, eg svinga ljåen så hardt eg kunne. Eg ville prøvd jernriva var eg deg. Eg snudde meg momentant, der stod Bagge. Eg måtte sjå heilt vanvitig ut der eg stod, raudsprengd i ansiktet, i femten år gamle filler. Panneluggen klistra seg til huda, eg drog handa automatisk over panna, kjende jord frå hansken feste seg. Det nyttar nok ikkje med ljå når graset er vått. Nei. Prøvde å smile litt oppgitt av meg sjølv. Og hugs formiddagsmaten, sa han og tappa kort på 10


Fugletribunalet ferdig_Layout 1 12.07.13 11.12 Side 11

handleddet sitt for å vise at det nærma seg. Han snudde seg og gjekk. Då kasta eg eit raskt blikk opp mot huset, vindauga på arbeidsrommet han. Der hadde han stått og stirt vantru ned på meg der eg dreiv på med mitt uvitande gartnarforsøk, til han til slutt ikkje orka meir og måtte gå ned til meg. Eg gremdest. Eg tok ljåen med opp til reiskapshuset og hengde han tilbake på veggen. Greip jernriva og gjekk ned att, drog henne hardt over marka og fylte trillebåra med daudt, sleipt gras.


Fugletribunalet ferdig_Layout 1 12.07.13 11.12 Side 12

Sykkelen stod under vedskjulet, bak reiskapshuset. Ein gammal, rask, grå Peugeot med smale dekk og bukkestyre, turen til butikken gjekk unna på fem minutt. Det var ein liten kolonial i ein sving. Rett over brua, gløymd av tida. Det klirra skakt over meg då eg skubba opp døra. Det var ikkje andre kundar der. Ei eldre butikkdame bak disken nikka så vidt då eg helsa henne. Det var hyller med posemat, serviettar og lys, nokre brød, meieriprodukt og ein frysedisk, frukt og grønt med vekt til å vege opp sjølv. Butikkdama følgde meg med stikkande ørneaugo der eg vandra langs dei halvtomme hylleradene hennar. Det kritiske blikket kunne ikkje misforståast. Ho kjende meg att. Det snørte seg til i meg, eg henta ned varer og la dei i korga med stive rørsler, hadde lyst til å setje henne frå meg og gå. Gjekk til slutt bort for å betale, la varene på disken utan å sjå henne i augo. Ho slo inn varene mine utan ei mine. Rynkehender og rynkehud, ein liten munn med vikar som hang; det var slik ho var, tenkte eg letta då eg sykla heimover, det hadde ikkje med meg å gjere, det var livshaldninga hennar. Suse heimover på smale dekk med fjorden til venstre og våt, svartglinsande fjellvegg til høgre, varene i veska på bakhjulet, passerande bilar på veg mellom byane, ned den bratte grusvegen, gjennom skogen og setje sykkelen inntil vedstablane. Knitre over grusen, inn entreen, over golvet. 12


Fugletribunalet ferdig_Layout 1 12.07.13 11.12 Side 13

Det var noko som var feil med heile staden, at eit ektepar levde her, utan 책 stelle med hagen, utan bil, han inne p책 arbeidsrommet heile dagen. Kona borte. Eg sette varene inn og starta p책 middagen.


Fugletribunalet ferdig_Layout 1 12.07.13 11.12 Side 14

Det var umuleg å bevege seg. Kroppen var tung og stiv som ein smijernsport, ei lang stund låg eg og såg opp i kvistane i taket før eg greidde å velte meg over madrassen og rulle meg ned på golvet. Idiotisk. Kva tid hadde eg gjort eit kroppsarbeid sist? Aldri. Før eg brått fekk det for meg å rake gras og hakke laus på hard jord i timevis. Eg vagga stygt mellom spisebordet og kjøkkenet då eg serverte han frukosten. Var skamfull, visste dei stive rørslene mine irriterte han. Då eg skulle skjenke han kaffi, sleppte eg ut eit tungt stønn, det var vanskeleg å seie kven av oss som syntest det var mest beklemmande. Eg tok nok litt for hardt i i hagen i går, sa eg, forsiktig unnskyldande. Han kremta og såg forbi meg til svar. Etterpå gjekk han inn på rommet sitt utan eit ord. Då eg drakk den sure kaffien åleine etterpå, hadde humøret mitt fått ein knekk. Eg hadde vore så stolt då eg arbeidde i hagen dagen før, reinska marka fri for daudt gras, håpa han hadde sett meg frå vindauga. Ryggen var så støl, så støl. Neste dag var endå verre, å setje ein fot framfor den andre var uuthaldeleg. Heile dagen unnlét eg å setje meg ned fordi eg visste eg ikkje ville klare å kome meg opp att. Entusiasmen for hagearbeidet hadde vara éin dag. Det var alltid slik. Eg gjekk laus på ting med stor iver, og eg gjennomførte aldri noko. Alltid det same hemningslause enga14


Fugletribunalet ferdig_Layout 1 12.07.13 11.12 Side 15

sjementet kvar gong, før eg gjekk lei kort tid etter. Eg eigde ikkje uthald, gjennomføringsvilje. Eg hadde håpa at det var nettopp dette som skulle endre seg, viljestyrken, sjølvdisiplinen. Men det var jo nettopp det, det ville krevje viljestyrke å opparbeide seg viljestyrke. Ein meir solid person, det var det eg måtte bli, få ein fastare karakter. Om ikkje no, så aldri. Her hadde eg alt det vesle eg trong, einsemd, opne dagar, få, føreseielege plikter, eg var fri for dei andres blikk, dei andres snakk, og eg hadde ein hage heilt for meg sjølv.


Fugletribunalet ferdig_Layout 1 12.07.13 11.12 Side 16

Om kvelden den sjuande dagen, då eg sette brettet med kaffiserviset og glaset med konjakk på spisebordet framfor han og skulle til å trekke meg tilbake, stansa han meg med ei hand. Det var tysdag. Eg hadde laga middag til han i ei veke og var allereie tom for idear. I dag: kylling med estragon. Måndag: seikaker med bruna lauk. Søndag: kalvesteik. Laurdag: oksesteik. Fredag: steikt aure med agurksalat. Torsdag: kokt pølse med kvit saus. Onsdag: kokt torsk. Allis. Det var første gongen eg høyrde han seie namnet mitt. Ja? Finn fram ein ekstra kopp og eit glas og set deg. Eg gjorde som han sa. Han skjenkte kaffi i den tynne porselenskoppen min med ei stø hand. Du har vore her ei veke til endes, sa han og såg ned i bordkanten. Eg sa ingenting. Trivst du? Han såg opp. Ja. Kunne du tenke deg å bli ei stund til? Ja, absolutt. Takk. Du får første utbetaling når det er gått ein månad. Er det i orden? Eg nikka. Har du spørsmål? 16


Fugletribunalet ferdig_Layout 1 12.07.13 11.12 Side 17

Eg nølte litt. Veit du noko om kor lenge det kjem til å vere jobb til meg her? Så lenge kona mi er på reise, kjem eg til å trenge hjelp både i huset og i hagen. Heile våren og sommaren, i første omgang. Det passar meg bra. Han skjenkte konjakk i det vesle glaset mitt. Så løfta han sitt mot meg. Då skåler me for det. Eg løfta glaset, og utan å tenke meg om slo eg det forsiktig mot hans, eit nesten uhøyrleg klikk. Me blei sitjande tause. Han viste ikkje vilje til konversasjon etter dette, sat der med rynka panne under den mørke luggen. Eg drakk kaffien min, tømde glaset, og før han var ferdig, forlét eg bordet og starta på oppvasken. Eg høyrde han skubbe stolen tilbake og fordufte inn på rommet sitt mens eg skylde serviset under vatnet, var kald ved tanken på at det var avgjort, eg skulle bli verande her, men varm av same grunn, eg hadde ein stad å vere, trong ikkje tilbake, kunne leve i fred her.


Fugletribunalet ferdig_Layout 1 12.07.13 11.12 Side 18

Etter nokre dagar med sol var hagen begynt å tørke opp. Til slutt hadde eg fått eit visst tak på ljåen likevel, og etterlét meg kort, stikkande halmstubb bortover. Eg sveitta i den kalde lufta. Ei blass ettermiddagssol var på veg ned bak fjellet, og eg var støl i ryggen. Eg såg rundt meg. Vårblomar hadde kome til syne her og der. Den eine dagen hadde det kome ei snøbye, den andre brått ein sommarfugl, det var ikkje noko system i det. Eg drog raka over marka, reinska henne for høy og ugras og køyrde alt bort til enden av hagen i trillebår. Gamle blomebed med svart, stivna jord hadde dukka opp under ugraset. Eg hadde ikkje rørt dei enno, kanskje fanst det laukar og frø og liv under der som ville kome opp til overflata. Det hadde hendt at eg snudde meg og såg opp mot huset undervegs i arbeidet og fekk eit glimt av Bagge i glaset, han glei alltid vidare då, eg kunne ikkje vite om han hadde stått og sett på meg eller berre gjekk forbi. Eg køyrde utstyret inn i reiskapshuset, banka jorda av arbeidsstøvlane mot muren under verandaen og gjekk opp på badet mitt. Fylte vatn i badekaret, glei nedi og skrubba meg rein for jord, oppløfta av denne nye eksistensmulegheita. Arbeide under open himmel, kjenne det i kroppen, trekke rein luft ned i lungene. Eg hadde aldri trudd på at endring var muleg. Ikkje på eigne vegner. Aldri. Det hadde berre av og til vore ein lindrande tanke, men like mykje deprimerande, i og med at eg ikkje trudde det 18


Fugletribunalet ferdig_Layout 1 12.07.13 11.12 Side 19

var muleg. Men no. Forplikte meg til dette: til arbeidet i hagen. Reinske opp der nede, få ting til å gro. Det var der det var frelse å finne, der nede eg kunne skape eit eg, eit konsistent sjølv, der som ingenting av det gamle som hang ved meg, var. Gjere meg rein og fri for skuld, eit reint hjarte. Eg drog ut proppen og såg vatnet forsvinne. Spylte kroppen og håret heilt reint med dusjhovudet og steig opp av karet. Høyrde Bagge sine steg over golvet nede, kunne han vere rein – eg tørka og kledde meg, gjekk inn på rommet mitt. Frå vindauga såg eg han gå over tunet og ned i hagen, på inspeksjon, kanskje, dei store skoa hans krasa over dei tørre halmstubbane, ryggen hans forbi frukttrea og ned steintrappene til brygga. Kjende eit søkk i magen, menn, tenkte eg, så vakre dei er. Nokre av dei. Stemmene, skuldrene. Eg gjekk fort ut av rommet mitt og kjende på døra tvers over gangen, ho var låst. Stansa ved trappa og vurderte å springe ned og snuse lynkjapt rundt litt, tanken på det fekk det til å hamre i brystet, eg lét det vere.


Fugletribunalet ferdig_Layout 1 12.07.13 11.12 Side 20

Badet hans var til høgre i entreen, med eit eldre, flislagt golv, eit vanleg toalett og ein enkel dusj bak eit forheng. Instruksen var å vaske golva og badet hans éin gong i veka. Eg kunne sjølv velje dag, hadde han sagt, men lagt til at han syntest det var godt med lukta av grønsåpe ved inngangen til helga. Då eg fylte vatn i bøtta på kjøkkenet, såg eg han gå ned i hagen. Han var stor og lang og bøygde seg automatisk når han kom inn og ut av rom. Utandørs gjekk han langsamt og høgreist bortover i ein slags tunge fjellstøvlar, fór alltid stilt sjølv om han var diger. Utan openbar grunn tenkte eg på guden Balder når eg såg han slik gåande bortover. Eg likte å betrakte ryggen hans. Likte å sjå han gå. Han gjekk alltid i skjorter, om kveldane når det var kaldt, med ein mørkeblå, grov ullgenser over. Han var heilt uinteressert i meg, uinteressert i alt. Alt utanom kva det no var som gjekk føre seg på arbeidsrommet hans. Eg prøvde å ikkje vere nysgjerrig. Prøvde å passe mine eigne saker, prøvde å tenke på kva som skulle skje i hagen, som eg etter kvart tenkte på som min, planla måltid. Om kveldane skreiv eg lister over kva eg hadde, kva som måtte kjøpast, kva eg skulle lage, kva dei ulike restane kunne brukast til, korleis absolutt alt kunne utnyttast maksimalt. Det gav meg ein stad å forankre tankane, dei hadde så lett for å vandre til verre stader. Badeskapsdøra gav frå seg eit lite knepp. Alt som var der, 20


Fugletribunalet ferdig_Layout 1 12.07.13 11.12 Side 21

var smertestillande, plaster, myggstift, ein skjeggtrimmar og ein heilt ordinÌr deodorant. Det var overraskande, eg hadde nesten tatt for gitt at han var medisinert i ein eller annan forstand. Blikket mitt i spegelen dü eg hadde tørka over med papir. Det var tydeleg at det mennesket som stirte tilbake, akkurat hadde gjort noko ho visste var gale; eg hadde sett det blikket hundre gonger før. Ikkje meir av dette, tenkte eg, vere rein.


Fugletribunalet  

Ny roman av Agnes Ravatn

Read more
Read more
Similar to
Popular now
Just for you