Frida F

Page 1


3

Frida-F-9788252181029.indd 3

11.11.14 11:41


dort e k a rrebæk

Frida F Illustrert av ot to dickmeiss Frå dansk ved aud søy l a nd

Samlaget oslo 2014

Frida-F-9788252181029.indd 7

11.11.14 11:41


Frida-F-9788252181029.indd 8

11.11.14 11:41


KAPITTEL 1 Frida var vill. Det var ho. Alltid var ho i full fart. Blei det sagt i byen. Dei som er foreldra hennar, må stå opp tidleg og leggje seg seint. Blei det òg sagt i byen. Og det var akkurat det foreldra gjorde.

9

Frida-F-9788252181029.indd 9

11.11.14 11:41


10

Frida-F-9788252181029.indd 10

11.11.14 11:41


På skulen lydde det heile dagen: «FRIDA, DET FÅR DU IKKJE LOV TIL!» Når ho kom heim, ropte foreldra: «FRIDA, DET FÅR DU HELLER IKKJE LOV TIL!» Når dei blei trøytte, sa dei: «Frida, du FÅR ikkje gjere det.» Til slutt blei ho heitande Frida F. Alle visste kva det betydde. Også Frida sjølv. Men ho var likeglad.

11

Frida-F-9788252181029.indd 11

11.11.14 11:41


Den dagen i sommarferien da Frida F fylte ti år, fekk ho ei gåve av mor si. Det var ikkje ei gåve ho hadde ønskt seg, slett ikkje. Ho var ikkje det minste interessert i henne. Gåva var ei fin, gammal porselensdokke. Og ho hadde vore svært dyr. Mor til Frida F hadde kjøpt dokka fordi ho likna det snille barnet ho så inderleg ønskte seg. Men Frida F var ikkje snill. Mor sydde ein kjole til Frida F, og den likna på ein prikk kjolen til dokka. Men heller ikkje den var Frida F interessert i. Kanskje Frida F kunne bli smitta aldri så lite av den merkelege roa til dokka, tenkte mora. Det ønskte mor til Frida F seg. Men det er ikkje lurt å ønskje seg for mykje.

12

Frida-F-9788252181029.indd 12

11.11.14 11:41


13

Frida-F-9788252181029.indd 13

11.11.14 11:42


KAPITTEL 2 Frida F la dokka på den nedste hylla i skapet. Der låg ho og sa ikkje eit ord før ein kveld da Frida F var send i seng tidleg etter ein skikkeleg Frida-FÅR-ikkje-dag. Frida F låg og såg opp i taket. Ho kjeda seg. Heilt forferdeleg. Ingen ting fekk ho lov til. Alt ho gjorde, var gale. Ho hadde ikkje ein einaste venn her i verda. Da høyrde ho noko som tusla inne i skapet. Døra opna seg ganske langsamt, lite grann, og porselensdokka stakk hovudet fram. Ho blunka med auga: KLIKK-KLAKK!

14

Frida-F-9788252181029.indd 14

11.11.14 11:42


15

Frida-F-9788252181029.indd 15

11.11.14 11:42


Og så sa ho med den svært høflege dokkestemma si: «Frida F, kan eg få gi deg eit godt råd?» Da blei Frida F interessert i dokka. For første gong. «Kan eg få gi deg eit godt råd?» gjentok dokka borte frå skapet. «Ja,» sa Frida F, «gjerne det.» «Så vidt eg kan sjå,» sa dokka, «så kjem du ingen veg med villskapen din – du kjem deg berre tidleg i seng.»

16

Frida-F-9788252181029.indd 16

11.11.14 11:42


17

Frida-F-9788252181029.indd 17

11.11.14 11:42


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.